Prop. 121 L (2021–2022)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av ny kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen

Til innhaldsliste

5 Merknadar til lovforslaget

Formuleringa «Stortingets ombudsmann for forvaltningen» blir føreslege endra til «Sivilombudet» i 11 føresegner fordelte på sju lover. Dette er forvaltningslova § 4 fjerde ledd og § 42 fyrste ledd tredje punktum, foreldingslova § 16 andre ledd bokstav d og § 21 andre ledd tredje punktum, lov om fri rettshjelp § 16 fyrste ledd nr. 3, lov om psykisk helsevern § 4-5 tredje ledd, helsepersonellova § 71 femte ledd, skatteforvaltningslova § 12-8 bokstav b, § 13-9 andre ledd og § 15-4 tredje ledd fyrste punktum og lov om Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda § 1 femte ledd.

I eldreombodslova § 5 andre ledd er forma «Sivilombudsmannen» brukt i fyrste punktum, og i andre punktum er det vist til «Sivilombudsmannens» uttale. Dette blir føreslege endra til høvesvis «Sivilombudet» og «Sivilombudets».

I arkivlova § 5 blir den nynorske varianten «Stortingets ombodsmann for forvaltninga» tilsvarande føreslege endra til «Sivilombodet», og i språklova § 3 andre ledd bokstav d blir «Sivilombodsmannen» tilsvarande føreslege endra til «Sivilombodet».

I offentleglova er det i § 2 tredje ledd brukt «Stortingets ombodsmann for forvaltninga» og i § 32 fyrste ledd sjette punktum «Sivilombodsmannen». Dette blir føreslege endra til «Sivilombodet» begge stadene.

I foreldingslova § 21 andre ledd tredje punktum er det, i tillegg til «Stortingets ombudsmann for forvaltningen», vist til «ombudsmannen» og til den tidlegare sivilombodsmannslova. Dette blir føreslege endra til «ombudet» og «sivilombudsloven». I tillegg blir det føreslege nokre språklege endringar i føresegna. Desse har ikkje noko å seia for realitetsinnhaldet.

I skatteforvaltningslova § 15-4 tredje ledd andre punktum er det to stader brukt «ombudsmannens», og i tredje punktum er det vist til «ombudsamnnen». Dette blir føreslege endra til høvesvis «ombudets» og «ombudet». I tillegg blir det føreslege nokre mindre språklege justeringar i § 15-4 tredje ledd.

I yrkesskadesforsikringslova § 2 bokstav b blir formuleringa «ombudsmann» føreslege til «ombud», og i statstilsettelova § 1 fjerde ledd og beredskapslova § 6 fyrste ledd fjerde punktum blir varianten «ombudsmenn» tilsvarande føreslege endra til «ombud».