Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for framlegga

2.1 Innleiing

Stortingets kommunalkomité uttalte i behandlinga av Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner, jf. Innst. S 333 (2014–2015): «Det må vurderes økt kommunalt selvstyre innenfor fastsetting av skrivemåte og navn innenfor adresse- og skiltprosjekt.»

I svaret frå dåverande kulturminister vart det vist til at departementet var i gang med eit lovarbeid. Eit notat med eit avgrensa endringsforslag vart sendt på høyring 5. desember 2017. Høyringsfristen var 22. januar 2018. Høyringsnotatet drøfta spesielt forslag til endringar i reglane om namnevern, som ville stille kommunane friare til å byte ut tradisjonsrike namn (sjå omtale i kap. 3.6 Avgrensa lovforslag i 2017).

Etter høyringa avgjorde regjeringa at det ikkje skulle leggjast fram nokon lovproposisjon for Stortinget våren 2018. I staden vart det bestemt at det skulle gjerast ein breiare gjennomgang av stadnamnlova og ein ny høyringsrunde. Her ville ein ikkje berre vurdere namnevernet, men også den kompetansen som stat, kommune og fylkeskommune har til å vedta skrivemåte av stadnamn.

I tillegg skulle departementet vurdere korleis ein kunne følgje opp dei forslag til endringar i stadnamnlova som er fremja i NOU 2016: 18 Hjertespråket – forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

I denne lovproposisjonen legg Kulturdepartementet fram dei vurderingane og forslaga som er gjorde på denne bakgrunnen.

Til forsida