Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

5 Vurderingane til departementet

5.1 Avviklinga av modellen

Departementet noterer seg at nesten halvparten av høyringsinstansane uttrykkjer støtte til forslaget, medan ein tredel tek det til orientering eller har ikkje merknader til forslaget. Departementet noterer seg også at det samla sett har komme få fråsegner i saka, slik at det totale talet på motsegner må seiast å vere avgrensa.

Regjeringa ønskjer å gjennomføre ei kommunereform. Stortinget er orientert om dette arbeidet gjennom Prop. 95 S (2013–2014) Kommuneproposisjonen 2015 og Prop. 121 S (2014–2015) Kommuneproposisjonen 2016. Der skriv regjeringa at interkommunalt samarbeid ikkje er eit fullgodt alternativ til større og meir robuste kommunar. Sjølv om regjeringa anerkjenner at kommunar kan ha behov for å samarbeide, meiner regjeringa at samarbeid på så mange tenesteområde som det samkommunen gir høve til, talar for at kommunesamanslåing er ei betre løysing.

Når Midtre Namdal samkommune skriv at dei meiner at samkommunemodellen gir sterkare eigarkjensle til tenestene for kommunane som deltek, enn det vertskommunemodellen gir, meiner departementet at alternativet til samkommune ikkje nødvendigvis er ein annan samarbeidsmodell, men heller ei kommunesamanslåing. Også når Midtre Namdal samkommune skriv at dei opplever samkommunen som meir demokratisk enn andre former for interkommunalt samarbeid, meiner departementet at ein også må vurdere om ikkje eit betre alternativ vil kunne vere kommunesamanslåing.

Departementet ser ikkje at det er nødvendig å halde på samkommunemodellen for å redusere behovet for samarbeid etter lov om interkommunale selskaper, slik Midtre Namdal samkommune er inne på. Desse to samarbeidsmodellane er i utgangspunktet tiltenkte ulike typar oppgåver, og dei ulike innretningane gjer at dei såleis ikkje nødvendigvis vil kunne avhjelpe kvarandre. Medan samkommunen er tiltenkt samarbeid innanfor eit breitt spekter av oppgåver som også kan innebere offentleg myndeutøving, samarbeider ein innanfor IKS-modellen som hovudregel på eitt tenesteområde som ikkje fører med seg utøving av offentleg myndeutøving.

Departementet deler synet til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag om at det er viktig at fylkesmennene følgjer med på bruken av interkommunalt samarbeid, uavhengig av modell. Departementet ber allereie i dag fylkesmennene om å rapportere om bruken av interkommunalt samarbeid i fylket, med særleg vekt på vertskommunemodellen. Nettopp at interkommunalt samarbeid i dag er nødvendig for en del kommunar, er ein av grunnane til at ein har sett i gang kommunereforma, der regjeringa er oppteken av å leggje til rette for ein kommunestruktur som ikkje gjer det absolutt nødvendig for kommunane å inngå interkommunalt samarbeid.

Departementet held på bakgrunn av utgreiinga ovanfor fast ved framlegget i høyringsnotatet om å avvikle samkommunemodellen.

5.2 Avviklingsperioden

Departementet har merka seg at begge samkommunane, til liks med departementet, meiner at eksisterande samkommunar skal få tida fram til 1. januar 2020 på å avvikle seg. Departementet ser ikkje grunnlag for å forlenge overgangsperioden, slik Midtre Namdal samkommune er inne på. I kommunereforma er hovudløpet lagt opp slik at samanslåingane blir sette i verk seinast frå 1. januar 2020. Dette tidsløpet ligg fast, og samkommunane må i samsvar med dette vere avvikla seinast same datoen.

Departementet fører derfor vidare forslaget om at høvet til å opprette nye samkommunar blir avvikla så raskt som mogleg. Dette vil i praksis seie at forbodet gjer seg gjeldande etter vedtak i Stortinget med påfølgjande sanksjonering og kunngjering i Norsk Lovtidend. Dei eksisterande samkommunane får ei overgangsordning, slik at dei må vere avvikla seinast 1. januar 2020. Dei lovføresegnene i kommuneloven og særlovgivinga som handlar om samkommunen, vil halde fram med å gjelde for dei eksisterande samkommunesamarbeida fram til avviklinga er gjennomført.