St.meld. nr. 19 (2000-2001)

Om handtering av aborterte foster

Til innhaldsliste

4 Noverande praksis

4.1 Talet på svangerskapsavbrot

I 1999 blei det i alt utført 14 251 svangerskapsavbrot. Av desse var det 469 svangerskapsavbrot etter 12. veke som det var gitt løyve til etter behandling i abortnemnd. Basert på statistikk over talet på svangerskapsavbrot frå 1994 skjer 75 prosent av svangerskapsavbrota før 12. veke innan 9. veke av svangerskapet.

4.2 Oversikt over praksis

Det finst i dag ikkje føresegner eller retningslinjer for korleis sjukehus skal handtere aborterte foster eller vev frå foster, og det er opp til sjukehuseigaren å finne fram til metodar for forsvarleg handtering. Manglande retningslinjer har ført til at det i dag er svært ulik praksis. Vev frå tidlege svangerskapsavbrot blir vanlegvis handtert som anna biologisk avfall, medan foster frå seine svangerskapsavbrot og spontanabortar i mange tilfelle blir sette ned på minnelund eller gravlagde på tilsvarande måte som dødfødde barn, anten i minnelund, i familiegrav eller i eiga grav.

Departementet blei våren 1997 kjent med at eit sjukehus i fleire år skulle ha sendt lister over kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot, til ein kyrkjegard for at dei kunne identifisere dei aborterte fostra i samband med gravlegginga. Denne typen opplysningar kjem inn under teieplikta, og departementet bad sjukehuset om å endre rutinane. I samband med denne saka gjennomførte departementet ei rundspørjing til alle sjukehusa i landet for å kartleggje praksis ved sjukehusa når det gjeld gravlegging av aborterte foster. Det kom svar frå 41 sjukehus som utfører svangerskapsavbrot.

Dei fleste sjukehus destruerer abortmateriale frå svangerskapsavbrot før den 12. svangerskapsveka. Ved svangerskapsavbrot, spontanabortar eller dødfødslar etter 12. svangerskapsveke er praksis svært ueinsarta både når det gjeld destruksjon, organisering av gravlegging, fullmakt frå mora, alderen på fosteret for eventuell gravlegging, gravlegging/kremering, fellesgrav/separat grav/familiegrav, praksis for dekning av gravferdsutgifter og praksis for identifisering av foster.

Variasjonen i praksis kan illustrerast ved at eit fylkessjukehus set alle foster som er over 13-14 veker, i eigne kister på eit eige gravfelt på ein nærliggjande kyrkjegard, medan fylkessjukehuset i nabofylket handterer foster inntil 28 veker som biologisk materiale (i begge tilfella dersom foreldra sjølve ikkje ønskjer å ta hand om fostra for gravlegging).