Prop. 121 L (2021–2022)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av ny kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa av namnet og tittelen Sivilombodsmannen osv. til Sivilombodet medfører kostnadar for staten i samband med endringar av administrative system og fagsystem, nye logoar og skilt og endringar eller utskifting av utstyr og materiell hjå Sivilombodet. Det meste av dette er alt gjennomført, eller det vil bli gjennomført, uavhengig av dei føreslegne lovendringane. Lovframlegget i seg selv medfører svært små økonomiske og administrative konsekvensar. Det må gjerast endringar i tilvisingar som ligg inne i malar og liknande, men dette vil bli gjennomført innanfor gjeldande budsjettrammer.