St.meld. nr. 14 (2000-2001)

Børs og katedral— Om økonomien i Den norske kyrkja

Til innhaldsliste

2 Den lokale kyrkjeøkonomien på 1990-talet

2.1 Innleiing

Drifta av Den norske kyrkja blir i hovudsak finansiert frå tre kjelder. Staten har det økonomiske ansvaret for prestetenesta, for administrasjonen av bispedømma (bispedømmeråda, biskopane) og for verksemda i dei sentralkyrkjelege organa (Kyrkjemøtet/Kyrkjerådet), forutan ansvaret for å disponere avkastninga frå Opplysningsvesenets fond. Over statsbudsjettet blir det dessutan løyvd tilskott til dei kyrkjelege fellesråda. Kommunane har etter kyrkjelova eit lovregulert utgiftsansvar for dei lokale kyrkjelege organa og for utgiftene til kyrkjene og kyrkjegardane. Den tredje viktige inntektskjelda for kyrkja er inntekter frå private ved gåver o.a. Dei statlege finansieringsoppgåvene i høve til kyrkja er omtalte i kap. 3. Opplysningsvesenets fond er omtalt i kap. 4.

Dei offentlege løyvingane frå staten og kommunane er i stor grad retta mot den delen av verksemda i kyrkja som har tilknyting til gudstenester og kyrkjelege handlingar, dvs. til prestetenesta og til drifta av kyrkjene og kyrkjegardane. Dei offentlege løyvingane gjeld i mindre grad kyrkjelege aktivitetar og verksemd utover dette, til dømes til kyrkjeleg undervisning, barne- og ungdomsarbeid o.a.

Dei sentrale lovreglane som gjeld økonomien til den lokale kyrkja, finst i kyrkjelova §§ 14 og 15. Etter kyrkjelova § 14 er det no eit kyrkjeleg organ - det kyrkjelege fellesrådet i kommunen - som har ansvaret for forvaltninga av dei kommunale løyvingane. Det økonomiske ansvaret kommunane har, er særskilt regulert i kyrkjelova § 15. Ansvaret er her regulert i høve til særskilde utgiftsområde. Dei viktigaste er drifts- og lønnsutgiftene for bruken av kyrkjene til gudstenester og kyrkjelege handlingar, drifts- og lønnsutgiftene for kyrkjegardane og krematoria, administrative utgifter for kyrkjelege fellesråd og sokneråd forutan visse utgifter til prestetenesta.

Da Stortinget behandla forslaget til ny kyrkjelov, vart forslaget til § 15 endra ved at kommunane fekk ansvaret for å dekkje utgiftene til dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet. Dette lovfesta ansvaret hadde kommunane ikkje hatt tidlegare. Sjølv om kyrkjelova tok til å gjelde 1. januar 1997, vart reglane om kyrkjeleg fellesråd og kommunane sitt utgiftsansvar for dagleg leiar sette i verk 1. juli 1996. Dei årlege meirutgiftene for kommunane vart rekna til 39 mill. kroner, som vart innarbeidde i det statlege rammetilskottet til kommunane frå hausten 1996.

Under stortingsbehandlinga av statsbudsjettet for 1997 vart det med bakgrunn i den nye kyrkjelova gjort vedtak om å løyve 100 mill. kroner som tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane. Denne tilskottsordninga til dei kyrkjelege fellesråda er ført vidare i statsbudsjetta etter 1997. Eit særskilt tilskott til det diakonale arbeidet i kyrkjelydane har elles i fleire år vore løyvd over statsbudsjettet. Denne tilskottsordninga femner no i tillegg om tilskott til kyrkjeleg undervisning og kyrkjemusikk. Tilskottsordningane er omtalte i kap. 3.

Den økonomiske situasjonen for kyrkja lokalt er langt på veg ein funksjon av dei kommunale løyvingane til kyrkja. I lys av den nye kyrkjelova er det av interesse å sjå korleis dei kommunale løyvingane til kyrkja har utvikla seg over tid, både før og etter at kyrkjelova tok til å gjelde. Dessutan er det av interesse å sjå korleis dei samla inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda har utvikla seg i åra 1997-1999, og korleis dei kyrkjelege utgiftene har utvikla seg innanfor dei einskilde utgiftsområda. I dette kapitlet vil det bli gjort greie for utviklingstrekk på desse områda.

Det nye lovverket tok til å gjelde 1. januar 1997. Fram til 1997 var dei kyrkjelege utgiftene for det meste ein del av dei kommunale utgiftene, og førte som del av kommunerekneskapane. Frå 1997 har dei kyrkjelege fellesråda ført særskild rekneskap etter budsjett- og rekneskapsforskrifter fastsette av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, baserte på dei forskriftene som gjeld for kommunane. Det er tala frå desse rekneskapane som i det følgjande er nytta til å vise utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien. Kyrkjelege utgifter som ikkje er førte i desse rekneskapane, til dømes berre i rekneskapane til dei einskilde sokneråda, er ikkje med.

2.2 Dei kommunale utgiftene til kyrkja

2.2.1 Kommunerekneskapane. Utgifter til kyrkja 1991-1999

I tabell 2.1 er vist dei kommunale utgiftene til kyrkja for kvart år i perioden 1991-1999. Forutan utgifter til administrasjon gjeld hovuddelen av desse utgiftene lønn og andre driftsutgifter knytte til drifta og vedlikehaldet av kyrkjene og kyrkjegardane. Fram til 1997 skriv talmaterialet seg frå dei kommunale rekneskapane, slik desse er rapporterte til Statistisk sentralbyrå. Materialet for åra 1997-1999 kjem frå rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda. Endringane i rapporteringsgrunnlaget har si årsak i det nye kyrkjelege lovverket. Dei kyrkjelege fellesråda fekk frå 1997 ansvaret for å forvalte dei kommunale løyvingane til kyrkja, og det vart etablert ein særskild rekneskap for fellesråda, med krav om rapportering til Statistisk sentralbyrå.

Sidan rapporteringsgrunnlaget og -prosedyren for dei kyrkjelege rekneskapane endra seg frå og med 1997, vil det kunne liggje feilkjelder i talsamanlikningane mellom tida før og tida etter 1. januar 1997. Formålet med å samanlikne tal er å vise hovudtendensar og viktige utviklingstrekk over tid. Departementet legg til grunn at tabell 2.1 i det store og heile viser eit riktig bilete av utviklinga i dei kommunale utgiftene til kyrkja.

Etter kyrkjelova § 15 kan kommunane ha oppgåver på vegner av kyrkja, til dømes oppgåver som gjeld rekneskapsføring. Verdien av denne kommunale tenesteytinga er ikkje med i tabell 2.1, sjå pkt. 2.2.2.

Tabell 2.1 Kommunale utgifter1 til kyrkjelege formål 1991-1999, eksklusive verdien av kommunal tenesteyting, investeringar i bygg og anlegg (fast eigedom) og finansieringstransaksjonar (i 1000 kroner)

199119921993199419951996199721998219992
Utgifter1 115 7711 165 9431 203 1831 254 2311 307 8981 373 9221 220 4441 284 1201 366 400
Kyrkje-gardar3------35 04841 96956 814
Inntekter150 131166 855178 503189 177196 844220 44813 40515 2369 645
Nettosum kommunale utgifter965 640999 0881 024 6801 065 0541 111 0541 153 4741 242 0871 310 8531 413 569
Endring i prosent3,52,63,94,33,87,75,57,8

1 Sum post 01-39 minus sum post 60-79 frå dei kommunale drifts- og kapitalrekneskapane, rapporterte til Statistisk sentralbyrå i perioden 1991-1996. Post 73 minus post 33 frå rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda, rapporterte til Statistisk sentralbyrå for åra 1997-1999.

2 Sju av dei 435 kyrkjelege fellesråda rapporterte ikkje rekneskapen for 1997 til Statistisk sentralbyrå. Ni av fellesråda rapporterte ikkje for 1998 og 22 av fellesråda rapporterte ikkje for 1999. Dei fellesråda som ikkje rapporterte, var alle i kommunar med mindre enn 10 000 innbyggjarar, med unntak for fem av fellesråda i 1999. Tala i tabellen er justerte for dette ved at utgiftene for dei nemnde fellesråda er estimerte ut frå innbyggjartalet i vedkommande kommune etter gjennomsnittlege utgifter per innbyggjar i den kommunegruppa dei høyrer til.

3 Somme kommunar har i rekneskapane for 1997-1999 ført utgifter (og inntekter) for kyrkjegardane som driftsutgifter for kommunen. Desse utgiftene (og inntektene) er dermed ikkje førte i rekneskapane til fellesråda. Nettoutgiftene til kyrkjegardane i dei aktuelle kommunane er derfor for desse åra rekna med i tabellen, sjå nærmare omtale under pkt. 2.2.2.

Kjelde: Kjelde: Statistisk sentralbyrå/KUF.

Det er dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja som har størst interesse for vurderinga av endringar over tid. Det går fram av tabellen at dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja, eksklusive den kommunale tenesteytinga, auka med 42 mill. kroner frå 1995 til 1996 (3,8 pst.), 89 mill. kroner frå 1996 til 1997 (7,7 pst.), 69 mill. kroner frå 1997 til 1998 (5,5 pst.) og 103 mill. kroner frå 1998 til 1999 (7,8 pst.).

Når tabellen viser at dei kommunale utgiftene og inntektene på kyrkjesektoren gjekk ned frå 1996 til 1997, har det samanheng med at det vesentlege av dei kyrkjelege inntektene, dvs. inntekter frå kyrkjegardane, refusjon av sjukelønn o.a., frå 1997 ikkje er blitt førte som inntekt for kommunane, men som inntekt for dei kyrkjelege fellesråda. Dei kommunale inntektene i åra 1997-1999 er finansielle overføringar frå fellesråda til kommunane, til dømes i tilfelle der kommunen gjer ei teneste for fellesrådet mot betaling.

Kommunane betaler utgiftene til prestebustader, men desse utgiftene blir refunderte frå staten etter nærmare reglar. Utgiftene til dei kommunale prestebustadene er førte på særskilde postar i kommunerekneskapane og er ikkje med i tabellen.

Omtale av investeringar i bygg og anlegg og finansieringstransaksjonar er med under pkt. 2.4.

2.2.2 Den kommunale tenesteytinga til kyrkja 1997-1999

Kommunane har alltid hatt kyrkjerelaterte eller indirekte utgifter til kyrkja utover dei som eksplisitt blir førte i kommunerekneskapane som utgifter til Den norske kyrkja, sjå tabell 2.1. Dette gjeld utgifter i samband med tenester som rekneskapsføring, personalforvaltning, edb-tenester o.a. Dei kyrkjelege fellesråda fekk ansvaret for desse oppgåvene i den nye kyrkjelova, men den kommunale tenesteytinga til kyrkja kunne likevel halde fram i medhald av kyrkjelova § 15. Etter avtale med fellesrådet har mange kommunar framleis oppgåver på vegner av kyrkja, innanfor rekneskapsføring, utbetaling av lønn o.a. Det finst ikkje offisiell statistikk som viser storleiken på dei indirekte utgiftene kommunane hadde før den nye kyrkjelova tok til å gjelde. Med den nye kyrkjelova er det derimot stilt krav om verdisetjing av den kommunale tenesteytinga.

Verdien av den kommunale tenesteytinga er som nemnt ikkje rekna med i oversynet over dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i tabell 2.1, men kjem i tillegg. Det går fram av rekneskapane til fellesråda for 1997 at den kommunale tenesteytinga etter kyrkjelova § 15 var verdsett til 70 mill. kroner dette året. Den kommunale tenesteytinga var verdsett til nær 72 mill. kroner i 1998. I 1999 var ho vel 73 mill. kroner. Sjå elles tabell 2.4.

Det er ikkje mogleg å seie om verdien av den kommunale tenesteytinga etter 1. januar 1997 svarer til dei indirekte kyrkjelege utgiftene som kommunane hadde tidlegare. Som følgje av at dei kyrkjelege fellesråda ved den nye kyrkjelova fekk ansvaret for kyrkjelege forvaltningsoppgåver som kommunene hadde tidlegare, er det sannsynleg at omfanget av dei indirekte kommunale utgiftene til kyrkja er blitt mindre, og at utgiftene for ein del er rekna inn i dei finansielle overføringane til fellesråda.

I somme kommunar er det gjort avtale om at kommunen har ansvaret for forvaltninga av kyrkjegardane. Slik avtale skal godkjennast av departementet i medhald av gravferdslova § 23. Til no har departementet godkjent slik ordning i fire kommunar (Modum, Gjesdal, Vennesla og Sandefjord). I desse kommunane blir utgifter og inntekter som vedkjem kyrkjegardane, førte i kommunerekneskapen på vanleg måte.

I Oslo har kommunen driftsansvaret for kyrkjegardane, men forvaltningsansvaret for kyrkjegardane er likevel ikkje ført over frå fellesrådet til kommunen i medhald av gravferdslova § 23. Dei aktuelle utgiftene og inntektene blir førte i kommunerekneskapen. Ordninga i Oslo er ei form for kommunal tenesteyting etter kyrkjelova § 15, men er likevel ikkje verdsett i rekneskapen til fellesrådet. Ordninga i Oslo blir praktisert i fleire andre kommunar, mellom andre Bærum og Tromsø. Ein verknad av dette er at rekneskapane for fellesråda i desse kommunane, og i dei kommunane som har fått godkjent ei anna forvaltningsordning for kyrkjegardane etter gravferdslova § 23, ikkje alltid inneheld utgiftene og inntektene for kyrkjegardane. Det er korrigert for dette i tabell 2.1 for åra 1997-1999, sjå note til tabellen. Korreksjonen kunne òg ha vore gjord ved oppjustering av verdien av den kommunale tenesteytinga.

Tabell 2.2 viser summen av dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja når verdien av den kommunale tenesteytinga i åra 1997-1999 er rekna med.

Tabell 2.2 Sum kommunale nettoutgifter til kyrkja, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999, eksklusive investeringar i bygg og anlegg og finansieringstransaksjonar (i 1000 kroner)

199119921993199419951996199719981999
Nettoutgifter1965 640999 0881 024 6801 065 0541 111 0541 153 4741 242 0871 310 8531 413 569
Tenesteyting------70 27471 63173 476
Sum965 640999 0881 024 6801 065 0541 111 0541 153 4741 312 3611 382 4841 487 045
Endring i prosent3,52,63,94,33,813,85,37,6
Lønns- og prisvekst i kommune-sektoren21,90,52,43,33,63,35,23,9

1 Sumlinja her er den same som sumlinja i tabell 2.1.

2 Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi.

Tabell 2.2 viser mellom anna at auken i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja frå 1996 til 1997 var nær 14 pst. For heile perioden 1991-1999 auka dei kommunale nettoutgiftene frå 966 mill. kroner til 1 487 mill. kroner, dvs. med meir enn 50 pst. Auken må sjåast i samanheng med at dei indirekte utgiftene til kyrkja som kommunane hadde før 1997, ikkje er med i tabellen.

I figur 2.1 er vist utviklinga av dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i åra 1991-1999, samanlikna med den gjennomsnittlege pris- og lønnsauken i kommunesektoren i same perioden.

Figur 2.1 Utviklinga av dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja 1991-1999

Figur 2.1 Utviklinga av dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja 1991-1999

Tabell 2.2 og figur 2.1 viser at auken i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i perioden 1991-1997 kvart år var høgare enn lønns- og prisauken i kommunesektoren. Auken frå 1996 til 1997 (13,8 pst.) var særleg stor som resultat av den nye kyrkjelova. Frå 1997 til 1998 var det ein særleg stor pris- og lønnsauke i kommunesektoren. Auken i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja var dette året om lag på nivå med pris- og lønnsauken i kommunesektoren. For 1999 viser tabell 2.2 at auken i dei kommunale utgiftene til kyrkja, 7,6 pst., var høgare enn pris- og lønnsauken i kommunesektoren dette året.

2.2.3 Kommunale utgifter til kyrkja fordelte etter kommunestorleik 1991-1999

Med den nye kyrkjelova fekk kommunane utgiftsansvaret for stillinga som dagleg leiar av kyrkjeleg fellesråd (kyrkjeverje). Meirutgiftene for kommunane vart rekna til 39 mill. kroner, sjå pkt. 2.1. Denne kompensasjonen, som vart medrekna i rammetilskottet til kommunane, var ein kompensasjon til alle kommunane, utan omsyn til om kommunane tidlegare hadde oppretta stilling for dagleg leiar. I fleire kommunar var det i medhald av det tidlegare lovverket alt oppretta kyrkjeleg fellesråd og stilling for kyrkjeverje, men alle kommunane fekk frå 1996/1997 sin del av auken i rammetilskottet.

Tabell 2.3 viser dei prosentvise endringane i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i perioden 1991-1999, sjå tabell 2.1, fordelte på fem kommunegrupper eller -intervall etter talet på innbyggjarar 1

. Verdien av den kommunale tenesteytinga er ikkje med i denne tabellen, men i tabell 2.5 og 2.6.

Tabell 2.3 Prosentvise endringar i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja 1991-1999 fordelte på kommunegrupper, eksklusive verdien av kommunal tenesteyting, investeringar i bygg og anlegg og finansieringstransaksjonar

Intervall91/9292/9393/9494/9595/9696/9797/9898/9991/9696/9991/99
Under 5 0003,10,03,51,86,010,53,34,415,119,237,1
5 000 - 9 9993,2-0,55,55,93,23,08,16,618,418,740,5
10 000 - 19 9998,80,73,06,11,514,45,46,021,527,955,4
20 000 - 49 9993,55,6-0,49,52,02,95,411,121,520,446,3
Over 50 0000,16,58,00,05,67,66,310,821,526,854,1
Gjennomsnitt3,52,63,94,33,87,75,57,819,522,546,4

Tabellen viser at auken i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i perioden 1991-1999 fordeler seg ujamt i tid mellom kommunegruppene. For dei minste kommunane viser tabellen at dei kommunale utgiftene til kyrkja auka med 6,0 pst. i 1996 og med 10,5 pst. i 1997, medan det frå 1991 til 1996 kvart år var ein lågare auke. Auken frå 1997 til 1998 var 3,3 pst., og 4,4 pst. frå 1998 til 1999. Størst relativ auke i dei kommunale nettoutgiftene i perioden 1991-1999 var i kommunegruppa med 10-20 000 innbyggjarar. Den lågaste relative auken var i kommunar med under 5 000 innbyggjarar.

Verdien av den kommunale tenesteytinga til kyrkja, sjå pkt. 2.2.2, er ikkje med i tabell 2.3. I tabell 2.4 er verdien av den kommunale tenesteytinga i åra 1997-1999 fordelt på dei fem kommunegruppene. I tabell 2.4 er dessutan vist kor mange kommunar som høyrer heime i dei einskilde kommunegruppene.

Tabell 2.4 Verdien av kommunal tenesteyting i åra 1997-1999, fordelt på kommunegrupper (i 1000 kroner)

Intervall199719981999Endring 97/98 (i pst.)Endring 98/99 (i pst.)Talet på kommunar*
Under 5 00016 79019 66921 05617,17,1248
5 000 - 9 99914 69913 55815 112-7,811,590
10 000 - 19 99910 0939 62911 436-4,618,858
20 000 - 49 99925 63923 41820 645-8,7-11,830
Over 50 0003 0535 3575 22775,5-2,49
Sum70 27471 63173 476435

* Talet på kommunar som høyrde til dei ulike intervalla i 1991. Ved samanlikningar over tid er denne fordelinga nytta for alle åra 1991-1999.

Tabell 2.4 viser at verdien av den kommunale tenesteytinga auka med vel 3 mill. kroner frå 1997 til 1999 (4,5 pst.). Auken fordelte seg ujamt dei ulike kommunegruppene imellom.

I tabell 2.5 er vist summen av dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja fordelt på kommunegrupper når verdien av den kommunale tenesteytinga i tabell 2.4 er rekna med. Tabell 2.6 viser endringane målte i prosent.

Tabell 2.5 Sum kommunale nettoutgifter til kyrkja 1991-1999, sjå tabell 2.2, fordelt på kommuneintervall, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999, eksklusive investeringar i bygg og anlegg og finansieringstransaksjonar (i 1000 kroner)

Intervall199119921993199419951996199719981999
Under 5 000229 984237 226237 118245 379249 715264 684309 261321 759336 432
5 000-9 999163 387168 641167 851177 070187 485193 421213 938229 024244 724
10 000-19 999159 971174 017175 178180 495191 517194 338232 482244 094259 964
20 000-49 999194 534201 249212 465211 511231 679236 417268 798279 598305 217
Over 50 000217 764217 955232 068250 599250 658264 614287 882308 009340 708
Sum965 640999 0881 024 6801 065 0541 111 0541 153 4741 312 3611 382 4841 487 045

Tabell 2.6 Prosentvise endringar i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja 1991-1999, fordelte på kommunegrupper, inklusive verdien av kommunal tenesteyting, eksklusive investeringar i bygg og anlegg og finansieringstransaksjonar

Intervall91/9292/9393/9494/9595/9696/9797/9898/9991/9696/9991/99
Under 5 0003,10,03,51,86,016,84,04,615,127,146,3
5 000-9 9993,2-0,55,55,93,210,67,16,918,426,549,8
10 000-19 9998,80,73,06,11,519,65,06,521,533,862,5
20 000-49 9993,55,6-0,49,52,013,74,09,221,529,156,9
Over 50 0000,16,58,00,05,68,87,010,621,528,856,5
Gjennomsnitt3,52,63,94,33,813,85,37,619,528,954,0

For åra 1997-1999 viser tabell 2.6 at dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja auka relativt mest i kommunegruppa med 10-20 000 innbyggjarar (33,7 pst.). Tabellen viser òg at dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja i denne kommunegruppa hadde ein auke på vel 62 pst. i perioden 1991-1999, medan gjennomsnittet var nær 55 pst. Den lågaste auken i dei kommunale utgiftene til kyrkja i åra 1998 og 1999 var i dei minste kommunane. Denne var 4,0 pst. i 1998 og 4,6 pst. i 1999.

Boks 2.1 Dei kommunale utgiftene til kyrkja 1991-1999

Dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja har i perioden 1991-1999 kvart år hatt ein sterkare auke enn den gjennomsnittlege pris- og lønnsauken i kommunesektoren. For åra 1991-1996 var auken 19,5 pst. Størst auke i åra 1991-1999 var det i 1997 som følgje av kyrkjelova. Auken frå 1996 til 1997 var 7,7 pst. når verdien av den kommunale tenesteytinga ikkje blir rekna med. Elles var auken 13,8 pst. For året 1998 viste dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja om lag den same prosentvise auken som pris- og lønnsauken i kommunesektoren. I 1999 var dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja vesentleg høgare enn pris- og lønnsauken i kommunesektoren. Sedd under eitt var auken i dei kommunale utgiftene til kyrkja frå 1998 til 1999 på 7,6 pst. Den lågaste auken var i dei minste kommunane (4,6 pst.)

Auken i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja varierer mellom kommunane når utgiftene blir fordelte på kommunegrupper etter talet på innbyggjarar. Den største relative auken i nettoutgiftene til kyrkja i perioden 1991-99 var i kommunar med mellom 10 000 og 20 000 innbyggjarar. Dei kommunale utgiftene auka her frå 160 mill. kroner i 1991 til 260 mill. kroner i 1999, dvs. med over 60 pst. Den lågaste relative auken var i dei minste kommunane. Her auka dei kommunale utgiftene frå 230 mill. kroner i 1991 til 336 mill. kroner i 1999, dvs. med vel 45 pst.

2.3 Dei kyrkjelege fellesråda. Inntekter og utgifter 1997-1999

I tabellar nedanfor er driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda i åra 1997-1999 fordelte på ulike inntektskjelder, og driftsutgiftene er fordelte på ulike utgiftsformål. For å sjå variasjonar fellesråda imellom er tala òg fordelte på kommuneintervall etter innbyggjartalet i kommunane. Med slike spesifikasjonar vil det vere avgjerande for kvaliteten i tala at det materialet som ligg til grunn, er korrekt, dvs. at rekneskapane er førte i samsvar med dei kontoplanane som gjeld og på same måten av alle fellesråda. Den omlegginga som vart gjennomført i 1997 som følgje av kyrkjelova, gir grunn til å rekne med at det er variasjonar fellesråda imellom med omsyn til korleis inntekter og utgifter blir førte, og at det ved spesifiserte talsamanlikningar mellom fellesråda, og frå det eine året til det neste, vil vere feilkjelder i bakgrunnsmaterialet. Når det derimot gjeld hovudtendensar og utviklingstrekk, som er formålet med å ta spesifikasjonane med, legg departementet til grunn at materialet i det store og heile gir eit riktig bilete.

2.3.1 Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda i åra 1997-1999, fordelte på ulike inntektskjelder, er viste i tabell 2.7.

Tabell 2.7 Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999, fordelte på inntektskjelder (i 1000 kroner)

Inntektskjelder1997Prosentdel1998Prosentdel1999ProsentdelEndring 97/98 i pst.Endring 98/99 i pst.
Sum kommunalt bidrag11 325 76681,41 397 72079,21 496 69077,95,47,1
Statlege overføringar124 8587,7142 1198,0144 8647,613,81,9
Overføringar frå sokneråd4 6700,318 3861,024 8381,3293,735,1
Sals- og leigeinntekter74 6364,693 6385,3106 4405,525,513,7
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga.31 8302,039 9052,346 4052,425,416,3
Gåver, ofringar o.a.32 7582,040 3032,349 4632,623,022,7
Ymse andre inntekter33 5872,033 6841,951 8752,70,354,0
Sum1 628 105100,01 765 755100,01 920 575100,08,58,8

1 Sum kommunalt bidrag er finansielle overføringar til fellesråda (bruttotal, sjå tabell 2.1). I tillegg er medrekna verdien av kommunal tenesteyting, og av kyrkjegardsdrifta i nokre kommunar, sjå note 3 til tabell 2.1.

Kjelde: Kjelde: Statistisk sentralbyrå/KUF

Tabellen viser at inntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med vel 137 mill. kroner frå 1997 til 1998 (8,5 pst.) og med nær 155 mill. kroner frå 1998 til 1999 (8,8 pst.). Nedanfor er dei einskilde inntektskjeldene kommenterte særskilt.

Kommunale bidrag

Summen av dei kommunale bidraga var 1 326 mill. kroner i 1997 og svarte dermed til over 80 pst. av inntektene til fellesråda. I 1999 var bidraga 1 497 mill. kroner, dvs. nær 78 pst. av inntektene. At det samla kommunale bidraget i 1999 var ein mindre del av dei samla inntektene til fellesråda enn i 1997, har samanheng med at inntektene frå andre kjelder auka meir frå 1997 til 1999. Sjå pkt. 2.2 om utviklinga i dei kommunale utgiftene (nominelle og relative tal) til kyrkja for åra 1991-1999.

Statlege overføringar

Dei statlege overføringane, som er om lag 8 pst. av inntektene til fellesråda, gjeld i hovudsak statstilskott til dei kyrkjelege fellesråda som blir løyvde på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Det generelle tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, sjå statsbudsjettet kap. 294 post 72, var 100 mill. kroner i 1997 og 1998, og 110 mill. kroner i 1999. I tillegg kjem det særskilde tilskottet til diakoni, kyrkjeleg undervisning og kyrkjemusikk, sjå statsbudsjettet kap. 294 post 71, som i 1997 var vel 20 mill. kroner, i 1998 vel 23 mill. kroner og i 1999 nær 25 mill. kroner.

Overføringar frå sokneråd

Overføringar frå sokneråd til fellesråd gjeld mellom anna refusjon for oppgåver eller tenester som fellesråda har ansvaret for på vegner av sokneråda. Fleire kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaroppgåver på vegner av sokneråda, medan det er sokneråda som finansierer lønna for den einskilde arbeidstakaren. Overføringane frå sokneråda auka med vel 20 mill. kroner frå 1997 til 1999. Denne auken er ein indikasjon på at stadig fleire oppgåver, ikkje minst ansvaret for stillingar, blir førte over frå sokneråda til fellesråda, mot utgiftsrefusjon frå sokneråda.

Sals- og leigeinntekter

Sals- og leigeinntekter gjeld for det meste inntekter frå kyrkjegardane (mellom anna avgift for feste av grav), og inntekter ved utleige av kyrkjene (til kyrkjekonsertar o.a.). Sals- og leigeinntektene auka med meir enn 40 pst. frå 1997 til 1999. Denne inntektsauken kan vere ein indikasjon på ei oppregulering av avgifter og leigebeløp.

Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga

Refusjonen av lønn frå trygdeforvaltninga auka med 45 pst. frå 1997 til 1999. For ein del må dette sjåast i samanheng med at fellesråda på vegner av sokneråda har fått arbeidsgivaransvaret for fleire arbeidstakarar i 1998 og 1999 enn dei hadde i 1997.

Gåver og ofringar

Inntektene til kyrkjelydane i form av gåver, ofringar o.a. er i hovudsak inntekter for sokneråda til tiltak innanfor barne- og ungdomsarbeidet, diakonien o.a., sjå pkt. 2.3.2. Når gåveinntektene for dei kyrkjelege fellesråda var så store som tabell 2.7 viser, må det sjåast på bakgrunn av at det i 129 kommunar berre er eitt sokneråd. Desse 129 sokneråda har dei oppgåvene som dei kyrkjelege fellesråda har etter kyrkjelova § 14, og rapporterer sine rekneskapar på same måten som kyrkjelege fellesråd i kommunar med fleire sokn. Ein stor del av gåveinntektene gjeld desse sokneråda, som er i mindre kommunar, sjå tabell 2.8.

Ymse andre inntekter

Under andre inntekter er i tabell 2.7 ført inntekter som ikkje er med under dei andre inntektskjeldene. Det gjeld mellom anna overføringane frå andre enn staten, kommunane, sokneråda og trygdeforvaltninga, og renteinntekter. Etter rekneskapane til fellesråda i 1997 var overføringane frå andre 22,5 mill. kroner, medan renteinntektene var 6,4 mill. kroner. I 1999 var overføringane frå andre 20,5 mill. kroner og renteinntektene nær 26 mill. kroner.

Fordelinga av inntektene på kommunegrupper

I tabell 2.8 er vist korleis inntektene til fellesråda, slik dei er fordelte og summerte i tabell 2.7, varierer mellom fellesråd i kommunar av ulik storleik.

Tabell 2.8 Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999 fordelte etter kommunegrupper, nominelt (i 1000 kroner) og prosentvis, sjå elles noten til tabell 2.7

Inntektskjelder1997Prosentdel1998Prosentdel1999ProsentdelEndring 97/98 i pst.Endring 98/99 i pst.
Intervall under 5 000 innbyggjarar
Sum kommunalt bidrag312 32778,4327 37675,9340 10475,14,83,9
Statlege overføringar46 65911,751 54512,050 72411,210,5-1,6
Overføringar frå sokneråd1 9230,52 2010,51 4070,314,5-36,1
Sals- og leigeinntekter9 8022,415 6543,617 8904,059,714,3
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga5 8661,58 1191,910 0272,238,423,5
Gåver, ofringar o.a.11 8343,016 5243,820 1204,539,621,8
Ymse andre inntekter9 9262,59 6912,312 4132,7-2,428,1
Sum398 337100,0431 110100,0452 685100,08,25,0
Intervall 5 000 - 9 999 innbyggjarar
Sum kommunalt bidrag216 52381,1231 04279,1246 31378,36,76,6
Statlege overføringar23 3518,727 5149,427 7708,817,80,9
Overføringar frå sokneråd8780,31 8780,61 8140,6113,9-3,4
Sals- og leigeinntekter10 3833,911 3833,914 2624,59,625,3
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga5 2402,06 2032,16 5072,118,44,9
Gåver, ofringar o.a.1 9020,78 0492,89 7953,1323,221,7
Ymse andre inntekter8 8083,36 1262,18 1902,6-30,433,7
Sum267 085100,0292 195100,0314 651100,09,47,7
Intervall 10 000 - 19 999 innbyggjarar
Sum kommunalt bidrag234 62984,2245 56480,2261 75578,74,76,6
Statlege overføringar21 0867,523 3027,622 7816,910,5-2,2
Overføringar frå sokneråd5260,22 1790,73 0500,9314,340,0
Sals- og leigeinntekter8 4263,014 7104,819 2665,874,631,0
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga7 5152,77 7312,57 9602,42,93,0
Gåver, ofringar o.a.2 7271,08 1072,78 3582,5197,33,1
Ymse andre inntekter3 8141,44 5531,59 3802,819,4106,0
Sum278 723100,0306 146100,0332 550100,09,88,6
Intervall 20 000 - 49 999 innbyggjarar
Sum kommunalt bidrag273 13083,3283 96280,6306 69978,34,08,0
Statlege overføringar18 1705,621 5156,123 6576,118,410,0
Overføringar frå sokneråd1 2510,49 5202,79 1772,4661,0-3,6
Sals- og leigeinntekter17 1515,219 5925,622 7775,814,216,3
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga6 7692,18 3652,49 8862,523,618,2
Gåver, ofringar o.a.2 3650,74 7531,38 2932,1101,074,5
Ymse andre inntekter8 9372,74 5311,311 1592,8-49,3146,3
Sum327 773100,0352 238100,0391 648100,07,511,2
Intervall over 50 000 innbyggjarar
Sum kommunalt bidrag289 15781,2309 77680,7341 81979,77,110,3
Statlege overføringar15 5924,418 2434,719 9324,617,09,3
Overføringar frå sokneråd920,02 6080,79 3902,22734,8260,0
Sals- og leigeinntekter28 8748,132 2998,432 2457,511,9-0,2
Refusjon av lønn frå trygdeforvaltninga6 4401,89 4872,512 0252,847,326,8
Gåver, ofringar o.a.13 9303,92 8700,72 8970,7-79,40,9
Ymse andre inntekter2 1020,68 7832,310 7332,5317,822,2
Sum356 187100,0384 066100,0429 041100,07,811,7

Tabell 2.8 viser at det samla kommunale bidraget i åra 1997-1999 var ein mindre del av dei samla inntektene til fellesråda i dei minste kommunane enn i dei andre. Dette har mellom anna samanheng med at inntektene frå gåver og ofringar er ein større del av dei samla inntektene til fellesråda i dei små kommunane, som følgje av at dei 129 sokneråda som òg har status som fellesråd, for ein stor del er lokaliserte i desse. Dessutan er dei statlege overføringane størst i dei minste kommunane og minst i dei største. Den viktigaste årsaka til dette er tildelingsreglane for det generelle statstilskottet til fellesråda, som er til beste for dei minste kommunane, sjå kap. 3. Tabellen viser elles at auken i overføringane frå sokneråda til fellesråda frå 1997 til 1999 var størst i dei større kommunane.

Som nemnt utgjer inntektene frå gåver og ofringar ein større del av inntektene for fellesråda i dei minste kommunane, sjå kommentaren til tabell 2.7. I dei største kommunane var det i 1997 ført opp 14 mill. kroner som inntekt her, medan det for 1998 og 1999 er ført opp eit mykje lågare tal. Store relative endringar frå 1997 til 1998 og 1999 var det òg i andre kommunegrupper innanfor dette inntektsområdet. Det same gjeld ymse andre inntekter. Dette kan vere ein indikasjon på at store endringar frå eitt år til det neste kan ha samanheng med endringar i rekneskapsføringa.

2.3.2 Inntekter frå private, frå eigedommar o.a.

Forutan løyvingar frå stat og kommune rår dei einskilde kyrkjelydane over inntekter dei får frå private. Dette vil mellom anna gjelde inntekter frå ofringar, givarteneste og testamentariske gåver. I tillegg kjem inntekter frå eventuelle eigedommar, som forsamlingslokale, husvære o.a., eller frå lokale fond. Kyrkjelydane kan elles vere eigarar av barnehagar og av sjuke- og aldersheimar, eller dei kan ha oppretta særskilde stiftelsar for formålet.

Somme kyrkjelydar rår over såkalla kyrkjefond, som er pengekapital som høyrer til kyrkjebygget, til dømes som følgje av sal av delar av kyrkjetomta. Kyrkjefonda er særskilt regulerte i kyrkjelova § 19 og vart elles omtalte i NOU 1989:7 Den lokale kirkes ordning 2

.

Dei inntektene kyrkjelydane får frå private og frå eventuelle eigedommar og fond, er ein del av inntekts- og formuesgrunnlaget til kyrkja. Ofte ligg det føre rettslege bindingar på korleis midlane kan nyttast. Dette kan til dømes vere fastsett i testament, eller givaren kan ha stilt vilkår om at midlane skal nyttast til særskilde formål, til dømes til diakonien eller til barne- og ungdomsarbeidet. Inntekter frå private, frå eigedommar og fond blir i hovudsak nytta til tiltak som stat eller kommune har eit avgrensa økonomisk ansvar for. Desse inntektene er dermed viktige finansieringskjelder for kyrkjeleg verksemd og aktivitetar som ikkje er ein del av gudstenestelivet og dei kyrkjelege handlingane.

Etter opplysningar frå Kyrkjerådet var inntektene frå ofringar under gudstenestene i kyrkjene i 1991 til saman 91,5 mill. kroner. I 1995 var desse inntektene 98,5 mill. kroner, i 1999 var dei 107,9 mill. kroner. I perioden 1991-1999 har auken dermed vore 18 pst. Lønns- og prisauken i kommunesektoren var i denne perioden på meir enn 25 pst. Ofte er ofringane øyremerkte for særskilde formål, og ofte til formål utanfor kyrkjelyden, til dømes til kristelege organisasjonar eller institusjonar med felleskyrkjelege oppgåver. I 1991 gjekk 32 pst. av inntektene frå ofringane til arbeidet i kyrkjelydane. Frå 1995 har denne delen vore stabil på nær 40 pst.

Det økonomiske ansvaret staten og kommunane har for kyrkja, er ikkje regulert etter dei inntektene kyrkja får frå private, frå eigedommar, lokale fond o.a. Departementet ser det ikkje som aktuelt å endre på dette.

I Den norske kyrkja er det i dag meir enn 1 300 sokn. Soknet er etter kyrkjelova den rettslege grunneininga i kyrkja og eit sjølvstendig rettssubjekt. Kyrkjene og kyrkjegardane er soknet si eige, med mindre noko anna går fram av særskilt rettsgrunnlag. Kyrkjeleg fellesråd representerer no soknet som eigar av kyrkjer og kyrkjegardar, mens eigarskapen tidlegare var meir uklar. På somme område var det kommunale organ som rettsleg sett representerte soknet. Eigartilhøva til lokale kyrkjelege fond, kyrkjelege eigedommar o.a. er etter dette ulike kyrkjelydane imellom. Dei rettslege eigartilhøva er ofte kompliserte, og det pågår no - som følgje av det nye kyrkjelege lovverket - eit arbeid i mange kyrkjelydar med å klargjere eigedomstilhøva.

Det er av generell interesse å sjå utviklinga i gåveinntektene til kyrkja i lys av utviklinga i dei kommunale og statlege løyvingane. Dei opplysningane som går fram av tabell 2.7 om dette, er ikkje fullstendige. Auka kunnskap på området vil gi grunnlag for å få fram eit meir fullstendig bilete av den samla økonomien i kyrkja og ha verdi mellom anna i utgreiingssamanheng. Sidan det ikkje tidlegare har vore gitt særskilde reglar om rekneskapane til det einskilde soknet, og det ikkje har vore stilt krav om sentral rapportering frå desse rekneskapane, har statistikken over gåveinntekter, inntekter frå eigedommar, lokale fond og liknande vore svakt utvikla. På denne bakgrunnen har departementet, med heimel i den nye kyrkjelova, fastsett at rekneskapane til den einskilde kyrkjelyden, dvs. rekneskapane for sokneråda, skal førast og rapporterast etter dei same reglane som gjeld for dei kyrkjelege fellesråda. Dette er ei krevjande omlegging, men det skjer no ei tilpassing av desse rekneskapane til dei sentrale reglane som gjeld.

2.3.3 Driftsutgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999

Fordelinga på utgiftsformål

Dei kyrkjelege utgiftene som kommunane har eit lovregulert ansvar for, fordeler seg i hovudsak mellom utgifter til 1) kyrkjeleg administrasjon, 2) kyrkjene og 3) kyrkjegardane. I kommunerekneskapane og i rekneskapane til fellesråda er utgiftene i første rekkje fordelte på desse tre hovudformåla.

Utgiftene til kyrkjeleg administrasjon gjeld særleg utgifter til administrasjonen for fellesråda med dagleg leiar (kyrkjeverje), men vil òg kunne vere utgifter til kontorhald o.a. for dei einskilde sokneråda.

Utgiftene til kyrkjene gjeld utgifter til vedlikehald og drift av kyrkjebygg. Lønn til organist, klokkar, kyrkjetenar og andre som har ei teneste som i særleg grad gjeld gudstenester og kyrkjelege handlingar, er med under dette utgiftsformålet.

Utgiftene til kyrkjegardane gjeld utgifter til vedlikehald og drift av kyrkjegardane og krematoria, inklusive lønn til tenestemenn med arbeid knytt til drifta og vedlikehaldet av kyrkjegardane og krematoria.

I rekneskapane til fellesråda er det med eit fjerde utgiftsformål. Dette vart teke med frå 1997 i samband med den nye kyrkjelova, og gjeld utgifter som ikkje naturleg høyrer heime under dei andre utgiftsformåla. Dette er mest utgifter til den verksemda eller dei aktivitetane som kyrkjelydane har innanfor barne- og ungdomsarbeidet, diakonien o.a., og som for ein del blir finansierte av gåveinntektene.

For å kunne vurdere kva verknad den nye kyrkjelova har hatt for kyrkjeøkonomien, er det av interesse å sjå korleis utviklinga av dei kyrkjelege utgiftene på dei einskilde utgiftsformåla har vore over tid.

I tabell 2.9 er vist utgiftsfordelinga på formål etter kommunerekneskapane fram til og med 1996 og etter rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda for åra 1997-1999.

Den første delen av tabellen viser bruttoutgiftene slik dei er førte i rekneskapane. Den andre delen viser omfanget av kommunal tenesteyting i åra 1997-1999 under dei einskilde formåla. Tala for den kommunale tenesteytinga i tabellen viser dei nettoutgiftene kommunane har hatt til tenesteytinga. Sjølv om tabellen dermed har med både brutto- og nettotal, legg departementet til grunn at tabellen i hovudsak gir eit riktig bilete av utgiftsfordelinga med grunnlag i rekneskapane. Den kommunale tenesteytinga er ein liten del av dei samla utgiftene, og det vil samla sett vere små inntekter for kommunane på desse områda.

Tabell 2.9 Brutto driftsutgifter til kyrkjelege formål, inklusive verdien av kommunal tenesteyting, fordelte etter utgiftsformål i rekneskapane 1991-1999 (i 1000 kroner)

Formål199119921993199419951996199719981999
Kyrkjeleg administrasjon192 530209 925238 585246 851267 685302 802387 934449 711487 251
Kyrkjer642 715665 462672 301703 262730 013746 906747 717783 317812 010
Kyrkjegardar280 526290 556292 297304 118310 200324 214249 340273 201289 990
Kyrkjegardar172 76484 968102 472
Andre kyrkjelege formål------53 755104 929126 613
Kommunal tenesteyting:
Kyrkjeleg administrasjon22 11427 64128 878
Kyrkjer21 2049 60812 202
Kyrkjegardar25 54232 40030 817
Andre kyrkjelege formål------1 4141 9821 579
Sum fordelt på formål:
Kyrkjeleg administrasjon192 530209 925238 585246 851267 685302 802410 048477 352516 129
Kyrkjer642 715665 462672 301703 262730 013746 906768 921792 925824 212
Kyrkjegardar280 526290 556292 297304 118310 200324 214347 646390 569423 279
Andre kyrkjelege formål------55 169106 911128 192
Sum1 115 7711 165 9431 203 1831 254 2311 307 8981 373 9221 581 7841 767 7571 891 812

1 Sjå note 3 til tabell 2.1. I tabell 2.9 er utgiftene førte opp med bruttotal.

Ved gjennomgangen av kommunerekneskapane og rekneskapane til fellesråda har departementet registrert at fleire kommunar før 1997 og fleire fellesråd etter 1997 berre har nytta eitt eller to av formåla. Fordelinga av utgiftene på formål i samsvar med rekneskapane i tabell 2.9 gir dermed ikkje eit riktig bilete av den faktiske fordelinga. I tabell 2.10 og 2.11 er dei samla utgiftene, slik dei går fram av rekneskapane og er presenterte i tabell 2.9, for åra 1991-1998 fordelte med grunnlag i eit utval av rekneskapane. Dette utvalet, som femner om 353 av i alt 435 kommunar og fellesråd, har nytta alle formåla i heile perioden. I seinare tabellar som viser fordelinga på utgiftsformål (tabellane 2.12, 2.13, 2.14 og 2.15) er det denne utvalsmetoden som ligg til grunn for dei aktuelle åra. Med dette utvalet får ein for dei aktuelle åra fram eit meir korrekt bilete av utviklingstrekk enn dei faktiske tala frå rekneskapane gjer det. Tabellar som er utarbeidde med grunnlag i utvalet, er etter dette baserte på estimat. Estimata vil vere mest usikre for fellesråda i dei største kommunane, dvs. kommunar med over 50 000 innbyggjarar, sidan berre seks av i alt ni kommunar er med i utvalet. For året 1999 er derimot fordelinga på utgiftsformål i dei nemnde tabellane i samsvar med rekneskapane. Etter to år med nye forskrifter for rekneskapsføringa legg departementet til grunn at dei kyrkjelege fellesråda i sine rekneskaper no fordeler utgiftene på formål tilnærma korrekt.

Tabell 2.10 viser fordelinga mellom utgiftsformåla i tabell 2.9 når denne blir korrigert slik som nemnt ovanfor. Tabell 2.11 viser endringane målte i prosent. Det har størst interesse å sjå på endringane i utgiftene til kyrkjeleg administrasjon, kyrkjer og kyrkjegardar, som det finst tal for i heile perioden 1991-1999. Det fjerde utgiftsformålet (andre kyrkjelege formål) er derfor ikkje med i tabell 2.10 og 2.11. Tabell 2.12 viser kor stor del utgiftene til kyrkjeleg administrasjon, kyrkjene og kyrkjegardane har utgjort av dei samla utgiftene til desse tre formåla i perioden 1991-1999.

Tabell 2.10 Brutto driftsutgifter til kyrkjelege formål 1991-1999 fordelte på tre av utgiftsformåla, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999 (i 1000 kroner)

Formål199119921993199419951996199719981999
Kyrkjeleg administrasjon158 572175 256187 215201 259222 426248 385372 404471 146516 129
Kyrkjer669 075689 771708 989732 356759 917783 018794 830791 301824 212
Kyrkjegardar288 124300 916306 979320 616325 555342 519359 381398 399423 279
Sum11 115 7711 165 9431 203 1831 254 2311 307 8981 373 9221 526 6151 660 8461 763 620

1 Sumlinja her er den same som i tabell 2.9 med frådrag av utgiftene til andre kyrkjelege formål i tabell 2.9.

Tabell 2.11 Prosentvis endring i brutto driftsutgifter til kyrkjelege formål 1991-1999 fordelt på tre av utgiftsformåla, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999

Formål91/9292/9393/9494/9595/9696/9797/9898/9991/9696/9991/99
Kyrkjeleg administrasjon10,56,87,510,511,749,926,59,556,6107,8225,5
Kyrkjer3,12,83,33,83,01,5-0,44,217,05,323,2
Kyrkjegardar4,42,04,41,55,24,910,96,218,923,646,9
Gjennomsnitt4,53,24,24,35,011,18,86,223,128,458,1

Tabell 2.11 viser at den samla auken under dei tre formåla var vel 11 pst. frå 1996 til 1997, og nær 9 pst. frå 1997 til 1998. Auken varierte med mellom 3 og 5 pst. i åra før, men verdien av dei indirekte kommunale utgiftene til kyrkja i tida før 1997 er som tidlegare nemnt ikkje med i grunnlaget. Frå 1998 til 1999 var auken vel 6 pst.

Tabell 2.10 og 2.11 viser at utgiftene til kyrkjeleg administrasjon har hatt ein vesentleg vekst dei seinare åra, særleg i 1997 og 1998. Utgiftene til kyrkjegardane har òg hatt ein bra vekst dei siste åra, medan utgiftene til kyrkjene i åra 1997-1999 auka mindre enn gjennomsnittet for tidlegare år.

Tabell 2.12 Relativ fordeling av driftsutgiftene til kyrkjeleg administrasjon, kyrkjer og kyrkjegardar 1991-1999, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999

Formål199119921993199419951996199719981999
Kyrkjeleg administrasjon14,215,015,616,017,018,124,428,429,3
Kyrkjer60,059,258,958,458,157,052,147,646,7
Kyrkjegardar25,825,825,525,624,924,923,524,024,0
Sum100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0

Tabell 2.12 viser at utgiftene til kyrkjeleg administrasjon i perioden 1991-1999 utgjer ein stadig aukande del, medan utgiftene til kyrkjene og kyrkjegardane utgjer ein minkande del. Skiftet er særleg stort frå 1996 til 1997.

Fordeling av utgiftene til kyrkjeleg administrasjon, kyrkjer og kyrkjegardar i kommunar av ulik storleik

På same måten som det er av interesse å sjå korleis dei kommunale utgiftene til kyrkja fordeler seg etter kommunestorleik, sjå tabellane 2.5 og 2.6, er det av interesse å sjå korleis utgiftene på dei tre utgiftsformåla fordeler seg etter kommunestorleik. Tabell 2.13 viser korleis den kyrkjelege utgiftsutviklinga nominelt har vore i perioden 1991-1999, fordelt etter formål og etter kommunestorleik. Tabell 2.14 viser endringane målte i prosent.

Tabell 2.13 Kyrkjelege driftsutgifter 1991-1999 fordelte på formål etter kommunegrupper, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999 (i 1000 kr).

Intervall199119921993199419951996199719981999
Kyrkjeleg administrasjon
Under 500046 37749 22952 55256 10160 01267 931118 038133 686141 155
5 000-9 99937 72542 23544 90648 54553 88560 73084 05899 369103 460
10 000-19 99929 15632 46234 90735 31543 20547 01275 41088 89797 510
20 000-49 99925 86431 73533 93335 83538 07640 52262 92482 43485 673
Over 50 00019 45019 59520 91725 46327 24832 19031 97466 76088 331
Sum158 572175 256187 215201 259222 426248 385372 404471 146516 129
Kyrkjer
Under 5000166 092173 200171 967173 959181 024182 601178 845187 519198 391
5 000-9 999106 230108 230110 436114 219116 821118 553120 887119 906124 398
10 000-19 999110 953119 120118 669124 743125 374130 853130 375134 911138 167
20 000-49 999137 319136 757143 521146 260160 138164 968167 780163 432172 892
Over 50 000148 481152 464164 396173 175176 560186 043196 943185 533190 364
Sum669 075689 771708 989732 356759 917783 018794 830791 301824 212
Kyrkjegardar
Under 500039 30039 75038 25841 15240 31542 95151 45858 71262 205
5 000-9 99933 54738 09335 86238 72038 81840 75242 94246 25753 975
10 000-19 99939 81242 75942 28642 72445 65248 40150 84458 57662 573
20 000-49 99954 17857 76161 84862 63066 33267 67269 01675 75080 260
Over 50 000121 287122 553128 725135 390134 438142 743145 121159 104164 266
Sum288 124300 916306 979320 616325 555342 519359 381398 399423 279

Tabell 2.14 Prosentvis endring i kyrkjelege driftsutgifter 1991-1999 fordelte på formål etter kommunegrupper, inklusive verdien av kommunal tenesteyting 1997-1999

Intervall91/9292/9393/9494/9595/9696/9797/9898/9991/9696/9991/99
Kyrkjeleg administrasjon
Under 50006,16,86,87,013,273,813,35,646,5107,8204,4
5 000-9 99912,06,38,111,012,738,418,24,161,070,4174,2
10 000-19 99911,37,51,222,38,860,417,99,761,2107,4234,4
20 000-49 99922,76,95,66,36,455,331,03,956,7111,4231,2
Over 50 0000,76,721,77,018,1-0,7108,832,365,5174,4354,1
Gjennomsnitt10,56,87,510,511,749,926,59,556,6107,8225,5
Kyrkjer
Under 50004,3-0,71,24,10,9-2,14,95,89,98,619,4
5 000-9 9991,92,03,42,31,52,0-0,83,711,64,917,1
10 000-19 9997,4-0,45,10,54,4-0,43,52,417,95,624,5
20 000-49 999-0,44,91,99,53,01,7-2,65,820,14,825,9
Over 50 0002,77,85,32,05,45,9-5,82,625,32,328,2
Gjennomsnitt3,12,83,33,83,01,5-0,44,217,05,323,2
Kyrkjegardar
Under 50001,1-3,87,6-2,06,519,814,15,99,344,858,3
5 000-9 99913,6-5,98,00,35,05,47,716,721,532,460,9
10 000-19 9997,4-1,11,06,96,05,015,26,821,629,357,2
20 000-49 9996,67,11,35,92,02,09,86,024,918,648,1
Over 50 0001,05,05,2-0,76,21,79,63,217,715,135,4
Gjennomsnitt4,42,04,41,55,24,910,96,218,923,646,9

I det følgjande er tabell 2.14 kommentert for kvart utgiftsformål. Som generell bakgrunn for denne gjennomgangen er det grunn til å understreke at dei talverdiar og prosentar som det blir vist til for åra 1991-1998, er estimat, sjå framanfor om bruken av utval.

Kyrkjeleg administrasjon

Tabell 2.14 viser at den relative auken i utgiftene til kyrkjeleg administrasjon frå 1996 til 1997 var størst for fellesråda i dei minste kommunane. Auken var her meir enn 70 pst. I dei andre kommunegruppene varierte auken med mellom 38 og 60 pst., med unntak for fellesråda i dei største kommunane. For fellesråda i dei største kommunane, dvs. i kommunar med meir enn 50 000 innbyggjarar, viser tabellen nedgang i utgiftene til kyrkjeleg administrasjon i 1997, men her var det ein relativt stor auke i 1994 og 1996. Tabellen viser òg at auken i utgiftene til kyrkjeleg administrasjon frå 1997 til 1999 var særleg stor for fellesråda i dei største kommunane. Det kan vere grunn til å sjå auken i desse åra i samanheng med mellom anna nedgangen i utgiftene til kyrkjer i desse kommunane, sjå nedanfor. For perioden 1991-1999 sedd under eitt viser tabellen at utgiftene til kyrkjeleg administrasjon auka relativt mest i kommunar med over 50 000 innbyggjarar.

Kyrkjene

Tabell 2.14 viser nedgang i utgiftene til kyrkjene i to av kommunegruppene frå 1996 til 1997, mellom anna i dei minste kommunane. For dei same kommunegruppene er det auke i utgiftene til kyrkjene frå 1997 til 1998 og frå 1998 til 1999. Liknande variasjonar frå det eine året til det neste var det òg for andre kommunegrupper i åra 1997-1999.

Utgiftene til kyrkjene hadde samla sett ein auke på 3 pst. i 1996, 1,5 pst. i 1997, ein nedgang på 0,4 pst i 1998 og ein auke på 4,2 pst i 1999. Nedgang eller svak auke i utgiftene til kyrkjene kan vere ein indikasjon på reell utgiftsreduksjon, eventuelt omdisponering av midlar til andre formål, eller endringar i rekneskapsføringa. For å få større innsikt i bakgrunnen for utgiftsutviklinga for kyrkjene er utgiftene til kyrkjene i tabell 2.15 fordelte på lønn og andre driftsutgifter for åra 1995-1999. Av tabellen går det fram at det var ein nedgang i dei samla utgiftene til kyrkjene frå 1996 til 1997 på nær 10 mill. kroner (1,2 pst.). Tabellen viser at nedgangen i 1997 for ein stor del har bakgrunn i nedgangen i utgiftene til lønn, ein nedgang på 14,5 mill. kroner. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene hadde det same året ein samla auke på vel 5 mill. kroner, dvs. ein auke på 1,8 pst. Det er ikkje grunn til å tru at nedgangen i lønnsutgiftene er reell, men at nedgangen for ein stor del må komme av endringar i rekneskapsføringa, dvs. at utgifter til lønn som i kommunerekneskapane fram til 1997 var førte under dette utgiftsformålet, frå 1997 er førte under andre utgiftsformål, til dømes under kyrkjeleg administrasjon eller under andre kyrkjelege formål, sjå nedanfor.

Tabell 2.15 Driftsutgifter til kyrkjene 1995-1999 fordelte på lønn, vedlikehald og andre driftsutgifter, eksklusive verdien av kommunal tenesteyting (i 1000 kroner)1

19951996199719981999
Lønn472 319495 985481 434500 668531 179
Vedlikehald m.m.64 49562 69469 20672 77477 960
Andre driftsutgifter223 103224 339222 986208 251202 871
Sum759 917783 018773 626781 693812 010

1 Tabellen kan ikkje for åra 1997-1999 direkte samanliknast med tabell 2.10 sidan det i tabell 2.15 ikkje er rekna med verdien av den kommunale tenesteytinga, som i rekneskapane ikkje blir fordelt på utgiftsarter.

Tabellen viser elles at utgiftene til vedlikehald av kyrkjene hadde ein nedgang frå 1995 til 1996, men ein auke i åra etter.

Tabellen viser nedgang i andre driftsutgifter kvart år i åra 1997-1999. Desse utgiftene femner mellom anna om utgifter til oppvarming og lys. Nedgangen i desse utgiftene kan vere ein indikasjon på at fellesråda ved forvaltninga av kyrkjene har sett grunnar for å setje i verk utgiftsreduserande tiltak.

Kyrkjegardane

Tabell 2.14 viser auke i utgiftene til kyrkjegardane i alle kommunegruppene i 1997, 1998 og 1999. Den største auken i desse utgiftene i åra 1997-1998 var i dei minste kommunane, med nær 20 pst. i 1997 og 14 pst. i 1998. Den lågaste auken under dette utgiftsformålet i 1997 var i kommunar med over 50 000 innbyggjarar, men auken var her nær 10 pst. i 1998. Sett over tid, dvs. for heile perioden 1991-1999, viser tabell 2.14 relativt store endringar frå det eine året til det neste når det gjeld utgiftene til kyrkjegardane. Det er derfor grunn til å vere varsam med å lese generelle tendensar ut av utgiftsutviklinga for kyrkjegardane frå det eine året til det neste.

Andre kyrkjelege formål

Dette utgiftsformålet vart innført i 1997, og femner om utgifter som ikkje naturleg høyrer heime under dei andre utgiftsformåla, sjå innleiinga til pkt. 2.3.3. I tabell 2.16 er vist korleis utgiftene under dette formålet i åra 1997-1999 fordeler seg mellom fellesråd i kommunar av ulik storleik.

Tabell 2.16 Driftsutgifter til andre kyrkjelege formål 1997-1999 fordelte etter kommunestorleik, (i 1000 kroner), inklusive verdien av kommunal tenesteyting

Intervall199719981999Endring 97/98 i pst.Endring 98/99 i pst.
Under 5 00018 43635 15433 17490,7-5,6
5 000 - 9 99910 86617 44320 76260,519,0
10 000-19 9998 18316 06621 96396,336,7
20 000-49 99913 70726 41233 77192,727,9
Over 50 0003 97711 83618 522197,656,5
Sum55 169106 911128 19293,819,9

Tabellen viser at utgiftene under dette formålet auka med 94 pst. frå 1997 til 1998. Den relative auken var størst i dei største kommunane, medan auken var mellom 60 og nær 100 pst. i dei andre kommunegruppene. Den største nominelle auken frå 1997 til 1998 var i kommunar med mindre enn 5 000 innbyggjarar, der auken var nær 17 mill. kroner. Det er lite sannsynleg at den store auken frå 1997 til 1998 under dette utgiftsformålet er reell, men for ein stor del har bakgrunn i ei endra fordeling av utgiftene mellom utgiftsformåla, til dømes til kyrkjene, etter at dette fjerde formålet kom i 1997.

For 1999 viser tabellen at det var ein nedgang i utgiftene til andre kyrkjelege formål for fellesråda i dei minste kommunane, medan det i dei andre kommunegruppene var ein auke i utgiftene.

2.3.4 Dei samla inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999

I avsnitta ovanfor er mellom anna vist utviklinga i dei kommunale utgiftene til kyrkja, og utviklingstrekk for inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda i åra 1997-1999. I det følgjande er inntektene og utgiftene for fellesråda i åra 1997-1999 sedde under eitt, sjå tabell 2.17 som viser driftsinntektene og driftsutgiftene til fellesråda i åra 1997-1999 fordelte på kommunegrupper.

Tabell 2.17 Driftsinntektene og -utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 1997-1999 fordelte etter kommunegrupper, inklusive verdien av kommunal tenesteyting1

IntervallDriftsinntekter 1997Driftsutgifter 1997Driftsresultat 1997Driftsinntekter 1998Driftsutgifter 1998Driftsresultat 1998Driftsinntekter 1999Driftsutgifter 1999Driftsresultat 1999
Under 5 000398 337366 76631 571431 110415 03316 077452 685434 92517 760
5 000-9 999267 085258 7538 332292 195282 9639 232314 651302 59512 056
10 000-19 999278 723264 38714 336306 146297 5298 617332 550319 61412 936
20 000-49 999327 773313 42714 346352 238348 0284 210391 648368 95122 697
Over 50 000356 187340 73515 452384 066381 2052 861429 041420 0698 972
Sum1 628 1051 544 06884 0371 765 7551 724 75840 9971 920 5751 846 15474 421

1 I tabell 2.9 er utgiftene til fellesråda i 1997 førte opp med 1 582 mill. kroner, i 1998 med 1 768 mill. kroner, i 1999 med 1 892 mill. kroner. I desse tala er utgiftene til kyrkjegardane i somme kommunar, sjå notar til tabell 2.9, førte opp med bruttotal. I tabell 2.17 er dei rekna inn med nettotal, slik som i tabell 2.7, og både som utgift og inntekt for fellesråda i 1997-1999.

Dei kommunale bidraga til kyrkja i 1997 var 1 326 mill. kroner, sjå tabell 2.7. Utgiftene til fellesråda var 1 544 mill. kroner, sjå tabell 2.17. Utgiftene var dermed 218 mill. kroner høgare enn bidraga frå kommunane i 1997. Differansen vart dekt av overføringar frå staten, mellom anna statstilskottet på 100 mill. kroner til fellesråda, som kom i 1997, og statstilskottet til kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk, og andre inntekter. Blant desse andre inntektene er ein liten del tilskott frå Opplysningsvesenets fond til felleskyrkjelege tiltak, jf. statsbudsjettet kap. 299 post 79.

I 1998 var dei kommunale bidraga 1 398 mill. kroner, medan utgiftene til fellesråda var 1 725 mill. kroner. Utgiftene til fellesråda i 1998 var dermed 327 mill. kroner høgare enn bidraga frå kommunane. Dei kommunale bidraga til fellesråda auka med 72 mill. kroner frå 1997 til 1998, medan dei samla inntektene til fellesråda auka med 138 mill. kroner. Auken i inntektene til fellesråda i 1998, utover auken i dei kommunale bidraga, var dermed 66 mill. kroner, som fordeler seg på mange inntektskjelder, sjå tabell 2.7.

I 1999 var dei kommunale bidraga 1 497 mill. kroner, medan utgiftene til fellesråda var 1 846 mill. kroner. Utgiftene var dermed 349 mill. kroner høgare enn bidraga frå kommunane. Dei kommunale bidraga auka med 99 mill. kroner frå 1998 til 1999, medan inntektene til fellesråda auka med 155 mill. kroner. Auken i inntektene til fellesråda i 1999, utover auken i dei kommunale bidraga, var dermed 56 mill. kroner. Ein del av denne auken har bakgrunn i at det generelle statstilskottet til dei kyrkjelege fellesråda, auka frå 100 til 110 mill. kroner i 1999 som følgje av at utgifter til kontorhaldet for prestane ikkje lenger skulle dekkjast direkte av staten, sjå St.prp. nr. 1 (1998-1999).

Tabell 2.17 viser at inntektene til fellesråda i 1997 var 1 628 mill. kroner, medan det i 1997 vart utgiftsført 1 544 mill. kroner. Inntektene til fellesråda var dette året 84 mill. kroner høgare enn utgiftene. I 1998 var inntektene til fellesråda 1 766 mill. kroner, medan utgiftene var 1 725 mill. kroner. Inntektene var dette året 41 mill. kroner høgare enn utgiftene, dvs. under halvparten av differansen i 1997. Det er sannsynleg at resultatet i 1997 for ein del har bakgrunn i at det generelle statstilskottet på 100 mill. kroner til fellesråda i 1997 kom så seint at dei kyrkjelege fellesråda ikkje nytta tilskottet fullt ut i 1997, men overførte delar av det til 1998. I 1999 var differansen mellom inntektene og utgiftene til fellesråda nær 75 mill. kroner.

Det går fram av tabellen at utgiftene til fellesråda korresponderte meir med inntektene i 1998 enn i 1997 i alle kommunegruppene, med unntak for fellesråda i kommunar med mellom 5 000 og 10 000 innbyggjarar, der den positive differansen mellom inntekter og utgifter var høgare i 1998 enn i 1997. I 1999 var differansen mellom inntektene og utgiftene til fellesråda høgare enn i 1998 i alle kommunegruppene. Dette resultatet gjorde seg sterkast gjeldande i kommunegruppa med mellom 20 000 og 50 000 innbyggjarar. I dei minste kommunane var differansen mellom utgifter og inntekter i 1999 nær den same som i 1998.

2.3.5 Utgiftene til lønn

Utgiftene til lønn er ein stor del av dei samla utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda. Av rekneskapane til fellesråda i 1997 går det fram at utgiftene til lønn var 880 mill. kroner. Talet var 1 015 mill. i 1998 og 1 086 mill. i 1999. Auken frå 1997 til 1998 var vel 15 pst., medan auken frå 1998 til 1999 var 7 pst. Utgiftene til lønn var i 1999 vel 60 pst. av dei samla utgiftene til fellesråda.

Det er grunn til å rekne med at den store auken i utgiftene til lønn frå 1997 til 1998 særleg har samanheng med at det tok ei viss tid å tilsetje dagleg leiar for dei kyrkjelege fellesråda i samband med den nye kyrkjelova og å byggje opp ein administrasjon her, med det resultat at lønnsutgiftene til nye stillingar ikkje hadde full verknad før 1998.

Etter den nye kyrkjelova er det fellesråda som opprettar stillingar og fastset lønna for dei tilsette. Fellesråda er medlemmer av Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, som på vegner av fellesråda fører sentrale lønnsforhandlingar med tenestemannsorganisasjonane. Dei kyrkjelege fellesråda (og sokneråda) er i medhald av kyrkjelova § 35 andre leddet forplikta på dei sentrale tariffavtalane. Det er ikkje formelle bindingar på dei forhandlingane som Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon fører på vegner av medlemmene.

Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon har opplyst at årslønnsveksten innanfor tariffområdet til organisasjonen var 6,71 pst. frå 1. oktober 1997 til 1. oktober 1998. Tariffområdet femner om 3 750 årsverk. I dei 6,71 pst. er rekna med ei lønnsgliding på 1,01 pst. Årslønnsveksten i tariffområdet for Kommunenes Sentralforbund (KS) var til samanlikning i den same perioden 5,92 pst., inklusive lønnsgliding med 0,3 pst. Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon har opplyst at den relativt høge lønnsglidinga innanfor det kyrkjelege tariffområdet frå 1997 til 1998 delvis har bakgrunn i strukturelle endringar som følgje av den nye kyrkjelova, mellom anna oppretting av nye stillingar for kyrkjeverjer med høgare lønn enn tidlegare og endringar i arbeidsoppgåvene for tilsette under fellesråda. Frå 1. oktober 1998 til 1. oktober 1999 var årslønnsveksten innanfor kyrkjeleg sektor 4,59 pst., inklusive ei lønnsgliding på 0,33 pst. Årslønnsveksten i KS-området var i den same perioden 4,96 pst., med ei lønnsgliding på 0,37 pst.

Boks 2.2 Dei kyrkjelege fellesråda. Inntekter og utgifter 1997-1999

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda i 1997 var 1 628 mill. kroner. I 1998 auka inntektene med vel 8 pst. til 1 766 mill. kroner. I 1999 var inntektene 1 921 mill. kroner, dvs. ein auke på 8,8 pst. Om lag 80 pst. av inntektene er bidrag frå kommunane, medan 8 pst. er statlege overføringar.

Driftsutgiftene til dei kyrkjelege fellesråda i 1997 var 1 544 mill. kroner. I 1998 auka utgiftene med 12 pst. til 1 725 mill. kroner, i 1999 med 7 pst. til 1 846 mill. kroner. Utgiftene til kyrkjeleg administrasjon har hatt stor auke dei siste åra. Utgiftene til kyrkjegardar har òg hatt ein bra auke dei siste åra, medan utgiftene til kyrkjer har hatt mindre auke. For ein del har endringane i utgiftene til dei tre utgiftsformåla i åra 1997-1999 truleg samanheng med endring i rekneskapsføringa. Særleg synest det som lønnsutgifter til kyrkjene i tida før 1997 er fordelte på andre utgiftsformål etter 1997.

Den positive differansen mellom inntektene og utgiftene til fellesråda var 84 mill. kroner i 1997. I 1998 var differansen 41 mill. kroner, i 1999 om lag 75 mill. kroner.

Dei samla lønnsutgiftene til fellesråda i 1997 var 880 mill. kroner. Dei auka med meir enn 15 pst. frå 1997 til 1998, til 1 015 mill. kroner, og med vel 7 pst. frå 1998 til 1999, til 1 086 mill. kroner. Utgiftene til lønn svarer til vel 60 pst. av dei samla utgiftene til fellesråda.

2.4 Investeringar, finansieringstransaksjonar, gjeld og eigenkapital

Det er utviklinga av dei kyrkjelege driftsutgiftene og driftsinntektene som no har størst interesse for vurderinga av korleis det nye kyrkjelege lovverket har verka inn på den økonomiske situasjonen for kyrkja. Verknadene for investeringane i kyrkjelege bygg og anlegg, og utviklinga i gjelda og eigenkapitalen til fellesråda kan først målast over ein lengre periode.

Investeringar i bygg og anlegg

I dei budsjett- og rekneskapsforskriftene for fellesråda som departementet har fastsett, er det ikkje stilt krav om at fellesråda skal føre kapitalrekneskap, slik som kommunane. Investeringar i fast eigedom (bygg og anlegg) skal derimot førast på ein særskild post i rekneskapen.

Det går fram av rekneskapane til fellesråda for 1997 at det dette året var ført 60 mill. kroner som utgifter til investeringar i bygg og anlegg, medan dei kommunale løyvingane til investeringar var 69 mill. kroner. Verdien av den kommunale tenesteytinga på dette området, som kjem i tillegg, var i 1997 rekna til 33 mill. kroner.

I 1998 var det i rekneskapane til fellesråda ført 125 mill. kroner som utgift til investeringar i bygg og anlegg. Dei kommunale løyvingane var dette året 98 mill. kroner. Verdien av den kommunale tenesteytinga på området var i 1998 rekna til vel 11 mill. kroner. Dei samla inntektene til fellesråda i 1998 som er knytte til investeringar i bygg og anlegg, inklusive dei kommunale bidraga i 1998 på nær 110 mill. kroner, var 120 mill. kroner,

I 1999 var det i rekneskapane til fellesråda ført 154 mill. kroner som utgift til investeringar. Dei kommunale løyvingane i 1999 til investeringar var nær 113 mill. kroner, medrekna verdien av den kommunale tenesteytinga på nær 14 mill. kroner. Dei samla inntektene til fellesråda i 1999 i samband med investeringar i bygg og anlegg, inklusive dei kommunale bidraga i 1999 på 113 mill. kroner, var 136 mill. kroner.

Finansieringstransaksjonar

Av rekneskapane til fellesråda går det fram at driftsinntektene til fellesråda, med tillegg av inntekter knytte til investeringar i bygg og eigedom, i 1998 var 1 886 mill. kroner, sjå tabell 2.17 og omtalen ovanfor om inntekter i samband med investeringar. Dei samla utgiftene for fellesråda til drift og investeringar i 1998 var 1 850 mill. kroner. For dei fellesråda som hadde høgare utgifter enn inntekter når investeringane blir rekna med, viser rekneskapane eit samla negativt resultat på 92 mill. kroner. Av dette vart 16 mill. kroner dekte ved låneopptak og 76 mill. kroner ved bruk av tidlegare avsetningar. For dei fellesråda som hadde eit positivt resultat når investeringane blir rekna med, var differansen mellom inntekter og utgifter 128 mill. kroner. Av dette resultatet vart 4 mill. kroner nytta til nedbetaling av gjeld og 124 mill. kroner sette av til seinare år.

I 1999 var driftsinntektene til fellesråda, med tillegg av inntekter knytte til investeringar, 2 056 mill. kroner. Dei samla utgiftene til drift og investeringar var 2 000 mill. kroner. For dei fellesråda som i 1999 hadde høgare utgifter enn inntekter når investeringane blir rekna med, viser rekneskapane eit samla negativt resultat på 143 mill. kroner. Av dette vart 31 mill. kroner dekte ved låneopptak og 112 mill. kroner ved bruk av tidlegare avsetningar. For dei fellesråda som i 1999 hadde eit positivt resultat når investeringane blir rekna med, var differansen mellom inntekter og utgifter 199 mill. kroner. Av dette resultatet vart 8 mill. kroner nytta til nedbetaling av gjeld og 191 mill. kroner sette av til seinare år.

Gjeld og eigenkapital

Dei data som ligg føre om balanserekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda for 1997-1999, er ikkje fullstendige. Dette kjem mellom anna av at verdisetjinga av eigedelane til fellesråda, ikkje minst fast eigedom, er eit komplisert felt. Dette har delvis bakgrunn i at dei rettslege spørsmåla om eigartilhøva til fast eigedom ofte er uklare, sjå pkt. 2.3.2. I tillegg har det til no ikkje vore etablert nokon einsarta praksis for verdisetjing av kyrkjer og kyrkjegardar. Det er i denne samanhengen grunn til å understreke at kyrkjene ikkje kan avhendast eller pantsetjast, sjå kyrkjelova § 18. Kyrkjelova har dessutan strenge grenser for forvaltninga av kyrkjegardane.

Dei opplysningane som ligg føre om gjelda til fellesråda i 1997-1999, er lite eigna som grunnlag for generell vurdering av dei gjeldspliktene som fellesråda har. Dette har samanheng med at det etter kyrkjelova § 15 nest siste leddet ofte vil variere om det er kommunen eller fellesrådet som i det einskilde tilfellet står som låntakar. Dersom fellesrådet er låntakar, vil dessutan kommunen ofte ha garantert for lånet.

Etter kyrkjelova § 16 er det fastsett at låneopptak av dei kyrkjelege fellesråda skal godkjennast av bispedømmeråda. Etter § 16 har bispedømmeråda særskilde fullmakter dersom fellesråda kjem i økonomiske vanskar og det er nødvendig å gå til betalingsinnstilling. Departementet har elles i forskrift fastsett at revisormerknader til rekneskapane til fellesråda og sokneråda skal meldast til bispedømmerådet, og at bispedømmerådet skal setje ned eit desisjonsutval dersom ein revisormerknad er av alvorleg karakter.

Frå bispedømmeråda har departementet henta inn opplysningar om dei sakene bispedømmeråda har hatt til behandling etter kyrkjelova § 16. Av rapportane går det fram at bispedømmeråda fram til oktober 2000 hadde behandla om lag 80 søknader om låneopptak etter at kyrkjelova tok til å gjelde. Dei fleste av desse søknadene er blitt stetta. I regelen garanterte kommunen for lånet. Det er ikkje rapportert at fellesråd har hatt slike økonomiske vanskar at det har vore nødvendig å gå til betalingsinnstilling.

2.5 Samandrag og generelle kommentarar

2.5.1 Samandrag

Den nye kyrkjelova stilte krav om organisatoriske og budsjettmessige tilpassingar mellom den einskilde kommunen og kyrkjelege organ. Viktige endringar var lovfestinga av kyrkjeleg fellesråd og etableringa av ein administrasjon for fellesrådet, med dagleg leiar. Meirutgiftene til dagleg leiar vart kompenserte i rammetilskottet til kommunane med 39 mill. kroner. For å lette overgangen og gjennomføringa av det nye lovverket har det vore løyvd eit statstilskott til dei kyrkjelege fellesråda. Tilskottet var 100 mill. kroner i 1997. Med bakgrunn i det talmaterialet som er presentert ovanfor, kan viktige utviklingstrekk for den lokale kyrkjeøkonomien på 1990-talet summerast opp slik:

Samanlikningar over tid, med grunnlag i data frå kommunerekneskapane og rekneskapane til fellesråda, viser at dei kommunale utgiftene til kyrkja hadde ein stor auke da den nye kyrkjelova tok til å gjelde. Delar av denne auken kan ha samanheng med at tidlegare kommunale utgifter til kyrkja, som ikkje eksplisitt var førte som kyrkjelege utgifter (indirekte utgifter), frå 1997 delvis er med i dei finansielle overføringane frå kommunane til fellesråda. I perioden 1991-1997 var dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja kvart år høgare enn den gjennomsnittlege lønns- og prisauken i kommunesektoren. I 1998 var auken i dei kommunale bidraga til kyrkja om lag den same som den gjennomsnittlege pris- og lønnsauken innanfor kommunesektoren. I 1999 var auken i dei kommunale bidraga høgare enn pris- og lønnsauken i kommunesektoren.

Det generelle statstilskottet til dei kyrkjelege fellesråda, som vart innført i 1997 med ei løyving på 100 mill., har vore ført vidare med 100 mill. kroner i 1998. Løyvinga auka til 110 mill. kroner i 1999 som følgje av at utgifter til kontorhald for prestane ikkje lenger skulle dekkjast direkte av staten.

Verdien av den kommunale tenesteytinga i 1997 var vel 70 mill. kroner. Verdien var noko høgare i 1998 (nær 72 mill. kroner). I 1999 hadde verdien av denne tenesteytinga auka til 73 mill. kroner.

I perioden 1991-1999 er det variasjonar i korleis auken i dei kommunale utgiftene til kyrkja fordeler seg i kommunar av ulik storleik. Det er naturleg å sjå dette på bakgrunn av mellom anna at den lokale kyrkjeforvaltninga var ulikt organisert i kommunane da kyrkjelova tok til å gjelde, dvs. at utgiftene til den kyrkjeforvaltninga som kyrkjelova etablerte, vart finansierte til ulik tid av kommunane. Frå 1996 til 1997 var det i alle kommunegrupper ein stor auke i dei kommunale nettoutgiftene til kyrkja når verdien av den kommunale tenesteytinga blir gjord synleg og rekna med.

Dei kyrkjelege fellesråda hadde i 1997 driftsinntekter som var 84 mill. kroner høgare enn utgiftene, medan differansen var 41 mill. kroner i 1998. I 1999 var inntektene 75 mill. kroner høgare enn utgiftene.

Den prosentvise auken i dei kommunale bidraga til kyrkja frå 1998 til 1999 var lågast i dei minste kommunane, dvs. i kommunar med under 5 000 innbyggjarar. Auken var her 4,6 pst., medan den gjennomsnittlege auken var 7,6 pst.

I 1997 representerte dei kommunale bidraga vel 80 pst. av dei samla inntektene til fellesråda, medan prosenten var under 80 i 1998 og 1999. Når denne delen gjekk ned i 1998 og 1999, har det samanheng med at andre inntekter auka meir. Dei statlege overføringane representerte om lag 8 pst. av inntektene til fellesråda i 1997-1999. For fellesråda i dei minste kommunane representerer dei statlege overføringane ein større del av inntektsgrunnlaget enn for fellesråda i dei andre kommunane. Medan dei statlege overføringane til fellesråda i dei minste kommunane var om lag 50 mill. kroner i 1999, som i gjennomsnitt svarte til vel 11 pst. av alle inntektene, var dei statlege overføringane til fellesråda i dei største kommunane nær 20 mill. kroner i 1999, noko som svarte til under 5 pst. av dei samla inntektene.

Overføringane frå sokneråda til fellesråda har auka frå nær 5 mill. kroner i 1997 til nær 25 mill. kroner i 1999. Dette er ein indikasjon på at fellesråda i aukande grad har oppgåver på vegner av sokneråda.

Dei kyrkjelege driftsutgiftene til administrasjon viser stor auke etter at den nye kyrkjelova tok til å gjelde. Den relative fordelinga av utgiftene mellom dei tre utgiftsformåla kyrkjeleg administrasjon, kyrkjer og kyrkjegardar viser at utgiftene til kyrkjeleg administrasjon hadde ein prosentdel på 14 i 1991, medan prosentdelen var vel 24 i 1997 og vel 29 i 1999.

Driftstgiftene til kyrkjene hadde ein svak auke frå 1996 til 1997 (1,5 pst.) og ein svak nedgang frå 1997 til 1998 (0,4 pst.). For 1999 viser tala ein auke (4,2 pst.). Det er sannsynleg at nedgangen i 1998 for ein del hadde bakgrunn i at utgiftene til kyrkjene frå 1997 blir førte under andre utgiftsformål enn i tidlegare år.

Driftsutgiftene til kyrkjegardane har samla sett vist ein auke i åra 1997-1999 som er høgare enn lønns- og prisauken i kommunesektoren for den same perioden.

Driftsutgiftene til andre kyrkjelege formål har hatt stor auke frå 1997 til 1999, frå 55 mill. kroner i 1997 til 128 mill. kroner i 1999. Det er sannsynleg at mesteparten av denne auken har samanheng med endringar i rekneskapsføringa.

Lønnsutgiftene til dei kyrkjelege fellesråda auka med meir enn 15 pst. frå 1997 til 1998. Det er grunn til å sjå denne auken mest i samanheng med endringar i stillingsstruktur og lønnsnivå som følgje av den nye kyrkjelova.

2.5.2 Generelle kommentarar

Av det materialet som er presentert ovanfor, går det fram at dei økonomisk-administrative konsekvensane av kyrkjelova har vore store. Utgiftene til kyrkjeleg administrasjon har hatt ein vesentleg auke, særleg i 1997, men òg i 1998, som følgje av lovfestinga av kyrkjeleg fellesråd i alle kommunar og overføringa av forvaltningsoppgåver frå kommunane til fellesråda. I stor grad er utgiftsauken blitt finansiert ved auke i løyvingane frå kommunane og ved tilskott frå staten. Departementet meiner at den lokale kyrkjeadministrasjonen har fått eit omfang og ein standard som representerer ei endring av stor rekkjevidd, ikkje berre for den lokale kyrkjeforvaltninga isolert sett, men for kyrkja i det heile.

Etableringa av ein lokal kyrkjeadministrasjon var eit sentralt mål med den nye kyrkjelova. Det er departementet si generelle vurdering at dei organisatoriske endringane som er gjennomførte, har vore gode. Dei har vore viktige for gjennomføringa av intensjonane i kyrkjelova, og dei dannar eit godt grunnlag for den vidare utviklinga av ei moderne og profesjonell kyrkjeforvaltning.

Det talmaterialet som ligg føre, viser generelle utviklingstrekk. Det er grunn til å understreke dei lokale variasjonane som finst. Tal for bidraga frå kommunane til kyrkja viser til dømes variasjonar frå under 100 kroner per innbyggjar til meir enn 800 kroner per innbyggjar. Ei samanlikning mellom til dømes Bergen og Trondheim viser på same måten stor skilnad i det kommunale bidraget per innbyggjar. Medan bidraget i Bergen i 1999 svarte til 335 kroner per innbyggjar, var det 201 kroner i Trondheim.

Den økonomiske situasjonen for den lokale kyrkja, og variasjonar mellom kyrkjelydane, følgjer av mange faktorar. Variasjonar i løyvingane er i første rekkje resultat av talet og storleiken på kyrkjebygg og kyrkjegardar i den einskilde kommunen, og av vedlikehaldsbehovet til kyrkjene og kyrkjegardane. I tillegg kjem dei skilnader som følgjer av den nære samanhengen mellom kommuneøkonomien og kyrkjeøkonomien. Den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og i den einskilde kommunen vil naturleg bli reflektert i overføringane til kyrkja, likeins korleis kommunane etter eige skjønn prioriterer den kyrkjelege verksemda i det heile. Departementet har mellom anna av denne grunn vurdert spørsmålet om å presisere utgiftspliktene til kommunane i ei forskrift. Dette er særskilt drøfta under pkt. 2.5.3.

Departementet vil elles peike på at det nye kyrkjelege lovverket har gitt kyrkjelege organ eit sjølvstendig ansvar for eigen økonomi. Det er dei kyrkjelege fellesråda som forvaltar dei offentlege midlane som blir stilte til rådvelde, og dei har ansvaret for å prioritere når det gjeld utgiftene til dei ulike formåla, og for at løyvingane blir nytta på forsvarleg og kostnadseffektiv måte. Sjølv om variasjonar i utgiftsbehovet delvis har strukturelle årsaker, som saman med den kommunaløkonomiske situasjonen har stor verknad for den lokale kyrkjeøkonomien, vil den økonomiske situasjonen for kyrkja lokalt òg henge saman med korleis dei einskilde fellesråda løyser oppgåvene sine, korleis dei bruker budsjetta og styrer utgiftene. Sidan lønnsutgiftene er 60 pst. av dei samla utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda, vil utviklinga av desse utgiftene ha mykje å seie for utgiftsutviklinga i det heile. Korleis fellesråda forvaltar det sjølvstendige økonomiansvaret dei har, vil slik vere med på å styre den økonomiske situasjonen for kyrkja i tida framover.

Frå kyrkjeleg hald har det vore understreka at dei offentlege overføringane til fellesråda burde ha vore høgare på bakgrunn av dei oppgåver og det ansvar dei har etter kyrkjelova. Frå kyrkjeleg hald har ein auke i dei offentlege overføringane til kyrkja òg vore grunngitt med dei mange utfordringar og utgiftsbehov kyrkja har innanfor diakonien, den kyrkjelege undervisninga, barne- og ungdomsarbeidet o.a. Det er dessutan vist til at den frivillige innsatsen og den frivillige medarbeidarskapen i kyrkja er i fare for å stagnere eller gå tilbake. Mellom anna er det vanskeleg å rekruttere til verv i sokneråd og andre råd og utval.

Når det gjeld den frivillige medarbeidarskapen i kyrkja, meiner departementet det må vere eit mål for den offentlege ressursinnsatsen at han er ein stimulans til auka frivillig innsats blant kyrkjemedlemmene. Ut frå realøkonomiske omsyn, men òg ut frå kyrkja sitt trudomsgrunnlag, er det uheldig både for kyrkja og for samfunnet i det heile dersom den frivillige innsatsen over tid stagnerer eller går tilbake. Med dei utfordringar som ligg føre når det gjeld ressursbehovet i kyrkja og utviklinga av den frivillige medarbeidarskapen, meiner departementet det er viktig å klargjere kva for kyrkjelege oppgåver staten skal ha finansieringsansvaret for, og kva for oppgåver som skal vere eit lokalt finansieringsansvar. Dette er nærmare drøfta i kap. 3, der departementet mellom anna går inn for at kyrkjelege oppgåver som staten gir tilskott til, er oppgåver som bør bli sedde i samanheng med dei kommunale oppgåvene og løyvingane, dvs. i ein lokal heilskap, og vurderte ut frå lokale tilhøve.

Departementet vil elles understreke at den økonomiske situasjonen for kyrkja ikkje bør bli målt eller vurdert berre ut frå omfanget av dei offentlege løyvingane til kyrkja, kva utgiftsformål dei blir nytta til, og korleis endringane her er frå det eine året til det neste. Det er òg viktig at ressursane blir sedde i lys av korleis kyrkja møter den einskilde kyrkjemedlemmen gjennom dei tenester og aktivitetar som er resultatet av dei midlane kyrkja rår over. Mellom anna vil kvaliteten i og omfanget av kyrkjelege oppgåver, aktivitetar og tenester, og korleis desse varierer mellom kyrkjelydane og mellom ulike delar av landet, vere viktige indikatorar i ei totalvurdering av den lokale kyrkjeøkonomien. Spørsmålet om å setje i gang arbeid med å samordne og stille saman økonomiske data med andre kyrkjedata, mellom anna tenestedata, vart omtalt i kommuneøkonomiproposisjonen for 2000, sjå St.prp. nr. 69 (1998-99). Det blir no arbeidd med å avklare om dette kan skje innanfor ramma av KOSTRA-prosjektet. Målet er å relatere økonomiske data til andre kyrkjedata, slik at kyrkja og det offentlege på ein betre måte enn i dag kan sjå bruken av dei samla ressursane i samanheng med det kyrkjelege tenestetilbodet og den kyrkjelege verksemda i det heile.

2.5.3 Forskrift om kommunane sine plikter etter kyrkjelova § 15

Departementet skal til slutt i dette kapitlet særskilt drøfte spørsmålet om det i forskrift bør fastsetjast reglar som nærmare presiserer dei utgiftspliktene kommunane har etter kyrkjelova. Av kyrkjelova § 15 femte leddet går det fram at Kongen kan gi forskrift om pliktene til kommunane etter reglane i paragrafen. I merknaden til § 15 vart det i Ot.prp. nr. 64 (1994-95) vist til at regelen ville gi Kongen høve til å presisere omfanget av det ansvaret kommunane har, slik dette følgjer av § 15, og at røynslene med kyrkjelova ville vere eit viktig moment i vurderinga av spørsmålet om slik forskrift ville bli gitt.

Etter at kyrkjelova tok til å gjelde, har det frå kyrkjeleg og kommunalt hald vore reist spørsmål om forståinga av dei utgiftsplikter kommunane har etter kyrkjelova § 15, til dømes om kommunane i sine overføringar til dei kyrkjelege fellesråda har plikt til å kompensere fullt ut dei økonomiske verknadene av dei årlege lønnsoppgjera. På denne bakgrunnen vart det frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet våren 1999 sendt ut eit felles rundskriv om forståinga av kyrkjelova § 15. I rundskrivet heiter det mellom anna:

«Kirkeloven stadfester prinsippet om at kommunen har det økonomiske ansvaret for den lokale kirke, slik ordningen har vært i vårt land siden kommunenes opprinnelse. I respekt for det kommunale selvstyret og i tillit til at den enkelte kommune også i dag ser verdien av å gi gode rammevilkår for kirkens liv og virke, er det ikke gitt mer detaljerte regler om kommunens økonomiske plikter i forhold til Den norske kirke enn det som framgår av selve loven.

Drift og vedlikehold av kirker og kirkegårder, og lønn til nødvendige, lovbestemte stillinger i kirken, er blant de utgiftsområder som kommunene fra tidligere har hatt ansvar for. Den nye kirkeloven har ikke endret dette. Forståelsen av kommunenes økonomiske ansvar etter kirkeloven § 15 må derfor bygge på den forutsetning at de kommunale bevilgninger til kirken fortsatt gir grunnlag for tilfredsstillende drift og vedlikehold av våre kirker og kirkegårder og for utgiftsdekningen i kirkelige stillinger. Budsjettrammen til disse formål vil imidlertid være gjenstand for ordinære kommunale prioriteringer innenfor lovens rammer.

Fra 1997 har det over Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementets budsjett vært gitt et særskilt statstilskudd til de kirkelige fellesrådene. Da det både fra kirkelig og kommunalt hold har vært reist spørsmål om dette statstilskuddet har konsekvenser for kommunenes budsjettmessige forpliktelser etter kirkeloven § 15, kan det være grunn til å minne om Kommunaldepartementets rundskriv H-3/97 av 10. januar 1997 til kommunene, hvor det ble presisert at nevnte statstilskudd til de kirkelig fellesrådene ikke skulle kompensere for kommunenes utgiftsforpliktelser etter kirkeloven § 15. Det følger av dette at kommunene ikke kan avpasse sine budsjettmessige forpliktelser etter § 15 mot de tilskudd de kirkelige fellesrådene mottar fra Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.

Den kirkelige lovgivningen bygger på en forutsetning om dialog og samspill mellom kommune og kirke. Ved at det er lovfestet et kirkelig fellesråd i alle kommuner med mer enn ett sokn, har nå alle kommuner et kirkelig organ å forholde seg til i arbeidet med kirkebudsjettet. Loven forutsetter at fellesrådets budsjettforslag danner grunnlaget for budsjettbehandlingen i kommunene. Dette nødvendiggjør nærmere drøftinger mellom fellesrådet og kommunen på et tidlig stadium i budsjettprosessen. Det er et felles ansvar for kommune og fellesråd å sørge for at det etableres og utvikles tjenlige arenaer for slike drøftinger.»

I rundskrivet er det mellom anna understreka at kyrkjelova byggjer på nært samvirke mellom kommune og kyrkje. Innanfor kyrkjesektoren har kommunane og fellesråda kvar for seg ansvar og oppgåver som må løysast i samarbeid. Drøftingar mellom kommune og kyrkje i budsjettspørsmål er dermed ei viktig side ved kyrkjelova. Kyrkjelova §§ 14 og 15 dannar ramma og grunnlaget for desse drøftingane. Innanfor denne ramma må den konkrete, budsjettmessige tilpassinga skje, på bakgrunn av den lokale situasjonen og dei lokale tilhøva. Denne ordninga, som byggjer på lokal tilpassing innanfor eit generelt regel- eller rammeverk, må mellom anna sjåast i samanheng med at det er lokale variasjonar i utgiftsbehovet til kyrkja, og at styringa på kyrkjesektoren - som på andre sektorar - bør vere målorientert og i mindre grad regelorientert. Spørsmålet om å fastsetje i forskrift eit meir detaljert regelverk om utgiftspliktene til kommunane må etter departementet si meining vurderast på bakgrunn av desse omsyna. Generelt meiner departementet at det må liggje føre tungtvegande grunnar dersom det skal fastsetjast ei forskrift på området. Etter ei samla vurdering kan departementet ikkje sjå at det no ligg føre slike tungtvegande grunnar, men vil ikkje avvise at det i framtida kan bli aktuelt å ta spørsmålet opp til vurdering. Korleis tilhøvet mellom kommunane og kyrkja utviklar seg i tida framover, og kva kyrkjelege organ meiner om spørsmålet, vil vere sentralt i denne samanhengen. Departementet meiner det viktige no er å klargjere - på prinsipielt grunnlag - kva for kyrkjelege oppgåver som skal vere staten sitt finansielle ansvar, og kva for oppgåver som skal vere eit lokalt finansieringsansvar, sjå drøftingane under pkt. 3 der departementet går inn for at staten skal ha ansvaret for prestetenesta og for verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa, medan andre kyrkjelege oppgåver, mellom anna diakonien, skal vere eit lokalt finansieringsansvar. Det særskilte statstilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, og det generelle statstilskottet til fellesråda, blir derfor foreslått innlemma i rammetilskottet til kommunane, sjå pkt. 3.4.

Elles vil departementet vise til at fylkesmannsembeta har til oppgåve å vurdere om dei kommunale budsjettvedtaka er lovlege. Fylkesmannsembeta skal dermed på sjølvstendig grunnlag kunne vurdere om kommunane oppfyller sine plikter etter kyrkjelova § 15.

Departementet vil til slutt peike på at dersom kyrkjelova skal verke etter intensjonane, er det ein føresetnad at kommunane og kyrkja har ei felles forståing av lova. Frå sentralt hald er det derfor viktig å gi råd og informasjon om dette. Behandlinga av einskildsaker med spørsmål om forståinga av reglane i kyrkjelova er ein del av departementet sitt allmenne saksarbeid. Eit eksempel på generell informasjon og rådgiving er det rundskrivet om forståinga av visse sider ved kyrkjelova som er nemnt ovanfor. Elles går det føre seg regelmessig rådgiving i regi av mellom andre Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, Kyrkjerådet og bispedømmeråda, der målgruppene er både kyrkjelege og kommunale instansar.

Fotnotar

1.

Som følgje av at folketalet i kommunane endrar seg frå det eine året til det neste, vil talet på kommunar i dei ulike intervalla kunne variere frå år til år. For å kunne samanlikne tala over tid er det korrigert for dette ved at kommunane i alle åra er plasserte etter den fordelinga som var i 1991.

2.

I NOU 1989:7 Den lokale kirkes ordning (s. 203) heiter det m.a.: «Inntekter av eventuelle kapitaler som tilhører kirkene vil i første rekke være renter av lokale kirkefond. Slike kirkefond finnes det i dag et fåtall av, oftest av beskjeden størrelse, ikke minst som følge av at det ved lovendring i 1962 ble åpnet adgang til å benytte slike fondskapitaler til kirkelige formål i menighetene ( . . .). Formålet med lovendringen i 1962 var å legge til rette for en avvikling av kirkefondene, og det antas at det nå er få igjen.»

Til forsida