Prop. 66 S (2017–2018)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

3 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning

3.1 Haakonsvern – oppgradering av infrastruktur og utfasing av fossilt brensel

Opphavleg hovudinfrastruktur (vatn, avløp, kraft, etc.) på Haakonsvern orlogsstasjon er frå 1950- og 1960-talet. I løpet av dei seinare åra har det vorte gjennomført ein del infrastrukturprosjekt på basen, både oppgradering av eksisterande og etablering av ny infrastruktur.

Dette har ført til at delar av infrastrukturen på Haakonsvern er av nyare dato, men store delar av den eldre infrastrukturen er framleis i bruk. Dei gamle anlegga er no mogne for utskifting, og det er behov for oppgradering og utviding av anlegga for å tilfredsstille dagens behov og for å dimensjonere for ei framtidig utvikling av basen.

For å forbetre kraftdistribusjonen vert det gjennomført tiltak innanfor høgspent og lågspent elektro. Vassleidningar vert skifta ut, og dei nye leidningane vert i hovudsak lagt i grøfter saman med el-kablar og røyr til fjernvarme og fjernkjøling. I samband med utbygging og installering av infrastruktur vert det etablert grøfter av varierande storleik. Massane frå grøftene er rekna som forureina, og eit viktig tiltak i prosjektet er å behandle og sortere massar frå desse grøftene. Massane vert leverte til godkjende mottak eller vert gjenbruka i grøftene.

Ein stor del av bygga på Haakonsvern vert varma opp ved fjernvarme frå eksisterande energisentral på basen. Nokre bygg vert framleis varma opp ved bruk av fossilt brensel. Det er difor behov for å gjennomføre tiltak for å fase ut denne bruken av fossilt brensel og samstundes sikre stabil, miljøvenleg og kostnadseffektiv energi til oppvarming. Det vert lagt opp til å fjerne oljetankar og oljekjelar med tilhøyrande komponentar i desse bygga. Prosjektet skal fjerne eksisterande oljetankar og oljekjelar med tilhøyrande komponentar, og erstatta dei med fjernvarme og fjernkjøling i røyr frå ein ny energisentral basert på sjøvarme inne på basen. Den nye energisentralen vert bygga og drifta av ein ekstern utbyggar. Desse tiltaka vil bli gjort i samband med gjennomføring av dei andre infrastrukturtiltaka på Haakonsvern for å oppnå synergiar.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 649 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 582 mill. kroner.

3.2 Evenes flystasjon

3.2.1 Innleiing

Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) å etablere Evenes flystasjon som framskoten operasjonsbase for dei nye kampflya til Forsvaret og NATO sin kampflyberedskap (Quick Reaction Alert – QRA). Stortinget vedtok seinare gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) at Evenes flystasjon i tillegg skal vere base for Forsvaret sine maritime patruljefly (MPA), verna av langtrekkjande luftvern og baseforsvar. Som oppfylging av Stortinget sitt vedtak har Forsvarsdepartementet gjennomført ei konseptvalutgreiing for etablering og lokalisering av dei vedteke kapasitetane på Evenes flystasjon. Utgreiinga har vorte underlagt ekstern kvalitetssikring (KS 1) i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Ei oppgradering av eksisterande infrastruktur ved basen og etablering av sikringstiltak er naudsynt for at Evenes flystasjon skal kunne overta som QRA-base og MPA-base i samsvar med den planlagde utfasinga av F-16 og leveringane av P-8. Oppgradering av infrastrukturen og etablering av sikringstiltaka er såleis ein føresetnad, som må på plass, for å starte bygging av dei andre kapasitetane som trengs til F-35 og P-8. Desse to prosjekta må difor leggjast fram for Stortinget i denne proposisjonen. Regjeringa vil leggja fram prosjektet for etablering av MPA-fasilitetane på Evenes flystasjon for godkjenning i Stortinget når forprosjektet er endeleg ferdigstilt, har vorte underlagt ekstern kvalitetssikring (KS 2) og handsama i departementet.

3.2.2 Evenes flystasjon– fornying og oppgradering av infrastruktur

Eksisterande infrastruktur ved Evenes flystasjon har i liten grad vorte fornya sidan etableringa på 1980- og 1990-talet. Infrastrukturen på basen har såleis i stor grad passert sin tekniske levealder. Den generelle samfunnsutviklinga inneber at store delar av den eksisterande infrastrukturen er underdimensjonert i forhold til dagens behov og krav. Vidare inneber vedtaka i Stortinget eit behov for å auka kapasiteten innanfor alle infrastrukturområda i forhold til det basen opphavleg vart bygd for. I tillegg er det identifisert eit behov for å etablere større kapasitet innanfor vassforsyning, straumforsyning og enkelte IKT-funksjonar.

Prosjektet for ny infrastruktur ved Evenes flystasjon omfattar blant anna etablering av ny høgspent kraftforsyning for å forsterke krafttilførsla til flystasjonen og etablere ny ringstruktur for straumforsyninga på basen. Det vert lagt ny straumforsyning til områda som er avsett til MPA og F-35 QRA. Det skal òg byggjast eit nytt reservekraftanlegg, som ved straumbrot kan etterforsyne dei prioriterte anlegga på basen. Vidare skal prosjektet leggje nye røyr for vatn, avlaup og overvatn som bind saman dei eksisterande leidningsnetta i ein tilfredstillande ringstruktur på basen. I tillegg skal prosjektet leggje alle naudsynte røyrleidningar fram til dei nye områda for MPA og F-35 QRA. Prosjektet skal òg leggje fjernvarmerøyr og fjernkjølerøyr frå den nye energisentralen som skal byggjast ved Evenes flystasjon. Leverandør av fjernvarme og fjernkjøling skal byggje og drifte sjølve energisentralen inne på Forsvaret sin eigedom på Evenes. I tillegg skal prosjektet oppgradere og forsterke IKT-infrastrukturen på heile basen med nye områdefordelarar og nye fiberkablar. Prosjektet omfattar avslutningsvis ny tilkomstveg frå administrativt område til det nye MPA-området sørvest på basen.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 701 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 611 mill. kroner. Styringsramma for infrastrukturprosjektet samsvarar med dei økonomiske berekningane frå konseptvalutgreiinga for Evenes flystasjon. Prosjektet er såleis innanfor dei totale økonomiske rammene for utbygginga av Evenes flystasjon.

3.2.3 Evenes flystasjon – vern og sikring av basen

Ei gjennomføring av luftoperasjonar i fred, krise og krig med nye moderne kapasitetar som F-35 og P-8 frå Evenes flystasjon inneber at eksisterande infrastruktur for vern og sikring av verdiane og objekta på basen må oppgraderast.

I konseptet for vern og sikring av Evenes flystasjon har Forsvaret omtala ei rekkje tiltak som til saman skal gje eit balansert og heilskapleg sikringskonsept for basen. Konseptet har identifisert eit behov for å oppgradere og forsterke ytre område rundt Evenes flystasjon for å hindre utilsikta åtgang av både personell og køyretøy. Konseptet har vidare identifisert eit behov for å etablere eit nytt og tidsriktig overvakingssystem for oppdaging og verifikasjon av trugsel og hendingar mot basen. Det er òg behov for å oppgradere den eksisterande hovudtilkomsten og eksisterande alternativ tilkomst til flystasjonen for å sikre ein effektiv og sikker kontroll av personell og køyretøy som skal inn på basen. I tillegg er det behov for å etablere eit nytt vaktbygg, post- og varemottak og avfallsstasjon.

Ytre område har gjerde rundt heile basen, kombinert med utstyr for oppdaging og verifikasjon av trugselsmål og inspeksjonsveg. Nytt oppgradert hovudtilkomstområde vil verte etablert nord for eksisterande hovudtilkomst med tilstrekkeleg plass for kontroll av køyretøy, høve til å avvise køyretøy og høve til å parkere køyretøy som ikkje får tilgang til basen. Ytre vakt vil verte etablert rett i bakkant av kontroll- og venteområdet med eit vaktbygg, naudsynte bommar og portar for inn- og utpassering av personell og køyretøy og sperringar. Ved alternativ tilkomst vert det etablert ny vaktbod, eit kontrollområde for køyretøy, bommar, portar, barrierar og sperringar. Vaktstyrken ved basen vil få eit nytt vaktbygg som er spesialtilpassa deira oppdrag og oppgåver. For å ivareta og gjennomføre eit tilfredsstillande mottak og kontroll av både post og varer til basen, vert det bygd eit nytt post- og varemottak i tilknyting til ytre vakt nord på Evenes flystasjon, der post og varer kan verte kontrollerte og lasta om til Forsvaret sine køyretøy for vidarefordeling inne på basen. I tilknyting til post- og varemottaket vil det òg verte bygd ein avfallshandteringsstasjon for levering av alt avfall frå verksemda på flystasjonen til renovatør.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 438 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, innreiing og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 385 mill. kroner. Styringsramma for prosjektet samsvarar med dei økonomiske berekningane frå konseptvalutgreiinga for Evenes flystasjon. Prosjektet er såleis innanfor dei totale økonomiske rammene som er satt for utbygging av Evenes flystasjon.