Prop. 61 S (2021–2022)

Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst

Til innhaldsliste

7 Garantiar

Bodø kommune og Nordland fylkeskommune har tidlegare fatta vedtak om å stille garantiar for eit bompengelån på til saman 1 430 mill. kr, delt med halvparten på kvar, jf. Prop. 131 S (2013–2014).

Som det går fram av kapittel 2, har Bodø kommune og Nordland fylkeskommune i 2019 fatta nye vedtak om å stille sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet på til saman 2 070 mill. kr. Det blir lagt til 10 pst. for å dekkje renter og andre omkostningar. Samla lånegaranti blir følgeleg 2 280 mill. kr.

Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og distriktsdepartementet, medan den kommunale garantien må godkjennast av statsforvaltaren i Nordland.

Garantistane sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke i gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. Dette er ikkje i tråd med retningslinjene for porteføljestyrte bompengepakker der det er lagt opp til at garantisten sin risiko skal handterast gjennom porteføljestyring. Garantivedtaka i denne saka må sjåast i samanheng med at det i Prop. 131 S (2013–2014) vart lagt til grunn at ein eventuell kostnadsauke for det største prosjektet i bypakka, rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset skal handterast etter prinsippa for enkeltprosjekt. Dette for å sikre at ein eventuell kostnadsauke for prosjektet ikkje skal føre til store reduksjonar i rammene på andre prosjekt i pakka, samt ei reell moglegheit for porteføljestyring. Rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset er i all hovudsak ferdigstilt, men det står att nokre arbeid. Sluttoppgjeret for ein stor entreprise er ikkje klar pga. ei usemje på om lag 110 mill. kr. Samferdselsdepartementet legg til grunn at resten av tiltaka i pakka styres etter prinsippa for porteføljestyring.