Prop. 9 L (2022–2023)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

Til innhaldsliste

4 Innføring av eit ferietillegg til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-14 og 8-49

4.1 Innleiing

Regjeringa foreslår å gi eit ferietillegg på 9,5 prosent til dei som har fått dagpengar i minst åtte veker i året før (oppteningsåret). Dei som får sjukepengar på grunnlag av dagpengar etter reglane i folketrygdlova § 8-49, får eit tilsvarande ferietillegg til desse sjukepengane. Som følgje av innføringa av ferietillegget, foreslår regjeringa å oppheve reglane om at dei som har fått dagpengar i 52 veker eller meir, kan ha feriefråvær med dagpengar i inntil fire veker.

4.2 Gjeldande rett

Eit grunnleggjande vilkår for å få dagpengar er å vere reell arbeidssøkjar, dvs. at ein aktivt skal søkje arbeid og samstundes vere arbeidsfør, villig og i stand til å ta eitkvart arbeid, når og kor som helst i landet. Det går fram av folketrygdlova § 4-5. Vilkåret inneber at dei som tek ferie og ikkje er reelle arbeidssøkjarar, heller ikkje fyller vilkåra for å få dagpengar. Dei får derfor ikkje dagpengar medan dei har ferie. Dei som har fått dagpengar i 52 veker eller meir, kan likevel få dagpengar i samband med feriefråvær etter særskilde reglar i folketrygdlova § 4-5 tredje ledd og forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpenger under arbeidsløshet § 1-5. Arbeids- og velferdsdirektoratet har opplyst at relativt få melder frå at dei tek ferie med dagpengar etter desse reglane.

Som følgje av dei lange periodane med restriksjonar av smittevernomsyn under Covid-19-pandemien i 2020–22, var svært mange permitterte og fekk dagpengar i staden for lønn. Som eit særskilt tiltak for å betre deira økonomi, blei det gitt mellombelse reglar om feriepengar av utbetalte dagpengar i 2020 og 2021. Feriepengane svarte til 10,2 prosent av dagpengane frå året før, og blei utbetalte i juni i 2021 og 2022 til dagpengemottakarar som ikkje hadde rett til å ta ferie med dagpengar etter reglane i folketrygdlova § 4-5 tredje ledd. Reglane er nærmare omtalte mellom anna i Prop. 4 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven og enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2021) og Innst. 68 L (2021–2022) frå Arbeids- og sosialkomiteen om denne.

4.3 Vurderingar og forslag

Også tidlegare har det vore reglar om ferietillegg til dagpengane. Desse blei siste gong oppheva med verknad frå 2015, sjå Prop. 14 L (2014–2015) Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon). Avviklinga av ferietillegget førte til at dei som hadde fått dagpengar i meir enn åtte veker, fekk ein lågare stønad enn tidlegare. Dette var noko av bakgrunnen for innføringa av retten til å ta ferie med dagpengar frå og med 2016. Denne retten tryggjer inntekta i ferien, men inneber samstundes at mottakarane bruker av dagpengeperioden sin.

Reglane om feriepengar til dagpengane som blei innførte under pandemien, var meint å berre gjelde mellombels, og blir derfor ikkje vidareførte. I regjeringa si politiske plattform, Hurdalsplattforma, går det fram at regjeringa vil gjeninnføre retten til eit ferietillegg i dagpengeordninga på meir varig basis.

For å sikre at dei arbeidssøkjarane som har lengre periodar med arbeidsløyse, får ei betre inntektssikring, foreslår regjeringa derfor å gjeninnføre ordninga med ferietillegg til dagpengane, i hovudsak slik den var fram til 2015. Det blir foreslått eit ferietillegg på 9,5 prosent av dagpengane som er utbetalte i året før ferieåret, til dei dagpengemottakarane som har fått dagpengar i åtte veker eller meir. Etter dei reglane som gjaldt fram til 2015, blei ferietillegget utbetalt i månadsskiftet januar-februar, etter at ein full dagpengeperiode var avslutta eller etter at dagpengeperioden var avslutta som følgje av at mottakaren hadde fylt 67 år og derfor ikkje lenger hadde rett til dagpengar. Departementet foreslår at det nye ferietillegget blir utbetalt i juni året etter oppteningsåret, i staden for i månadsskiftet januar-februar. I juni vil opplysningane om dagpengeutbetalingane for oppteningsåret vere meir fullstendige. Dessutan vil utbetalingstidspunktet for ferietillegget då bli meir likt det som gjeld for utbetalinga av feriepengane for dei fleste lønnsmottakarane. Dei fleste tek også ferie i sommarmånadene.

Som det også går fram av forslaget til statsbudsjett, Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet, gjeld denne endringa for utbetaling av ferietillegg for 2023. Departementet vil sjå nærmare på om ei ferietilleggsordning etter 2023 kan gjerast enda meir lik den feriepengeordninga som gjeld for arbeidstakarar etter ferielova.

Erfaringane med den mellombelse feriepengeordninga under pandemien synte at det ikkje var mogleg å etablere ei tilfredsstillande ordning der ein skulle kunne velje anten å få feriepengar av dagpengane eller å få dagpengar i ferien. Ein føresetnad for innføringa av ferietillegget er derfor at retten til feriefråvær med dagpengar etter folketrygdlova § 4-5 tredje ledd, blir oppheva samstundes. Det er ikkje like stort behov for ei slik ordning når ein kan få eit ferietillegg i staden.

Dagpengemottakarar vil med desse endringane ikkje ha rett til dagpengar i samband med ferie eller anna fråvær, fordi dei då ikkje vil vere reelle arbeidssøkjarar i tråd med vilkåra i folketrygdlova § 4-5. Ferietillegget vil bidra til at arbeidssøkjarar likevel vil kunne ta ferie, slik som dei ordinære arbeidstakarane kan. Sjølv om ein kan få dagpengar i inntil 104 veker, har dei fleste dagpengar berre i ein kort periode. Dei aller fleste vil derfor få ferietillegget først når dei ikkje lenger er dagpengemottakarar. Dei som framleis får dagpengar året etter oppteninga, vil kunne få både dagpengar og ferietillegget på same tid.

Det tidlegare ferietillegget blei rapportert til skattemyndigheitene som ordinære dagpengar, det vil seie at det blei rekna som ein del av dagpengane. Utbetalt ferietillegg blei likevel ikkje ein del av grunnlaget for ferietillegget det neste året. Slik bør det også vere når ferietillegget blir gjeninnført. Feriepengar til lønnsmottakarar gir ikkje grunnlag for nye feriepengar. Utbetalte ferietillegg til dagpengar bør prinsipielt heller ikkje gi grunnlag for ferietillegg. Departementet foreslår at dette blir presisert i det formelle regelverket. Det kan vere hensiktsmessig å gi nærmare reglar om utbetalinga av ferietillegget i forskrifter. Derfor foreslår departementet ein heimel til å gi forskrifter i eit nytt tredje ledd i folketrygdlova § 4-14.

Etter folketrygdlova § 4-12 skal dagpengar inklusiv barnetillegget ikkje kunne utgjere meir enn 90 prosent av dagpengegrunnlaget. Før ferietillegget blei avvikla i 2015, gjekk det fram at ferietillegget skulla haldast utanfor denne avgrensinga på 90 prosent. Som følgje av forslaget om å gjeninnføre ferietillegget i hovudsak slik det var før 2015, må paragrafen endrast attende til slik den tidlegare lydde, slik at det klart går fram at avgrensinga ikkje gjeld ferietillegget.

Dagpengemottakarar som blir sjuke, har etter folketrygdlova § 8-49 ein rett til sjukepengar etter særlege reglar. Før 1. januar 2015 hadde desse dagpengemottakarane rett til 9,5 prosent ferietillegg til sjukepengane. Når eit ferietillegg no blir innført for dagpengane, er det rimeleg at den tilsvarande retten også blir innført igjen når det gjeld retten til sjukepengar etter denne særskilde heimelen. Departementet foreslår derfor å gi eit ferietillegg på 9,5 prosent til medlemmar som har fått dagpengar og/eller sjukepengar i meir enn åtte veker året før utbetalinga av ferietillegget.

Departementet legg til grunn at dei reglane om ferietillegg som blir foreslått her, er i tråd med dei pliktene som følgjer av EØS-retten og annan internasjonal rett. Formålet med trygdeforordninga er å koordinere trygdeordningane i EØS-landa, ikkje å harmonisere dei. Endringa gjeld dessutan likt for alle dagpengemottakarane, og inneber derfor heller inga forskjellsbehandling mellom norske borgarar og EØS-borgarar.

Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-5, § 4-12 tredje ledd, § 4-14 og § 8-49 tredje ledd i lovforslaget.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå og med ferieåret 2023, slik at dagpengar som er utbetalte i 2022, blir lagt til grunn for utbetalinga av ferietillegget i 2023.

4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

I forslaget til statsbudsjett er det lagt til grunn at endringane vil auke utbetalingane over kap. 2541 Dagpengar, post 70 Dagpengar, med om lag 995 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Vidare er det lagt til grunn at retten til ferietillegg av sjukepengar på grunnlag av dagpengar vil auke utbetalingane under kap. 2650 Sjukepengar, post 75 Feriepengar av sjukepengar, med om lag 59 mill. kroner i 2023.

Saksbehandlinga i samband med utbetalinga av ferietillegg vil i stor grad kunna gjerast automatisk. I dei tilfella ein må ta omsyn til periodar med både dagpengar og sjukepengar for å vurdera om vilkåra for ferietillegg etter folketrygdlova § 8-49 er oppfylt, vil det vera manuell saksbehandling. Dette vil innebere auka administrative kostnader.

Til forsida