Prop. 23 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Programkategori 21.60 Kystformål

Kap. 1360 Kystverket

Post 01 Driftsutgifter

I 2019 er det løyvd 1 715,1 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kr.

Løyvinga på posten omfattar m.a. 20 mill. kr til oppmåling og frådeling av eigedommar, og tinglysings- og dokumentavgift knytt til overføringa av statlege fiskerihamneanlegg til fylkeskommunane. Desse utgiftene blir i 2019 lågare enn føresett.

Post 60 Tilskot til fiskerihamneanlegg

I 2019 er det løyvd 42 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 4,4 mill. kr.

Løyvinga på posten omfattar tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg. Det lågare løyvingsbehovet kjem av at tilsegn til to av prosjekta er trekt tilbake, fordi dei ikkje kan gjennomførast som føresett.

Kap. 1361 Samfunnet Jan Mayen

Post 01 Driftsutgifter

I 2019 er det løyvd 54,9 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kr fordi utskiftinga av aggregat på Jan Mayen blei rimelegare enn først rekna med. Mindrebehovet dekkjer inn det auka behovet på post 30.

Post 30 Nytt hovudbygg på Jan Mayen

I 2019 er det løyvd 5,1 mill. kr på posten. Løyvinga omfattar forprosjekt for nytt hovudbygg på Jan Mayen. Grunna problemstillingar som ikkje var føresett, har utgiftene til forprosjektet blitt om lag 1 mill. kr høgare enn først berekna. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kr.

Til forsida