Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Kartverket vil etter forslaget få ei ny lovpålagd oppgåve om å gjere vedtak om skrivemåten av reinbeitedistrikt. Dette vil likevel bli eit framhald av dagens praksis og vil dermed ikkje få nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.

Omorganiseringa av stadnamntenesta og utvida ansvar for rådgiving og rettleiing i stadnamnsaker vil innebere både økonomiske og administrative konsekvensar for Språkrådet. Det er føresetnaden at desse blir dekte innanfor Kulturdepartementet sine budsjettrammer.

For kommunane vil den foreslåtte saksbehandlingsregelen om innhenting av tilråding om namneval innebere noko nytt samanlikna med gjeldande regelverk, men tanken er at slik tilråding bør gjerast samtidig med at ein innhentar tilråding om skrivemåten. Derfor meiner departementet at denne regelen ikkje vil gi meirarbeid for kommunane.

Forslaget om å ta inn i lova at kommunen er ansvarleg for å kunngjere stadnamnsaker også der det er eit statleg organ som har reist saka, reknar vi ikkje med vil ha nokon administrative eller økonomiske konsekvensar for kommunen. Dette har vore fast praksis i 25 år og inneber derfor ingen endring i oppgåver for kommunane.

Etter forslaget blir Fylkesmannen tillagt oppgåva med å vere klageinstans for klagar på manglande bruk eller feilbruk av vedtekne stadnamn i kommunane, og dette vil etter departementets vurdering innebere ei noko større administrativ og økonomisk bør. Departementets erfaring er at det har kome få klagar på manglande bruk og feilbruk av stadnamn totalt sett. For norske stadnamn er det berre éi sak («Overhalla-saka») som har vore sendt til vurdering i eit departement dei siste åra. Fordelt på kvart enkelt fylkesmannsembete reknar departementet derfor med at auken i arbeidsbøra blir liten. Kostnaden dei får ved å måtte opparbeide seg kompetanse på eit nytt fagfelt, vil bli redusert av at dei kan innhente faglege råd og vurderingar i alle saker frå stadnamntenesta.

Som sektormynde representerer Fylkesmannen fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn. Det er nærliggjande at i oppfølginga av Fylkesmannens oppgåver etter stadnamnlova, vil sektoransvaret liggje hos det departementet som til kvar tid har ansvaret for stadnamnlova.

Etter departementets vurdering vil forslaga samla sett ikkje ha nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida