Prop. 9 L (2022–2023)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

Til innhaldsliste

6 Ny ordning for stønad til briller til barn – folketrygdlova ny § 10-7 a

6.1 Innleiing

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har med verknad frå 1. august 2022 innført ei ny støtteordning for barn som treng briller. Departementet foreslår å heimle den nye ordninga i folketrygdlova kapittel 10 om stønad for å kompensere for utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet.

6.2 Gjeldande rett

Arbeids- og inkluderingsdepartementet innførte med verknad frå 1. august 2022 ei ny støtteordning for barn som treng briller. Stønadsordninga gjeld fram til barnet fyller 18 år, og ho er fastsett i forskrift 19. juli 2022 nr. 1364 om stønad til briller til barn med heimel i Stortingets budsjettvedtak.

Det er eit vilkår at barnet treng ei kvalifisert korrigering av synet (brillestyrke på minst eitt glas ≥1,00D og/eller cylinderstyrke på minst eitt glas ≥1,00D) og at brilla er bestilt hos optikar. Det blir gitt stønad til éi brille per kalenderår. Brillene blir dekte etter fem satsar. Satsane er fastsette med utgangspunkt i dei kalkulerte kostnadane ved å skaffe ei nødvendig og hensiktsmessig brille med ei gitt styrke, med eit fråtrekk på 450 kroner. Stønaden kan bli utbetalt som direkteoppgjer til optikaren, og blir då trekt frå på rekninga hos optikaren. Dersom barnet ved verja vel å sende søknad sjølv, blir stønaden utbetalt til barnet ved verja.

Den nye ordninga kjem i tillegg til dei to andre ordningane som også dekkjer briller til barn: briller til behandling eller førebygging av amblyopi (behandlingsbriller) og briller og kontaktlinser for personar med nedsett synsevne som følgje av sjukdom, skade eller lyte.

6.3 Vurderingar og forslag

Formålet med stønad etter folketrygdlova kapittel 10 er å kompensere for meirutgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for medlemmer som har varig sjukdom, skade eller lyte.

Dei fleste med eit dokumentert behov for briller fyller ikkje dette vilkåret. Vanleg nærsyntleik, langsyntleik og skeive hornhinner kjem normalt av naturlege variasjonar i utforminga av auget, og ikkje av sjukdom, skade eller lyte. Briller til dette formålet må reknast som vanleg å ha i befolkninga. Folketrygda dekkjer ikkje briller i slike situasjonar.

Briller kan bli dekte når behovet kjem av sjukdom eller skade i synsapparatet, og den nødvendige brilla ikkje er vanleg for andre å skaffe seg (ordninga med briller og kontaktlinser for personar med nedsett synsevne som følgje av sjukdom, skade eller lyte). Briller kan også bli dekte til behandling eller førebygging av amblyopi (ordninga med briller til behandling eller førebygging av amblyopi).

Dei fleste barn har ikkje hatt rett til å få dekt utgifter til briller til ordinær synskorrigering frå folketrygda, heller ikkje før retningslinene til briller til behandling eller førebygging av amblyopi (behandlingsbriller) blei endra frå mars 2020.

Departementet sende 23. mai 2022 eit forslag til innretning av ei ny ordning for stønad til briller til barn på høyring til Blindeforbundet, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Nasjonalt senter for optikk, syn og øyehelse ved Universitetet i Sørøst-Norge, Norske ortoptisters forening, Optikerforbundet, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner, Synsinfo og Øyelegeforeningen. Høyringsfristen var 10. juni 2022.

Den nye ordninga blei fastsett i forskrift 19. juli 2022 nr. 1364 om stønad til briller til barn. Støtteordninga gir barn som hamna utanfor ordninga med behandlingsbriller i 2020, på nytt ein rett til brillestøtte. I tillegg gir ho rett til brillestøtte til langt fleire barn enn før 2020. Om lag 140 000 barn vil få rett til brillestøtte etter den nye ordninga, i tillegg til dei barna som får dekt briller etter dei to andre ordningane. Sjå også omtale av ordninga i punkt 6.2.

Sidan briller til ordinær synskorrigering til no ikkje har blitt dekte etter folketrygdlova, viste departementet i høyringsnotatet også til at den nye ordninga kunne vere heimla i Stortingets årlege budsjettvedtak, slik som ordninga med servicehund. Departementet meinte likevel at det ville vere meir hensiktsmessig at den nye ordninga blir heimla gjennom ei ny lovføresegn i folketrygdlova kapittel 10. Ut frå dette foreslo departementet derfor at den nye føresegna skulle gjere unntak frå sjukdomskravet, og at nærmare retningsliner blir fastsett i forskrift. Samstundes foreslo departementet at ordninga mellombels blei heimla i Stortingets budsjettvedtak.

Dei høyringsinstansane som uttalte seg om dette spørsmålet, støtta at den nye ordninga blir heimla i folketrygdlova i ny § 10-7 a. Blindeforbundet foreslo ei endring av ordlyden, for å sikre at ingen barn med reelt behov for briller ville falle utanfor alle dei tre ordningane.

I lys av høyringa foreslår departementet at den nye ordninga blir heimla i folketrygdlova. Det blir samstundes foreslått ei justering av lovteksten samanlikna med forslaget som var sendt på høyring, slik at det skal gå klart fram at det ikkje er eit vilkår at behovet for korrigering av synet må skuldast sjukdom, skade eller lyte.

Det blir vist til forslaget til folketrygdlova ny § 10-7 a i lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2023.

6.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget har ikkje økonomiske eller nemneverdige administrative konsekvensar.

Til forsida