Prop. 77 L (2010–2011)

Endringar i aksjelova mv.

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Orskurden frå Høgsteretts ankeutval 30. mars 2009, og kravet om at varselet må vere kome fram til selskapet, inneber at ein må leggje om rutinane i Brønnøysundregistra, mellom anna dersom varsel etter aksjelova § 16-16 første ledd må skje ved rekommandert brev. Oppgåver som i dag er automatiserte, må i staden gjennomførast manuelt dersom denne rettstilstanden skal bli ført vidare. Ei slik omlegging vil auke kostnadene, og dette må ein dekkje inn ved tilskot frå staten eller ved å auke gebyra som brukarane av Brønnøysundregistra må betale. Brønnøysundregistra sender ut i underkant av 15 000 varsel etter aksjelova § 16-16 første ledd årleg. Om registra skal sende desse rekommandert, og dessutan ha eit system for å kontrollere at sendingane er nådd fram, vil det ha omfattande konsekvensar for Brønnøysundregistra. Ein må òg rekne med at det må skje ei omlegging av datasystema hos både Brønnøysundregistra og hos tingrettane.

Forslaget om lovendring i denne proposisjonen inneber at Brønnøysundregistra kan halde fram med dei automatiserte rutinane som ein har brukt til no. Ein vil dermed unngå dei utgiftene orskurden frå Høgsteretts ankeutval elles vil føre til. Ei lovendring som framlagt her vil dermed spare utgifter for staten og næringslivet, og vil såleis ha positive konsekvensar både økonomisk og administrativt.