Prop. 9 L (2022–2023)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (oppfølging av forslag i statsbudsjettet 2023)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Lov om Statens pensjonskasse

Til § 8, § 15 tredje ledd første punktum, § 21 første og andre ledd, § 21 A første ledd, § 22 første og andre ledd, § 23 første ledd første og andre punktum, § 23 andre ledd og § 26 tredje ledd femte og sjette punktum

Føresegnene blir endra slik at dei blir kjønnsnøytrale. Sjå den nærmare omtala i pkt. 7.1.

Til § 34

Reglane om ektefellepensjon i lova blei endra frå 1. juli 2020. Det blei samstundes gjort endringar der formålet var å tydeleggjere kven som er omfatta av føresegnene om bruttoberekna ektefellepensjon. Sjølv om tydeleggjeringa ikkje innebar noka realitetsendring, oppstod likevel eit uklart spørsmål knytt til vilkåret i tredje ledd andre punktum om å vere omfatta av såkalla ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon. Lovforslaget rettar opp dette, slik at det tydeleg kjem fram at ekteskapet må vere inngått før 1. januar 2010.

Sjå elles omtala i pkt. 7.5.

Lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

Til § 1 andre ledd, § 2 andre ledd, § 7 nr. 1 første ledd første og andre punktum, § 7 nr. 2 første ledd, § 7 nr. 2 andre ledd første punktum, § 9 fjerde ledd femte og sjette punktum, § 29 nr. 1 første ledd første punktum og § 36 andre ledd første punktum

Føresegnene blir endra slik at dei blir kjønnsnøytrale. Sjå den nærmare omtala i pkt. 7.1.

Til § 17

Reglane om ektefellepensjon i lova blei endra frå 1. juli 2020. Det blei samstundes gjort endringar der formålet var å tydeleggjere kven som er omfatta av føresegnene om bruttoberekna ektefellepensjon. Sjølv om tydeleggjeringa ikkje innebar noka realitetsendring, oppstod likevel eit uklart spørsmål knytt til vilkåret i tredje ledd andre punktum om å vere omfatta av såkalla ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon. Lovforslaget rettar opp dette slik at det tydeleg kjem fram at ekteskapet må vere inngått før 1. januar 2010.

Sjå elles omtala i pkt. 7.5.

Lov om pensjonsordning for sykepleiere

Til § 8 tredje ledd første og andre punktum, § 9 første ledd, § 10 andre ledd, § 29 andre ledd og § 36 første ledd første punktum

Føresegnene blir endra slik at dei blir kjønnsnøytrale. Sjå den nærmare omtala i pkt. 7.1.

Til § 20

Reglane om ektefellepensjon i lova blei endra frå 1. juli 2020. Det blei samstundes gjort endringar der formålet var å tydeleggjere kven som er omfatta av føresegnene om bruttoberekna ektefellepensjon. Sjølv om tydeleggjeringa ikkje innebar noka realitetsendring, oppstod likevel eit uklart spørsmål knytt til vilkåret i første ledd andre punktum om å vere omfatta av såkalla ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon. Lovforslaget rettar opp denne uklårleiken slik at det tydeleg kjem fram at ekteskapet må vere inngått før 1. januar 2010.

Sjå elles omtala i pkt. 7.5.

Lov om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

Til § 1

I sjette ledd blir tilvisninga til dekningsloven § 9-2 retta, slik at det blir vist til dekningalova § 9-2 andre ledd nr. 1 i staden for til første ledd nr. 2. Sjå elles omtala i pkt. 7.6.

Folketrygdlova

Til § 3-25

Ved lov 18. desember 2020 nr. 140 om endringer i folketrygdloven (utfasing av forsørgingstillegg til alderspensjon) blei det gjort endringar i mellom anna folketrygdlova § 3-25 andre ledd om barnetillegg til ein person som har fylt 67 år og som mottar heil alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 19. Eit feil årstal i fjerde punktum blir no retta opp. Sjå elles omtala i pkt. 7.3.

Til § 4-4

Paragrafen gjeld kravet om minsteinntekt for rett til dagpengar. Første ledd blir endra slik at berre arbeidsinntekta som er utbetalt dei siste tolv avslutta kalendermånadene før søknadstidpunktet, kan leggjast til grunn ved vurderinga av kravet til minsteinntekt. Samstundes blir det foreslått at det tydeleg går fram at det er dei faktiske utbetalingane i oppteningsperioden som skal leggjast til grunn, i tråd med praksis. Sjå elles omtala i pkt. 7.2.

Andre ledd blir foreslått endra slik at det går fram at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 blir rekna som arbeidsinntekt etter denne paragrafen, men berre når retten til desse ytingane er tent opp som arbeidstakarar. Sjå elles omtala i pkt. 2.

Til § 4-5

Paragrafen gjeld vilkåret om å vere reell arbeidssøkjar for å ha rett til dagpengar. Gjeldande tredje ledd blir foreslått oppheva som følgje av at retten til å få dagpengar i samband med feriefråvær blir avvikla. Gjeldande fjerde ledd blir dermed tredje ledd. Sjå elles omtala i pkt. 4.

Til § 4-11

Paragrafen gir reglar om kva for inntekter dagpengane blir rekna ut frå – dagpengegrunnlaget. Det blir foreslått å endre andre ledd slik at det går fram at berre inntekter som er utbetalt dei siste tolv avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet skal inngå i dagpengegrunnlaget. Sjå elles omtala i pkt. 2.

Samstundes blir det foreslått at det tydeleg går fram at det er dei faktiske utbetalingane i oppteningsperioden som skal leggjast til grunn, og at det er bruttoinntekta som inngår i grunnlaget. Sjå elles omtala i pkt. 7.2.

Til § 4-12

Paragrafen gjeld storleiken på dagpengane.

Gjeldande andre ledd tredje punktum blir oppheva som følgje av forslaget om at begge forsørgjarane skal få barnetillegget dersom begge er dagpengemottakarar. Sjå omtala i pkt. 3.

Etter tredje ledd kan dagpengane ikkje utgjere meir enn 90 prosent av grunnlaget, jf. § 4-11, medrekna barnetillegget. Forslaget om ei ferietilleggsordning, noko som i hovudsak svarar til den tidlegare ordninga, inneber at tredje ledd må endrast. Fram til 2015 gjekk det fram at avgrensinga på 90 prosent av grunnlaget ikkje gjaldt for ferietillegget, men kom i tillegg. Dette kjem fram i forslaget til endring av tredje ledd. Sjå elles omtala i pkt. 4.

Til § 4-14

Folketrygdlova § 4-14 blir endra til å innehalde reglar om ferietillegg til dagpengane. Ferietillegget blir i hovudsak foreslått gjeninnført slik det var før 1. januar 2015, og blir som då, regulert i § 4-14.

Retten til ferietillegg og storleiken på tillegget blir regulert i første ledd.

Etter andre ledd får departementet heimel til å gi forskrifter om innretninga av ferietilleggsordninga, det vil seie om berekninga og utbetalinga av tillegget. Sjå elles omtala i pkt. 4.

Til § 4-15

Paragrafen gjeld dagpengeperioden. I første ledd går det fram at den tidlegare inntekta til dagpengemottakarane avgjer lengda på dagpengeperioden. Med den foreslåtte endringa vil berre dei som har hatt utbetalt ei inntekt på minst 2G dei siste tolv avslutta kalendermånadene før søknadstidspunktet, kunne få dagpengar i inntil 104 veker. Dei som har hatt ein lågare inntekt, vil få dagpengar i inntil 52 veker. Sjå elles omtala i pkt. 2.

Til § 4-16

Paragrafen gjeld høve til å ta opp att eit vedtak om dagpengar etter avbrot i stønadsperioden av ulike årsaker. Noverande andre ledd blir oppheva som følgje av at det ikkje lenger er behov for særskilde reglar om gjenopptak av dagpengeperioden for dei som har deltatt i arbeidsmarknadstiltak, avtent verneplikta eller vore sjuke på grunn av graviditet. Gjeldande tredje ledd blir dermed andre ledd. Sjå elles omtala i pkt. 5.

Til § 8-17

I første ledd bokstav d og e blir tilvisinga endra frå § 8-4 tredje ledd til § 8-4 andre ledd, sidan andre ledd blei oppheva 1. juni 2021 og tredje ledd blei nytt andre ledd. Endringa har ikkje noko å seie materielt. Sjå elles omtala i pkt. 7.3.

Til § 8-49

I tredje ledd nytt tredje punktum blir det tatt inn ein rett til ferietillegg av sjukepengar på grunnlag av dagpengar. Når ferietillegget blir innført att for dagpengane, blir det også gitt rett til ferietillegg til sjukepengar etter denne særskilde heimelen. Sjå elles omtala i pkt. 4.

Til ny § 10-7 a

Paragrafen er ny. Etter første ledd første punktum kan det gis stønad til briller til ein medlem under 18 år som har behov for synskorrigering. Etter første ledd andre punktum blir det gjort unnatak frå det generelle kravet til at den nedsette arbeidsevna eller funksjonsevna må skuldast sjukdom, skade eller lyte.

I andre ledd er det fastsett at departementet kan gi forskrift om stønad etter paragrafen. Sjå elles omtala i pkt. 6.

Til § 20-20

Reglane om regulering av alderspensjon frå folketrygda blei nyleg endra slik at alderspensjon under utbetaling frå og med 2022 blir regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. § 20-20 gjeld garanti for opptente rettar. I tredje ledd tredje punktum står framleis den gamle reguleringsmåten med regulering i samsvar med lønnsveksten og fråtrekk med 0,75 prosent. Føresegna blir endra slik at det går fram at utbetalt garantitillegg skal bli regulert i samsvar med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Sjå elles omtala i pkt. 7.4.3.

Lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor

Til § 7

Sidan reglane for regulering av AFP i privat sektor ikkje skal leggast om til eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst slik det er i folketrygda, blir tilvisinga i fjerde ledd til folketrygdlova endra. I staden for å vise til reguleringa i folketrygdlova § 20-18 andre ledd, som no inneber eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, blir det tatt inn ei tilvising til lønnsveksten som gjelde for folketrygda etter § 20-18 første ledd, og som det så blir gjort fråtrekk for med 0,75 prosent. Sjå elles omtala i pkt. 7.4.4.

Lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse

Til § 4

Regulering av forsørgingstillegg til AFP frå Statens pensjonskasse blir i dag regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Noverande lovtekst i § 4 tredje og sjette punktum er likevel unødvendig tung, og endringane gjer teksten enklare. Endringane i tredje punktum klargjer at forsørgingstillegg til AFP skal bli regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, medan sjette punktum blir oppheva.

Endringa i § 4 femte punktum gjeld korleis ein skal regulera AFP ved første reguleringstidspunkt etter uttak i månadene juni til april. Sidan det ikkje lenger skjer eit fråtrekk på 0,75 prosent, vil det ikkje lenger vere noko fråtrekk som kan setjast ned. Metoden for å berekna regulering i det første året etter uttak må derfor bli endra. Føresegna blir endra slik at ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månadene juni til april, skal pensjonen, unntatt AFP-tillegg og forsørgingstillegg, bli regulert med ein faktor som består av både lønnsvekst og eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, vekta ut frå når i perioden pensjonen blei tatt ut.

Sjå elles omtala i pkt. 7.4.5.

Til forsida