Prop. 15 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Til innhaldsliste

4 Andre endringar i yrkestransportlova

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om tre mindre endringar i yrkestransportlova, som ikkje får materielle verknader. I tillegg gjer departementet her framlegg om oppretting av ein skrivefeil og ein gal tilvising i lovteksten, og ei presisering av kravet om politiattest.

For det første gjorde departementet i høyringsnotatet framlegg om ei endring av ordlyden i yrkestransportlova § 26 om politiattest, slik at det går fram at det skal krevjast politiattest ved søknad om løyve, ikkje at det kan krevjast slik ordlyden er i dag. Det er allereie etter gjeldande praksis eit krav om politiattest ved søknad om løyve, og er fastsett i yrkestransportforskrifta § 6 første ledd. Bakgrunnen for framlegget er eit ønske om å tilpasse lovteksten til gjeldande praksis.

Fem av høyringsinstansane har gjeve fråsegn om framlegget om å endre § 26. Sør-Trøndelag fylkeskommune, Hedmarkfylkeskommune, Oslo kommune og Vest-Agder fylkeskommune uttalar at dei er positive til at ytl. § 26 vert endra slik at lovregelen vert utforma som ein skal-regel. Norges taxiforbund uttalar at dei ikkje har merknader til endringa av ytl. § 26 ettersom framlegget ikkje inneber noko realitetsendring.

Departementet gjorde for det andre framlegg om å endre tilvisinga i ytl. § 37a andre ledd frå § 37c andre ledd, til § 37c tredje ledd. Dette var nødvendig ettersom høyringsframlegget innebar at andre ledd vart flytta til tredje ledd i § 37c.

Departementet gjorde for det tredje framlegg om å leggje til ordet «likevel» føre tilvisinga i § 37a andre ledd. Dette vart gjort for å markere ein skilnad mellom hovudregelen i § 37a andre ledd, og unntaket i nytt § 37c tredje ledd. Yrkestransportlova § 37a andre ledd slår fast at det ikkje er nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad. Etter § 37c tredje ledd vil det likevel innanfor somme løyvedistrikt kunne vere krav om kjentmannsprøve.

Det har ikkje kome inn merknader til framlegget til endringar i § 37a.

Departementet vil i tillegg rette ein skrivefeil i § 37 c første ledd, der ordet «være» vert endra til «vere».

Vidare gjer departementet framlegg om å endre lovtilvisinga i ytl. § 7 første ledd frå § 4 andre ledd bokstav a) og b) til § 4 andre ledd bokstav b) og c). Bakgrunnen for endringa er at gjeldande bokstav a) og b) er flytta til bokstav b) og c) etter lovvedtak nr. 66 (2012-2013) av 3. juni 2013 om endringar i yrkestransportlova. Endringa får ingen materielle verknader.

Departementet vil vidare endre yrkestransportlova § 26 slik at det kjem klart fram at det i lova er krav om ordinær politiattest ved søknad om løyve. Framlegget vart sendt på høyring 9. februar 2012 saman med framlegg til fleire andre endringar i yrkestransportlova. Departementet viste i høyringsnotatet til at framlegget vart gjort på bakgrunn av eit ønske frå Justis- og beredskapsdepartementet om eit einsarta regelverk der det i spesiallovane vert presisert kva type politiattest som skal krevjast. Etter politiregisterlova § 40 nr. 1 er hovudregelen at det vert utferda ordinær politiattest med mindre noko anna er særskilt fastsett. Reglane for politiattest i politiregisterlova vil utfylle føresegna om politiattest i yrkestransportlova.

Oslo kommune kommenterte at det er ønskjeleg med eit strengare krav til vandel i bransjen, særleg i drosjenæringa. Dei meiner ein vil kunne oppnå eit strengare vandelskrav ved å krevje uttømmande politiattest slik at tidsavgrensingane i politiregisterlova § 40 ikkje gjeld.

Departementet meiner ikkje at det skal krevjast uttømmande politiattest ved søknad om løyve, og held fast ved at kravet om politiattest i § 26 skal følgje utgangspunktet om ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40. Departementet legg vekt på at omsynet til resosialisering talar for at visse eldre og mindre alvorlege sakar ikkje skal hefte ved borgaren lengre enn nødvendig. Departementet held difor fast ved framlegget til lovendring og viser til grunngjevinga i høyringsnotatet.

Departementet viser til grunngjevinga for framlegga i høyringsnotatet og held fast ved framlegget til lovendring.