Prop. 15 L (2014–2015)

Endringar i yrkestransportlova (krav om butid for utferding av kjøresetel mv.)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget inneber ei forenkling av prosedyrane for vurdering av krav om butid ettersom moglegheita til å nytte skjøn ved vurderinga fell bort. Såleis fører framlegget til likehandsaming av borgarar utanfor EØS. Dette er ein konsekvens av den nye politiregisterlova. Ei slik forenkling av prosedyrane vil kunne redusere dei administrative kostnadene ved ordninga med utferding av kjøresetel.

Når det gjeld den einskilde utlendingen si moglegheit til å få jobb, meiner departementet at lovfestinga av butidskravet ikkje vil gje store utslag samanlikna med tidlegare praksis. For EØS-borgarar vert praksisen med at dei kan leggje fram politiattest frå heimlandet vidareført. For tredjelandsborgarar som tidlegare måtte ha butid i Noreg på grunn av at dei ikkje kunne leggje fram ein truverdig politiattest frå heimlandet, vil det òg etter lovfestinga krevjast butid. Det er berre den gruppa av tredjelandsborgarar som tidlegare ville fått godkjent politiattesten frå heimlandet som grunnlag for vandelsvurderinga, som i utgangspunktet vil verte underlagt eit strengare butidskrav. Departementet gjer vidare merksam på at butidskravet vert satt ned frå fem til fire år samanlikna med tidlegare praksis.

Departementet meiner dei praktiske verknadene av butidskravet vil vere små. For det første vil kravet om butid for utferding av kjøresetel berre avgrense høvet til å kunne ta arbeid som sjåfør i løyvepliktig persontransport (til dømes buss og drosje). Det vil såleis framleis vere høve til å ta anna arbeid, mellom anna som sjåfør i godstransport. For det andre vil ein utlending i realiteten måtte bu Noreg ei tid før det er aktuelt å søke om kjøresetel. Mellom anna vil ein for å få kjøresetel òg måtte ha relevant førarkort. Utanlandske førarkort utferda i tredjeland vil som hovudregel ikkje gi førarrett i Noreg. Dette fører til at desse må gjennomgå føraropplæring på lik line med nordmenn som søkjer om førarkort for første gong. Dei er likevel fritekne frå delar av trafikalt grunnkurs. Førarkort som er utferda i nokre tredjeland kan på visse vilkår bytast inn mot norsk førarkort. For kjøresetel for drosje er det for by- og tettstadsområdene i tillegg sett vilkår om kjentmannsprøve. Både for å gjennomgå nødvendig opplæring for førarkort og for å kunne få arbeid som sjåfør er det nødvendig med språkopplæring. All nødvendig opplæring for sjåføryrket vil ta tid. Etter framlegget vil butid reknast frå tidspunktet vedkommande er registrert i landet. Vedkomande vil såleis få opparbeid butid samstundes som han eller ho kvalifiserer seg til yrket.

På bakgrunn av at endringane i høve til tidlegare praksis berre får verknad for nokre tredjelandsborgarar, at butidskravet berre avgrensar tilgangen på arbeid til bestemte yrke, og at dei som skal inn i slikt yrke må kvalifisere seg og kunne norsk, vil lovfestinga av butidskravet i seg sjølv ha små verknader på den tida det tar før tredjelandsborgarar kan få arbeid i Noreg.

Etter departementet si vurdering vil framlegget til lovendring samla sett ha små økonomiske og administrative konsekvensar. Departementet viser her til at framlegget i hovudsak er ei vidareføring av tidlegare praksis.