St.meld. nr. 19 (2000-2001)

Om handtering av aborterte foster

Til innhaldsliste

2 Rettsleg grunnlag osv.

Det finst i dag inga rettsleg regulering for handtering av aborterte foster. Nokre lovreglar er likevel av ei viss interesse i høve til utforminga av retningslinjer.

2.1 Avgrensing

I rettleiinga til lov om svangerskapsavbrot er nemninga foster brukt når fosteret er inne i livmora og fram til fødselen. Spørsmål knytte til handtering av befrukta egg, jf. lov om medisinsk bruk av bioteknologi, fell utanfor ramma av meldinga.

Verdshelseorganisasjonen set grensa mellom abort og dødfødsel til 22 fullgåtte svangerskapsveker. I denne meldinga legg ein den same definisjonen av foster til grunn, slik at meldinga ikkje omtaler handtering av foster etter 22. svangerskapsveke. Etter 22. veke gjeld forskriftene i gravferdslova om at dødfødde barn har rett til eiga grav.

2.2 Lov om svangerskapsavbrot

Etter § 2 i lov av 13. juni 1975 nr. 50 om svangerskapsavbrudd med endringar i lov av 16. juni 1978 nr. 66 tek kvinna sjølv den endelege avgjerda om svangerskapsavbrot dersom inngrepet kan skje før utgangen av 12. svangerskapsveke, og tungtvegande medisinske grunnar ikkje taler imot det. Etter utgangen av 12. svangerskapsveke kan ei abortnemnd gi løyve til svangerskapsavbrot av omsyn til helsa eller livssituasjonen til mora, dersom det er stor fare for at barnet kan få alvorleg skade, mora er blitt gravid ved valdtekt eller incest, eller ho er alvorleg sinnslidande eller sterkt psykisk utviklingshemma. Krava som ligg til grunn for løyve til svangerskapsavbrot, skal vere strengare di lenger ute i svangerskapet avbrotet skjer. Etter utgangen av 18. svangerskapsveke kan ein ikkje avbryte eit svangerskap med mindre det ligg føre særleg tungtvegande grunnar. Er det grunn til å tru at fosteret er levedyktig, kan ein ikkje gi løyve til svangerskapsavbrot. Dersom svangerskapet fører til overhengande fare for livet eller helsa til kvinna, kan det likevel avbrytast utan omsyn til forskriftene i abortlova, jf. § 10.

2.3 Lov om gravferd

I § 6 første ledd i lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd av 7. juni 1996 nr. 32 (gravferdslova) blir det slått fast at dødfødde barn har rett til eiga grav i den kommunen mora er busett. Gravferdslova set inga grense nedover for når foster skal reknast som dødfødde barn og ha rett til eiga grav. I tvilstilfelle føreset Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet at dei som har ansvaret for kyrkjegarden, legg avgjerande vekt på kva foreldra vil, jf. Ot.prp. nr. 64 (1995-96) side 63. Gravferdslova inneheld ikkje forskrifter om samla nedsetjing av døde foster i umerkt grav/minnelund. Gravferdslova er likevel ikkje til hinder for ein slik praksis, men føresetnaden er at det blir gjort ein avtale mellom vedkomande sjukehus og dei som har ansvaret for den lokale kyrkjegarden.

2.4 Lov om folketrygd

Lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (den nye folketrygdlova) inneheld i § 14-4 generelle forskrifter om fødselspengar. Det går fram av rundskriv frå Rikstrygdeverket om ytingar ved fødsel og adopsjon at alle tilfelle der nedkomsten har skjedd etter 26. svangerskapsveke, blir rekna som fødsel. Det gjelder sjølv om barnet er dødfødt. Dødfødsel før 27. svangerskapsveke blir ikkje rekna som fødsel, men som abort. Definisjonane i rundskrivet er henta frå rundskriv til den tidlegare folketrygdlova. Rikstrygdeverket skil ikkje mellom dødfødde og foster for utbetaling av gravferdsstønad. Det finst inga nedre aldersgrense for utbetaling av gravferdsstøtte til foster.

2.5 Utgreiing frå Statens helsetilsyn om handtering av biologisk risikoavfall

I utgreiingsserie nr. 5 1991 frå Helsedirektoratet, Om destruksjon og bortskaffing av avfall fra helseinstitusjoner, er det m.a. gitt generelle retningslinjer for handtering av biologisk materiale. Det blir tilrådd å destruere biologisk materiale ved brenning.