Prop. 9 L (2022–2023)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

Til innhaldsliste

2 Endringar i oppteningsperioden for rett til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15

2.1 Innleiing

Departementet foreslår å endre reglane som gjer det mogleg å tene opp rett til dagpengar på grunnlag av inntekt som ligg lengre tilbake enn dei siste 12 avslutta kalendermånadene før søknaden, jf. folketrygdlova § 4-4. Samstundes foreslår departementet at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 skal telje med i den inntekta som gir rett til dagpengar. Oppteningsperioden for den inntekta som ligg til grunn for berekninga av dagpengane, jf. folketrygdlova § 4-11, blir endra tilsvarande.

2.2 Gjeldande rett

For å få rett til dagpengar må søkjaren ha hatt utbetalt ei brutto arbeidsinntekt dei tolv sist avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet på minst 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G), eller minst 3G dei siste 36 avslutta kalendermånadene, jf. folketrygdlova § 4-4. I tillegg til inntekt som arbeidstakar (lønn), blir foreldrepengar, svangerskapspengar og sjukepengar ein får på grunn av graviditeten rekna som arbeidsinntekt. Bortsett frå slike svangerskapsrelaterte sjukepengar, gir ikkje sjukepengar opptening til dagpengar, sjå folketrygdlova § 4-4 andre ledd.

Dagpengane blir berekna på grunnlag av den inntekta dagpengemottakaren har hatt utbetalt dei tolv sist avslutta kalendermånadene før dagpengesøknaden var fremja («søknadstidspunktet»), eller på grunnlag av den gjennomsnittlege inntekta dei siste 36 avslutta kalendermånadene, dersom dette gir eit betre grunnlag, jf. folketrygdlova § 4-11. I berekningsgrunnlaget inngår i tillegg til arbeidsinntekta, dei følgjande ytingane etter folketrygdlova: dagpengar etter kapittel 4, sjukepengar etter kapittel 8, omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar etter kapittel 9, og svangerskapspengar og foreldrepengar etter kapittel 14. Det er eit vilkår at søkjaren har tent opp retten til desse ytingane som arbeidstakar. Dagpengegrunnlaget kan ikkje utgjere meir enn 6G.

Etter folketrygdlova § 4-15 kan ein få dagpengar i inntil 104 veker dersom den tidlegare arbeidsinntekta, jf. § 4-4, var minst to gongar grunnbeløpet i folketrygda (G) anten dei siste tolv månadene eller i gjennomsnittet av dei siste 36 månadene før søknaden. Dersom inntekta har vore lågare enn 2G, kan ein få dagpengar i inntil 52 veker.

For EØS-borgarar som søkjer og får innvilga norske dagpengar etter reglane som følgjer av EU-trygdeforordninga (883/2004) gjeld særskilde reglar om kravet til minsteinntekt og om kva som gir rett til kort eller lang dagpengeperiode. Fordi reglane i trygdeforordninga om at ein kan leggje saman oppteningstid frå andre EØS-statar berre opererer med tid, blir kravet til minste arbeidsinntekt i EØS-sakane rekna om til eit krav om ei minste tid i arbeid på anten minst 16 veker fulltidsarbeid dei siste 12 månadene eller minst 32 veker dei siste 36 månadene før søknadstidspunktet, sjå forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpenger under arbeidsløshet (dagpengeforskrifta) § 13-1. Likeleis gir arbeid tilsvarande fulltid i anten minst 21 veker dei siste 12 månadene eller i gjennomsnitt dei siste 36 månadene, ein dagpengeperiode på inntil 104 veker. Arbeid innanfor dei same periodane på mindre enn 21 veker gir ein dagpengeperiode på inntil 52 veker.

2.3 Vurderingar og forslag

Dagpengane skal gi ei mellombels inntektssikring ved inntektsbortfall som følgje av arbeidsløyse. Dagpengeordninga er innretta slik at dei som har den sterkaste tilknytinga til arbeidslivet, er best sikra. Dette kjem til uttrykk gjennom kravet om minsteinntekt, ved at storleiken på dagpengane blir rekna ut ifrå den tidlegare inntekta, og ved at dagpengeperioden er kortare for dei som har hatt den lågaste inntekta.

Dagpengeordninga er altså innretta slik at dei som har ein sterk og aktuell tilknyting til arbeidslivet like før arbeidsløysa, også er best sikra. Dagpengane er i første rekkje meint å vere ei inntektssikringsordning for dei som har ei aktuell tilknyting til arbeidslivet. Det inneber til dømes at den inntekta som gir opptening for retten til dagpengane, ikkje må liggje for langt attende i tid. Vidare tilseier dette at ordninga heller ikkje må vere innretta slik at den erstattar små eller ustabile inntekter.

Departementet vurderer det slik at ein kortare oppteningsperiode for minsteinntektskravet vil bidra til at dagpengeordninga i større grad blir retta inn mot personar med ein aktuell tilknyting til arbeidslivet. Ei kortare oppteningstid vil til dømes hindre nokon i å få dagpengar på grunnlag av inntekter frå arbeidsforhold dei frivillig har vald å trappe ned frå, eller har avslutta lenge før dei søkjer dagpengar. Vidare kan ei kort oppteningstid bidra til at færre frå EØS-området kan få rett til norske dagpengar på grunnlag av arbeidsforhold som ligg relativt langt tilbake i tid, etter kortvarig arbeid i Norge. Ved å rette dagpengeordninga mot dei som har ei nær tilknyting til arbeidslivet, vil ordninga betre insentiva til kontinuerleg yrkesdeltaking.

Både for dei som søkjer dagpengar, og for Arbeids- og velferdsetaten, som forvaltar dagpengeordninga, er det viktig at regelverket ikkje er for komplekst og uoversiktleg. Det store talet på dagpengesøknader som etaten opplevde under covid-19-pandemien, synte at det er nødvendig å gjere regelverket enklare, slik at saksbehandlinga blir meir effektiv og tar kortare tid. Eit enklare regelverk legg til rette for å auke automatiseringa av saksbehandlinga. Å operere med ein oppteningsperiode framfor to vil vere ei slik forenkling.

På bakgrunn av dette foreslår departementet at arbeidsinntekt som ligg lengre tilbake i tid enn dei tolv sist avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet, ikkje lenger skal kunne gi opptening til rett til dagpengar.

Ein del dagpengesøkjarar har hatt lengre fråvær frå arbeidslivet, slik at dei ikkje har hatt nokon arbeidsinntekt dei siste tolv månadene før dei søkjer dagpengar. Det kan vere ulike grunnar til at ein ikkje har vore i arbeid. Nokon vel til dømes å ta fri, ulønna permisjon eller å ta utdanning. Men mange har ikkje sjølv vald å halde seg utanfor arbeidslivet. Det kan verke urimeleg at desse skulle miste dagpengeretten sin. Eit utvida inntektsgrunnlag vil sikre at dei som har hatt fråvær som er knytt til eigen sjukdom eller sjukdom hos eigne barn eller andre nære familiemedlemmer, likevel kan få rett til dagpengar. Derfor foreslår departementet at sjukepengar etter folketrygdlova kap. 8 og omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar etter kap. 9 skal inngå i minsteinntekta etter folketrygdlova § 4-4. Dagpengane skal delvis kompensere for inntektsbortfall for dei som har mista inntekta si som følgje av arbeidsløyse. Derfor bør det komme klart fram at det er eit krav at dei trygdeytingane som kan gi rett til dagpengar, må vere tent opp som arbeidstakarar. Sjukepengar som er mottatt som sjølvstendig næringsdrivande, bør til dømes ikkje gi rett til dagpengar, sidan heller ikkje inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd er omfatta av «arbeidsinntekt» etter folketrygdlova § 4-4.

Det er naturleg å oppretthalde samanhengen mellom den perioden som ligg til grunn for minsteinntektskravet og den som ligg til grunn for berekningsgrunnlaget. Departementet foreslår derfor at grunnlaget for dagpengane, jf. § 4-11, på same måte som når det gjeld minsteinntektskravet, blir avgrensa til inntekta frå dei tolv sist avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet.

Som følgje av at ein ikkje lenger kan leggje til grunn inntekta som er utbetalt tidlegare enn i dei tolv sist avslutta kalendermånadene etter folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11, foreslår departementet at også folketrygdlova § 4-15 blir endra, slik at berre inntekt på 2G eller meir dei tolv sist avslutta kalendermånadene gir ein dagpengeperiode på 104 veker. Dei som har hatt ei lågare inntekt dei siste tolv kalendermånadene, får dagpengar i inntil 52 veker. Dette sikrar ein god samanheng i regelverket.

Forslaget inneber at dei særlege reglane for når ein EØS-borgar som søkjer dagpengar etter forordning (EF) nr. 883/2004 (trygdeforordninga), oppfyller kravet til minsteinntekt og korleis stønadsperioda skal fastsetjast, også må endrast tilsvarande. Dette vil bli gjort ved endringar i dagpengeforskrifta kapittel 13.

Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15 i lovforslaget.

Departementet foreslår at endringane skal gjelde frå 1. januar 2023, men at dei ikkje får verknad for dei som har søkt dagpengar og fyller vilkåra før dette tidspunktet. Den nærmare reguleringa av dette skal etter forslaget skje i forskrift.

2.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane er innarbeidde i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Forslaget er berekna å gi ein innsparing på om lag 190 mill. kroner under kap. 2541, Dagpengar, post 70 Dagpengar, i 2023 og om lag 360 mill. kroner i 2024. Heilårseffekten inntrer i 2025 og er berekna til om lag 425 mill. kroner. Administrative konsekvensar vil bli handtert innanfor den gjeldande budsjettramma.

Til forsida