Prop. 23 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

8 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av post- og banktenester

I 2018 blei det sett av 507 mill. kr til kjøp av post- og banktenester frå Posten Norge AS. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med modellen viser eit faktisk behov i 2018 til dei tenestene som det blei sett av midlar til, på 592 mill. kr. Dette er 85 mill. kr meir enn det som blei løyvd i 2018.

Departementet legg opp til at Posten får etterbetalt ein ytterlegare kompensasjon for 2018 på 85 mill. kr. I tråd med praksis frå tidlegare år legg departementet opp til at staten betaler rente på det beløpet selskapet skal ha etterbetalt. Renta er rekna til 2,9 mill. kr.

Dette inneber at staten skal betale i alt 87,9 mill. kr til Posten. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1370, post 70, med 87,9 mill. kr.

Konkurranse om avisomdeling

Samferdselsdepartementet har lyst ut på anbod ein konkurranse om avisomdeling på vekedagar og på laurdagar. For å følgje opp Stortinget si behandling av Prop. 102 L (2018–2019) Endringer i postloven (antall omdelingsdager), jf. Innst. 302 L (2018–2019), ber departementet i konkurransen om tilbod på to løysingar for avisdistribusjon i vekedagane. Tilbydarar må by på både distribusjon to faste dagar, slik departementet foreslo i Prop. 102 L (2018–2019), og ei distribusjonsløysing som er motsyklisk til Posten sin distribusjon måndag–fredag, slik avisbransjen har foreslått som oppfølging av Innst. 302 L (2018–2019). I konkurransen følgjer departementet opp Stortinget sin intensjon om at avisbransjen sitt forslag kan veljast om løysinga kan realiserast innanfor same økonomiske rammer som distribusjon på faste dagar. Departementet legg i tillegg opp til å velje avisbransjen si føreslåtte løysing dersom ho blir inntil 5 prosent dyrare enn distribusjon på faste dagar. Departementet vil dekkje eventuelle meirkostnader for val av motsyklisk distribusjon innanfor departementet sine gjeldande budsjettrammer, og vil i så fall kome attende til Stortinget med framlegg om dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020.

Til forsida