St.meld. nr. 14 (2000-2001)

Børs og katedral— Om økonomien i Den norske kyrkja

Til innhaldsliste

3 Statlege løyvingar til kyrkja

3.1 Innleiing

Det utgiftsansvaret staten i dag har for kyrkja, gjeld i hovudsak preste- og katekettenesta, forutan verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa. Dessutan blir det i dag over statsbudsjettet løyvd generelle og særskilde tilskott til dei kyrkjelege fellesråda, mellom anna til diakoni og kyrkjeleg undervisning. I tillegg til å gi ein kort omtale av verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa skal departementet i dette kapitlet særleg drøfte sider ved staten sitt ansvar for prestetenesta og for tilskottsordningar som vedkjem kyrkja lokalt. Sentralt i dette er ei prinsipiell drøfting av kva for oppgåver staten skal ha det finansielle ansvaret for, og kva for oppgåver som i hovudsak er og skal vere eit lokalt finansieringsansvar.

3.2 Dei regionale og sentralkyrkjelege organa

Dei regionale kyrkjelege organa, dvs. biskopane og bispedømmeråda, har oppgåver som følgjer av lov eller anna regelverk eller som er delegerte frå departementet eller Kyrkjemøtet. Dei elleve biskopane og bispedømmeråda skal mellom anna føre tilsyn med kyrkjelydane og med tilsette i kyrkjelege stillingar, og initiere, samordne og leggje til rette for felleskyrkjelege tiltak i bispedømmet. Styring og leiing av prestetenesta og forvaltning av tilskottsordningar er sentrale oppgåver.

Bispedømma har det siste tiåret utvikla seg som eit viktig regionalt forvaltningsnivå i kyrkja, i hovudsak som følgje av at departementet i desse åra har delegert mange og viktige statlege forvaltningsoppgåver til bispedømmeråda. I samband med dette har den kyrkjelege administrasjonen i bispedømma blitt bygd ut. Visse oppgåver som bispedømmeråda har, er særskilt nedfelte i lovgivinga, sjå kyrkjelova § 23. Mellom anna er det bispedømmeråda som tilset kyrkjelydsprestane. Elles er oppgåvene til bispedømmeråda vide. Etter kyrkjelova § 23 skal bispedømmeråda «ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i menighetene, og det skal fremme samarbeidet mellom de enkelte menighetsråd og andre lokale arbeidsgrupper innen bispedømmet». I bispedømmeråda har biskopane sete. Bispedømmeråda er elles sette saman av ein prest vald blant prestane i bispedømmet, ein lek kyrkjeleg tilsett, og fire andre leke valde av sokneråda i bispedømmet. Oppgåvene til biskopane er nedfelde i ei felles tenesteordning. Tilsynsoppgåvene står her sentralt.

Dei elleve biskopane og bispedømmeråda har felles sekretariat (bispedømmekontora) som er organiserte med om lag 120 årsverk i alt. Ved kvart kontor er det ein administrasjonssjef, og det er ved kvart kontor tilsett ulike fagfolk innan økonomi, personalforvaltning mm. Driftsbudsjetta for bispedømmeråda og biskopane blir løyvde over statsbudsjettet kap. 294 og er i 2000 på ca. 60 mill. kroner.

Kyrkjerådet er eit valt organ, og har til oppgåve å førebu dei saker som skal til behandling i Kyrkjemøtet, setje i verk dei vedtak Kyrkjemøtet gjer, og leier elles arbeidet mellom samlingane til Kyrkjemøtet, sjå kyrkjelova § 25. Medlemmene av Kyrkjerådet blir valde av Kyrkjemøtet. Elles er det Kyrkjemøtet som gir reglar for val av Kyrkjerådet og for verksemda til Kyrkjerådet. Kyrkjerådet har etter dette viktige oppgåver i å utvikle strategiar og planar som vedkjem kyrkja i det heile og å initiere og samordne sentralkyrkjelege tiltak. Innanfor visse område, mellom anna i liturgisaker, har Kyrkjemøtet mynde til å gjere bindande vedtak for Den norske kyrkja. Under Kyrkjemøtet høyrer elles Samisk kyrkjeråd, som skal arbeide til beste for samisk kyrkjeliv, og Mellomkyrkjeleg råd, som har oppgåver innanfor det økumeniske feltet. Sekretariatet for Kyrkjerådet, som òg er sekretariat for Samisk kyrkjeråd og Mellomkyrkjeleg råd, har i dag om lag 30 årsverk som staten dekkjer utgiftene for. Kyrkjerådet behandlar søknader om lån i Opplysningsvesenets fond, og fordeler dei midlane som frå fondet blir stilte til rådvelde for felleskyrkjelege tiltak, sjå statsbudsjettet kap. 299 post 79. Driftsbudsjettet for Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet med sekretariatet blir løyvd over statsbudsjettet kap. 294 og er i 2000 på ca. 19 mill. kroner.

Dei regionale og sentralkyrkjelege organa fekk nye oppgåver i samband med nytt kyrkjeleg lovverk i 1997, og det vart i 1998 på denne bakgrunnen oppretta ei ny stilling ved kvart bispedømmeråd og ved Kyrkjerådet. Med bakgrunn i storleiken på bispedømma vart det ved tre bispedømmeråd (Agder, Nidaros og Bjørgvin) i 2000 oppretta ei ny stilling. Kyrkjemøtet har særskilt peikt på at løyvingane til samisk kyrkjeliv bør aukast, mellom anna til utvikling av materiell på dei tre samiske språka. Ei ny stilling for samisk språkkonsulent ved Kyrkjerådet er finansiert av staten frå 2000.

For 2001 er det over kap. 294 budsjettert med nær 93 mill. kroner til dei regionale og sentralkyrkjelege organa, sjå St.prp. nr. 1 (2000-2001). Departementet vurderer budsjettsituasjonen ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa frå år til år i samband med statsbudsjettet.

3.3 Prestetenesta

Prestestillingane

Oppgåvene til prestane er regulerte i ei tenesteordning. Viktige oppgåver er forkynning og å forrette ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, konfirmasjonsundervisning, sjelesorg m.m.

Det er no om lag 1 200 statlege prestestillingar (årsverk) i kyrkjelydane, medrekna 12 studentprestar og 16 fengselsprestar. Prestestillingane er fordelte på meir enn 620 tenestedistrikt. Tenestedistriktet til prestane er prestegjeldet. Eit prestegjeld kan femne om fleire sokn. Soknet er grunneininga i kyrkja og er det geografiske virkeområdet for eit sokneråd. Løyvinga til prestetenesta (og katekettenesta) er ført i statsbudsjettet under kap. 295 Presteskapet, der det i 2001 er budsjettert med 557 mill. kroner, sjå St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Det blir av og til reist spørsmål om ansvaret for prestetenesta bør førast over frå staten til kommunane og lokale kyrkjelege organ, til dømes etter mønster av dei ordningane som gjeld for kyrkjeverjer, organistar, kyrkjetenarar og andre lokale kyrkjelege stillingar som kommunane har utgiftsansvaret for. Det er departementet sitt syn at prestetenesta skal vere eit statleg ansvar, i tillegg til verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa. Finansieringa av andre oppgåver i kyrkjelydane bør vere eit lokalt ansvar. Ei slik arbeidsdeling og plassering av det finansielle ansvaret for kyrkja si verksemd ser departementet det som viktig no å klargjere, sjå omtalen under pkt. 3.4.

Frå kyrkjeleg hald har det i lengre tid vore understreka at talet på prestestillingar er for lågt. Det er vist til at dette har negativ verknad, ikkje berre for kyrkjelydane og for det kyrkjelege arbeidet i det heile, men òg for prestane sin arbeidssituasjon og motivasjon for tenesta. Det er dessutan vist til at talet på prestestillingar er lågare i Noreg enn i dei andre nordiske landa. Frå Kyrkjerådet har departementet fått opplyst at det i Danmark er 2 350 kyrkjemedlemmer per prestestilling. I Sverige er talet 2 290, i Finland 2 490, medan det i Noreg er vel 3 330 kyrkjemedlemmer per prestestilling.

Eit oversyn over talet på prestestillingar i Noreg fordelte på innbyggjartal og prestegjeld var med som vedlegg i St.prp. nr. 1 (1995-96). Det gjekk fram av dette at folketalet per prestestilling i 1995 varierte frå under 1 500 til over 7 000. I 28 prestegjeld, med i alt 38 prestar, var folketalet per prestestilling lågare enn 1 500, medan det var høgare enn 7 000 i seks prestegjeld med i alt 13 prestar. I 29 prestegjeld, med nær 70 prestar i alt, var folketalet per prestestilling mellom 6 000 og 7 000. Tabell 3.1 viser auken i statlege prestestillingar i åra 1980-2000.

Tabell 3.1 Nye statlege prestestillingar 1980-2000

1980-19851986-19901991-19951996-2000
3957528

Summen av nye prestestillingar i perioden 1980-2000 er 147, dvs. i gjennomsnitt sju nye stillingar i året. I statsbudsjettet for 2001 er det foreslått å opprette 35 nye prestestillingar, sjå St.prp. nr. 1 (2000-2001). Dette er ei etter måten stor satsing på prestetenesta. Departementet viser i denne samanhengen til at kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1995-96) bad om at det vart utarbeidd ein opptrappingsplan for den kyrkjelege bemanninga. I komitemerknaden heiter det mellom anna:

«Flertallet har merket seg at bemanningen i kirkene i de andre nordiske land er bedre enn i Norge. Flertallet vil på denne bakgrunn be departementet utarbeide en opptrappingsplan for den kirkelige bemanning. Flertallet viser til at det er opprettet flere prestestillinger de siste årene. Likevel er behovene store, og forskjellene betydelige i den geistlige betjening. Spesielt er det behov for styrket bemanning i de folkerike områdene.»

Arbeidet med ein kyrkjeleg bemanningsplan er i gang i regi av Kyrkjerådet etter oppdrag frå departementet. Kyrkjerådet vil leggje saka fram for Kyrkjemøtet, truleg i 2001.

Departementet er samd i at det er eit stort behov for fleire prestar, og går inn for at det i åra framover blir ein vesentleg auke i talet på prestestillingar. Denne auken må gå for seg over ei viss tid og vere tilpassa ein realistisk rekrutteringssituasjon. Det vil i denne samanhengen vere naturleg å vurdere om det bør leggjast til grunn særskilde normer eller kriterium for talet på prestestillingar i eit område. Folketalet vil kunne vere eit kriterium, eller talet på medlemmer i Den norske kyrkja, like eins talet på kyrkjer i området, talet på kyrkjelege handlingar, avstandar og kommunikasjonstilhøve, m.m. Departementet vil arbeide videre med dette på grunnlag av den bemanningsplanen som Kyrkjerådet skal leggje fram.

Nye prestestillingar vil i åra framover vere ein viktig del av arbeidet med å få til ei endra organisering av prestetetenesta, sjå St.prp. nr. 1 (2000-2001) og omtalen under kap. 295. I dag er prestetenesta i regelen organisert med ein til tre prestar i kvart tenestedistrikt. Det er no i gang forsøk som byggjer på ei anna organisering. Eit typisk trekk ved forsøka er at dei tradisjonelle tenestedistrikta ikkje får den same rolla som tidlegare ved organiseringa av tenesta. Sjølv om målet i første rekkje er nye arbeidsordningar for prestane og betre grunnlag for å utvikle leiarskapet i tenesta, ikkje minst blant prostane, vil eit vesentleg skifte i inndelinga i tenestedistrikt òg ha verknad for bemanningssituasjonen. Ei ny organisering av prestetenesta vil elles ha som konsekvens at bispedømmeråda får større fridom og større ansvar for plasseringa og bruken av prestestillingane og personalressursane. Den sentrale rolla bispedømmeråda og biskopane i dag har i høve til organisering og leiing av prestetenesta, vil dermed bli forsterka.

Reiseutgiftene til prestane

Etter kyrkjelova § 15 har kommunane ansvaret for reiseutgiftene til prestane, forutan ansvaret for utgiftene til kontorhald og telefon. Forvaltningsoppgåvene ligg her til dei kyrkjelege fellesråda i medhald av kyrkjelova § 14.

Vesentlege delar av prestetenesta gjeld oppgåver i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar, heimebesøk, sjelesorg m.m. Dei økonomiske rammevilkåra for tenestereisene kan mange stader ha stor verknad for prestetenesta i det heile. Særleg i landdistrikt og i kyststrok er reiseutgiftene til prestane ein vesentleg del av dei utgiftene kommunane har til kyrkja. Både kommunane og dei kyrkjelege fellesråda må sjå desse utgiftene i samanheng med andre utgiftsområde innanfor kyrkjesektoren.

Sidan ansvaret for styringa og leiinga av prestetenesta ligg til biskopane og bispedømmeråda, som i denne samanhengen er statlege forvaltningsorgan, meiner departementet - av prinsipielle og styringsmessige grunnar - at det økonomiske ansvaret for reiseutgiftene til prestane bør liggje til staten. Forsøka med nyorganisering av prestetenesta viser dessutan at det kan bli vanskeleg å realisere ei nyorganisering på rasjonell måte utan at reiseutgiftene til prestane blir førte over til staten. Slik endring av ansvarsfordelinga mellom kommune og stat vil òg vere meir i samsvar med det finansielle ansvarsprinsippet, som går ut på at den som har ansvaret for ei oppgåve, òg skal ha finansieringsansvaret. Det er elles slik at visse reiseutgifter som gjeld prestetenesta, blir dekte av staten i dag, mellom anna reiser for vikarar. Dersom staten tek det fulle ansvaret for reiseutgiftene til prestane, vil det samla sett kunne bli ei forenkling på området.

Departementet viser til dette og legg til grunn at staten bør ta over det ansvaret kommunane i dag har for reiseutgiftene til prestane. Utgiftene vil da bli budsjetterte som ein del av driftsløyvinga til presteskapet på statsbudsjettet kap. 295, og bispedømmeråda vil få ansvar for styringa og forvaltninga av midlane. Føresetnaden er at rammetilskottet frå staten til kommunane blir redusert i same omfang, slik at omlegginga ikkje medfører meirutgifter for staten. Dei praktiske spørsmåla omkring omlegginga vil departementet arbeide vidare med. Det vil elles vere nødvendig å endre kyrkjelova § 15, noko departementet vil komme tilbake til saman med andre lovendringar som er omtalte i meldinga.

3.4 Statstilskott til dei kyrkjelege fellesråda

Under dette punktet er drøfta dei to statlege tilskottsordningane som vedkjem dei kyrkjelege fellesråda. Det gjeld tilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, sjå statsbudsjettet kap. 294 post 71, og tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, sjå statsbudsjettet kap. 294 post 72.

I medhald av kyrkjelova § 33 har kommunane no ansvaret for vel 600 prestebustader. Kommunane får i dag refundert sine utgifter av staten etter nærmare reglar, sjå pkt. 4.3.2 for ein breiare omtale av prestebustadene. Utgiftene til kommunale prestebustader og den refusjonen kommunane får, vedkjem ikkje i dag dei kyrkjelege fellesråda med mindre det ved lokal avtale med kommunen er fastsett at fellesrådet har oppgåver på området. Elles får somme fellesråd refusjon frå staten for meirutgifter som fellesråda har til kontorhald for prosten, sjå kyrkjelova § 14 andre leddet bokstav e. Departementet viser til at dette er ordningar der det blir betalt for visse tenester, og dermed ikkje ordinære statstilskott.

3.4.1 Tilskott til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk

Statstilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, som i 2001 er budsjettert med 29,3 mill. kroner, blir for det meste nytta som deltilskott til lønn til diakonar i kyrkjelydane. Dette har samanheng med at tilskottsordninga kom til under det tidlegare kyrkjelege lovverket, sjå lov 31. mai 1985 om diakonteneste i Den norske kyrkja. Lova om diakonteneste fastsette at staten kunne dekkje inntil 50 pst. av lønna til soknediakonar. Formålet med lova og statstilskottet var å styrkje diakontenesta i kyrkja. Statstilskottet vart inntil 1997 utbetalt til kommunane. Frå 1997, da kyrkjelova tok til å gjelde, er det dei kyrkjelege fellesråda som får tilskottet. Tilskottet til diakoni vart frå 1997 utvida til òg å gjelde tilskott til kyrkjeleg undervisning og kyrkjemusikk, men det er som nemnt tilskottet til diakoni som er den største delen av det samla tilskottet. I 2000 blir det gitt deltilskott til om lag 145 diakonstillingar.

Den delen av tilskottet som går til kyrkjeleg undervisning, gjeld for det meste tilskott til vel 20 kateketstillingar som er organiserte under dei kyrkjelege fellesråda. Med bakgrunn i den nye kyrkjelova har det vore ein føresetnad at dei kateketstillingane som i dag er statlege, skal bli overførte til dei kyrkjelege fellesråda, og at fellesråda som følgje av dette skal få tilskott frå staten til finansiering av stillingane. Av denne grunn er nokre kateketstillingar som er blitt ledige dei siste åra, blitt overførte til dei kyrkjelege fellesråda. Etter drøftingar mellom departementet, Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon og aktuelle tenestemannsorganisasjonar er føresetnaden at alle statlege kateketar, nær 100, skal få tilbod om ny arbeidsavtale med fellesrådet i 2001, sjå omtale under kap. 294 post 71 i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Tilskottet til kyrkjemusikk er avgrensa til domkyrkjene, og var i 1999 vel 1 mill. kroner. Det statlege tilskottet til kyrkjemusikk kom i samband med stortingsbehandlinga av statsbudsjettet for 1996, sjå Budsjett-innst. S. nr. 12 (1995-96), der det vart vist til det viktige kyrkjemusikalske arbeidet som blir gjort ved domkyrkjene og verdien av dette arbeidet for norsk kulturliv.

Diakoniarbeidet i kyrkja blir for ein del finansiert ved statstilskottet. Elles er dette eit område som kommunane ofte gir løyvingar til, og dei diakonstillingane som staten ved sitt tilskott dekkjer halvdelen av utgiftene for, er ofte delfinansierte ved kommunale løyvingar. Elles er diakonien eit felt der mange frivillige deltek.

Med grunnlag i dei reglar og retningslinjer som gjeld for tilskottsordninga, er bispedømmeråda gitt fullmakt til sjølve å fordele tilskottet på diakonale formål, undervisning og kyrkjemusikk. Tilskottsordninga er avgrensa til desse formåla og er dermed eit øyremerkt tilskott. Tilskottet til undervisning og diakoni er heimla i kyrkjelova § 23, der det går fram at det kan givast statstilskott til særskilde stillingar innan kyrkjeleg undervisning og diakoni.

For kommunesektoren er det eit generelt mål å avvikle øyremerkte tilskott og eventuelt innlemme desse i rammetilskottet til kommunane, sjå mellom anna St.prp. nr. 62 (1999-2000) Om kommuneøkonomien 2001 mv. Sjølv om det er dei kyrkjelege fellesråda som er mottakarar av det øyremerkte tilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, meiner departementet at dei omsyna som ligg til grunn for avvikling av øyremerkte tilskott til kommunane, òg har relevans for kyrkjesektoren.

Etter kyrkjelova er det kommunane som har det fremste offentlege finansieringsansvaret for den lokale verksemda i kyrkja. Departementet meiner det er uheldig at staten - utover prestetenesta - har finansieringsoppgåver for den lokale kyrkjelege verksemda. Sjølv om statstilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk vart innført for å styrkje den kyrkjelege innsatsen på desse områda, medfører tilskottsordninga ei faktisk styring av den lokale ressursbruken. Dette gjeld for fellesråda, som har ansvaret for å forvalte dei ressursane dei har til rådvelde, men òg for kommunane, som i sine budsjettvedtak på det kyrkjelege området òg må prioritere mellom ulike formål. Etter departementet sitt syn bør det vere eit lokalt ansvar å prioritere mellom ulike kyrkjelege oppgåver og tiltak - på grunnlag av dei mål som gjeld for kyrkja og innanfor dei samla økonomiske ressursane som er til rådvelde. Eit øyremerkt statstilskott til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk kjem etter departementet si meining i strid med ein slik føresetnad. Intensjonane i kyrkjelova, sjå § 15, er at ressursbehovet og prioriteringa av dei kyrkjelege oppgåvene, mellom anna innan diakoni, barne- og ungdomsarbeid, undervisning og kyrkjemusikk, skal gå føre seg lokalt i eit samarbeid mellom kommune og kyrkje. Dermed vil det òg vere lagt til rette for å samordne kommunale og kyrkjelege tiltak i lokalsamfunnet, til dømes innan diakonien.

Departementet viser til dette og ser det som viktig at det no blir lagt til grunn ei ansvarsdeling der staten har finansieringsansvaret for prestetenesta - i tillegg til verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege råda - medan finansieringa av den kyrkjelege verksemda elles skal vere ei lokal oppgåve. Ansvaret til kommunane vil her vere sentralt, slik det òg går fram av kyrkjelova. Sjølv om kyrkjelova § 15 ikkje forpliktar kommunane til løyvingar til diakoni, barne- og ungdomsarbeid m.m. er dette område som naturleg høyrer heime i dei budsjettdrøftingane kyrkja har med kommunane, og som kommunane er dei nærmaste til å gi løyvingar til. Kyrkjelege tiltak innan til dømes diakonien og barne- og ungdomsarbeidet har elles så nære koplingar til det kommunane sjølve gjer innan helse- og omsorgssektoren og arbeidet blant barn og unge, at kommune og kyrkje bør ha ei felles interesse i at desse oppgåvene - og finansieringa av dei - blir samordna og vurderte i ein heilskap.

Departementet meiner det følgjer av denne prinsipielle forståinga av kva for oppgåver staten skal ha utgiftsansvaret for, og kva for oppgåver som skal vere eit lokalt finansieringsansvar, at tilskottsordninga til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk blir innlemma i rammetilskottet til kommunane og avvikla som øyremerkt ordning.

Det aktuelle statstilskottet går i dag mest til stillingar. Omfanget av statstilskottet og tilknytinga til konkrete stillingar vil bli utvida i 2001 som følgje av føresetnaden om at dei statlege kateketane skal bli organiserte under dei kyrkjelege fellesråda, sjå ovanfor. Ei omlegging av tilskottsordninga må derfor ha som føresetnad at fellesråda ikkje dermed får eit svakare finansieringsgrunnlag for desse stillingane enn tidlegare, med fare for at tilsette i stillingane kan bli sagde opp som følgje av manglande finansiering. For å få dette til må det etablerast lokale avtaler og rettslege bindingar for kommunane frå den tid tilskottsordninga blir innlemma i rammetilskottet til kommunane. Departementet vil komme tilbake til dette i samband med den endringa i kyrkjelova § 15 som vil vere nødvendig.

3.4.2 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

Eit særskilt tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane har vore løyvd over statsbudsjettet sidan 1997. Under behandlinga av statsbudsjettet gjorde Stortinget dette vedtaket, sjå Budsjett-innst. S. nr. II (1996-97):

«Stortinget samtykker i at 100 millioner kroner til gjennomføring av kirkeloven fordeles med et basistilskudd på 150 000 kroner pr kommune tilsvarende et 1/2 årsverk i lønnstrinn 36. Øvrige midler fordeles proporsjonalt etter innbyggertall.»

Løyvinga vart ført under kap. 294 Kyrkjeleg administrasjon, ny post 72, der tilskottsordninga er ført vidare i dei seinare statsbudsjetta.

Ved fordelinga av tilskottet til dei kyrkjelege fellesråda har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kvart år presisert at tilskottet ikkje skal nyttast slik at det avlastar kommunane for deira lovregulerte utgiftsplikter etter kyrkjelova. Kommunal- og regionaldepartementet har presisert det same i rundskriv til kommunane. Formålet med statstilskottet er at kyrkja lokalt skal ha eit økonomisk grunnlag som er større enn det som følgjer av reglane om kommunane sine utgiftsplikter etter kyrkjelova § 15.

I 1999 vart tilskottet auka frå 100 til 110 mill. kroner som følgje av at staten sine utgifter til kontorhald for prestane vart innlemma i tilskottet, sjå St.prp. nr. 1 (1998-99). Tilskottet i 2001 er budsjettert med 85 mill. kroner, sjå St.prp. nr.1 (2000-2001). Som tidlegare vil ein stor del av tilskottet bli fordelt med eit grunntilskott til kvart fellesråd, medan resten av tilskottet vil bli fordelt etter innbyggjartalet i kommunane. Grunntilskottet vil vere det same for alle. Denne fordelingsmåten er til beste for fellesråda i dei minste kommunane, som får ein relativt større del av det samla tilskottet. Tilskottet svarer til mellom 6 og 7 pst. av dei samla inntektene til fellesråda.

Det har frå kyrkjeleg hald vore understreka at tilskottet er ein viktig del av inntektsgrunnlaget for dei kyrkjelege fellesråda for å realisere intensjonane i kyrkjelova. Departementet er samd i at tilskottsordninga har vore viktig for gjennomføringa av det nye lovverket. Dei relativt store endringane lovverket stilte krav om, er sette i verk på kort tid. Den nye kyrkjeforvaltninga er framleis ung, men ho har no vore gjeldande i nær fire år, og departementet meiner at overgangstida mellom ny og eldre lovgiving må reknast som avslutta. Departementet foreslår å leggje om tilskottsordninga.

Kommunane har eit lovfesta ansvar for viktige delar av kyrkja sine utgifter. Utgiftene til staten er i dag i hovudsak avgrensa til prestetenesta og drifta av dei regionale og sentralkyrkjelege råda. Departementet meiner at den statlege tilskottsordninga til fellesråda bryt med den ansvarsdelinga mellom staten og kommunane som tradisjonelt er og har vore gjeldande på det kyrkjelege området. Dette medfører at ansvarsdelinga mellom kommune og stat er mindre klar enn tidlegare, med fare for at kommunane sitt økonomiske ansvar og engasjement på det kyrkjelege området blir redusert. I undersøkingar som Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon har gjennomført, er det indikasjonar på at tilskottet frå staten til fellesråda har verknad for dei kommunale løyvingane til kyrkja.

Sjølv om det aktuelle tilskottet ikkje er eit øyremerkt tilskott til fellesråda på same måten som tilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, vil dei grunnane departementet har vist til for å foreslå den eine tilskottsordninga innlemma i rammetilskottet til kommunene, òg gjelde for den andre. Såleis følgjer det av den prinsipielle klargjeringa av ansvarsfordelinga mellom lokalt og sentralt nivå som departementet tek til orde for når det gjeld finansieringa av kyrkja si verksemd, sjå pkt. 3.4.1, at den nemnde tilskottsordninga bør bli innlemma i rammetilskottet til kommunane. Departementet meiner det vil vere viktig, ikkje minst ut frå omsynet til lokal samordning, at det er kommunen dei kyrkjelege fellesråda i økonomiske spørsmål har drøftingar med. Problemstillinga vart elles særskilt nemnd i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1998-99), sjå pkt.1.1.

Da kommunane i den nye kyrkjelova § 15 fekk ansvaret for å dekkje utgiftene til dagleg leiar for dei kyrkjelege fellesråda, sjå Innst. O. nr. 46 (1995-96), vart meirutgiftene, rekna til 39 mill. kroner i 1997, innarbeidde i rammeoverføringane til kommunane. På same måten legg departementet til grunn at dei kommunale utgiftspliktene til kyrkja må regulerast opp frå den tid den nemnde tilskottsordninga blir innlemma i rammetilskottet til kommunane. Dette vil krevje ei endring i kyrkjelova § 15, noko departementet vil komme tilbake til. Innlemminga av det nemnde tilskottet i rammetilskottet til kommunane bør gå føre seg over ei viss tid.

3.5 Kyrkjebygg

Kommunane har etter kyrkjelova - som etter det tidlegare lovverket - det økonomiske ansvaret for å reise nye kyrkjer dersom vilkåra er til stades. Desse vilkåra følgjer av kyrkjelova § 21, der det mellom anna går fram at det skal byggjast ny kyrkje dersom den gamle kyrkja ikkje lenger kan brukast, dersom kyrkja ikkje er stor nok eller det ikkje er kyrkje i soknet. Ny kyrkje skal som hovudregel ha plass til ti prosent av Den norske kyrkja sine medlemmer i soknet. Det er for tidleg å seie om det nye kyrkjelege lovverket har hatt eller vil få verknader for reisinga av nye kyrkjer.

Sidan 1980 har det vore reist vel 70 nye kyrkjer. I tabell 3.2 er vist kor mange nye kyrkjer som har vore reiste på 1900-talet.

Tabell 3.2 Nye kyrkjebygg 1901-1999, soknekyrkjer og kapell

1901-19201921-19401941-19601961-19701971-19801981-19901991-1999
1531089671723737

Tabellen viser at det i 1960- og 1970-åra vart reist vel 70 nye kyrkjer i kvart tiår, medan det på 1980-talet vart reist vesentleg færre nye, i alt 37. På 1990-talet er det reist like mange nye kyrkjer som på 1980-talet. 13 av dei nye kyrkjene på 1990-talet er reiste som følgje av kyrkjebrannar på 1980- og 1990-talet. I 1960-åra var det tre kyrkjer som brann ned til grunnen. I 1970-åra var talet seks, på 1980-talet 12. På 1990-talet var det 16 kyrkjer som brann ned.

Av og til blir det reist spørsmål om statleg medverknad i finansieringa av nye kyrkjebygg. Frå kyrkjeleg hald blir det vist til at auken i talet på nye kyrkjebygg ikkje er i samsvar med behovet, slik dette veks fram som resultat av endringar i busetjingsmønsteret. Behovet for nye kyrkjer er derfor særleg stort i dei sentrale, tettbygde områda. Det blir dessutan vist til at investeringar i nye kyrkjebygg ofte taper i konkurransen med andre byggjeprosjekt som kommunane skal finansiere, og at statleg medfinansiering vil vere viktig som stimulans og verkemiddel for å auke takten i bygginga av nye kyrkjer.

Departementet er merksam på at behovet for nye kyrkjebygg er stort mange stader. Departementet viser likevel til at det etter lova heilt og fullt er ei kommunal oppgåve å finansiere kyrkjebygg, og kan ikkje i dag sjå det er grunnlag for å endre denne generelle føresetnaden.

Departementet vil elles peike på at det frå Opplysningsvesenets fond kan givast lån på rimelege vilkår til nye kyrkjer. Departementet meiner at slike lån bør ha høg prioritet ved tildelinga av lån frå fondet. Spørsmålet om å gi tilskott frå fondet til bygging av kyrkjer, er nærmare omtalt under pkt. 4.3.2, i samanheng med spørsmålet om tilskott frå fondet til vern og sikring av eldre kyrkjer og kyrkjeinventar. Statstilskott til stavkyrkjene er òg omtalt under pkt. 4.3.2.

3.6 Oppsummering

Som det går fram, meiner departementet at staten skal ha det finansielle ansvaret for prestetenesta, og for verksemda ved dei regionale og sentralkyrkjelege organa. Departementet går inn for at talet på prestestillingar får ein vesentlig auke i åra framover, og at reiseutgiftene til prestane blir eit statleg ansvar. Dei lokale kyrkjelege oppgåvene - utanom prestetenesta - bør finansierast lokalt. At det økonomiske ansvaret for den lokale kyrkjelege verksemda ligg til lokalsamfunnet, har vore og er hovudregelen i dag. Departementet meiner derfor at dei statlege tilskotta til dei kyrkjelege fellesråda, dvs. det særskilte tilskottet til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk, og det generelle tilskottet til fellesråda, bør bli innlemma i rammetilskottet til kommunane. Omleggingane krev visse endringar i kyrkjelova.

Til forsida