Prop. 15 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for framlegget

2.1 Butidskrav for utferding av kjøresetel

Butidskravet som grunnlag for vandelsvurdering av utanlandske borgarar som søkjer om kjøresetel for å utføre persontransport på veg, følgde fram til 1. juli 2014 av handhevingsinstruksen frå Politidirektoratet (rundskriv 2007/001 «Håndhevingsinstruks i førerkortsaker mv.», heretter omtalt som handhevingsinstruksen). Etter politiregisterlova § 36 andre ledd skal slike krav gå direkte fram av lov eller forskrift gjeve med heimel i lov. Politiregisterlova tredde i kraft 1. juli 2014. Butidskravet er dermed falt bort frå 1. juli 2014.

Det følgde av handhevingsinstruksen at politiet burde krevje minst fem års butid i tilfelle der søkjaren ikkje kunne leggje fram ein truverdig politiattest frå heimlandet sitt. Instruksen opna for skjøn i dei einskilde sakene både når det gjaldt om det skulle krevjast butid og i vurderinga av om ein utanlandsk politiattest var truverdig.

Vandelsprøvinga av utanlandske borgarar som ikkje har budd i Noreg over tid vil, etter departementet si vurdering, verte svekka utan eit butidskrav. Politiet vil då berre kunne vurdere vandelen for den perioden vedkommande som søkjer om kjøresetel har budd i Noreg. Det vil ikkje vere høve til å be om utanlandsk politiattest etter politiregisterlova. For utlendingar med forholdsvis kort butid i Noreg, vil vandelskontrollen vere av liten verdi sidan den berre dekkjer vandelen i eit avgrensa tidsrom. Vandelskontrollen vil ikkje avdekkje potensielt alvorlege straffbare handlingar vedkommande kan ha gjort før han eller ho kom til Noreg.

Departementet vil framheve at ei svekka vandelsvurdering vil kunne få negative konsekvensar for tryggleiken til passasjerane.

Politiregisterlova § 36 andre ledd opnar for at det i særlovgjevinga kan verte sett krav om butid på inntil fem år.

Eit slikt butidskrav kan fastsetjast i særlovgjevinga dersom «vesentlige samfunnshensyn tilsier det», jf. politiregisterlova § 36 andre ledd. Departementet meiner behovet for å sikre passasjerane sin tryggleik er eit vesentleg samfunnsomsyn. Vandelsvurderinga av dei som søkjer om kjøresetel har bakgrunn i ønsket om å sikre tryggleiken til passasjerane. Mellom anna vil passasjerar, særleg skuleborn og passasjerar med funksjonshemmingar, vere sårbare i situasjonar der dei er aleine med føraren. Departementet meiner det er viktig, så langt som mogleg, å sikre at førarar av kjøretøy i løyvepliktig persontransport, har ein slik bakgrunn at dei er skikka til å ha det ansvaret yrket inneber.

Etter politiregisterlova er det ikkje lenger mogleg å leggje fram politiattest frå tredjeland (land utanfor EØS), ettersom det ved krav om politiattest er meint norsk politiattest med opplysningar frå det norske strafferegisteret. Justis- og beredskapsdepartementet (JD) uttalar i forarbeida til politiregisterlova1 at ein regel om butid skal ivareta omsynet til likehandsaming, og hindre at det oppstår tilfeldige særordningar.

På denne bakgrunn føreslår departementet at det vert lovfesta eit krav om minste butid i Noreg på fire år for å få kjøresetel. Kravet gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin. Kravet gjeld heller ikkje for tredjelandsborgarar som har opphald i eit anna EØS-land enn Noreg, og som kan leggje fram politiattest og prov på lovleg opphald frå dette landet, eller som har tidlegare opphald i Noreg som ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll. Butidskravet skal bidra til å sikre tryggleiken til passasjerane.

2.2 Høyringa

Samferdselsdepartementet sende 15. mai 2013 framlegget på allmenn høyring. Frist for merknader vart sett til 28. juni 2013. I tillegg til at høyringsnotatet vart lagt ut på Samferdselsdepartementet sine heimesider på internett, vart det sendt til følgjande instansar:

  • Arbeidsdepartementet

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Kulturdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Statsministerens kontor

  • Utenriksdepartementet

  • Datatilsynet

  • Forbrukerombudet

  • Forbrukerrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Regjeringsadvokaten

  • Vegdirektoratet

  • Akershus fylkeskommune

  • Aust-Agder fylkeskommune

  • Buskerud fylkeskommune

  • Finnmark fylkeskommune

  • Hedmark fylkeskommune

  • Hordaland fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Oppland fylkeskommune

  • Oslo kommune – Byrådet

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Kollektivtrafikkforeningen

  • KS- Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Det norske maskinistforbund

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Hurtigbåtenes Rederiforbund

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • NHO Transport

  • Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon

  • Norges Lastebileier-Forbund

  • Norges Taxiforbund

  • Norges Turbileierforbund

  • Norsk Kommuneforbund

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norsk Sjøoffisersforbund

  • Norsk Transportarbeiderforbund

  • NSB Nettbuss AS

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Rederienes Landsforening

  • Ruter AS

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Yrkestrafikkforbundet

27 av høyringsinstansane har gjeve fråsegn i saka. 19 av desse hadde substansielle merknader til eitt eller fleire av framlegga. Dette inkluderar Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utenriksdepartementet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Politidirektoratet, Statens vegvesen, Akershus fylkeskommune, Buskerud fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Oslo kommune, Rogaland fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Vest-Agder fylkeskommune, Østfold fylkeskommune, Norges Taxiforbund, NHO Transport og Landsorganisasjonen i Norge (LO).

Åtte av dei høyringsinstansane som har gjeve fråsegn hadde ikkje merknader til framlegga. Dette inkluderar Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, og Regjeringsadvokaten.

Fotnotar

1.

Ot. prp nr. 108 (2008–2009) punkt 12.2.6.