Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Til innhaldsliste

4 Forslag til endringar i stadnamnlova

4.1 Formål og verkeområde

4.1.1 Gjeldande rett

Stadnamnlova § 1 Formål og verkeområde regulerer både formålet med lova og verkeområdet og gir dessutan reglar for når lova skal gjelde. I Innst. O. nr. 59 (2004–2005) Innstilling frå familie-, kultur- og adminsitrasjonskomiteen om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m., går det fram at formålsparagrafen fekk eit tillegg i andre ledd om at lova skal sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtaler og konvensjonar. Bakgrunnen for dette var eit ønske om å framheve i formålsparagrafen at «samiske og kvenske stadnamn treng eit særleg vern og eit incitament til å ta vare på og nytte desse namna i samsvar med regelverket».1

4.1.2 Departementets framlegg

Departementet foreslo ei endring i formålsparagrafen § 1 andre ledd, slik at det går klart fram at lova også skal sikre omsynet til norske stadnamn på lik linje med samiske og kvenske stadnamn:

«Lova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.»

4.1.3 Synspunkta i høyringsrunden

Av dei 62 høyringssvara som kom inn innan høyringsfristen, var det 19 som hadde merknader til dette framlegget. Alle desse støtta framlegget om ei lovfesting av at norske stadnamn skal ha same vern som samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale konvensjonar. Ingen høyringssvar var negative til dette.

Både Sametinget, Språkrådet, Kartverket, Stadnamntenesta for norske og kvenske stadnamn og Nasjonalbiblioteket viser til at lova bør behandle dei tre språka likt. Sametinget skriv at dei «[…] støtter forslaget om at norske stedsnavn nevnes sammen med samiske og kvenske navn. Det plasserer de tre språkenes kulturminne- og språklige verdi på samme nivå som likeverdige».

Av dei sju kommunane som har uttalt seg om dette punktet, er alle positive til endringsframlegget. Noregs Mållag er også udelt positive til forslaget:

«Noregs Mållag set pris på at departementet føreslår at også norske stadnamn skal sikrast i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Tidlegare har berre samisk og kvensk vore fanga opp av lovteksten, og det er flott og på høg tid at ein også inkluderer norsk i slike samanhengar.»

4.1.4 Departementets vurdering

Departementet meiner at stadnamnlova i størst mogeleg grad bør likebehandle norske, samiske og kvenske stadnamn som immaterielle kulturminne.

Departementet erkjenner at samiske og kvenske stadnamn har eit særleg behov for vern, mellom anna fordi desse språka i internasjonal samanheng er klassifiserte som truga språk. Departementet er også klar over at bevaringa og vidareføringa av norske stadnamn er under press, mellom anna frå kommersielle aktørar som ikkje er bundne av stadnamnlova og/eller ikkje har eit like medvite forhold til lokal namneskikk.

Departementet har på bakgrunn av dette og innspela i høyringsrunden vurdert det slik at det vil vere tenleg å framheve i dette leddet i formålsparagrafen at også omsynet til norske stadnamn skal sikrast. Dette er meint for å klargjere det som alt i dag er å rekne som gjeldande rett.

Endringa er samstundes eit uttrykk for at stadnamnlova både er ei kulturminnelov og ei språklov. Ho skal både verne immateriell kultur og fremje norsk, samisk og kvensk språk i aktiv bruk, jf. stadnamnlova § 1.

4.2 Definisjonar – om reinbeitedistrikt

4.2.1 Gjeldande rett

Reinbeitedistrikta har i dag gjerne namn på både norsk og samisk, i tillegg til eit nummer. Desse namna er i offentleg bruk. Det er reinbeitedistrikta som vel kva namn som skal ha eit vedtak om skrivemåte.

Kartverket har eit oversyn over distriktsgrenser og namn2, mange både på samisk og norsk. Men desse namna er likevel ikkje å finne i Sentralt stadnamnregister (SSR) som godkjende/vedtekne namn på reinbeitedistrikt, verken på samisk eller norsk. Ein kan finne eit namn som til dømes Málesnjárga godkjent som «Nes i sjø», men ikkje som reinbeitedistrikt.

I NOU 2016: 18 Hjertespråket er reinbeitedistrikt omtalte som administrative område som kan kartfestast. Det samiske språkutvalet meinte derfor at reinbeitedistrikt bør kome inn under definisjonen av stadnamn.

Stadnamnlova § 2 definerer m.a. «administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser» som stadnamn. Med denne formuleringa kan reinbeitedistrikt allereie vere omfatta av lovverket utan at det seinare i lova går fram kven som har vedtaksretten og kva prosedyre som skal følgjast for namneval.

4.2.2 Departementets framlegg

Departementet foreslo i høyringsnotatet, i tråd med forslaget frå det samiske språkutvalet, å sikre at skrivemåte av namn på reinbeitedistrikt blir behandla etter reglane i stadnamnlova.

Forslaget gjekk ut på å føye til reinbeitedistrikt blant døma, slik at opprekninga i definisjonen blir slik: «administrative område som kommunar og sokn, institusjonar, reinbeitedistrikt og adresser». På den måten blir reinbeitedistrikt synleggjorde som objekt for namnevedtak, og det sikrar at namn på reinbeitedistrikt blir behandla etter reglane i stadnamnlova.

Kulturdepartementet foreslo å tilføye reinbeitedistrikt til oppramsinga av dei namneobjekta som Kartverket er vedtaksorgan for etter ny § 7 tredje ledd første punktum:

«Statens kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, reinbeitedistrikt og namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift.»

4.2.3 Synspunkta i høyringsrunden

Det var ni høyringsinstansar som uttalte seg om framlegget om å ta inn reinbeitedistrikt som eksempel på administrative område i paragrafen med definisjonar. Av desse ni hadde tre ingen innvendingar eller merknader, medan sju uttalte seg klart positivt til framlegget. Ingen høyringssvar var negative til framlegget. Både Sametinget, Språkrådet, Kartverket og Nasjonalbiblioteket meiner at det er viktig at reinbeitedistrikt blir med i paragrafen. Sametinget viser til at det har vore eit klart behov for ei klargjering av kven som fattar vedtak om skrivemåten av namn på reinbeitedistrikt:

«Vi er fornøyde med at reinbeitedistrikt nevnes som eksempel i samme oppramsing som andre administrative enheter. Stedsnavnlovens § 2 definerer i nåværende form bl.a. at «administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser» er stedsnavn. Med denne formuleringa er allerede reinbeitedistrikt omfattet av lovverket uten at det senere i loven instrueres hvem som er vedtaksmyndighet og hvilken prosedyre man skal følge for navnevalg. Nå er det slik at distriktene allerede har navn, gjerne både på norsk og samisk, i tillegg til et nummer. Disse navnene brukes også av offentlige myndigheter som reindriftsadministrasjonen, landbruksdepartementet og fylkesmannen. Imidlertid er ikke disse navnene å finne i SSR som godkjente/vedtatte navn på reinbeitedistrikt verken på samisk eller norsk. Sametinget er fornøyd med at man nå får på plass det nødvendige verktøyet som muliggjør navnevedtak. Nå kan navnene innlemmes i kartverkets sentrale stedsnavnregister.»

4.2.4 Departementets vurdering

Ved å ta inn reinbeitedistrikt som eksempel på eit administrativt område i lova, fjernar ein ein eventuell tvil om at namn på reinbeitedistrikt skal behandlast etter reglane i stadnamnlova. Departementet meiner det er viktig å sikre at namneobjekt som er sentrale i samisk kultur, får vern i stadnamnlova.

Det har heller ikkje kome motførestillingar i høyringsrunden til dette forslaget.

Departementet går derfor vidare med framlegget om å føye til reinbeitedistrikt blant døma på administrative område i § 2 Definisjonar. Forslaget om å gjere Kartverket til vedtaksorgan for skrivemåte av namn på reinbeitedistrikt, blir også vidareført. Ettersom det i dag er reinbeitedistrikta som sjølve vel namnet på distriktet, foreslår departementet at dette skal framgå av ny paragraf § 7 Avgjerder.

4.3 Val av stadnamn

4.3.1 Gjeldande rett

Tradisjonelle stadnamn har oppstått ved at folk har brukt ei nemning om ein stad i ei viss tid, slik at denne har festna seg som namn på staden. Dei tradisjonelle nedervde stadnamna våre har dermed oppstått spontant, og ikkje som eit resultat av administrative eller politiske vedtak. Det er ikkje slik at innbyggjarane i ei bygd har «valt» eit namn på bygda. Det er snarare slik at namnet er overlevert gjennom generasjonar. Stadnamnlova søkjer å vidareføre lokal namnetradisjon ved val av namn på nye namneobjekt, fordi namna har språkhistorisk og kulturhistorisk verdi for lokalsamfunnet og nasjonen.

I dag kan ein likevel seie at det «blir valt» namn. Adresseringsarbeidet i kommunane, jf. matrikkellova § 21 og matrikkelforskrifta § 51, inneber at kommunane vel eit adressenamn. Matrikkelforskrifta § 51 første ledd fastset mellom anna følgjande: «Kommunen skal tildele alle gater, veger, stier, plasser og områder som blir brukt til offisiell adressering, et navn som er entydig innenfor kommunen. Skrivemåten fastsettes etter reglene i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.»

Kommunen kan då velje å byggje på den lokale namnetradisjonen. I forarbeida til matrikkellova § 21 vart det lagt til grunn at «[k]ommunen må ta omsyn til at adresser både praktisk og kulturelt har mykje å seie både for den enkelte og for omverda», jf. Ot.prp. nr. 70 (2004–2005).

I kommunar med kvensk og samisk namnetradisjon skal det brukast namn på desse språka, til dømes namn på gamle slåttemarker, myrar, fiskeplassar og skogteigar. Dette er døme på god namneskikk.

Kommunen kan også velje å lage heilt nye namn på adresser som er nye namneobjekt. Ein kommune kan kalle ei gate som ikkje har hatt namn før, for Blåbærstien, sjølv om ho fører til husmannsplassen Sørtorpet. Føresegnene i stadnamnlova er ikkje til hinder for dette, sjølv om det er meir i tråd med formålsparagrafen å ta vare på og bruke nedervde stadnamn når ein tildeler adresser. Det er også sikker tradisjon for at kommunen kan endre til dømes gatenamn når kommunen finn at gode grunnar taler for det.

Dei fleste namneval som stat, kommune og fylkeskommune gjer, følgjer av lov og sedvane. I stadnamnlova er det få direkte tilvisingar til lovgiving om namneval, sjølv om skrivemåten, etter at det aktuelle namnevalet er gjort, skal følgje reglane i stadnamnlova. Det har derfor vore stilt spørsmål om på kva lovgrunnlag kommunane vel namn innanfor kommunegrensene, når dette namnevalet skjer utanom adresseringsarbeidet, jf. matrikkelforskrifta § 51. I Prop. 105 L (2014–2015) Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.) vart lovgrunnlaget for namneval drøfta. Konklusjonen var at «[h]øvet kommunen har til å velje namn i tilfelle som ikkje gjeld adressering, følgjer av den negativt avgrensa kompetansen til kommunen». Proposisjonen siterer frå Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel der det blir gjort greie for kommunelova og det kommunale sjølvstyret:

«Det går fram av § 6 at kommunane er eigne rettssubjekt. Dette set skrankar for styringa frå andre instansar og gjev kommunane kompetanse. Kompetansen er i utgangspunktet autonom og gjev kommunane høve til å binde seg sjølv. Det er ikkje gjeve generelle avgrensingar på kommunane sin kompetanse til å binde seg sjølv. Kommunane har som tidlegare nemnt negativt avgrensa kompetanse i Noreg. Det inneber at dei kan gjere kva dei vil så lenge det ikkje er ulovleg eller oppgåva er lagd til andre. Rammene for kva som er lovleg, følgjer både av lovfesta og ulovfesta rett. Dersom kommunen som offentleg myndigheit skal binde andre, må han likevel ha eigen lovheimel for det.»

Etter gjeldande rett er det slik at kommunen har rett til å velje namn på alle tiltak som kommunen har ansvaret for og som treng eit namn. Stadnamnlova viser berre indirekte til at kommunen har denne kompetansen i § 1 Formål og verkeområde tredje ledd: «Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta.»

Valet av stadnamn skjer altså ikkje etter stadnamnlova. Derimot skal skrivemåten av dei valde stadnamna fastsetjast etter stadnamnlova. Dersom kommunen vel eit nytt namn, eller vedtek å bruke eit namn som fortrengjer eit namn som har krav på vern, er dette i strid med føresegnene om namnevern i § 3 i stadnamnlova – og kan overprøvast.

Kartverket vel ikkje namn på dei namneobjekta som det i dag vedtek skrivemåten av, jf. gjeldande § 5 tredje ledd. Kartverket er aldri eigar av eit namneobjekt. Kartverket si oppgåve er å registrere allereie eksisterande informasjon om stadnamn og å vedta skrivemåten av dei, ikkje å velje stadnamn. Statens vegvesen eller Kystverket er døme på statsorgan som vel namn på statlege anlegg. Utanom desse statsorgana er det kommunane og fylkeskommunane som i stor grad avgjer kva stadnamn som skal vidareførast i bruk.

I ein evalueringsrapport3 frå 2001 tok ei arbeidsgruppe stilling til eit forslag frå Sarpsborg kommune om at alle reglar frå ulik lovgiving om fastsetjing av stadnamn burde samlast i lov om stadnamn. Arbeidsgruppa meinte det ville få «for vidtrekkende konsekvenser å foreslå flytting av alle regler vedrørende navnsetting til lov om stadnamn» og gjekk derfor ikkje inn for dette. Likevel oppfatta mange av dei som uttalte seg i høyringa det «[…] som en mangel med lov om stadnamn at den ikke inneholder regler om navnsetting og vern av selve stedsnavna i tillegg til regler om skrivemåten og bruk av stedsnavn». Løysinga vart å innføre reglar om namnevern i § 3.

4.3.2 Departementets framlegg

Fordi det er stilt spørsmål om det lovlege i dei namnevala som kommunane og fylkeskommunane gjer før vedtak om skrivemåten av dei, foreslo departementet at namnevalet av pedagogiske grunnar blir lovfesta i stadnamnlova. Forslaget var ikkje meint å innskrenke kommunane sin kompetanse, men å unngå at det kan stillast spørsmål om det lovlege ved dei namnevala kommunen gjer.

Departementet foreslo å lovfeste sjølve valet av namn i eit tillegg i føresegna om vedtak og andre avgjerder etter lova i ny § 7 Avgjerder:

«Kommunen fastset namn på og vedtek skrivemåten av offisiell adresse av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l.
Fylkeskommunen fastset namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.»

Vidare foreslo departementet eit nytt punktum i ny § 7 tredje ledd:

«Statlege organ vel namn på statlege anlegg som Kartverket gjer vedtak om skrivemåten av

4.3.3 Synspunkta i høyringsrunden

Av dei av høyringsinstansane som uttalte seg om dette, støttar dei aller fleste forslaget. Sametinget er ein av høyringsinstansane som støttar forslaget:

«Det kan være greit at loven bestemmer hvem som har rett til å bestemme navn på hva. Samtidig gir § 3 instrukser om navnevern, noe som bør kunne bremse for navnevedtak der navnet inneholder fremmedord på steder der man allerede har et tradisjonsnavn på norsk, samisk og kvensk eller ett av disse tre.»

Kartverket meiner også at ei lovfesting av retten til val av stadnamn er klargjerande:

«Kartverket mener det er en fordel og klargjøring av situasjonen at det i lovteksten blir gitt en hjemmel for at kommunen og fylkeskommunen både skal fastsette navnet og skrivemåten. De foreslåtte redaksjonelle endringene og tilføyelsene synes å være akseptable, da de ikke endrer det materielle innholdet i loven, men kun er ment å presisere nærmere hva den gjeldende rettstilstanden er. Stedsnavnloven gjelder fremdeles i hovedsak kun skrivemåten for stedsnavn og regulerer i utgangspunktet ikke selve navnevalget. Imidlertid vil bestemmelsene i § 3 om navnevern sette begrensingen for de navnevalg som kommunen og fylkeskommunen kan gjøre.»

Språkrådet har innspel om omgrepsbruken i paragrafen:

«Namnsetjing er etter vårt syn to prosessar. Den eine er val av namn, og den andre er fastsetjing av skrivemåten. Me tilrår derfor ei endring i ordlyden, der fastsetje blir endra til velje. Vidare føreslår me at sekvensen «av offisiell adresse av namn på tettstader …» blir skriven om.»

Posten Norge AS påpeikar at dei foreslåtte formuleringane ikkje tek høgd for offentleg eigde selskap som fastset stadnamn:

«På side 10 i høringsnotatet nevnes det at Statens vegvesen og Kystverket er eksempler på statsorgan som velger navn på statlige anlegg. Det finnes imidlertid flere organ og offentlig eide selskap som fastsetter navn. Eksempelvis har Posten ansvar for å fastsette poststedsnavn. Vi ber derfor departementet vurdere om ordlyden i nytt punktum i § 7 tredje ledd bør gjøres mer generell, for eksempel ved å ta inn begrepet «krets» som blant annet favner poststedsnavn.»

Valdreskommunane, som har levert likelydande høyringssvar, meiner også det er bra at det blir presisert i lova at det er kommunane som vel namn på dei objekta der dei vedtek skrivemåten.

Dei få som ikkje støttar framlegget, meiner at det ikkje er nødvendig. Ingen av høyringsinstansane meinte at framlegget avgrensa den retten som kommunane har i dag til å velje stadnamn.

4.3.4 Departementets vurdering

Departementet merkar seg at høyringsinstansane i hovudsak støttar framlegget om å lovfeste kommunane sin rett til å velje stadnamn, og meiner det er riktig å vidareføre innhaldet i framlegget. Ettersom regelen om namnevern i § 3 avgrensar handlefridomen til kommunen noko, er det viktig at lovteksten ikkje teier om den retten kommunen har til å velje namn.

Departementet er einig med Språkrådet i at det er betre å bruke ordet «velje» i staden for «fastsetje» om retten til å velje stadnamn. Dette vil tydeleggjere forskjellen mellom val av stadnamn og vedtak om skrivemåten av dei.

Dei fleste namna blir fastsette av kommunen, f.eks. vegnamn, men ikkje alle, som f.eks. adressetilleggsnamn til gardsbruk. Derfor ser departementet at det er behov for å gjere nokre justeringar i formuleringa i paragrafen, som tydeleggjer dette.

Hovudregelen både etter gjeldande praksis og lovframlegget er at kommunen sjølv vel namn på tettstader.

4.4 Namnevern

4.4.1 Gjeldande rett

Overordna handlar føresegnene i § 3 om å vidareføre så mange namn som råd på den staden dei er knytte til. Namnevernet etter stadnamnlova skal likevel ikkje vere til hinder for nydanning av namn.

Reglane om namnevern i § 3 i stadnamnlova seier ikkje noko direkte om vedtaksrett for val av namn i ulike situasjonar innanfor lova sitt verkeområde, men er meint som ei støtte til formålsparagrafen.

Den retten som kommunen i dag har til å velje namn i tilfelle som ikkje gjeld adressering, følgjer av den negativt avgrensa kompetansen til kommunen.4

Ettersom namnevalet ikkje har vore direkte regulert i lova, har det også vore stilt spørsmål ved om klageretten etter stadnamnlova gjeld når det kan hevdast at kommunen bryt reglane om namnevern i § 3. Éi av endringane som vart gjord ved revisjonen av stadnamnlova i 2014–2015, var å presisere at føresegnene om klage i § 10 gjeld for kommunale vedtak når det er strid om namnevernet som følgjer av § 3. Det vart teke inn eit nytt andre punktum i første ledd i § 10: «Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.» I forarbeida uttalte departementet at ei slik presisering ville «verke som ei bevisstgjering av t.d. kommunane som mogelegvis allereie i reguleringsplanar tek i bruk namn som det seinare kan hevdast er i strid med stadnamnlova § 3 om namnevern», jf. Prop. 105 L (2014–2015) s. 33. Forslaget møtte ikkje motstand i høyringsrunden og vart teke inn i lova.

Føresegna i § 3 seier at eit stadnamn berre kan skiftast med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak etter § 3 andre ledd andre punktum kan gjerast dersom «særlege grunnar» talar for det.

I Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) står det i merknadene til § 3 at særlege grunnar til å skifte ut eit nedervd stadnamn kan vere at det er fare for forveksling med namn i nærleiken, at namnet er til byrde for lokalsamfunnet, eller at hendingar på ein stad kan gjere det naturleg å ta i bruk eit nytt namn, til dømes å gi ein stad namn etter ein person som har hatt mykje å seie for lokalsamfunnet. I forarbeida til gjeldande lov er det presisert at «[s]ærlege grunnar bør vurderast forholdsvis strengt», jf. Prop. 105 L (2014–2005) s. 21.

4.4.2 Departementets framlegg

Departementet foreslo ingen endringar i § 3. Hovudregelen om at eit nedervd stadnamn berre kan bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet, blir derfor vidareført.

Vurderinga er at det er nødvendig at namnevernet blir halde oppe som ein skranke for kva stadnamn som kan veljast eller skiftast ut. I ei tid med kommunesamanslåingar, endringar i busetjingsmønster og ulike utfordringar med å halde oppe statusen til norsk, samisk og kvensk språk står dei eldste språklege kulturminna våre i fare for å gå ut av bruk. Desse stadnamna treng eit offentleg vern. Departementet foreslo derfor ikkje å endre reglane om namnevern, men tok til orde for å klargjere kva som kan reknast som «særlege grunnar» etter § 3 andre ledd andre punktum.

Det står i merknaden til § 3 at stadnamnlova ikkje skal vere til hinder for «nydanningar av namn». Derfor meinte departementet i høyringsnotatet at § 3 andre ledd ikkje skal motverke namneskifte som gradvis og over tid har vakse fram lokalt. Slik endring i namnebruken er det også teke høgde for i ordlyden i § 3 andre ledd første punktum.

I høyringsnotatet heitte det at bruken av stadnamn:

«[…] vil kunne endre seg i et lokalmiljø, og det er naturlig at det oppstår såkalte denotasjonendringer, f.eks. at et navn overføres fra ett sted til et annet. Dette er som regel prosesser som har foregått i lang tid, og som kan ha blitt forsterket eller fremskyndet av ytre faktorer, for eksempel at navnet er tatt i bruk som navn på poststedet eller i kommuneplaner. Ikke sjelden ser man da et skille mellom generasjonene, der de eldste på et sted bruker andre navn enn de yngre. Et eksempel her er Geilo som sentrumsnavn for Ustedalen. Både Geilo og Ustedalen er nedarvede stedsnavn med lang tradisjon, og skal i utgangspunktet sikres vern. Litt etter litt har Geilo gått fra å være et gårdsnavn, deretter et stasjonsnavn og deretter et navn på et tettsted.»

Departementet meinte at i dei omtalte sakene som gjeld stadnamna Overhalla og Ranemsletta i Trøndelag, har det ikkje nødvendigvis dreidd seg om radikale namneskifte, eller eit namnebyte som er gjort med bakgrunn i kommersielle interesser. Det har dreidd seg om namn som etter § 3 andre ledd har eit likeverdig vern. Namnet Ranemsletta er i utgangspunktet ikkje meir verneverdig enn Overhalla, eller omvendt. Vurderingstemaet i desse sakene har vore kva for eit av desse to stadnamna som skal reknast som det opphavlege namnet på tettstaden, og som etter hovudregelen i § 3 bør vidareførast.

4.4.3 Synspunkta i høyringsrunden

Riksantikvaren merkar seg og er glad for at Kulturdepartementet ikkje foreslår endringar i gjeldande § 3:

«Tradisjonelle stedsnavn er viktige immaterielle kulturminner i seg selv, og utgjør også en betydelig kilde til kulturhistorisk kunnskap som har stor verdi for kulturminneforvaltningen. Det er svært viktig å fastholde at stedsnavnlovens hovedprinsipp og hovedregel må være at tradisjonelle, nedarvede stedsnavn skal videreføres fremfor å erstattes med navn uten geografisk og kulturell tilhørighet til stedet som navngis.»

Språkrådet, Oslo kommune, Norsk namnelag, Nasjonalbiblioteket og Kartverket er døme på høyringsinstansar som uttalar seg på linje med Riksantikvaren. Også mange kommunar uttalar eksplisitt at dei er glade for at § 3 blir vidareført uendra. Oslo kommune seier:

«Oslo kommune er fornøyd med at den tidligere foreslåtte endringen av stedsnavnloven § 3 ikke er videreført.»

Sametinget påpeikar eit mogeleg problem med dagens regel i § 3 andre ledd første punktum: «Sametinget ser at lovteksten i andre avsnitt kan åpne for en tolkingsuenighet.» Det Sametinget siktar til, er at det ikkje eintydig går fram av lovteksten her om regelen i § 3 andre ledd gjeld innanfor same språk eller mellom to ulike språk. Ettersom regelen opnar for at ein kan byte ut eit namn med eit anna namn, dersom begge namna har tradisjon på same namneobjekt, er det vesentleg for Sametinget om regelen i praksis opnar for at eit samisk namn med tradisjon på eit namneobjekt kan bytast ut med eit norsk namn med tradisjon på det same namneobjektet. Sametinget foreslår å endre andre ledd slik: «Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn innanfor same språk på det same namneobjektet.»

Forslaget frå departementet om å klargjere «særlege grunnar» i unntaksregelen i § 3 andre ledd andre punktum, er dei 20 kommunane som har svara på høyringa, positive til. Det er likevel fleire kommunar som understrekar at unntaket bør praktiserast strengt. Kåfjord kommune skriv at dei:

«[…] følger tanken om at det som betegnes som denotasjonsendringer må inngå i vurderinger av «særlige grunner» i § 3 andre ledd andre punktum. Selv om ordlyden i § 3 Namnevern, beholdes er vi likevel urolig for at en endring i vurderingen av «særlige grunner» kan føre til at spesielt samiske og kvenske stedsnavn fortrenges av norskspråklige navn.»

Nord-Aurdal kommune svarar at også norske namn er under press:

«Me har opplevd at økonomiske sponsorar har ønskt å få sitt namn på idrettsanlegg med eit lokalt stadnamn, og næringsbygg har ønskt å gi sitt namn til eit handelsområde som har eit tradisjonelt, innarbeidd namn. Derfor meiner me at paragrafen bør praktiserast strengt også i framtida, slik at nedervde stadnamn har eit sterkt vern. Dersom «særlege grunnar» i framtida blir tolka slik at kommunane står friare til å skifte ut nedervde stadnamn, er det viktig at stadnamntenesta kjem inn med grundig rådgiving før det blir gjort endeleg vedtak. Me er likevel samde i at denotasjonsendringar (t.d. at eit namn blir overført frå éin stad til ein annan) kan vera ein «særleg grunn» til namneendring.»

Trøndelag fylkeskommune peikar på at dersom fylkeskommunane frå 2020 skal få meir ansvar for kulturminnelova, vil det også vere viktig å sikre stadnamna som kulturminne:

«Navnet på et slikt kulturminne er selvsagt ett viktig forhold ved kulturminnet. En endring i navnebruken vil således være vesentlig for forståelsen av det. Slik endring bør derfor ikke gjøres annet enn når det er godt begrunnet.»

Sola kommuneog ein del andre kommunar uttalar seg ikkje konkret om § 3 i stadnamnlova eller andre konkrete endringar, men svarar overordna at dei er for mest mogeleg gjennomslag for kommunale ønske.

Når det gjeld framlegget i høyringsnotatet om å innlemme denotasjonsendringar i dei særlege grunnane for å unnta namnebyte frå regelen i § 3 andre ledd, var ikkje Språkrådet avvisande. Namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn uttalar at såkalla denotasjonsendringar ikkje er uvanlege: «Det at et stedsnavn får utvidet råderom eller blir brukt om et nytt objekt på samme eller et nærliggende sted (denotasjonsendring, dvs. utviding eller flytting av stedsnavn), er ikke uvanlig.» Namnekonsulentane viser til at opphavlege naturnamn har fått funksjon som gardsnamn, og mange gardsnamn har i sin tur fått ein tilleggsfunksjon som bygdenamn, kommunenamn, bynamn o.a. Dei skriv at slike «naturlige navneutvidelser har i de fleste tilfeller dannet grunnlag for adminstrative inndelingsnavn.»

Språkrådet er «samde i at denotasjonsendringar over tid kan vera døme på særlege grunnar», men påpeikar at termen «denotasjonsendring» kanskje ikkje bør brukast som term i forarbeida, fordi han er vanskeleg å forstå. Kartverket er positive til at denotasjonsendringar skal kunne vurderast som særleg grunn til å bruke unntaksregelen i § 3 andre ledd andre punktum. Dei meiner at presiseringa i høyringsnotatet om at denotasjonen skal ha skjedd gradvis og over tid, er ei viktig og formålstenleg presisering:

«Vi vil likevel bemerke at dette skal veies mot viktigheten av å ivareta kulturminneverdien til et stedsnavn, jf. lovens formålsparagraf. Ved vurderingen er det derfor viktig at man er bevisst på at et nytt, moderne og velkjent navn ikke uten videre kan fortrenge et eldre verneverdig navn. Det er derfor viktig at departementet angir nærmere kriterier for hvilke denotasjonsendringer som det skal tas hensyn til.»

4.4.4 Departementets vurdering

Kulturdepartementet meiner at høyringa viser at både kommunar og ulike statlege kulturverninteresser opplever at stadnamna er under press. For norske namn ser det ut til at det særleg er kommersielle interesser som utgjer dette presset, kombinert med rask stadutvikling. For kvenske og samiske namn blir det ytra at det er ein fare for at norske namn fortrengjer desse mindretalsspråka, altså at fornorskingsprosessane ikkje er avslutta.

Desse tilbakemeldingane tek Kulturdepartementet på alvor, og står ved avgjerda om at innhaldet i § 3 forblir uendra.

Når det gjeld Sametingets forslag om å tilføye «innanfor same språk» til § 3 andre ledd første punktum, er departementet samde i at dette vil fjerne eventuell tolkingstvil. Eit tekstleg tillegg som det Sametinget foreslår, vil klargjere at lova tillet at eit stadnamn kan bytast ut med eit anna stadnamn, men då eigentleg på to vilkår; 1) at begge namna har tradisjon på same namneobjektet, og 2) at bytet ikkje skjer mellom språk, men innanfor same språket.

I høyringsnotatet frå 2017 om eit avgrensa lovforslag skreiv departementet om samiske og kvenske namn at «[e]t nedarvet samisk navn på et tettsted kan heller ikke byttes ut med et norsk navn med tradisjon på tettstedet».

Departementet vil derfor understreke at lova i dag sikrar at eit samisk namn ikkje kan bytast ut med eit norsk namn som har tradisjon på same namneobjektet. Det betyr også at t.d. eit nordsamisk namn ikkje kan erstattast med eit sørsamisk med tradisjon på same namneobjektet. Vi gjer likevel merksam på at når eit offentleg organ skal ta i bruk eit stadnamn, t.d. på skilt, og organet av praktiske grunnar må velje bort eitt eller to namn jf. § 9 i lova, er det i prinsippet ingen av språka som har automatisk rett til å ikkje bli vald bort i praktisk bruk. Departementet skreiv i brev 3. januar 2019 til Sametinget om prioritering av samiske namn:

«På bakgrunn av dette vil det i praktiseringen av stedsnavnloven § 9 andre ledd i gitte tilfeller være vanskelig å unngå å vurdere to samiske språk opp mot hverandre, slik språk faktisk blir vurdert opp mot hverandre i praktiseringen av føringene for når man kan velge bort ett eller to av navnene på kart, skilt og i register. I en slik situasjon må man vurdere lokal navnetradisjon og hvilke kulturminnehensyn som taler for å eventuelt ikke bruke det ene av de vedtatte samiske navnene i en konkret sammenheng.»

Departementet noterer seg at dei fleste høyringsinstansane, på visse vilkår, er forsiktig positive til at «særlege grunnar» i unntaksregelen i § 3 får noko utvida grunnlag.

Unntaksregelen i § 3 andre ledd andre punktum opnar for å vurdere namnebyte også i situasjonar der dei namna som er til vurdering, ikkje har tradisjon som namn på same namneobjekt.

Departementet er samd med Kartverket i at det er viktig å vurdere kulturminneomsyn konkret når ein skal vurdere kva for denotasjonsendringar som kan danne grunnlag for å unnta frå namnebyteregelen i § 3 andre ledd andre punktum. Departementet vil presisere at for å vurdere ei gradvis endring i lokal namnebruk over tid som særleg grunn, må ein stå mellom ulike namn med i utgangspunktet likeverdig krav på vern etter stadnamnlova. Det skal vurderast konkret om eit namn vil gå ut av bruk eller sikrast i bruk ved eit namnebyte. Det skal leggjast vekt på kva kommunen meiner om kva som tener namnevernet lokalt. Dette gir kommunen utvida rom for skjønn i praktiseringa av § 3.

4.5 Reglar om skrivemåten av stadnamn

4.5.1 Gjeldande rett

Å fastsetje skrivemåten er eit verkemiddel for å verne stadnamn. Derfor fastset lova nokre rammer for normeringa. Etter formålet i lova skal resultatet av normeringa vere ei «skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet», jf. § 1.

Det er gjeldande § 4 i lova som inneheld hovudregelen for fastsetjing av skrivemåten:

«Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk. For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»

Normering av stadnamn

Normeringa skal ta utgangspunkt i nedervd uttale, men når ein fastset skrivemåten, skal denne vere i tråd med rettskrivingsprinsippa i norsk, samisk og kvensk.5 Med rettskrivingsprinsipp er meint dei allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar i talemålet skal givast att i skrift. Desse rettskrivingsprinsippa ligg også til grunn for den offisielle rettskrivinga av ord i bokmål og nynorsk. Dei fleste stadnamna inneheld vanlege ord, men uttalen og bøyinga av orda varierer i dialektane. Stadnamn som inneheld vanlege ord eller namneledd, skal derfor som hovudregel følgje gjeldande rettskriving. Dersom eitt og same ord har fleire tillatne former i rettskrivinga, skal ein i stadnamnet som hovudregel velje den rettskrivingsforma, uansett målform, som ligg nærmast den nedervde lokale uttalen av namnet.

Som i normeringsspørsmål elles er det fleire omsyn å ta. Desse omsyna er delvis kryssande og må vegast mot kvarandre. I prinsippet opnar lova for at stadnamn kan få ein skrivemåte med dialektnære former, ein skrivemåte på anten nynorsk eller bokmål eller ein skrivemåte som er påverka av tidlegare rettskrivingsnormer. I § 4 andre ledd tredje punktum i lova er det i tillegg opna for at to eller fleire skriftformer av same namnet på det same namneobjektet kan vedtakast som sidestilte – på gitte vilkår.

Forskrift til stadnamnlova av 23. mai 2017 inneheld følgjande formulering i § 3 første ledd tredje punktum: «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.» Denne formuleringa stod tidlegare i merknadene til stadnamnlova § 4 i Ot.prp. nr. 42 (2004–2005). Departementet viste her til at dette var ein unntaksregel – som vart praktisert – og at han derfor burde stå i forskrifta, ikkje berre i merknadene. Kartverket og stadnamntenesta har heilt frå lova først tok til å gjelde, lagt seg på ei streng praktisering av denne regelen og har halde fram med det etter at den nye forskrifta vart sett i kraft. Hovudreglane er då heller ikkje endra.

Hovudregelen har heile tida vore at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp. Ei formulering i forskrifta om at ein kan fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp, kan ikkje uthole det som er ein hovudregel i lova. Forskriftsregelen må derfor forståast som ei unntaksføresegn som skal brukast berre i heilt spesielle tilfelle.

Stadnamnlova gir ikkje detaljerte reglar for kva konkrete skrivemåtar det er råd å vedta. For å sikre at lov- og forskriftstolkingar blir gjorde forsvarleg, høyrer det utfyllande og rettleiande språkreglar til lova. I gjeldande forskrift til stadnamnlova § 14 har Språkrådet fått heimel til å fastsetje utfyllande språkreglar: «Språkrådet kan fastsetje utfyllande språkreglar om korleis norske og kvenske stadnamn skal skrivast. Språkreglane skal godkjennast av Kulturdepartementet.» Departementet fekk hausten 2018 eit forslag til reviderte utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn frå Språkrådet. Departementet godkjende dei nye reglane hausten 2018.

Nokre av endringane i dei utfyllande språkreglane tilgodeser eit ønske særleg frå kommunane om å bruke noko fleire dialektale ordformer. Eitt døme på ei ordform som etter dei nye retningslinjene er mogeleg å vedta, er den vestlandske endinga i bunden form eintal av sterke hokjønnsord, slik som skålo eller skålå. Ein slik skrivemåte fråvik prinsippet om å tilpasse uttalen til rettskrivinga, noko som ville ha gitt skrivemåten skåla. Dei utfyllande språkreglane inneber altså at ein opnar for fleire dialektnære former.

Departementet ser godkjenninga av dei nye språklege retningslinjene til forskrifta som ei oppfølging av fråsegna frå fleirtalet i Stortingets kommunalkomité ved behandlinga av Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner, jf. Innst. S 333 (2014–2015): «Det må vurderes økt kommunalt selvstyre innenfor fastsetting av skrivemåte og navn innenfor adresse- og skiltprosjekt.» At dei språklege retningslinjene er endra, betyr at praktiseringa av lovverket kjem meir i tråd med kommunane sine ønske om å vedta fleire dialektformer.

I ei tid då mange dialektar er under press og skriftpåverka uttale av stadnamn breier seg, vil det å tillate nokre fleire dialektale former vere i tråd med formålet i § 1 om «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne». Det var denne vurderinga som låg til grunn for at departementet godkjende dei nye utfyllande reglane om skrivemåten av stadnamn. Departementet vil seinare kunne vurdere om nokre av føresegnene i retningslinjene bør få status som forskrift.

Kommunane ønskjer, oftare enn lova har tillate til no, å vedta ein skrivemåte som skil seg frå rettskrivinga. Døme på slike avvik frå gjeldande rettskriving er ikkje berre dialektformer, men også skriftpåverka namneformer.

I Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) skreiv departementet følgjande i merknadene til § 4 i lova:

«Dersom fleire uttaleformer er i bruk, skal ein som hovudregel ta utgangspunkt i den uttaleforma som har lengst tradisjon på staden. Departementet vil likevel understreke at også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon. Dersom slike namneformer er i allmenn bruk lokalt og lokalsamfunnet identifiserer seg med dei, må det leggjast vekt på dette ved fastsetjing av skrivemåten når formene ligg innanfor regelverket.»

Samanfallande namn

Dei aller fleste stadnamna i dag er resultat av spontan, folkeleg namnsetjing på til dømes åkrar, fjell og vatn rundt oss. Den mest typiske namnelaginga har gått føre seg slik at eit ord for ein terrengformasjon har vorte til namnet på ein stad. Fellesnamnet mo har vorte til eigennamnet Mo. Busetjinga på eller ved denne moen har så typisk fått namnet Moen. I faglitteraturen snakkar ein derfor om primære og sekundære namnelagingar. Det er i lys av dette vi må forstå § 4 andre ledd første punktum i stadnamnlova:

«Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Då denne regelen vart innført ved lovendringa i 2005, var det ingen som hadde innvendingar mot han, jf. Ot.prp. nr. 42 punkt 6.2. Grunnen var at regelen vart sett på som forenklande for behandling av «like saker» – ut frå ein logikk om at språkleg heilt samanfallande namn, brukt i same geografiske område, prinsipielt sett er det same namnet, og at saksbehandlinga bør fremje lik behandling av dette namnet i fleire funksjonar. I ei evaluering av stadnamnlova6 går effektiviserings- og forenklingstankegangen tydeleg fram:

«Gruppa foreslår forenklinger på flere punkter. Det foreslås bl.a. at primærfunksjonen som hovedregel skal være bestemmende når et navn blir brukt i ulike funksjoner, at Statens kartverk skal være vedtaksorgan for fastsetting av skrivemåte i all statlig sammenheng (unntatt for navn som får fastsatt skrivemåte av Kongen, Stortinget eller et departement), og at ansvaret for samordning av saksbehandlingen skal ligge hos vedtaksorganet.»

Eit ekstra argument for regelen er at den også bidreg til at namneverket blir einskapleg. Det er upraktisk og kan verke som uoversiktleg om ei grend og eit bruk med same namn har ulik skrivemåte på eitt og same kart.

Kartverket har kompetansen til å vedta skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn og namn på statlege anlegg, jf. § 5 tredje ledd. Gardsnamn, bruksnamn, seternamn og naturnamn kan alle vere døme på namn på primære namnedanningar, og desse namnetypane er så gamle, og ein del av lokal språkkultur, at det ikkje er tale om at nokon i dag har «valt» namnet.

I praksis betyr regelen at når Kartverket skal vedta skrivemåten av gards- og bruksnamn som opphavleg har vore naturnamn, må dei sjå til det vedtaket om skrivemåte som er gjort for naturnamnet. I nokre tilfelle må då skrivemåten av naturnamnet vedtakast før ein kan fastsetje skrivemåten av gardsnamnet og bruksnamnet. Gardsnamn er blant dei eldste stadnamna våre og er ofte primære namnedanningar. Skrivemåten av eit gardsnamn vil derfor vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn, som i mange tilfelle er nyare enn gardsnamna. Dei har derfor ofte det ein med eit fagord kallar sekundær funksjon. Statlege anlegg får anten eit nytt namn, eller dei blir oppkalla etter opphavlege namneobjekt i området der anlegget ligg.7 Dei har alltid sekundær funksjon dersom dei er oppkalla etter eksisterande namn.

Med heimel i gjeldande § 5 andre ledd har kommunen og fylkeskommunen kompetanse til å gjere vedtak om skrivemåte av offisielle adressenamn og av namn på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bustadfelt og liknande. Fylkeskommunen vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg. Fordelinga av vedtakskompetansen for skrivemåte er slik at kommunane, med unntak av grendenamn og tettstadnamn, berre vedtek skrivemåten av namn på sekundære namneobjekt. Slik kompetansen til å vedta skrivemåte av stadnamn er fordelt i dag, vil eit vedtak som Kartverket har gjort, til dømes om skrivemåte for eit gardsnamn, typisk vere retningsgivande for kommunens vedtak om eit adressenamn der gardsnamnet inngår som ledd i ei samansetjing. Dersom Kartverket har vedteke skrivemåten Gultvet for gardsnamnet (namnet på matrikkelgarden), vil skrivemåten på eit adressenamn med tillegget -veien etter hovudregelen bli skrive Gultvetveien. Dette gjeld sjølv om grunneigarane har nytta seg av retten til å fastsetje ein annan skrivemåte, til dømes Gultvedt, på eitt eller fleire bruksnummer under dette gardsnummeret.

4.5.2 Departementets framlegg

For å gi kommunane større reell innverknad på fastsetjing av skrivemåte foreslo departementet å flytte setninga «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp», frå forskrift til stadnamnlova av 23. mai 2017 § 3 første ledd tredje punktum, til paragrafen om reglar om skrivemåten av stadnamn i stadnamnlova. Framlegget var meint å gi eit signal om at regelen skal vurderast oftare enn før, men at han framleis er ein unntaksregel.

Departementet la også fram eit alternativt forslag til endringar i gjeldande § 4 andre ledd første punktum:

«Når statleg eller fylkeskommunalt organ fastset skrivemåten og det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Kommunane ville etter dette forslaget ikkje ha plikt til å vedta skrivemåtar som er avleidde av skrivemåten til namnet på det opphavlege namneobjektet.

4.5.3 Synspunkta i høyringsrunden

Det var 23 høyringssvar som inneheldt merknader til framlegget om å flytte setninga «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp» frå forskrifta til lova. Av desse er det ti som støttar framlegget, medan elleve er klart negative. Kommunane som nemnde framlegget særskilt, var gjennomgåande positive til framlegget. Vidare kan ein leggje til grunn at dei kommunane som støttar heile lovframlegget, utan å omtale akkurat dette forslaget, ikkje har innvendingar mot det.

Synspunkta frå dei statlege verksemdene er delte i spørsmålet om formuleringa «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp», bør flyttast frå forskrift til lov. Dei som er negative til dette, understrekar at unntaket bør praktiserast strengt. Språkrådet ønskjer ikkje at formuleringa blir flytta:

«Prinsipielt meiner Språkrådet at denne unntaksregelen bør praktiserast relativt strengt. For det første vil den føreslåtte endringa kunna føra til at ei rekkje namnesaker som er reist etter reglane i stadnamnlova, kan takast opp på nytt. For det andre er det særs vanskeleg å komma fram til konkrete kriterium for når denne unntaksregelen skal brukast, noko som kan føra til ulik praksis. Avgjerder i stadnamnsaker vil i mange tilfelle byggja på skjønn, der motstridande ønske og omsyn må vegast mot kvarandre i ei heilskapleg vurdering. Å balansera mellom uttale og rettskriving i hovudregelen er ei krevjande øving i seg sjølv, og det vil ikkje bli lettare å oppfylla formålet i lova dersom eldre skriftfesting skal tilleggjast endå meir vekt enn i dag.»
«Uavhengig av om unntaksregelen blir verande i forskrifta eller blir løfta til sjølve lovteksten, er Språkrådet positivt til at departementet utdjupar nærmare i forarbeida kva vurderingar som skal gjerast for at unntaksregelen kan praktiserast.»

Vidare viser Språkrådet til at unntaksregelen har vore lite brukt i klagesaker om skrivemåten av stadnamn:

«Ein gjennomgang av klagenemndas behandling av saker knytte til skrivemåten av bruksnamn i perioden 1992 til 2008, viser at unntaksregelen sjeldan blei tatt i bruk i klagesakene i denne studien. I dei få tilfella der klagenemnda tok i bruk unntaksregelen, dreidde det seg først og fremst om saker som inneheld unormerte, utdøydde eller usikre namneledd. Døme frå dette materialet var klagesak 58/2001 Mjølva og 50/1997 Teskja, der klagenemnda omgjorde Kartverkets vedtak til høvesvis Mjelva og Torske – begge skrivemåtar i tråd med det lokale ønsket. Generelt kan me seia at denne typen namn oftast har ein særs lang skrifttradisjon, og ikkje sjeldan dreier det seg om namn på større eller kjende lokalitetar. Me legg til grunn at det med «vel innarbeidd» skrivemåte er meint ein sterkt dominerande eller einerådande skrifttradisjon i offentleg samanheng som òg er godt kjent i lokalmiljøet.»

Kartverket er ikkje negative til departementets framlegg, men meiner det er viktig med klare kriterium for korleis unntaket skal tolkast:

«Kartverket oppfatter det slik at hensikten med lovendringen er å gi kommunene større reell innvirkning på fastsetting av skrivemåte. Rent lovteknisk er det ryddig og oversiktlig at bestemmelsen fremgår av loven. Det kan også være hensiktsmessig å flytte bestemmelsen fra forskrift til lov dersom en slik lovendring fører til økt bevissthet om bestemmelsen og større klarhet i når unntaket kan komme til anvendelse. Materielt sett kan vi imidlertid ikke se at en slik flytting av en ellers uendret bestemmelse vil eller skal tilsi en praksisendring. En forutsetning for praksisendringer, dersom man ikke endrer bestemmelsens kriterier, vil i så fall være at det gis (klare) føringer for hvilke endringer som ønskes i forarbeidene og eventuelt i den etterfølgende forskriften. En skal være klar over at det i enkelte saker er ulike syn også lokalt på hva som er riktig skrivemåte, og at det i slike saker er hensiktsmessig at kriteriene for eventuelle unntak fra hovedregelen er klare.»

Av fagmiljø, interesseorganisasjonar og mållag som har uttalt seg om dette framlegget, er det ei klar overvekt som ikkje støttar det. Hovudargumentet mot framlegget er at dersom unntaket blir praktisert i større grad enn i dag, vil «danske» skrivemåtar kunne fortrengje dei opphavleg norske skrivemåtane. Mellom andre Norsk namnelag viser til dette:

«Namnelaget meiner at omsynet til kjende og innarbeidde skrivemåtar blir godt teke vare på ved å ha regelen i forskrifta. Vi fryktar at dersom denne setninga blir teken inn i lova, vil det bli sett på som eit signal om at det er fritt fram for «unorske» skrivemåtar og såleis svekke stadnamn som kulturminne.»

Fråsegna frå Hardanger folkeminnelag er også eit eksempel på at mållaga er negative til framlegget av same grunn:

«Hardanger folkeminnelag går imot framlegga til endringar av § 4 i lov om stadnamn. Vi ser ingen fordelar med at skrivemåten av norske stadnamn i større grad skal fråvika gjeldande rettskriving eller norske rettskrivingsprinsipp. I Noreg er det etter kvart lang tradisjon for å normera norske stadnamn etter norsk rettskriving, og det er naturleg når vi har norsk som skriftspråk elles. Dersom ein løyser opp normene for normering, vil det gjera stadnamnverket meir vanskeleg å bruka, og det vil undergrava den norske skrifttradisjonen på dette feltet.»

Når det gjeld forslaget om at kommunane ikkje lenger skal ha plikt til å vedta skrivemåtar som er avleidde av skrivemåten til namnet på det opphavlege namneobjektet, er høyringssvara delte. Dei 20 kommunane som har uttalt seg, støttar dette forslaget. I dei tilfella der kommunane har grunngitt støtta til forslaget, er årsaken til støtta gjennomgåande at dette alternativet gir kommunane større innverknad i stadnamnsaker.

Nord-Aurdal kommune støttar forslaget, men viser til at det også kan ha negative konsekvensar:

«Me ser likevel at ei slik overlating av fullmakt til kommunane har to sider. Det er nemleg to grupper som ønskjer lokalt herredømme over skrivemåten av lokale namn. For det fyrste har me dei som ønskjer at lokale stadnamn skal skrivast på ein talemålsnær måte, slik at desse uttaleformene ikkje blir borte. Fordi folk blir sterkt påverka av skriftbilete, kan talemålsnære former fort bli borte når stadnamn blir normaliserte. For det andre har me dei som meiner at måten gardsnamn er skrivne på i gamle dokument og kyrkjebøker, er den «opphavlege». Dersom kommunane har lite kunnskap om stadnamn, kan dei fort la seg påverke av den slags argument. Det kan føre til at lokale uttaleformer blir borte.»

Oslo kommune skriv at dei ikkje er «kjent med at det har vært utfordringer knyttet til bestemmelsen slik den er i dag, men har ingen innvendinger til endringsforslaget.»

Det er tre fylkeskommunar som har har uttalt seg om forslaga til endringar i stadnamnlova. Av desse er det berre Hordaland fylkeskommune som støttar dette forslaget, medan Finnmark fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er negative.

Dei statlege verksemdene, fagmijøa og nesten alle mållaga og interesseorganisasjonane er gjenomgåande negative til dette forslaget, og dei fleste åtvarar sterkt mot ei slik lovendring.

Sametinget, Språkrådet, Nasjonalbiblioteket, Kartverket, Klagenemnda for stadnamnsaker og namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn er blant dei som viser til dei negative konsekvensane dersom forslaget blir vedteke. Sametinget viser til at forslaget kan slå særleg uheldig ut for samiske stadnamn på namneobjekt:

«Dagens nordsamiske rettskriving er fra 1979, lulesamisk rettskriving er fra 1984 og sørsamisk rettskriving er fra 1974. De samiske språkene har altså ingen lang tradisjon som folkets eie i skrift og opplæring. Derfor har heller ikke skriftlig bruk og rettskriving festet seg på en slik måte som språk med lang opplæringstradisjon har. Det hersker fortsatt stor usikkerhet om rettskriving i en stor del av den samiske befolkninga. Blant dem som snakker samisk som morsmål (førstespråk), har mange aldri fått opplæring i skriftlig samisk. I tillegg er en stor del av den samiske befolkninga i en opplæringssituasjon for å revitalisere foreldrespråket.»

Konklusjonen til Sametinget er at dei samiske språka har så svakt skriftleg fotfeste, at det vil få uheldige verknader dersom det blir opna for at eitt og same namn innanfor same geografiske område, kan ha ulik skrivemåte. Dei seier dessutan at «[b]ehovet for dialekttilpasninger er allerede ivaretatt».

Språkrådet går sterkt i mot forslaget og uttalar:

«Dette framlegget går vi sterkt imot. Språkrådet meiner at det i utgangspunktet er særs uheldig at namn som språkleg og geografisk fell saman, har ulike skrivemåtar. Dette undergrev den viktigaste funksjonen namna har, nemleg som adresser som peiker ut éin bestemt stad i landskapet. Alternativ 2 vil bidra til å svekkja namna som kommunikasjonsmiddel ved å tillata at (endå) fleire skrivemåtar av same namn i ulike funksjonar blir autoriserte. Konsekvensen er at det i mange høve vil bli fleire lag av skrivemåtar. Me meiner dette framlegget er i strid med formålet til lova, som mellom anna skal gi namna ein skrivemåte som er «praktisk», jf. § 1 første ledd. Òg i eit tryggleik- og beredskapsperspektiv vil det vera særs uheldig med to eller fleire skrivemåtar av det same namnet.»

Klagenemnda for stedsnavnsaker viser også til konsekvensane for namneverket:

«Nemnda vil sterkt advare mot dette endringsforslaget. En slik regel vil kunne føre til et uoversiktlig og inkonsekvent navneverk, ved at samme navn vil kunne få forskjellig skrivemåte i forskjellige funksjoner. Det vil stride mot et av stedsnavnlovens grunnleggende hensyn.»

Kartverket frårår på det sterkaste at departementet går vidare med dette forslaget:

«Slik systemet fungerer i dag, bidrar vedtaket i primærfunksjonen og regelen i gjeldende § 4 andre ledd til at navneverket blir enhetlig. Den foreslåtte endringen vil som sagt innebære at kommunene i forbindelse med vedtak om skrivemåten ikke er bundet av det som følger av vedtatt primærfunksjon. Dette vil ha som konsekvens at navneverket ikke vil bli enhetlig. Det vil således fremstå som uoversiktlig og upraktisk om skrivemåten på forskjellige navneobjekter på det samme stedet skrives forskjellig, for eksempel at en grend og en gård med samme navn skrives ulikt på ett og samme kart. Dette kan i tillegg skape betydelige problemer for utrykningskjøretøy, beredskap o.l. Kartverket er videre av den oppfatning at alternativ 2 undergraver lovens formålsparagraf om å ta vare på stedsnavn som språklige kulturminner ved at kommunen i sin fastsettelse av skrivemåten ikke er bundet av primærfunksjonen.»

Politidirektoratet viser ikkje direkte til dei enkelte endringsforslaga i høyringsnotatet frå departementet, men understrekar kor viktig det er at det blir fastsett skrivemåtar av stadnamn som ikkje er til hinder for rask utrykking:

«Stedsnavn kan være et godt bidrag til å understøtte politiet, og andre nødetater, for at de raskest mulig kan finne riktig adresse. Dette vil særlig gjelde i situasjoner der politiet må komme raskt frem for å beskytte person, eiendom og fellesgoder og verne om all lovlig virksomhet. Politidirektoratet vil også minne om betydningen av at kommunen fortløpende vurderer endring dersom det skulle være stedsnavn som kan oppfattes forskjellig eller det er like stedsnavn i kommunen. I en hektisk situasjon kan uheldige misforståelser og forvekslinger om stedsnavn/vegnavn medføre at verdifulle minutter går tapt på grunn av uklar kjørebeskrivelse.»

4.5.4 Departementets vurdering

Departementet merkar seg at fleire av dei statlege verksemdene, mållaga og interesseorganisasjonane er negative til forslaget om å flytte setninga «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp» frå forskrift til lov.

Departementet meiner likevel at det bør opnast for at kommunane kan få større reell innverknad på fastsetjing av skrivemåte. At endringa blir flytta frå forskrift til lov, gjer at unntaket får høgare status.

Vidare meiner departementet at det lovteknisk sett er betre at unntaket frå hovudregelen står i same paragraf som hovudregelen.

Sjølv om formålet med endringa er at unntaket blir praktisert oftare, vil dette etter departementets meining ikkje undergrave formålet med lova.

«Unorske» bokstavkombinasjonar bør ikkje bli brukte i stadnamna (med mindre t.d. eit gatenamn inneheld eit person- eller familienamn med denne rettskrivinga, t.d. Schweigaards gate). Skrivemåtar som bryt med norske rettskrivingsprinsipp på denne måten, vil vere intuitivt vanskelege å lære seg. Slike skrivemåtar vil bidra til ei «logolesing» av orda som inngår i namnet, altså at ein gjenkjenner det visuelle uttrykket, fordi ein har sett det tidlegare, men forståinga av innhaldet vil utebli. Slike skrivemåtar bidreg til å skjule meiningsinnhaldet i stadnamna, noko som ikkje er i tråd med formålet i lova.

Departementet erkjenner at frå ein lokal ståstad kan regelen i gjeldande § 4 andre ledd oppfattast som urimeleg, ettersom kommunen sitt vedtak om skrivemåte ofte i praksis er styrt av kva vedtak om skrivemåte Kartverket har gjort tidlegare. Det er også ei kjensgjerning at regelen kan generere namnesaker: Dersom kommunane fastset ein skrivemåte av eit sekundært namneobjekt, som ikkje samsvarar med skrivemåten av namnet i opprinneleg funksjon, kan Kartverket klage på dette. Dette fører ikkje sjeldan til at kommunens adresseringsarbeid blir forseinka. Departementet merkar seg at forslaget om å endre denne regelen har brei støtte frå dei kommunane som har uttala seg.

Likevel meiner departementet at dei faglege argumenta mot forslaget er sterke. Sjølv om lova allereie tillet skrivemåtar utanfor rettskrivinga, og sjølv om også regional variasjon av same ordet (t.d. -vig og -vik) er tillate, er det noko anna dersom eitt og same namn i same geografiske område kan få to ulike skrivemåtar, alt etter kven som er vedtaksorganet. Departementet overskoda ikkje fullt ut i høyringsnotatet dei heilt særeigne problema som samiske språk står overfor. Sametinget har rett i at to ulike skrivemåtar av same namn i same område, vil verke negativt på innlæringa og stabiliseringa av dei samiske rettskrivingsnormene. Dersom forslaget blir gjennomført, vil det kunne føre til at eitt og same stadnamn i forskjellige funksjonar kan få forskjellig skrivemåte. Dette vil føre til variasjonar i skrivemåtar på karta, og det vil oppstå tvil om kva skrivemåte som er rett, også ved norske stadnamn. At to eller fleire namn med same språklege opphav kan skrivast ulikt innanfor same geografiske område, utholar også konsistensen i namneverket, slik at det blir uoversiktleg.

Dersom ein kommune skal bruke eit eldgammalt gardsnamn i eit gatenamn, og ikkje treng å ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av namnet, vil dette undergrave formålet med lova, som er å sikre vidareføring av gamle stadnamn. I praksis er det ofte i den sekundære namnedanninga at vidareføringa skjer.

Vidare er det eit viktig argument at variasjonar i skrivemåten av eit stadnamn på same geografiske stad kan føre til forvirring om kva som er rett adresse når utrykkingskøyretøy skal finne fram. I slike situasjonar er den praktiske funksjonen som ei eintydig adresse har, svært viktig for at verdifull tid ikkje skal gå tapt.

Departementets vurdering er derfor at det materielle innhaldet i hovudregelen i gjeldande § 4 andre ledd første punktum blir vidareført uendra.

4.6 Kunngjering og høyring

4.6.1 Gjeldande rett

Gjeldande § 6 er ein samleparagraf for saksbehandlingsreglane i stadnamnsaker. Ein av saksbehandlingsreglane er kravet til kunngjering av at det blir reist namnesak. Det er ikkje regulert i lova kven som har ansvaret for kunngjeringa.

Paragrafen om saksbehandling i stadnamnsaker vart endra ved lovrevisjonen i 2015. Før revisjonen hadde § 6 andre ledd i lova følgjande ordlyd:

«Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller festar få tilsendt direkte. Saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal dessutan sendast til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til saka. I tillegg skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden, eller gjerast kjend på annan høveleg måte. Saker som gjeld andre namn, skal kunngjerast på same måten.»

I merknaden til desse føresegnene i Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) vart innhaldet utdjupa:

«Andre ledd fastset at når vedtaket skal gjerast av andre enn kommunen, skal vedtaksorganet sende saka til vedkomande kommune, som skal syte for at ho blir kunngjord for dei som har rett til å uttale seg. Eigar eller festar skal få tilsendt saka direkte i saker som gjeld bruksnamn, eller gardsnamn som utgjer heile eller delar av bruksnamnet, og som vil vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Andre med uttalerett i saker som gjeld bruksnamn, t.d. lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet, skal varslast med kunngjering i minst to aviser som er vanleg lesne på staden, eller på anna høveleg vis, som t.d. i lokale informasjonstrykksaker. I saker som gjeld samiske eller kvenske namn, skal interesserte organisasjonar få tilsendt saka direkte. Bakgrunnen for dette er at desse organisasjonane ikkje alltid er lokaliserte slik at dei les dei lokale avisene.»

Ved lovrevisjonen i 2015 vart § 6 andre ledd endra for å opne for at eigarar av gardsbruk sjølve kan fastsetje skrivemåten av namnet på bruket sitt:

«I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet.»

I merknadene til revidert § 6 er det gjort nærmare greie for kva som krevst av dokumentasjon når eigar kan fastsetje skrivemåten av namnet på eige gardsbruk. Det står ikkje omtalt i denne teksten kven som har ansvaret for å kunngjere at det er reist namnesak.

Ein utilsikta effekt av siste lovrevisjon har vore at det har vorte uklart kven som er ansvarleg for sjølve kunngjeringa. Når kommunen sjølv reiser namnesak, er det klart at kommunen sjølv også kunngjer dette. Men når Kartverket reiser ei namnesak, er ikkje dette like opplagt.

4.6.2 Departementets framlegg

Departementet foreslo i høyringsframlegget at det av innhaldet i gjeldande § 6 som gjeld krav om kunngjering og høyring i stadnamnsaker, blir flytta til ein eigen paragraf. Formålet med dette er å gjere det lettare å orientere seg i lova.

Vidare foreslo departementet at det i den nye paragrafen om kunngjering og høyring blir klargjort at det er kommunen som er ansvarleg for å gjennomføre den lokale kunngjeringa og høyringsprosessen, uavhengig av om det er kommunen sjølv som er vedtaksorgan eller Kartverket.

Det vart også foreslått at når kommune og fylkeskommune skal vedta skrivemåten av eit stadnamn, skal også Kartverket ha rett til å uttale seg. Grunngivinga for dette var at Kartverket har stor namnefagleg kompetanse og kan bidra til at desse sakene blir enda betre opplyste. Slik uttalerett var også sett i samband med forslaget om å unnta kommunale vedtak frå regelen i § 4 andre ledd (sjå kap. 4.5.2).

4.6.3 Synspunkta i høyringsrunden

Det var 13 høyringsinstansar som uttalte seg om framlegget om kunngjering og høyring av namnesaker. Av desse skreiv fire at dei ikkje hadde innvendingar til framlegget og åtte at dei var positive til framlegget. Ein av instansane uttalte seg berre om framlegget om å gi Kartverket uttalerett når kommune eller fylkeskommune skal vedta skrivemåten av eit stadnamn.

Sametinget og namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamnstøttar forslaget. Namnekonsulentane viser til at framlegget er med på å gjere lova lettare tilgjengeleg:

«Forslaget om å flytte saksbehandlingsreglene fra § 6 til ny § 8 gjør gangen i lovteksten ryddigere, likens presiseringen om at det er kommunen som er ansvarlig for kunngjøringen. Videre er det positivt – dersom forslaget blir vedtatt – at Kartverket får lovfestet uttalerett når kommunen eller fylkeskommunen skal vedta skrivemåten av et stedsnavn. Vi er likevel bekymret for ekstraarbeidet dette kan medføre både for kommunene og Kartverket.»

Dei kommunane som uttalte seg om dette forslaget, hadde ingen innvendingar eller støtta framlegget. Ingen instansar uttalte seg negativt om framlegget om å lovfeste ansvaret for kunngjering og høyring. Fråsegnene om at Kartverket skal ha uttalerett når kommune og fylkeskommune skal vedta skrivemåten av eit stadnamn var ikkje like eintydige.

Språkrådet meiner at framlegget kan skape uvisse om kva for råd vedtaksorganet bør følgje:

«Språkrådet meiner det ikkje er tenleg å lovfesta at Kartverket har rett til å uttala seg i saker der Kartverket ikkje er vedtaksorgan. Ei slik endring vil fort kunna føra til forvirring rundt namnetilrådinga, ettersom rolla til stadnamntenesta primært er å gje det faglege rådet i namnesaker. Ei fråsegn frå eit anna fagorgan vil fort òg kunna bli oppfatta som eit (anna) råd. Å lovfesta Kartverkets rett til å uttala seg vil òg kunna gjera at ein ventar at Kartverket skal uttala seg i saker der kommunar eller fylkeskommunar er vedtaksorgan. Det vil kunna føra til namnefagleg dobbeltarbeid. Språkrådet stiller ikkje spørsmål ved den namnefaglege kompetansen til Kartverket, og me kan ikkje sjå at det med dagens reglar er noko i vegen for at Kartverket kan uttala seg i saker når det meiner det er nødvendig.»

Bokmålsforbundet var også negative til å gi Kartverket ein lovfesta uttalerett i slike tilfelle:

«Bokmålsforbundet er av den oppfatning at denne del av forslaget virker uhensiktsmessig, og gjør prosessen enda mer byråkratisk enn den er. Kartverkets lovfestede uttalerett må slettes.»

4.6.4 Departementets vurdering

Kunngjering på ein eigna måte når namnesak blir reist er ein føresetnad for at dei som har rett til å uttale seg, får høve til dette. Dette er lokaldemokrati i praksis. Ein reell høyringsprosess er også avgjerande for at ei namnesak blir godt opplyst før det blir vedteke ein skrivemåte av eit stadnamn.

Departementets vurdering er at jamvel om Kartverket som vedtaksorgan sjølv er ansvarleg for å skrive kunngjeringsbrev når det blir reist namnesak, bør det vere kommunane som er ansvarlege for gjennomføringa av sjølve kunngjeringa. Dette har også vore fast praksis sidan 1991.

Når det skal kunngjerast at ei namnesak er reist, bør det vere klart kven som har ansvaret for dette. Det var ikkje departementet si meining at revisjonen i 2015 skulle innebere noka endring av kven som har dette ansvaret.

Det er kommunen som har den lokale kunnskapen og kjennskap til kva lokale organisasjonar som har ei interesse i saka, og kva lokalaviser som eignar seg for kunngjeringa. Det er også kommunen sjølv som bør ta ansvar for at informasjonen blir publisert på nettsida til kommunen.

Det er også tenleg at kommunen samordnar høyringsfråsegnene frå eigarar, festarar og lokale organisasjonar og brukar desse som grunnlag for kommunen si høyringsfråsegn.

Departementet vurderer det slik at det vil vere klargjerande å flytte saksbehandlingsreglane som gjeld kunngjering og høyring i stadnamnsaker, frå gjeldande § 6 til ny § 8. Vidare meiner departementet at det er kommunen som er og bør vere ansvarleg for sjølve kunngjeringa, uavhengig av kven som reiser namnesaka. Forslaget er meint som ei presisering av gjeldande praksis.

Departementet har merka seg at til dømes Språkrådet meiner at ei lovfesting av Kartverkets uttalerett når kommune og fylkeskommune skal vedta skrivemåten av eit stadnamn, vil vere uheldig. Departementet deler det synet Språkrådet har om at det vil kunne skape uklarheit om kven som er det rådgivande fagorganet i stadnamnsaker, og meiner at dette er uheldig. Sjølv om Kartverkets fråsegn ville kome som ledd i høyringa og ikkje som ei tilråding, vil kommunane kunne kome i ein situasjon med ulike innspel frå to fagorgan. Dette vil kunne undergrave legitimiteten til stadnamntenesta og skape uvisse for kommunane. Departementet vil derfor ikkje leggje fram forslag om å lovfeste at Kartverket skal ha uttalerett i stadnamnsaker når kommunen eller fylkeskommunen er vedtaksorgan.

4.7 Stadnamntenesta – organisering

4.7.1 Gjeldande rett

Det er i dag ei rådgivingsteneste for stadnamn organisert under Kulturdepartementet, jf. stadnamnlova § 11:

«Departementet oppnemner stadnamnkonsulentar for norske og kvenske stadnamn. Sametinget oppnemner stadnamnkonsulentar for samiske stadnamn.
Namnekonsulentane skal gi rettleiing og råd om skrivemåten av stadnamn. »

Språkrådet fekk i 1993 delegert ansvaret for å nemne opp stadnamnkonsulentar etter § 11. Frå same tidspunkt har Språkrådet hatt ansvar for å tilsetje stadnamnsekretærar. Til saman har det administrative og økonomiske ansvaret for å drifte rådgivingsapparatet etter stadnamnlova lege hos Språkrådet fram til i dag. Språkrådet har derimot ikkje hatt noka formalisert fagleg rolle i å førebu saker hos stadnamnsekretærane eller i dei tilrådingane som stadnamnkonsulentane i dag gjer etter § 6 første ledd sjuande punktum: «Før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal namnekonsulentane gi tilråding.»

Språkrådet var likevel frå byrjinga tiltenkt ei fagleg samordningsrolle, jf. Ot.prp. nr. 66 (1988–89). Ettersom namnekonsulentane hadde regionale kontor, knytte til namnefaglege miljø ved universiteta, drøfta departementet behovet for å føre tilsyn med at «namnekonsulentane fører eins praksis». I Ot.prp. nr. 66 (1988–89) er det omtalt eit forslag frå NOU 1983: 6 Stadnamn om eit Norsk stadnamnråd som skulle «gi fagleg rettleiing til departementet og andre oppdragsgivarar i allmenne og prinsipielle stadnamnspørsmål, gi fråsegn i klagesaker, ha fagleg ansvar for at namnekonsulentane fører eins praksis og vurdere endringar i forskriftene». Departementet konkluderte i proposisjonen med at Språkrådet skulle få ei slik fagleg samordningsoppgåve: «Departementet foreslår derfor at Norsk språkråd blir tillagt dei oppgåvene Stadnamnutvalet har meint skulle leggjast til Norsk stadnamnråd.» Forslaget innebar at samordninga skulle skje på såkalla samrådingsmøte: «Når det gjeld tilsynet med at stadnamnkonsulentane fører eins praksis, er departementet samd med Språkrådet i at dette best kan varetakast ved at konsulentane, saman med sekretærane og representantar for Norsk språkråd, får høve til å halde samrådingsmøte ein til to gonger i året.» Samordning av regelverksforståinga har sidan lova vart fastsett, vore eitt av fleire tema på samrådingsmøta. Språkrådet har i mange år delteke på dei årlege samrådingsmøta mellom Kartverket og namnekonsulentane, men Språkrådet har ikkje hatt noka fagleg tilsynsrolle, verken på møta eller utanom. Denne praksisen har Språkrådet ført i forståing med departementet.

Gjeldande forskrift til stadnamnlova tok til å gjelde den 23. mai 2017. Inntil då var namnekonsulenttenesta delt inn i fire regionar med til saman åtte konsulentar og fire sekretærar. Forskrifta § 14 lydde slik:

«Det skal oppnemnast to namnekonsulentar for norskspråklege stadnamn for kvart av dei geografiske områda Austlandet med Agderfylka, Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Det skal også oppnemnast namnekonsulentar for nord-, sør- og lulesamisk og for kvensk. Konsulentane blir oppnemnde på åremål for seks år om gongen.»

Departementet foreslo i revisjonen av forskrifta å fjerne § 14 heilt. Grunngivinga for dette kjem fram i høyringsnotatet:

«Ordninga er administrativt og økonomisk ressurskrevjande, både på grunn av talet på konsulentar og fordi tenesta er regionalisert, noko som fører til ekstra utgifter til kontorleige, IT-tenester, reisekostnader, opplæring osv. Den namnefaglege kompetansen har i tillegg vorte ei utfordring ved nyoppnemningar og nytilsetjingar, fordi namnefaget er kraftig nedbygd ved universiteta og høgskolane. Ordninga med desentraliserte namnekonsulentar og konsulentsekretærar har vore uendra sidan 1991, og føreset at det finst namnefaglege miljø ved universiteta i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Når desse miljøa allereie er eller er i ferd med å bli avvikla, er dette eit problem for forvaltninga av stadnamnlova. Departementet foreslår å stryke gjeldande § 14 i forskrifta. Ordninga er allereie regulert i stadnamnlova. Framtidig organisering av stadnamnkonsulenttenesta kan gjerast innanfor dei rammene stadnamnlova § 11 gir.»

Språkrådet støttar i høyringa forslaget om å oppheve § 14 i forskrifta:

«Stedsnavntjenestene for norske og kvenske navn fungerer i dag som fem faglige enheter. Språkrådet har ansvar for å følge opp både konsulentsekretærer og navnekonsulenter administrativt, og sekretærene er tilsatt i Språkrådet. Denne modellen er det ofte vanskelig å kommunisere til offentligheten. Vi vil be departementet vurdere å legge hele det faglige ansvaret for tilrådingene etter stedsnavnloven til Språkrådet. Vi vil da kunne sikre god koordinering, kompetanseoverføring og mer enhetlig rådgivingspraksis for de ulike områdene. Vi vil også i navnesaker arbeide etter våre generelle kommunikasjonsmål om å vinne tillit hos publikum og få offentligheten til å oppleve Språkrådets arbeid som nyttig, etterrettelig og synlig.»

På bakgrunn av dei generelle utfordringane med å halde ved like sterke fagmiljø ved dei regionale universiteta, og fordi Kulturdepartementet etter forskriftsendringa kan organisere rådgivingsarbeidet på ein annan måte, vart Språkrådet i brev 12. februar 2018 bedt om å prøve ut ei omorganisering av namnekonsulenttenesta. Hovudgrepet departementet ønskte å prøve ut, var å innlemme namnekonsulentane i den fagrådsorganiseringa som Språkrådet har i dag, dvs. ei ordning med eksterne rådsmedlemmer, som via leiinga gir råd til saksbehandlarleddet i faglege spørsmål. Formålet med dette var å gi Språkrådet eit meir direkte ansvar for at saksbehandlinga i namnekonsulenttenesta er tilstrekkeleg samordna i faglege spørsmål. Organiseringa har ikkje hatt tid til å verke, så det er for tidleg å evaluere ordninga. Departementet har likevel notert seg at namnekonsulentane i sitt høyringssvar skriv at det «kan se ut som at den prøveordningen Språkrådet har satt i verk, bl.a. med et fagråd for stedsnavn, kan bidra til å optimalisere og styrke konsulenttjenesten.» Departementet erfarer at det så langt fungerer godt med ei tydelegare arbeidsdeling mellom saksbehandlarane i Språkrådet og konsulentane (medlemmer i fagrådet for stadnamn), og at det blir meir tid til å drøfte saker av prinsipiell eller kompleks karakter i det namnefaglege rådet. Prøveordninga med organisering har gjort det lettare å følgje opp saker overfor andre institusjonar og media når det trengst.

4.7.2 Departementets framlegg

I høyringnotatet gjorde departementet greie for at stadnamnkonsulentane, i samsvar med lova, har hatt stor grad av autonomi. I dette ligg at departementet ikkje overprøver det faglege skjønnet til namnekonsulentane. Dei er heller ikkje underlagde andre forvaltningsorgan i faglege spørsmål.

Tilrådingane som namnekonsulentane gir vedtaksorgana i saksbehandlingsprosessen, skal sikre at sakene er godt opplyste, og at avgjerdene blir tekne i tråd med regelverket.

Departementet meinte at det er ei utfordring for forvaltninga av stadnamnlova at dei regionale kontora i dag kan oppfattast som frikopla frå linjene i forvaltninga, samtidig som dei har stor innverknad på demokratiske prosessar, tidvis i strid med til dømes lokale interesser. Departementet uttrykte også uro for nedbygginga av dei språkvitskaplege miljøa som har sikra rekruttering av nødvendig kompetanse i forvaltninga av stadnamnlova. At namnefag er eit utsett fag i universitetssektoren, og at dette er eit problem for samfunnet og for forvaltninga av stadnamnlova, er omtalt slik i humaniorameldinga, jf. Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, pkt. 3.6.2:

«Forvaltning av loven, som også har direkte betydning for eiendomsregistrering og vedlikehold av kartdata, er avhengig av spesialisert språkvitenskapelig kompetanse. Å finne denne kompetansen har blitt en utfordring da det utdannes få mastergradskandidater innenfor navnefag og tilgrensende områder.»

Departementet støtta seg i høyringsnotatet på vurderinga frå Språkrådet om at dagens organisering av rådet er vanskeleg å kommunisere utetter. Departementets eiga erfaring er at mange oppfattar at Språkrådet har ei formell rolle i saksbehandlinga etter stadnamnlova, sjølv om realiteten er at Språkrådet berre tilset og lønner stadnamnsekretærane og honorerer namnekonsulentane på oppdrag frå departementet. Departementet viste derfor til at i den nye forskrifta til stadnamnlova, som tok til å gjelde 23. mai 2017, er det ikkje lenger fastsett at rådgivingsapparatet må vere organisert i fire regionar. Departementet argumenterte derfor i høyringsnotatet for at Språkrådet bør ha eit fagleg ansvar for forvaltning av stadnamnlova, og at dette bør formaliserast gjennom ei endring i stadnamnlova.

Hovudgrunnane til dette vart lagde fram i høyringnotatet. Departementet meinte at det er behov for å samle og styrkje fagmiljøet for forvaltning av stadnamn og såleis bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege miljøa som skjer regionalt i universitetssektoren i dag.

Departementet tok også til orde for å knyte namnekonsulenttenesta som fagstyrt organ tettare til eit rådgivande forvaltningsorgan. Slik kan ein sikre at like saker blir behandla likt, og at regelverkspraksisen blir utvikla i tråd med saksbehandlingsprinsippa elles i forvaltninga. Det er behov for å knyte namnekonsulenttenesta til eit miljø som har eit etablert informasjonsapparat, og som kan leggje til rette for kompetanseoverføring og opplæring. Endeleg meinte departementet at det er behov for ei ryddig organisering, som ikkje skaper tvil om Språkrådet si rolle.

Departementet foreslo derfor i høyringsnotatet å skrive Språkrådet si rolle som stadnamnteneste inn i lova. Gjeldande § 11 Stadnamnkonsulentar vart foreslått erstatta av ny § 13 med tittelen Stadnamntenesta. Departementet foreslo at paragrafen i staden for å omhandle oppnemning av konsulentar, heller skal slå fast kven som er stadnamnteneste etter lova.

Departementet foreslo samstundes å heimle tilrådingsarbeidet til stadnamntenesta i ein ny § 9 og å utvide tilrådingsfunksjonen til også å gjelde namneskikk og namnevern, ikkje berre skrivemåte.

4.7.3 Synspunkta i høyringsrunden

15 av høyringsinstansane er eksplisitt positive til at stadnamntenesta blir organisert som ein del av Språkrådet. Av desse er det ca. halvparten av kommunane (åtte i talet) som uttalar seg eksplisitt positivt. Éin enkeltperson er skeptisk. Resten av høyringsinstansane ser ikkje ut til å ha konkrete innvendingar mot framlegget.

Professor emeritus Helge Sandøy (Universitetet i Bergen) er skeptisk til at Språkrådet får overført det tilrådingsarbeidet som hittil har lege i den regionaliserte namnekonsulentordninga. Han peikar på at Språkrådet ikkje er ein forskingsinstitusjon, og at Språkrådet tradisjonelt arbeider med skriftspråk, ikkje talespråk. Sandøy meiner det i stadnamnnormering er nødvendig med fagleg spisskompetanse i talemålsforsking, t.d. tilhøvet mellom faktisk språkbruk og rapportert språkbruk, ettersom ein del av arbeidet vil gå med til å innhente uttaleopplysningar frå informantar. Direkte kontakt med dialektsamfunn er derfor nødvending, meiner han. Han er også redd for at ei «avregionalisering» av tenesta i seg sjølv vil bidra til å avvikle det som er att av namnevitskapelege miljø, t.d. ved Universitetet i Bergen – og andre stader.

Noregs Mållag er positive til at Språkrådet skal ha fagleg ansvar for tilrådingar etter stadnamnlova, men meiner som Sandøy at ei regional organisering er den optimale. Dei meiner at «[n]amnekonsulentane framleis må vera desentraliserte slik at kompetansen er lokalisert i dei ulike regionane dei arbeider for/med».

Namnekonsulentane for norske og kvenske namn seier i høyringssvaret sitt at dei kan støtte ei endring som gir Språkrådet fagleg ansvar for stadnamntenesta. Dei meiner likevel at den ordninga som har vore til no, i prinsippet har vore bra, fordi ho har lege nærmare brukarane. Namnekonsulentane er «klar over at tjenesten kunne vært bedre samordnet». Namnekonsulentane deler departementets uro for nedbygginga av dei namnefaglege miljøa og avviser derfor heller ikkje at ei omorganisering av tenesta kan bidra til å styrkje rådgivinga. Sjølv om namnekonsulentane kan støtte at Språkrådet får det formelle ansvaret for tilrådingane, viser dei til den autonomien i faglege spørsmål som dei til no har hatt, og meiner at dette prinsippet er viktig å vidareføre.

4.7.4 Departementets vurdering

Departementet meiner å kunne konkludere med at forslaget til lovendring når det gjeld organisering av stadnamntenesta, har fått svært god mottaking blant høyringsinstansane.

Dei høyringsinstansane som er noko kritiske til «avregionaliseringa» av stadnamntenesta, har etter departementets syn relevante og gode innvendingar. Departementet vil likevel hevde at «sentralisering» av dei regionale tenestene ikkje er ei sjølvstendig drivkraft for endringane. Departementet held fast på at forslaget nettopp skal bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege miljøa ved universiteta som skjer regionalt. Departementet understrekar også at den foreslåtte lovendringa ikkje vil stå i vegen for å oppretthalde t.d. eit regionalisert kontor ved Universitetet i Bergen. Det kan vere gode grunnar til å oppretthalde tilknytinga til eit sterkt vitskapleg miljø. Språkrådet har i dag fleire formaliserte samarbeidsflater med nettopp Universitetet i Bergen, fordi her er det framleis sterke språkvitskaplege miljø som korresponderer med dei oppdraga Språkrådet har på vegner av norsk språk. Språkrådet driv ikkje sjølv med forsking, men departementet vil hevde at rådet i dag er eitt av dei sterkaste kompetanseorgana for norsk språk. Dei tilsette har minimum mastergrad i eit språkfag, der disiplinar som dialektologi, leksikografi, sosiolingvistikk, namnefag, språkhistorie og normering er samla. Fastsetjing av skrivemåte av eit stadnamn er ein allsidig disiplin, som samverkar med alle desse fagområda. Departementet meiner at Språkrådet er fagleg godt rusta til å ta på seg å gi råd i samsvar med stadnamnlova. Ei utviding av den faglege porteføljen vil også tvinge fram rekruttering av spesialistkomptanse i namnefag til Språkrådet.

Namnekonsulentane var i sitt høyringssvar opptekne av å vidareføre eit prinsipp om fagleg «autonomi», også innanfor ei ny organisering i Språkrådet. Departementet vil understreke at den autoriteten som konsulentane i dag arbeider etter, er stadnamnlova sjølv. Konsulentane vil også etter lovendringa ha ei fagleg fri rolle i den meining at når dei skal gi råd til vedtaksorganet, skal dei gjere eigne faglege vurderingar av kva som er innanfor regelverket. Språkrådet og konsulentane er like mykje bundne av stadnamnlova og forskrifta. Skilnaden blir at Språkrådet har ansvar for at like saker blir behandla likt, at saksgangen er effektiv, og at konsulentane er koordinerte. Samstundes vil ei organisering i Språkrådet gi eit løft til rådgivingsarbeidet, ettersom konsulentane vil få tilgang til eit apparat som driv eit aktivt informasjonsarbeid, svarar på spørsmål, lagar e-læringsprogram osv. Dette vil kome vedtaksorgana til gode og styrkje legitimiteten til lova. Lokal usemje eller konfliktar vil med dette systemet ikkje bli borte, og departementet merkar seg at ingen av kommunane ytra seg eksplisitt negativt til forslaget. Vår vurdering er derfor at Språkrådet har tillit i desse sakene.

Som statens rådgivande organ i språkspørsmål vil Språkrådet få eit utvida mandat som følgje av dette forslaget. Språkrådets samfunnsoppdrag er å styrkje statusen og bruken av norsk språk, og forvalte rettskrivingsnormene for bokmål og nynorsk. Språkrådet skal også bidra til å auke bruken av kvensk og styrkje statusen til kvensk. Språkrådet har ikkje eit direkte mandat til å arbeide med samiske språkspørsmål, men det høyrer til det generelle oppdraget til Språkrådet å arbeide for tiltak som styrkjer også samisk. Desse overordna språkpolitiske samfunnsoppdraga høyrer derfor godt saman med det verkemiddelet stadnamnlova er til å sikre den delen av norsk, kvensk og samiske språk som stadnamna utgjer.

4.8 Oppgåvene til stadnamntenesta

4.8.1 Gjeldande rett

Ein sentral saksbehandlingsregel i gjeldande lov § 6 første ledd sjuande punktum er at namnekonsulentane skal gi tilråding før vedtaksorganet gjer vedtak om skrivemåten. Praksis til no har vore at namnekonsulentane har gitt råd og rettleiing også om sjølve namnevalet.

Slik praksis var fram til 2017 heimla i § 14 i forskrifta om skrivemåten av stadnamn:

«Konsulentane skal gi råd og rettleiing til offentlege organ og andre som skal fastsetje skrivemåtar. Dei kan også gi råd i spørsmål om namnsetjing og elles svare på spørsmål om stadnamn og stadnamnbruk generelt.»

I den nye forskrifta som tok til å gjelde i 2017, var desse føresegnene ikkje med. Vurderinga då var mellom anna at omsynet til namnevernet var tilstrekkeleg sikra i lova.

Då departementet i 2017 foreslo nokre lovendringar med konsekvensar for namnevernet, vart det samstundes foreslått å påleggje stadnamntenesta å gi tilråding om namneskikk og namnsetjing før kommunen gjer vedtak om skrivemåte av eit stadnamn. Isolert sett møtte dette forslaget lite motstand i høyringsrunden.

4.8.2 Departementets framlegg

Departementet tilrådde i høyringsnotatet å vidareføre det materielle innhaldet i forslaget frå 2017 om at namnekonsulentane i tillegg til å gi råd om skrivemåte, også skal gi tilråding om namneskikk og namnsetjing før vedtak, jf. § 6 første ledd sjuande punktum.

Bakgrunnen for dette var at departementet meinte det er behov for å gi ein heimel for at stadnamntenesta kan ha ei oppfølgingsrolle også etter at det er gjort vedtak. Dette behovet kjem fram i utgreiinga om samiske språk, jf. NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk:

«Utvalget mener en utfordring i arbeidet med samiske stedsnavn ligger i at det er en tendens til at navnemyndighetene vedtar bare norske navn, og ikke benytter muligheten til å fastsette samiske navn eller flerspråklige navn. Utvalget mener dette særlig gjelder der kommunene vedtar nye veinavn, adressenavn eller adressetilleggsnavn. Bruken av bare norske stedsnavn er også gjennomgående innen forvaltningsområdet for samisk språk. Utvalget mener synliggjøring av samiske stedsnavn på skilt har stor betydning for språkenes status.»

Etter dei redaksjonelle endringane som er foreslåtte og omtalte i kap. 4.11 her, blir nummereringa av paragrafane endra slik at innhaldet i gjeldande § 6 blir flytt til § 9 første ledd. Samtidig blir tittelen på paragrafen endra frå § 6 Nærmare om saksbehandlinga til § 9 Tilråding. Første leddet i paragrafen vart foreslått endra slik at det går klart fram at før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal stadnamntenesta gi tilråding om fastsetjing av namn, namneskikk og skrivemåte. Departementet foreslo også at stadnamntenesta får heimel i § 13 til å uttale seg om bruk av stadnamn – etter at vedtak er gjort.

4.8.3 Synspunkta i høyringsrunden

Blant andre Sametinget, Nasjonalbiblioteket og Kartverket er eksplisitt positive til at stadnamntenesta skal få utvida tilrådingsheimel i tråd med framlegget i høyringsnotatet. Mange kommunar er også positive til framlegget, blant andre Kåfjord, Etnedal, Oslo og Bærum kommunar. Finnmark fylkeskommune ser framlegget i samband med arbeidet med å synleggjere kvenske og samiske stadnamn:

«Fylkesrådmannen mener Kulturdepartementet har rett i at lav grad av kompetanse i kvensk og samisk i samfunnet gjør arbeidet med å fremme og synliggjøre slike stedsnavn utfordrende. […] Derfor er det, slik fylkesrådmannen ser det, viktig å sikre at det ikke utvikles en enda mer ulik praksis fra kommune til kommune enn situasjonen er i dag. Dette kan unngås ved økt vekt på tilrådinger fra stedsnavntjenesten eller gjennom å styrke stedsnavntjesten på andre måter.»

Berre éin høyringsinstans, Bokmålsforbundet, uttalar seg negativt til at stadnamntenesta skal kunne uttale seg om bruk av stadnamn, jf. forslag til nytt andre punktum i forslag til § 13: «Dette bærer preg av omkamp, og vil medføre mer byråkrati.»

4.8.4 Departementets vurdering

Forslaget vil føre til at stadnamntenesta får tydelegare heimel til å gi tilråding om avgjerder som heng saman, og som er omfatta av formålet med lova; nemleg val av eit namn, vedtak om skrivemåte og praktisk bruk av namnet. Departementet deler difor ikkje dei innvendingane som går på at det er tale om omkamp når stadnamntenesta skal kunne vurdere korleis eit vedtak om skrivemåte skal følgjast i praktisk bruk.

Stadnamntenesta skal kunne gi tilråding om korleis reglane om bruk av stadnamn er å forstå. Grunnen til at det i høyringsnotatet er presisert at tilrådinga skal kunne skje etter vedtak er fatta, er for å tydeleggjere at tenesta også kan rådførast i saker som gjeld manglande bruk eller feilbruk av namn. Denne bruken skjer etter at namnet er vedteke. Etter framlegg til ny § 12 er Fylkesmannen klageinstans for slike saker, og kan då rådføre seg med stadnamntenesta om regelverket.

Når det gjeld tittelen i ny § 9 Tilråding, finn departementet det på sin plass å klargjere omgrepet «tilråding» og verknaden av ei tilråding i lova. Ei «tilråding» er etter Nynorskordboka definert som «innstilling, framlegg frå nemnd, styresmakt o.l.». Ut frå ei allmennspråkleg forståing av ordet «tilråding» kan det stillast spørsmål ved om vedtaksorganet har plikt til å følgje ei tilråding frå namnekonsulentane om skrivemåte. Det som er klart, er at vedtaksorganet pliktar å følgje lova. Oppgåva til namnekonsulentane er å tilrå kva skrivemåte eller skrivemåtar som er innanfor lovverket.

Endeleg – når det gjeld tilråding om namnsetjing, vil eit råd frå namnekonsulenten sikre at namnevernet er godt opplyst før valet av namn blir gjort, jf. framlegg til ny § 7. Forhold som kan kome i strid med namnevernet i § 3, vil kunne rydjast av vegen i dialog med kommunen. På denne måten kan ein unngå eventuelle klagesaker.

Departementet meiner at ordet «tilråding» er dekkjande for dei rådgivande funksjonane namnekonsulentane har i saksbehandlinga.

4.9 Klage på avgjerder etter stadnamnlova

4.9.1 Gjeldande rett

I gjeldande stadnamnlov § 10 er det fastsett kva avgjerder etter lova ein kan klage på, kven som har klagerett, og kven det kan klagast til. Paragrafen vart sist endra i 2015. Då vart det klargjort at det også er høve til å klage ved brot på føresegnene om namnevern i § 3 i lova.

I § 10 første ledd går det fram at vedtak etter stadnamnlova kan påklagast av den som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Det inneber at offentlege organ, eigarar eller festarar og lokale organisasjonar med særleg tilknyting til eit stadnamn, har rett til å klage. Stadnamnkonsulentane kan ta opp saker om fastsetjing av skrivemåten av eit stadnamn, jf. § 5 første ledd bokstav d, men dei har ikkje rett til å klage på vedtaket når det er gjort.

Lova § 10 første ledd inneheld ei tilvising til § 5 om kven som har klagerett. Deretter kjem ei oversikt over kva avgjerder det kan eller ikkje kan klagast på. Dersom eit vedtak om skrivemåte er gjort av Kongen eller Stortinget, er det ikkje høve til å klage, jf. § 10 første ledd sjette punktum. Til dømes blir eit kommunenamn endra av Kongen, jf. lov om kommuner og fylkeskommuner § 3. Den vedtaksretten Kongen har i stadnamnsaker, er ofte delegert til departementet. Kongens fullmakt etter kommunelova § 3 nr. 3 til å fastsetje namn på kommunar er delegert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for dei tilfella namnefastsetjinga skjer i samband med grenseendringar etter inndelingslova, jf. forskrift 27. oktober 2017 nr. 1666 Delegering av myndighet etter kommuneloven og inndelingslova. Den fullmakta Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fått med heimel i denne forskrifta, kan ikkje delegerast vidare.

Det går ikkje klart fram av stadnamnlova eller kommunelova om det i slike saker likevel er høve til å klage på vedtaka, eller om også desse er endelege. Praksis i dag er at saksgangen fram til vedtak om kommunenamn etter kommunelova følgjer saksbehandlingsreglane i stadnamnlova.

Klageparagrafen i stadnamnlova regulerer også situasjonar der eit stadnamn blir brukt feil, eller der eit vedteke stadnamn ikkje blir teke i bruk i det heile. Nærmare reglar om bruk følgjer av forskrift til stadnamnlova. Dei som har klagerett etter stadnamnlova, kan klage på feilbruken eller den manglande bruken til «overordna departement», ikkje til Klagenemnda for stadnamnsaker. Grunngivinga for dette går fram av forarbeida, jf. merknaden til § 10 i Ot.prp. nr. 42 (2004–2005):

«Det er naturleg at det overordna departementet har ansvar for å behandle klager over feilbruk eller manglande bruk. Klagenemnda bør ikkje vere klageinstans i slike klagesaker, sidan deira oppgåve er å ta stilling til kva for stadnamn som skal nyttast, og kva for skrivemåte dette namnet skal ha.»

I dei situasjonane der til dømes ein kommune ikkje gjer vedtak om skrivemåten av eit stadnamn som skal brukast, kan dei som elles har klagerett etter lova, klage på dette til Klagenemnda for stadnamnsaker, jf. gjeldande § 10 første ledd åttande punktum, der det heiter: «Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda.»

Regelen om at feilbruk og manglande bruk av vedtekne stadnamn skal kunne klagast på til overordna departement, har vore uheldig. Til dømes vil ein situasjon der ein kommune ikkje brukar eit vedteke stadnamn, eller brukar det feil, kunne klagast på til overordna departement. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har ansvaret for kommunepolitikken, men dette departementet er verken generelt eller i saker om stadnamn å rekne som overordna kommunane. Kommunane og fylkeskommunane er sjølvstendige rettssubjekt og står ikkje under generell instruksjons- eller omgjeringsmynde frå noko departement. Utan ein uttrykkjeleg heimel kan derfor ikkje eit departement eller eit anna statleg organ gi pålegg med bindande verknad for kommunane.

4.9.2 Departementets framlegg

I høyringsnotatet foreslo departementet å klargjere at der Kongens mynde er delegert til eit departement, og eit departement har fatta eit vedtak i kraft av dette myndet, så er vedtaket endeleg. Forslaget inneber at det ikkje er mogeleg å klage på desse vedtaka til Klagenemnda for stadnamnsaker etter klagereglane i stadnamnlova.

Vidare foreslo departementet å fastsetje i stadnamnlova at Fylkesmannen er rett klageinstans når klagen gjeld manglande bruk og feilbruk av vedteke stadnamn, når det er kommunane og fylkeskommunane som ikkje brukar namna eller brukar dei feil.

4.9.3 Synspunkta i høyringsrunden

Det er ikkje mange høyringsinstansar som har uttalt seg om desse framlegga, men dei som har kommentert dette særskilt, er hovudsakleg positive. Departementet legg til grunn at dei som støttar heile departementets framlegg, ikkje har innvendingar mot dette.

Det er berre Namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn v/fagråd for stadnamnsakersom har uttala seg om framlegget til ny § 12 første ledd sjette punktum, der departementet har foreslått å lovfeste at når eit departement har fatta eit vedtak i kraft av mynde delegert frå Kongen, er vedtaket endeleg:

«Vi er usikre på om tillegget «Det same [kan ikkje påklagast] gjeld når vedtak som er gjorde av eit departement i medhald av delegert mynde» innebærer at offentlige institusjoner på lavere nivå kan gjøre vedtak uten at de kan påklages. Det kunne i så fall svekke klagenemndas rolle.»

Sametinget understrekar at det bør vere mogeleg å klage dersom kommunar ikkje brukar vedtekne stadnamn eller brukar dei feil:

«Det nye i denne paragrafen er at Fylkesmannen blir klageinstans for feilbruk eller manglende bruk av stedsnavn i kommunal regi. Det er viktig at også kommuners brudd på stedsnavnloven kan påklages. I skole og helsesammenheng har Fylkesmannen tilsyn med at kommuner følger lovverket. Fylkesmannen er en naturlig klageinstans også i dette tilfellet.»

Kartverket støttar også forslaget om at Fylkesmannen bør vere klageinstans i slike saker:

«Etter lovutkastet har Fylkesmannen fått en klar hjemmel i stedsnavnloven som klageorgan i de tilfellene hvor kommunene og fylkeskommunene foretar feilbruk eller manglende bruk av stedsnavn. Loven inneholder ingen regler eller hjemler om rettsmidler overfor kommunene. Det må likevel legges til grunn at kommunene vil følge gjeldende lover og regler, og at de vil rette seg etter Fylkesmannens uttalelse hvis det blir avdekket mangelfull etterlevelse av loven.
Kartverket har ingen innvendinger mot at Fylkesmannen skal ta imot klager som gjelder feilbruk og manglende bruk når det gjelder kommuner eller fylkeskommunale organer. Dette forutsetter at Fylkesmannen internt må bygge opp tilstrekkelig faglig kompetanse innenfor stedsnavnlovens virkeområde, da Fylkesmannen per i dag ikke tidligere har behandlet denne type saker.»

Kartverket viser vidare til regionreforma og uvissa knytt til kva innverknad ho kan få for Fylkesmannens rolle i stadnamnsaker:

«Stortinget vedtok 8. juni 2017 ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå («regionreformen»), jf. Prop. 84 S (2016–2017) og Innst. 385 S (2016–2017). Vi vil i denne forbindelse bemerke at i behandlingen av regionreformen vedtok Stortinget blant annet «Stortinget ber regjeringen sørge for at regional vegadministrasjon, som har ansvar for planlegging og drift av fylkesveiene, overføres fra Statens vegvesen til regionalt folkevalgt nivå» (vedtak 838/2017). Vi kan ikke se at departementet har drøftet hvilken betydning dette vil få når det gjelder saker fra regionvegkontorene til Statens vegvesen, og om dette vil medføre ytterligere oppgaver/klagesaker for Fylkesmannen. Vi er usikre på i hvilken grad det er vurdert hvorvidt Fylkesmannen vil få en enda mer omfattende rolle enn det som er foreslått.»

Dei kommunane som har uttalt seg om dette framlegget, er anten positive eller har ingen merknad.

Askøy kommune skriv at dei meiner det er rett at Fylkesmannen behandlar sakene som gjeld manglande bruk og feilbruk av vedtekne stadnamn, og Sola kommune skriv at det er

«[…] rådmannens syn at i den nye § 12 er det greit om Fylkesmannen blir klageinstans for manglende bruk eller feilbruk av stedsnavn i kommunale organ, såfremt Fylkesmannen innehar kompetansen innen feltet.»

Den einaste instansen som har uttalt seg negativt til framlegget, er Nynorsklaget, som foreslår at Klagenemnda for stadnamnsaker får utvida mynde til også å behandle klagar på kommunar og fylkeskommunar sin manglande bruk eller feilbruk av stadnamn.

4.9.4 Departementets vurdering

Departementet merkar seg at det ikkje er innvendingar i høyringsrunden til forslaget om at dei vedtaka eit departement har fatta i kraft av delegert mynde, skal vere endelege. Departementet meiner det vil vere uheldig om det skulle vere høve til å klage på departementets vedtak der det er Kongens vedtaksmynde som er delegert til departementet. Dette kan til dømes gjelde saker om endring av kommunenamn når vedtaksretten er delegert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vil ikkje vere rett at Klagenemnda for stadnamnsaker skal føre kontroll med Kongen eller departementet.

Det er ikkje meininga at endringa inneber at også offentlege institusjonar på lågare nivå kan gjere vedtak utan at dei kan påklagast. Unntaket gjeld berre departementa.

Etter departementets vurdering bør ny § 12 første ledd femte og sjette punktum slåast saman til eitt punktum.

Departementet meiner at formuleringa i gjeldande § 10 skaper uvisse om kven som er rett klageinstans ved manglande bruk eller feilbruk av vedtekne stadnamn i kommunane og fylkeskommunane.

Fylkesmannen utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegner av departementa. Fylkesmannen kontrollerer også kommunane si verksemd og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Fylkesmannen har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som han har viktig lokalkunnskap. Jamvel om det i dette forslaget er snakk om klagar på manglande etterleving av lova, ikkje klage på eit vedtak som blir behandla etter reglane i forvaltningslova, meiner departementet at det mest formålstenlege er at Fylkesmannen blir klageinstans for manglande bruk og feilaktig bruk av vedtekne stadnamn frå kommunane si side.

Ved at Fylkesmannen blir klageinstans i slike saker, kan Fylkesmannen påpeike og kritisere eventuell mangelfull etterleving av lova. Fylkesmannens fråsegn er ikkje å rekne som eit vedtak etter forvaltningslova, men som ei vurdering av korleis kommunane etterlever stadnamnlova.

Eit motargument kan vere at Fylkesmannen ikkje nødvendigvis har den kjennskapen til stadnamnlova og dei vurderingane som knyter seg til bruk av stadnamn som trengst for å behandle desse klagane. Fleire av høyringsinstansane har peikt på at det er viktig at Fylkesmannen får tilført den nødvendige kompetansen, særleg om samiske og kvenske stadnamn. Departementet ser dette poenget og peikar på forslaget om å ta inn i lova at stadnamntenesta også kan uttale seg om bruk av stadnamn, jf. forslag til ny § 13 andre ledd andre punktum. Dette vil sikre at Fylkesmannen kan innhente ei vurdering frå stadnamntenesta når det er behov for det.

Sjølv om Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet, har Fylkesmannen sektormynde på ei rekkje viktige politikkområde. Slik representerer Fylkesmannen fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn. Det er nærliggjande at i oppfølginga av Fylkesmannens oppgåver etter stadnamnlova, vil sektoransvaret liggje hos det departementet som til kvar tid har ansvaret for stadnamnlova.

Der det er statlege organ som brukar stadnamn feilaktig, eller ikkje brukar vedtekne namn på skilt m.m., er det ikkje aktuelt at Fylkesmannen skal vere klageinstans. Etter gjeldande rett skal klagar som gjeld Statens vegvesen, gå til Samferdselsdepartementet som overordna departement, medan eventuelle klagar som gjeld Kartverket, vil gå til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For skiltsaker legg stadnamnlova i dag opp til at klagar som gjeld regionkontora til Statens vegvesen, skal gå til departementet og ikkje Vegdirektoratet, som er nærmaste overordna forvaltningsnivå.

Departementets vurdering er at føresegna bør endrast slik at det ikkje lenger står «overordna departement». I staden bør klagar på manglande bruk og feilbruk av stadnamn i statlege organ gå til det nærmaste overordna organet. Rett klageinstans for klage på vedtak i regionkontora til Statens vegvesen, vil då vere Vegdirektoratet.

Som Kartverket viser til i fråsegna si, har Stortinget i samband med regionreforma bede regjeringa sørgje for at regional vegadministrasjon, som har ansvar for planlegging og drift av fylkesvegane, blir overført frå Statens vegvesen til regionalt folkevalt nivå. Revisjon av vegtrafikklova er ikkje ferdig gjennomført. Spørsmålet om skiltmynde skal overførast til fylkeskommunane, vil bli vurdert i arbeidet med eventuelle forskriftsendringar (i dette tilfellet skiltforskrifta) i etterkant av revisjonen av vegtrafikklova. Eventuelle konsekvensar for fylkesmannsembeta vil bli vurderte som ledd i dette arbeidet.

4.10 Gjenopning av stadnamnsaker

Vedtak som er gjorde av Klagenemnda for stadnamnsaker med heimel i gjeldande lov, blir ikkje påverka av forslaget til lovendringar. Lovendringane har ikkje tilbakeverkande kraft, og vedtaket er bindande.

Departementet legg til grunn at eventuelle lovendringar vil vere å rekne som «nye opplysningar», jf. føresegna i stadnamnlova om gjenopning av ei stadnamnsak. Innhaldet i denne føresegna er foreslått vidareført uendra i ny § 10. Dette kan gi grunnlag for å gjenopne ei avslutta stadnamnsak. Det går klart fram av merknadene til gjeldande § 7 Gjenopptaking i Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) at dette er tilstrekkeleg: «Nye reglar som endrar det faktiske vurderingsgrunnlaget, er også grunn til gjenopptaking.»

Kommunane står uansett fritt til å fastsetje nye namn på stader som det tidlegare har vore reist namnesak om. Viss det blir klaga på det nye namnevedtaket, skal klagen behandlast etter dei reglane i stadnamnlova som til kvar tid gjeld.

4.11 Redaksjonelle endringar

4.11.1 Gjeldande rett

Stadnamnlova er i dag ei lita lov med 14 paragrafar. Det har vore fleire revisjonar av lova, seinast i 2015. Revisjonane har ført til fleire unntak frå hovudreglane, delvis regulering av namneval og bruk av stadnamn i tillegg til regulering av skrivemåten av dei. Fleire av føresegnene i lova er vortne svært lange og omfattande, som til dømes § 6 Nærmare om saksbehandlinga og § 10 Klage.

4.11.2 Departementets framlegg

Departementet foreslo i høyringsnotatet ei rekkje redaksjonelle endringar som var meint å gjere lova lettare tilgjengeleg for dei som skal bruke ho. Desse er ikkje meint å endre det materielle innhaldet i lova, men har berre til formål å gjere lova enklare og klarare.

Eitt av grepa som vart foreslått, var å dele opp nokre av føresegnene i fleire paragrafar. Departementet foreslo også å flytte noko av innhaldet frå éin paragraf til ein annan, slik at reguleringa av same situasjon i større grad er samla på éin stad i lova.

Departementet meinte også at det er nødvendig med nokre tillegg i lova, som berre er tekne med av pedagogiske omsyn og ikkje er meint å endre rettstilstanden på området.

Oversyn over dei viktigaste redaksjonelle endringane som departementet foreslo:

  • I § 4 i lova blir første ledd andre og tredje punktum slått saman til éi setning. Det er ingen grunn til å omtale rettskrivingsprinsipp for kvensk i ei eiga setning. Som følgje av dette blir innhaldet i gjeldande tredje punktum stroke, og innhaldet i gjeldande fjerde punktum blir nytt tredje punktum. Gjeldande § 4 andre ledd blir delt inn i fleire ledd.

  • Gjeldande § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn blir flytta fram i lova og blir ny § 5 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn. Tilvisingane i føresegna til andre paragrafar blir oppdaterte i tråd med dei redaksjonelle endringane.

  • Gjeldande § 6 andre ledd første punktum blir flytta og blir ny § 5 tredje ledd:

    I saker om skrivemåten av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.

  • Gjeldande § 5 Fastsetjing av skrivemåten og § 6 Nærmare om saksbehandlinga er foreslått delt opp i fleire paragrafar, slik at innhaldet i føresegnene går fram av ny § 6 Igangsetjing av stadnamnsak, ny § 7 Avgjerder, ny § 8 Kunngjering og høyring og ny § 9 Tilråding.

  • I tråd med denne oppsplittinga av paragrafar må nummereringa av resten av paragrafane i lova endrast.

  • Setninga i gjeldande § 5 tredje ledd andre punktum, som er foreslått flytta til ny § 7 Avgjerder, blir foreslått utskild som eige ledd i paragrafen:

    Det kan gjerast samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative området.

    Grunngivinga for dette er at det bør kome klarare fram at det kan vere aktuelt også for andre vedtaksorgan enn Kartverket å gjere samlevedtak.

  • I forslaget til ny § 8 Kunngjering og høyring er det berre sett inn den reguleringa av eigarfastsetjing av bruksnamn som gjeld høyring. Formålet er å unngå dobbeltbehandling av denne situasjonen. Resten av reguleringa av eigarfastsetjing av stadnamn er foreslått regulert i ny § 5 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn.

  • Gjeldande § 10 første ledd sjette punktum er foreslått som ny § 12 første ledd sjette punktum. Departementet foreslår å endre denne setninga slik at Stortinget ikkje blir nemnt. Vedtak gjorde av Stortinget kan ikkje i noko fall påklagast til eit forvaltningsorgan, så tillegget om dette i paragrafen er overflødig.

  • Gjeldande § 10 første ledd åttande punktum er foreslått som ny § 12 andre ledd andre punktum. Denne setninga foreslår vi å endre frå Klage over manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda til Manglande vedtak kan påklagast til klagenemnda. Slik setninga er formulert i dag, kan ho tolkast som om det er klagen som kan påklagast, ikkje det manglande vedtaket, noko som ikkje har vore meininga.

  • Gjeldande § 13, som er foreslått som ny § 16, gjeld iverksetjing av lova. Her foreslår departementet å stryke andre leddet: «Frå same tid blir det gjort følgjande endring i lov av 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven)». Denne setninga har ved ein inkurie blitt vidareført i lovrevisjonen av 2015. Delingslova, som det er vist til, er oppheva. Det vil etter departementets vurdering ikkje vere behov for endringar i gjeldande lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova), som følgje av dei foreslåtte endringane i stadnamnlova.

4.11.3 Synspunkta i høyringsrunden

Fagmiljøa og kommunane er positive til forslaga til redaksjonelle endringar i lova. Det er ingen høyringsinstansar som har uttalt seg negativt til dei grepa som departementet har foreslått. Sametingeter blant dei som støttar forslaga:

«De redaksjonelle endringene i lovverket setter vi stor pris på. De vil gjøre loven mer ryddig og lettlest, og dermed lettere tilgjengelig. Noen tilføyelser har også gjort loven klarere.»

Kartverket og namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn har i tillegg vist til at lovforslaget som vart sendt på høyring, inneheldt nokre skrivefeil og tilvisingsfeil. Nord-Aurdal kommune skriv:

«Departementet har gjort ein del redaksjonelle endringar i lova for å gjera henne meir tilgjengeleg, og ber om tilbakemelding om det frå høyringsinstansane.
Nord-Aurdal kommune meiner at dei redaksjonelle endringane gjer det lettare å orientere seg i lova, og at innhaldet i føresegnene kjem betre fram.»

Liknande formuleringar er brukte av dei andre kommunane som har uttalt seg om forslaga til redaksjonelle endringar.

4.11.4 Departementets vurdering

Departementet merkar seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaga til redaksjonelle endringar i lova, er gjennomgåande positive til forslaga og meiner dei gjer lova enklare å forstå.

Det er departementets vurdering at lova slik ho ser ut i dag, kan vere vanskeleg å orientere seg i, og at rekkjefølgja i saksbehandlinga i stadnamnsaker ikkje kjem klart fram. Det er også døme på at delvis same innhald er regulert i to paragrafar. Dette gjeld i alle fall regelen om at eigar av eit gardsbruk sjølv kan fastsetje skrivemåten av namnet på bruket, jf. § 4 andre ledd og § 6 andre ledd.

Departementet meiner at når ein gjer ein breiare gjennomgang av lova, vil det også vere tenleg å gjere redaksjonelle endringar i lova og rette opp det som eventuelt kan vere uklart. Etter departementets syn bør dei foreslåtte endringane gjennomførast. På bakgrunn av innspel i høyringsrunden foreslår departementet i tillegg nokre tekniske endringar i lovteksten.

Fotnotar

1.

Innst. O. nr. 59 (2004–2005), s. 4

2.

https://kartverket.no/standard/sosi/html_31/rein/07m_rein.htm

3.

Rapport om evaluering av lov om stadsnamn: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/evaluering-av-stadnamnlova/id521571/

4.

Retten til å velje namn på adresser følgjer av matrikkellova (sjå kap. 4.3.1).

5.

Ifølgje punkt 3.1.4 i Prop. 105 L (2014–2015) er det mogeleg også å vedta skrivemåtar av namn på eigen eigedom (bruksnamn) som ikkje følgjer rettskrivingsprinsippa. Etter at lova tok til å verke, har former som ikkje følgjer norske rettskrivingsprinsipp, ikkje vorte vedtekne i noko stort omfang, ifølgje Kartverket. Sidan desse formene heller ikkje er retningsgivande for skrivemåten av andre namneobjekt som fell saman med bruksnamnet (stadnamnlova § 4 andre ledd andre punktum og merknaden til § 6 andre ledd i lova), har dei ikkje fått nemnande innverknad på offentleg normering.

6.

Rapport om evaluering av lov om stadsnamn: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/evaluering-av-stadnamnlova/id521571/

7.

Kartverket har ikkje, som kommunen, kompetanse til å velje namn på dei namneobjekta Kartverket vedtek skrivemåten for. Det er til dømes Kystverket eller Statens vegvesen som vel namnet.

Til forsida