St.meld. nr. 24 (2005-2006)

Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) – strukturen til klareringsstyresmakta

Til innhaldsliste

8 Departementet sine vurderingar

Departementet sitt utgangspunkt ved ei evaluering av struktur på dette området, er at ei klareringsstyresmakt bør inneha tilstrekkeleg fagkompetanse. Det aktuelle organ bør såleis sitte med god kunnskap både teoretisk og gjennom praktisk erfaring på saksfeltet. Derfor må ein ved organisering av klareringsstyresmaktene ha som mål at desse får eit relativt stort sakstilfang. Ein viss storleik på fagmiljøa vil òg bidra til mindre konsekvensar ved skifte av personell, og at dette vil bidra til at ein kan utvikle eit fagmiljø som er robust med omsyn til omorganiseringar. Elles vil einheitleg handsaming lettare kunne bli gjennomført med å redusere talet på klareringsstyresmakter. Dette både fordi kompetansen hos klareringsstyresmaktene blir betre, og fordi tilsyn og kontrollverksemd frå NSM og Stortingets kontrollutvalg for etterretnings- overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) kan bli gjennomført på ein meir effektiv måte.

Når det gjeld sistnemnde alternativ under forrige punkt, samling av all klareringsstyresmakt til eit organ, vil dette naturleg kunne føre til ein robust organisasjon med høg fagkompetanse. Sakstilfanget vil vere optimalt. Departementet er likevel noko skeptisk til å samle all styresmakt til ein organisasjon, utan tilsvarande styresmakt på samme nivå med korrigerande verknad. Departementet er av den oppfatning at regjeringa si inspeksjon av NSM, den generelle instruksjonsadgang, samt EOS-utvalget sin parlamentariske kontroll-verksemd, ikkje veg opp for dette. Forutsatt at klageorganet blir lagt til ei uavhengig nemnd, vil dette ikkje vere uproblematisk med omsyn til EOS-utvalet sine kontrollfunksjonar. Utvalet har sjølv uttala at ei slik løysing vil kunne føre til at det parlamentariske kontrollelementet blir svekka. Dette fordi terskelen for å kritisere nemnda blir lagt høgt – dels på grunn av forutsetningar om kompetansen til nemnda, men kanskje særleg på grunn av nemnda si uavhengige stilling. Ei nemnd vil òg kunne finne det vanskeleg å godta kritikk, i tillegg til at det på prinsipielt grunnlag kan bli reist spørsmål om det er heldig at ei slik nemnd som det her vil vere tale om, blir underlagt kontroll av eit parlamentarisk forankra organ. Det er dessutan eit moment at denne strukturløysinga vil få vesentlege administrative konsekvensar, og ho vil bryte radikalt med sektorprinsippet som seier at kvart departement har det overordna ansvar for førebyggjande tryggleik i eiga sektor.

Forslaget om to klareringsstyresmakter, ein i sivil sektor og ein i militær sektor, harmonerar med den overordna ansvarsfordelinga for den førebyggjande tryggleikstenesta, der NSM som sektorovergripande direktorat har ei fagleg rapporteringsline til Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet i henholdsvis sivile og militære spørsmål. Med denne modellen oppstår det to store kompetansemiljø som kan utveksle erfaringar og kompetanse. Løysinga vil ikkje få konsekvensar for EOS-utvalet si verksemd. Ei innvendig mot denne løysinga er problemet med å finne eit organ i sivil sektor som kan vere klareringsstyresmakt. PST kunne tenkjast å ha denne funksjonen. Dette vil bryte med den etablerte arbeidsfordelinga mellom NSM og PST som har oppgåver av henholdsvis defensiv og offensiv karakter. Vidare kan det reisast som eit prinsipielt spørsmål om det er heldig at ein einskild instans får så omfattande fullmakter både av offensiv og defensiv karakter. Ein mogeleg felles klareringsstyresmakt på sivil side kan vere Politidirektoratet, som allereie i dag handsamar eit stort tal med klareringssaker (560 i 2005). Også alternativet om to klareringsstyresmakter utløyser vesentlege administrative konsekvensar og harmonerer ikkje med sektorprinsippet.

Løysinga med innskrenking av klareringsstyresmakt til dei departementa med flest klareringssaker, vil innebere ein vesentleg reduksjon av talet på klareringsstyresmakter. Systematikken om at handsaming i første instans i det vesentlege skal skje på departementsnivå, blir her oppretthalde. Denne løysinga vil heller ikkje harmonere med sektorprinsippet.

Alternativet om å vidareføre dagens modell, men samstundes samle fylkesmennene sin klareringsstyresmakt til fylkesmannen i Oslo og Akershus og fylkesmannen i Rogaland, vil innebere ein reell redusering av talet på klareringsorganer. For øvrig bør det foretas ein reell, kritisk gjennomgang av øvrige departement si praktisering av sikkerhetsloven § 23, første leddet. Innskrenking bør primært skje ved at departementa sjølv foretar ei kritisk vurdering av sin delegeringspraksis. NSM bør i si tilsynsverksemd ha fokus på denne problemstillinga, og i ytterste fall gi pålegg om å oppheve ei delegeringsavgjerd dersom denne ikkje er i samsvar med krav i lova.

Etter ei samla vurdering er departementet av den oppfatning at ei justert vidareføring av dagens modell er den beste løysinga. Med samling av fylkesmennene si klareringsstyresmakt, blir det 16 færre klareringsstyringsmakter. Dersom departementa i tillegg innskjerpar sin delegeringspraksis, vil ein kunne oppnå ei tilnærma halvering av talet på klareringsstyresmakter i forvaltninga, samtidig som sektorprinsippet blir varetatt.

Departementet meiner det bør bli vurdert å stille visse kompetanse- og ressursmessige krav til dei verksemder som skal handsame klareringssaker. Eit mogeleg krav kan vere at personellet i verksemda deltar på sakshandsamingskurs og kurs om tryggleikssamtale i regi av NSM. Det bør vidare vurderast å setje krav om at alle klareringsstyresmakter skal vere knytta til det elektroniske sakshandsamingssystemet for klareringssaker, TUSS. Det siste vil bidra til ein betre kommunikasjon mellom klareringsstyresmaktene og hurtig sakshandsamingstid.

Ei generell innvending som har blitt reist mot ei sentralisering av klareringsstyresmakt, er at dette vil føre til ein for stor avstand mellom autoriserande styresmakt og klareringsstyresmakta. Til dette skal merkast at lovgjevar allereie har gjort vedtak om sentralisering gjennom at departementa skal vere klareringsstyresmakt, og at det nettopp er negative erfaringar med eit høgt antall, fragmenterte klareringsstyresmakter som har danna bakgrunnen for ein gjennomgang av organiseringa av desse organa. Ei lokal tryggleiksoppfølgjing er likevel viktig. Såleis vil verksemder som mister klareringsstyresmakta framleis kunne ha ein viktig tryggleiksfunksjon, men da som autorisasjonsstyresmakt med det daglige oppfølgingsansvar for personelltryggleiken, jf. ovanfor i pkt. 3.2.