Prop. 82 L (2015–2016)

Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Til innhaldsliste

Tilråding

Arbeids- og sosialdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak til lov om endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid) i samsvar med eit vedlagt forslag.