St.meld. nr. 14 (2000-2001)

Børs og katedral— Om økonomien i Den norske kyrkja

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

5.1 Administrative og økonomiske konsekvensar

Kapittel 2 i meldinga er ein gjennomgang av den lokale kyrkjeøkonomien på 1990-talet. Departementet tek ikkje her opp konkrete forslag med administrative eller økonomiske konsekvensar.

Av kapittel 3 går det fram at departementet går inn for at det i åra framover blir ein vesentleg auke i talet på prestestillingar. Dette vil bli vurdert med bakgrunn i den bemanningsplanen som Kyrkjerådet no arbeider med, og vil elles på vanleg måte bli behandla i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Departementet legg til grunn at staten tek over det økonomiske ansvaret for reiseutgiftene til prestane. Kommunane har dette ansvaret i dag. Føresetnaden vil vere at rammetilskottet til kommunane blir redusert, slik at omlegginga ikkje fører med seg meirutgifter for staten. Departementet legg òg til grunn at det særskilte statstilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, og det generelle statstilskottet til dei kyrkjelege fellesråda, løyvde over statsbudsjettet kap. 294, postane 71 og 72, skal innlemmast i rammetilskottet til kommunane, sjå kap. 3. Desse endringane krev visse endringar i kyrkjelova.

I kapittel 4 om Opplysningsvesenets fond foreslår departementet å gjere bruk av vinstar ved sal av verdipapir som tilhøyrer fondet, og vil i denne samanhengen leggje fram nødvendig forslag til endring av lova om Opplysningsvesenets fond. Med slik endring meiner departementet at avkastninga frå Opplysningsvesenets fond bør brukast til å finansiere fleire kyrkjelege oppgåver enn i dag.

5.2 Forenklingar

Departementet reknar med at forslaget om ei endra ansvarsdeling mellom staten og kommunane når det gjeld reiseutgiftene for prestane, vil kunne føre med seg forenklingar. Visse reiseutgifter har staten alt i dag ansvaret for. Dersom dette ansvaret blir samla på ein plass, vil regelverket på området bli einsarta. Innlemming av dei statlege tilskottsordninga til fellesråda i rammetilskottet til kommunane vil òg kunne representere ei administrativ forenkling, like eins ei klargjering av kva staten skal ha finanseringsansvaret for på det kyrkjelege området, og kva som skal vere eit lokalt ansvar.

Departementet tek sikte på at Den norske kyrkja sitt landsfond skal avviklast og gå inn i Opplysningsvesenets fond. Slik endring er særleg grunngitt med omsynet til forenkling.

Til forsida