Prop. 61 S (2021–2022)

Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst

Til innhaldsliste

6 Styringsmodell for Bypakke Bodø fase 2

Det er etablert ei styringsgruppe for planlegging og gjennomføring av Bypakke Bodø fase 2. Det er den same gruppa som i opphavleg Bypakke Bodø. I styringsgruppa møter representantar frå Bodø kommune, Nordland fylkeskommune og Statens vegvesen. Styringsgruppa si hovudoppgåve er å prioritere prosjekt innanfor hovudsatsingsområda i porteføljen, og sjå til at gjennomføringa skjer i tråd med føringane i denne proposisjonen.

Bypakke Bodø fase 2 er føresett gjennomført etter prinsippa for porteføljestyring. Dette betyr mellom anna at ein eventuell framtidig kostnadsauke og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Eventuell kostnadsauke i dei enkelte prosjekta – og/eller inntektssvikt – skal handterast gjennom porteføljestyring, og ikkje gjennom auka takstar og/eller forlenga innkrevjingstid. Det blir føresett sterk kostnadskontroll. Kostnadsauke må handterast innanfor den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for eit eller fleire prosjekt aukar inneber dette at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast. Dersom enkelte prosjekt blir rimelegare enn føresett kan det bli rom for å gjennomføre fleire prosjekter.

Det er likevel gjort unntak frå porteføljestyring for prosjektet rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset, der ein eventuell kostnadsauke opp til fastsett kostnadsramme blir dekka med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekte med statlege midlar, jf. Prop. 131 S (2013–2014). Eventuelle kostnadsreduksjonar blir delt mellom staten og bompengeselskapet i høve til partane sin del av finansieringa innanfor styringsramma. Eventuelle kostnadsreduksjonar blir delt mellom staten og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Det er føresett at bompengeselskapet sin del av eventuelle kostnadsreduksjonar skal nyttast til å redusere innkrevjingstida eller finansiere andre prosjekt/tiltak i pakka.

Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit fireårig handlingsprogram med vekt på mål og resultatstyring. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at styringsgruppa har mandat til å justere og endre den prioriterte rekkefølgja til prosjekta i det årlege arbeidet med handlingsprogrammet.