Prop. 23 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

6 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

Kap. 1352 Jernbanedirektoratet

Post 70 Kjøp av persontransport med tog

I 2019 er det løyvd 4 195,1 mill. kr på kap. 1352, post 70, og det blei overført 292,7 mill. kr frå 2018. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 200 mill. kr.

Den ubrukte løyvinga som blei overført til 2019, skulle m.a. dekkje forpliktingane til bonus, oppgjer for alternativ transport og tilgjengeleg infrastruktur, som oppstod i 2018, men som forfall til betaling i 2019. Omfanget av slike utbetalingar var usikkert. Utbetalingane i 2019 blei mindre enn føresett.

Kostnadsramme for bestilling av 30 nye lokaltog

Ein del av lokaltogmateriellet som blir brukt i Oslo-området har nådd si tekniske levetid. Toga har høg feilrate og er kostbare å vedlikehalde. Det har dei siste åra vore sterk vekst i talet på reisande i hovudstadregionen. Det pågåande arbeidet med framtidige rutemodellar tilseier at dei auka kapasitetsutfordringane må løysast med høgare transportkapasitet i kvar togavgang.

Samferdselsdepartementet har vurdert levetidsoppgradering av eksisterande tog og å skaffe nye tog. Jernbanedirektoratet vurderer at kjøp av nye tog vil vere mest kostnadseffektivt over tid. Departementet tilrår å skaffe 30 nye lokaltog, type 77, for å erstatte dagens tog av type 69. Dei nye toga vil kunne frakte langt fleire passasjerar, noko som truleg vil vere nødvendig for å handtere den forventa auken i talet på passasjerar. Norske tog AS, som vil gjennomføre kjøpet av nye tog, vil i anbodet be om opsjonar på kjøp av ytterlegare 170 lokaltog frå produsenten, slik at kontrakten ved behov kan nyttast til å skaffe lokaltog i lang tid framover.

Avhengig av val av løysing for sitteplassar og ståplassar vil dei nye toga kunne frakte opp mot om lag 850 passasjerar, mot dagens om lag 570 passasjerar per togsett. Forholdet mellom sitte- og ståplassar vil inngå i anbodet for gi leverandørane incentiv til å tilby den beste løysinga for passasjerane.

Planane for kjøpet har vore gjennom ekstern kvalitetssikring. Ekstern kvalitetssikrar har tilrådd utbetringar knytt til styringsstruktur og ansvarsdeling mellom Jernbanedirektoratet og Norske tog AS, og til kontraktstrategi. Departementet vil sjå til at tilrådingane blir følgde opp før anbodsprosessen blir starta. Det vil bli etablert eit felles prosjektprogram med Jernbanedirektoratet, Norske tog AS og Bane NOR SF som skal styre anskaffinga og nødvendige investeringar i infrastruktur. Jernbanedirektoratet og Norske tog AS har vurdert anskaffinga til å koste opp mot 4 200 mill. kr. Ekstern kvalitetssikrar er samd i denne vurderinga. Det er uvisse knytt til kostnaden per tog, som er rekna til mellom 80 mill. kr og 140 mill. kr per togsett. Ekstern kvalitetssikrar tilrår eit styringsmål og ei øvre ramme per togsett på høvesvis 100 og 140 mill. kr. Samferdselsdepartementet legg dette til grunn, og foreslår ei kostnadsramme på 4 200 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak. Tilsvarande legg departementet til grunn ei styringsramme på 3 000 mill. kr. Differansen mellom styringsramma og kostnadsramma reflekterer uvissa knytt til pris.

Norske tog AS har planlagt å sende ut konkurransegrunnlag for kjøp av togsetta tidleg i 2020. Kontrakt er planlagt inngått rundt årsskiftet 2020/2021. Dei første togsetta kan bli sett i drift frå desember 2023. Lokaltoga i Oslo-området vil bli fasa inn fram til 2024. Deretter vil dei siste fem togsetta bli levert for bruk på andre strekningar.

Det er i samband med anskaffinga nødvendig å gjere utbetringar på infrastrukturen knytt til lengda på plattformar og parkering av tog (hensetting). Dette er rekna til om lag 1 600 mill. kr. Tiltaka kan dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Når toga blir sette i drift, kan det auke behovet for statleg kjøp av persontransport med tog. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette.

Post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar

I 2019 er det løyvd 10 089,7 mill. kr på kap. 1352, post 73, og det blei overført 522,1 mill. kr frå 2018. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 200 mill. kr, for å dekkje inn delar av eit meirbehov til Follobanen i 2019.

Kostnadene til Follobane-prosjektet har auka fordi Bane NOR har heva to totalkontraktar med den konkursramma entreprenøren Condotte i 2018, og det er fleire krav frå andre entreprenørar, jf. òg omtale og forslag om ny kostnadsramme for prosjektet i Samferdselsdepartementets Prop. 1 S (2019–2020).

Jernbanedirektoratet har opplyst at Follobane-prosjektet dermed har eit meirbehov på totalt 2,1 mrd. kr i 2019. Direktoratet har tilpassa investeringsaktiviteten gjennom året, slik at meirbehovet kan dekkjast av løyvinga på posten. Samferdselsdepartementet tilrår å dekkje 1,9 mrd. kr av meirbehovet innanfor ramma på post 73, gjennom forskyvingar og tilpassingar av framdrift og utbetalingar i andre prosjekt. Den føreslåtte auken av løyvinga dekkjer resten av meirbehovet i 2019.

Kap. 1357 Mantena AS

Post 72 Tilskot til pensjonsforpliktingar

I 2019 er det løyvd 390,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 135,1 mill. kr.

Løyvinga på posten omfattar tilskot på inntil 213,4 mill. kr til å innfri reguleringsforpliktinga ved utmelding frå Statens pensjonskasse med eingongsoppgjer. Løyvinga omfattar òg tilskot på 177,0 mill. kr til ei overgangsordning for eldre arbeidstakarar, ved utmelding av føretaket frå Statens pensjonskasse. Eingongsoppgjeret vil bli utbetalt i 2019.

For den delen av tilskotet som gjeld overgangsordninga for eldre arbeidstakarar, er utbetalingane avhengig kor mange arbeidstakarar som faktisk går av med pensjon. I 2019 har færre arbeidstakarar gått av med pensjon enn rekna med. I 2019 er det utbetalte tilskotet til dette formålet på 41,9 mill. kr.

Til forsida