Prop. 61 S (2021–2022)

Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Bodø kommune og Nordland fylkeskommune er samde om å vidareføre satsinga på transporttiltak i Bodø gjennom ei forlenging av Bypakke Bodø gjennom ein ny fase. Det er lokalpolitisk semje om å auke takstane samt å forlenge innkrevjingsperioden i eksisterande bomstasjonar med fem år, frå 15 til 20 år.

Bypakke Bodø fase 2 vil gjere måloppnåinga for bypakka betre. Dei nye prosjekta og tiltaka i pakka vil bidra til ein heilskap i transportsystemet i Bodø og til at fleire veljar å gå, sykle og nyttar kollektivtransport. Bypakke Bodø fase 2 inneber òg at ein større del av den opphavlege prosjektportefølja kan bli fullført.

Den økonomiske ramma for prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Bodø fase 2 er berekna til om lag 1 096 mill. 2022-kr. Finansieringa av Bypakke Bodø fase 2 er basert på innkrevjing av bompengar og fylkeskommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka. Det blir lagt til grunn at eventuelle ubrukte midlar frå fase 1 av bypakka disponerast i fase 2 og kjem i tillegg til rammene for fase 2. Tilsvarande skal òg forpliktingar knytt til fase 1 følgjast opp i fase 2.

Samferdselsdepartementet understrekar at prosjekt i porteføljestyrte bypakker skal gjennomførast innanfor ei fastsett økonomisk ramme. Eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Samferdselsdepartementet sluttar seg til Statens vegvesen sine vurderingar om at ein eventuell kostnadsauke i prosjektet rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset og inntektssvikt i pakka skal handterast etter prinsippa for strekningsvise prosjekt, med moglegheit for å auke takstane med inntil 20 pst. og/eller auke innkrevjingstida med inntil 5 år. Samferdselsdepartementet legg til grunn at resten av tiltaka i pakka styrast etter prinsippa for porteføljestyring.

Det er lagt til grunn en eigendel på om lag 21 pst. av investeringskostnaden på fylkeskommunale eller kommunale prosjekt i Bypakke Bodø. Samferdselsdepartementet legg til grunn at kravet om lokal eigendel på minst 20 pst. i dette konkrete tilfellet vurderast samla for dei to fasene av bypakka. Fase 2 av Bypakke Bodø er ei vidareføring av første fasen av bypakka innanfor eksisterande bompengeopplegg. Fase 2 inneber ei forsterka satsing på tiltak for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport.

I tråd med føringane for porteføljestyrte bompengepakker er fase 2 av Bypakke Bodø fullfinansiert, prosjekt og tiltak i pakka er rangert i prioritert rekkefølge og det er lagt til grunn ein lokal eigendel på 20 pst. for bypakka samla sett. Det er vidare føresett at ein eventuell kostnadsauke eller inntektssvikt skal handterast gjennom porteføljestyring, og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingstid. Dette gjeld likevel ikkje for prosjektet rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset.

Samferdselsdepartementet føresett at garantiane blir godkjende av Kommunal- og distriktsdepartementet og statsforvaltaren i Nordland.