St.meld. nr. 24 (2005-2006)

Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) – strukturen til klareringsstyresmakta

Til innhaldsliste

3 Personelltryggleiksteneste

3.1 Tryggleiksklarering

Tryggleiksklarering er det sentrale førebyggjande tryggleikstiltaket innanfor personelltryggleiken. Dette tiltaket inneber at ein person som kan få tilgang til tryggleiksgradert informasjon blir kontrollert for å avdekkje den tryggleiksmessige kvalifikasjonen. Tryggleiksklarering skal gjennomførast når ein person vil kunne få tilgang til gradert informasjon, jf. sikkerhetsloven § 19.

Tryggleiksklarering kan gis for tre forskjellige nivå; KONFIDENSIELT (eventuelt NATO CONFIDENTIAL), HEMMELIG (eventuelt NATO SECRET) eller STRENGT HEMMELIG (eventuelt COSMIC TOP SECRET). For det lågaste graderingsnivået, BEGRENSET, er det ikkje naudsynt med klarering for å få tilgang. Her er autorisasjon, jf pkt. 3.2, tilstrekkeleg.

Nærare utgreiing om desse tryggleiksnivåa står i sikkerhetsloven § 11. Informasjon skal ha graderinga BEGRENSET dersom det i nokon grad kan føre til skade for tryggleika til Noreg eller alliansepartane, forholdet til framande makter eller andre vitale nasjonale tryggleiksinteresser, om informasjonen blir kjent for uvedkommande. KONFIDENSIELT skal tas i bruk dersom informasjonen kan føre til skade. HEMMELIG er korrekt gradering for informasjon som med kompromittering kan resultere i alvorleg skade. STRENGT HEMMELIG tas i bruk dersom informasjonen kan føre til avgjerande skadefølgjer. Personkontrollen blir grundigare dess høgare tryggleiksgradering som er på tale.

Grunnlaget for vurderinga av tryggleiksgradering av norske statsborgarar går fram av sikkerhetsloven § 21. Det står i første leddet at tryggleiksklarering berre skal gis eller opprettholdast dersom det ikkje er rimeleg tvil om den tryggleiksmessige kvalifikasjonen til personen. Når avgjerdsle tas om tryggleiksmessig kvalifikasjon, skal det berre leggjast vekt på forhold som er relevante for å vurdere pålitelegheit, lojalitet og sunne dømmekraft til personen i forhold til handsaming av gradert informasjon. Slike relevante forhold kan til dømes vere kriminelle handlingar, misbruk av alkohol eller økonomiske forhold som kan freiste til utruskap.

I § 22 står reglane for klarering av utanlandske statsborgarar. Klarering kan gjennomførast etter ei vurdering av den tryggleiksmessige tyding av heimlandet og tilknytinga som personen har til heimlandet og Noreg. I tillegg gjeld naturlegvis dei skrankane som går fram av § 21 for norske statsborgarar.

3.2 Autorisasjon

Person som er tryggleiksklarert må før kontakt med tryggleiksgradert informasjon, òg få ein særskild autorisasjon for dette, jf. § 23 femte leddet. Autorisasjon kan gis dersom det ikkje er opplysningar som gjer at det herskar tvil om personen er tryggleiksmessig til å stole på. Mens tryggleiksklarering skjer sentralt ved ei klareringsstyresmakt, skjer autoriseringa lokalt hos den verksemda der det er planlagt at vedkommande skal få kontakt med gradert informasjon. Formålet med autorisasjonen er hovudsakeleg å kontrollere at han eller ho er kjent med tryggleiksreglane, og å få etablert eit tillitsforhold mellom verksemda og personen. Autorisasjonsstyresmakta kan, dersom opplysningar gjer at det blir tvil om personen er tryggleiksmessig skikka, sette ned, kalle tilbake eller suspendere autorisasjonen, jf. sikkerhetsloven § 24. Slik avgjerdsle skal bli rapportert til klareringsstyresmakta. Autorisasjonsstyringsmakta har såleis ein viktig tryggleiksmessig funksjon, og er den næraste ansvarlege for å følgje opp tryggleiksklarert personell.

3.3 Forholdet mellom tryggleiksklarering og autorisasjon

Kontakt med gradert informasjon forutset ein totrinnsprosess, der ein først må få tryggleiksklarering av klareringsstyresmakta og deretter autorisasjon av den verksemda der den konkrete kontakt med gradert informasjon vil finne stad. Denne prosessen kan eksemplifiserast med at ei tryggleiksklarering er «førarkortet» som gir eit generelt høve til å ha kontakt med gradert informasjon, mens autorisasjonen er «overleveringa av bilnøklane» der den konkrete tilgangen til gradert informasjon blir gitt.

3.4 Nivåklarering - stillingsklarering

Eit klareringsbehov blir til vanleg utløyst når ei stilling blir besatt. Likevel er ikkje klareringa avgrensa til bruk i ei bestemt stilling. Dersom ein slutter i den stillinga ein først blei klarert for, kan ein gjere bruk av den samme klareringa i ei eventuell ny stilling der det er krav om tilsvarande eller lågare tryggleiksklarering. Det vil her vere nok at personen blir autorisert av den nye verksemda for tilgang til gradert informasjon. Denne type klarering som blir praktisert i Noreg, blir gjerne kalla nivåklarering. Dette i motsetnad til stillingsklarering, der klareringa er knytta til ei konkret stilling. Når ein skifter til ny stilling som krev klarering, blir det i eit slikt system gjennomført ein ny personkontroll relatert til den nye stillinga.