Prop. 121 L (2021–2022)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av ny kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Avgjerd om kjønnsnøytral tittel

Det har vorte bestemt at kjønnsspesifikke yrkestitlar skal endrast til kjønnsnøytrale titlar i alle statlege verksemder. Verksemda Sivilombodsmannen (på bokmål Sivilombudsmannen) har på bakgrunn av dette vorte endra til det kjønnsnøytrale Sivilombodet (på bokmål Sivilombodet). Den personlege tittelen «sivilombodsmannen» (eller «sivilombudsmannen»), som skal skrivast med liten førebokstav, har vorte endra tilsvarande.

Stortinget vedtok 25. mai 2019 å setja ned eit utval til å utgreie Stortinget sine kontrollfunksjonar (Harberg-utvalet). Rapporten frå utvalet kom 1. februar 2021, jf. Dokument 21 (2020–2021). I kapittel 10 i rapporten vart det fremja framlegg til ny lov om Sivilombodet.

Resultatet vart lov 18. juni 2021 nr. 121 om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen (sivilombudsloven), etter at Stortinget vedtok lova 18. og 25. mai 2021, jf. Innst. 409 L (2020–2021) og Lovvedtak 106 (2020–2021). Lova tok til å gjelde 1. juli 2021, og lov 22. juni 1962 nr. 8 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen (sivilombudmannsloven) vart samstundes oppheva.

Stortinget vedtok vidare å be regjeringa fremje framlegg om naudsynte endringar i anna lovgjeving som følgje av ny sivilombodslov, jf. vedtak 928 i same sak. Lovframlegget i denne proposisjonen følgjer opp dette vedtaket frå Stortinget.

Spørsmålet om innføring av kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen har vorte diskutert i Stortinget fleire gonger. Mindretalet i Schei-utvalet, som i 1977 vart sett ned av presidentskapet i Stortinget for å greie ut endringar i ordninga med Stortingets ombodsmann for forvaltningen, føreslo i 1978 at namnet skulle endrast til «Sivilombodet» («Sivilombudet»). Eit liknande framlegg vart òg fremja i april 2019, men nedstemt.

2.2 Høyring

Framlegget om ny lov om Sivilombodet og om endring av tittelen vart sendt på høyring hausten 2020. Framlegget til tittel vart kommentert av fleire høyringsinstansar. Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Barneombodet og departementa (felles høyringsfråsegn frå departementa og ein del andre statlege organ) føreslo «Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen» som alternativ langtittel. Utvalet endra framlegget sitt i tråd med dette. LDO og Barneombodet føreslo vidare korttittelen «Forvaltningsombudet». Korttittelen «Sivilombudet» (med nynorskvarianten «Sivilombodet») vart derimot vidareført.

Lovframlegget som blir fremja i denne proposisjonen, har ikkje vore på alminneleg høyring. Framlegget omfattar ingen materielle endringar, og det følgjer berre opp vedtaket i Stortinget og det som alt er vedteke i sivilombodslova. Departementet vurderer det difor som openbart ikkje naudsynt med ei separat høyring i denne saka, og viser til utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje kulepunkt.