St.meld. nr. 19 (2000-2001)

Om handtering av aborterte foster

Til innhaldsliste

6 Vurdering og forslag frå departementet

6.1 Innleiing

Det er ønskeleg med retningslinjer for handtering av aborterte foster som sikrar lik praksis over heile landet. Retningslinjene bør være knytte til når i svangerskapet aborten går føre seg. Som nemnd i punkt 2.1 set verdshelseorganisasjonen grensa mellom abort og dødfødde til 22 fullgåtte veker. Same definisjon av foster vert lagt til grunn i denne meldinga. Etter 22. veke gjeld forskriftene i gravferdslova om at dødfødde barn har rett til eiga grav.

Etter departementet sitt syn må det vere eit klart skilje mellom handtering av abortmateriale før og etter 12. svangerskapsveke i tråd med graderinga i lov om svangerskapsavbrot lov om svangerskapsavbrot slik at abortmateriale før 12. veke blir handtert på same måten som anna biologisk materiale på sjukehus. For svangerskapsavbrot som går føre seg mellom 12. og 22. veke, bør ein utforme retningslinjer med det formål å sikre likearta og respektfull handtering av foster etter seine svangerskapsavbrot. Dei må sikre respekt for kvinna i ein sårbar og vanskeleg situasjon.

Departementet meiner at retningslinjene bør vere retningsgivande og ikkje juridisk bindande. Det foreslår at Statens helsetilsyn, i kraft av sin avgjerdsrett etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr. 15, utarbeider og formidlar dei endelege retningslinjene i tråd med tilrådingane frå Stortinget.

6.2 Særleg om samtykke frå kvinna

Kvinner har hittil vanlegvis ikkje vore i ein situasjon der dei må tenkje på kva som skal skje med aborterte foster. I dag er det i praksis det enkelte sjukehuset som bestemmer handteringa. Ved handtering av eit abortert foster vil ikkje kvinna ha samtykkekompetanse på same måten som når det gjeld å gi samtykke på eigne vegner eller på vegner av barn, slik det kjem til uttrykk i den nye lova om pasientrettar. Handtering av aborterte foster er såleis ikkje omfatta av lova om pasientrettar.

Sidan svangerskapsavbrot er ei vanskeleg avgjerd å ta, kan det innebere ei ekstra belastning for ei kvinne å måtte ta standpunkt til korleis det aborterte fosteret hennar skal handterast. Det taler for at kvinna ikkje bør bli konfrontert med slike spørsmål. Seine abortar kan vere ei psykisk belastning for den enkelte kvinna. Eit uttrykt samtykke til korleis fosteret skal handterast etter svangerskapsavbrotet, kan forsterke denne belastninga. Derfor bør omsynet til kvinna i ein sårbar situasjon leggjast til grunn. Retningslinjene bør altså sørgje for ein praksis som behandlar kvinna med respekt og ikkje aukar belastninga i ein situasjon som på førehand er krevjande. Det inneber at når ei kvinne krev svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke, blir ho informert gjennom standardisert skriftleg informasjon, men ho bør ikkje bli spurd. Informasjonen skal vere nøytral og vise respekt for kvinna og det valet ho tek. Ved provosert abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke blir fosteret sett ned på ein kyrkjegard eller minnelund dersom kvinna ikkje gir uttrykk for at ho ønskjer handtering etter dei same retningslinjene som gjeld for handtering av biologisk materiale.

6.3 Særleg om foster etter spontanabortar

Som omtalt i kapittel 3 skjer spontanabortar mellom 12. og 22. svangerskapsveke oftast på sjukehus. Ved spontanabortar som skjer på sjukehus, bør kvinna/paret på ein skånsam måte munnleg blir informerte om at ho/dei har høve til å setje fostret ned på ein kyrkjegard eller minnelund. Når kvinna/paret har gjort eit slikt val, skal ein følgje dette valet.

6.4 Særleg om forhold knytte til kyrkjegardar eller minnelundar

På fleire kyrkjegardar finst det eit eige gravfelt eller ein minnelund for dødfødde barn og døde foster. Kyrkjegarden eller minnelunden kan brukast av alle, uavhengig av livssyn og kyrkjesamfunn.

Departementet tilrår at aborterte foster som ikkje blir handterte som biologisk materiale, blir oppbevarte på sjukehuset til dei blir sende over til minnelunden eller krematoriet. Ei slik oversending bør skje minst ein gong per halvår. Sjukehuset bør gjere avtale med dei som har ansvaret for dei lokale kyrkjegardane, om mottak av aborterte foster minst ein gong per halvår. Ved sjukehus med avdeling for patologi må det gjerast avtale som sikrar at fostra kan kremerast.

Teieplikta (jf. sjukehuslova § 16 og legelova § 31) inneber eit forbod mot å opplyse om namnet til kvinna til dei som har ansvaret for kyrkjegarden, med mindre kvinna samtykkjer til det. Dersom fosteret blir sett ned i ein felles minnelund, skal det skje anonymt. Sjukehuset skal berre opplyse til dei ansvarlege for kyrkjegarden kva for ein tidsperiode fostra i oversendinga stammar frå.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er innstilt på - i den grad det måtte vere behov for det - å positivt leggje til rette for at dei ansvarlege for kyrkjegardane på denne måten kan hjelpe sjukehusa med ei verdig handtering av aborterte foster, også i tilfelle der det ikkje blir halde gravferd etter forskriftene i gravferdslova.

6.5 Rutinar ved sjukehuset

Den medisinske situasjonen og det behovet kvinna/paret har for sorgarbeid og klarlegging av årsaker, varierer, mellom anna etter kor langt graviditeten er komen, og om det har vore ein spontan abort eller eit svangerskapsavbrot. Departementet tilrår at rutinane til sjukehuset for handtering av aborterte foster bør liggje i prosedyresamlinga ved dei aktuelle avdelingane, inklusive oversikt over kva slags informasjon ein skal gi. Det skal gå fram av journalen til kvinna kva for ei handteringsform som er vald. Kvinna bør informerast dersom det blir gjort undersøkingar av fosteret, og kvifor det blir gjort.

Avdelinga bør hjelpe til med å formidle kontakt dersom kvinna ønskjer gravferd, seremoni eller har behov for anna hjelp. Forholda bør leggjast til rette for at kvinner får tilbod om å få gjennomarbeide reaksjonane sine, og retten til diskresjon skal sikrast.

Det bør gå fram av prosedyresamlinga til sjukehuset kva for ein kyrkjegard sjukehuset har avtale med, og kva avtalen omfattar. Sjukehuset skal halde oversikt over det tidsrommet aborterte foster som skal setjast ned på minnelund, er oppsamla, og når og til kva for ein minnelund aborterte foster er sende for anonym nedsetjing. Dei som har ansvaret for kyrkjegarden, fører register over når og frå kva for eit sjukehus fostra er komne, og over når og kvar nedsetjinga har skjedd.

6.6 Forslag til prinsipp

På bakgrunn av tidlegare tilråding frå Statens helsetilsyn og behandling i Stortinget foreslår departementet at desse prinsippa blir lagde til grunn for helsestellet si handtering av aborterte foster:

  • Retningslinjene gjeld for sjukehus og helsepersonell og skal være retningsgivande.

  • Retningslinjene gjeld for alle aborterte foster inntil 22 fullgåtte veker. Ved svangerskapavbrot etter 22. veke gjeld reglane i gravferdslova.

  • Ved svangerskapsavbrot før utgangen av 12. svangerskapsveke bør fostermaterialet bli handtert etter dei same retningslinjene som gjeld for handtering av biologisk materiale.

  • Kvinner som krev svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke, skal få standardisert skriftleg informasjon om handteringa av aborterte foster. Kvinnene bør få tilstrekkeleg tid til refleksjon, men dei bør ikkje spørjast.

  • Ved provosert abort etter utgangen av 12. svangerskapsveke, blir fosteret sett ned på ein kyrkjegard eller minnelund dersom kvinna ikkje gir uttrykk for at ho ønskjer handtering etter dei same retningslinjene som gjeld for handtering av biologisk materiale. Tilsvarande gjeld ved spontanabortar som skjer på sjukehus etter utgangen av 12. svangerskapsveke.