Prop. 15 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovframlegget

Til § 7 om behovsprøvd løyve for persontransport med motorvogn i rute

Lovtilvisinga i § 7 første ledd vert endra frå § 4 andre ledd bokstav a) og b) til § 4 andre ledd bokstav b) og c). Bakgrunnen for endringa er at gjeldande bokstav a) og b) er flytta til bokstav b) og c) etter lovvedtak nr. 66 (2012-2013) om endringar i yrkestransportlova. Endringa får ingen materielle verknader.

Til § 26 om politiattest

Føresegna om politiattest i § 26 vert endra slik at det går fram at det skal krevjast politiattest ved søknad om løyve. Endringa får ikkje materielle verknader ettersom det følgjer av yrkestransportforskrifta at politiattest alltid vert kravd ved søknad om løyve.

Det vert vidare slått fast at det er krav om ordinær politiattest ved søknad om løyve. Dette er ei tilpassing til den nye politiregisterlova.

Til § 37a om virkeområde for kjøresetel

Lovtilvisinga i § 37a andre ledd vert endra frå ei tilvising til § 37c andre ledd til ei tilvising til § 37c fjerde ledd. Endringa heng saman med flyttinga av § 37c andre ledd til fjerde ledd. Vidare vert ordet «likevel» lagt til føre lovtilvisinga, for å markere ein skilnad mellom hovudregelen i § 37a andre ledd og unntaksregelen i § 37c tredje ledd. Endringa får ikkje materielle verknader.

Til § 37c om vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.

I første ledd vert ordet «være» endra til «vere».

I § 37c andre ledd vert det innført heimel for å krevje fire års butid i Noreg for utlendingar før kjøresetel kan utferdast. Kravet om fire års butid skal danne grunnlaget for politiet si vandelsvurdering av søkjaren. Kravet gjeld ikkje for EØS-borgarar som legg fram politiattest frå heimstaten sin. Kravet gjeld heller ikkje for tredjelandsborgarar som anten (i) har tidlegare opphald i Noreg og fråveret ikkje er av eit slikt omfang at det ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande vandelskontroll, eller (ii) har opphald i eit anna EØS-land enn Noreg og kan leggje fram politiattest og prov på lovleg opphald frå dette landet. Butidskravet i § 37c andre ledd skal ikkje gjelde for norske statsborgarar som har budd i utlandet ein lengre periode.

I § 37c tredje ledd vert det gjort greie for kva tidspunkt som skal leggjast til grunn som utgangspunkt for butidskravet. For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før dei reiste inn til Noreg skal butida reknast frå den datoen søknad om opphaldstillating vert registrert hos utlendingstyresmaktene.

Gjeldande andre ledd vert flytta til fjerde ledd.

Til § 37j om forskrift om kjøresetel

Departementet får i ny § 37j klar heimel til å fastsetje nærare reglar om kjøresetel i forskrift.

Til føresegna om iverksetjing

Endringa i § 7 føreset at lovvedtak nr. 66 (2012-2013) er tredd i kraft. Endringa skal difor tre i kraft frå den tid Kongen fastset. Endringane i §§ 26, 37a, 37c og 37j skal tre i kraft straks.