St.meld. nr. 19 (2000-2001)

Om handtering av aborterte foster

Til innhaldsliste

5 Retningslinjer i andre land

5.1 Sverige

I samband med ei svensk utgreiing om behovet for endringar i transplantasjonslova inneheld delutgreiinga SOU 1991:42 Aborterade foster m.m. forslag til retningslinjer for handtering av aborterte foster. Utvalet hadde som mandat på dette punktet å vurdere rutinar som kunne garantere at det dødfødde fosteret blir handtert på ein verdig og respektfull måte. Utvalet tolka omgrepet «dødfødde foster» til å gjelde både spontanaborterte foster og foster frå provoserte abortar. Utvalet foreslo at eit foster som døyr etter 12. svangerskapsveke, alltid skal takast hand om for kremering før oska blir sett i jorda eller blir spreidd anonymt. Gravlegging eller andre seremoniar i samband med handteringa bør ikkje skje med mindre det ligg føre eit særskilt ønske. Berre kvinna kan setje fram eit slikt ønske. Sjukehuset bør ikkje ha plikt til å underrette kvinna om dei rutinane sjukehuset har for handtering av døde foster. Slike rutinar blei utgitt av Socialstyrelsen i 1990, og dei er stort sett samanfallande med forslaga i SOU 1991:42.

5.2 Danmark

Den danske helseministeren opplyste i Folketinget våren 1999 at Sundhedsstyrelsen arbeider med rutinar for handtering av seine abortar og opplysning til foreldra om høve til å sjå det aborterte fosteret og å få sett det ned på ein kyrkjegard eller minnelund.