St.meld. nr. 24 (2005-2006)

Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) – strukturen til klareringsstyresmakta

Til innhaldsliste

4 Klareringsstyresmakt

4.1 Rettsleg utgangspunkt

Ei klareringsstyresmakt er det organet som treffer beslutning i saker om tryggleiksklarering. Hovudregelen om den struktur som gjeld i dag står i sikkerhetsloven § 23 første leddet, som fastsetjer at kvart einskild departement er klareringsstyresmakt for personell innan sitt styresmaktsområde. I særlege tilfeller kan departementet delegere klareringsstyresmakt til underlagte verksemder som har eit stort klareringsbehov. Etter sikkerhets-loven § 23 tredje leddet kan departementet ikkje delegere saker om klarering av utanlandske statsborgarar. Når det gjeld klarering for det høgste nivået, COSMIC TOP SECRET (CTS), kan dette berre gis av Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

I samanheng med tryggleiksgraderte kjøp eller andre leveransar gjort av vedkommande departement eller underliggjande etat eller institusjon, er departementet etter § 23 andre leddet klareringsstyresmakt for personell tilsatt hos eller engasjert av leverandøren.

Personelltryggleiksføresegna § 4-1 bestemmer vidare at fylkesmennene er klareringsstyresmakt for personell i fylkeskommunen, kommunane og verksemder med beredskapsmessig tilknyting til desse.

Når det gjeld klagebehandling, er NSM klageinstans. I saker der NSM er førsteinstansen, dvs. CTS-saker og ansatte i NSM som dei sjølv klarerar, er Forsvarsdepartementet klageinstans, jf. sikkerhetsloven § 25 c tredje leddet.

4.2 Kvifor kompetent klareringsstyresmakt er viktig

Klareringsstyresmakta har ein sentral tryggleiksmessig funksjon når ho skal bringe klarleik i den tryggleksmessige kvalifikasjonen til personar, og såleis hindre at uvedkommande får tilgang til gradert informasjon.

Personkontrollprosessen som eventuelt leier fram til ei tryggleiksklarering er inngripande for den einskilde. Ein negativ klareringsavgjerdsle kan få alvorlege negative konsekvensar, typisk ved at ein ikkje får tilsetting i ei tiltenkt stilling, eventuelt at ein må gå i frå ei stilling ein sit i. Følgjeleg har klareringsstyresmakta òg eit viktig rettstryggleiksmessig ansvar i forhold til den personen som treng slik klarering.

Ei klareringsstyresmakt vil såleis regelmessig måtte gjennomføre kompliserte tryggleiks- og rettstryggleiksmessige vurderingar av faktisk og rettsleg karakter. Utfallet av vurderingane vil kunne få stor samfunnsmessig tyding, samt vesentleg tyding for den einskilde. Ei klareringsstyresmakt må på denne bakgrunn vere organisert på ein hensiktsmessig og forsvarleg måte.