St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Den norske formannskapen i 2006

2.1 Innleiing

Dei tre hovudprioriteringane i formannskapsprogrammet har sett fokus på tre utfordringar som etter regjeringa sitt syn er sentrale for heile Norden:

  • nordområda og kva dei har å seie for Norden og Europa

  • framtida til den nordiske velferdsmodellen

  • trongen for å møte globaliseringa med kontinuerleg kunnskapsutvikling og innovasjon

Dessutan har formannskapen særleg framheva ei vidareføring av to oppgåver frå tidlegare formannskapar: arbeidet med å sikre opne grenser i Norden og at fornyinga og effektiviseringa av det nordiske samarbeidet skal halde fram. (Sjå særskild omtale av arbeidet med grensehindringar i kapittel 4.)

Vi har i 2006 innleidd ein ny fase i samarbeidet med dei baltiske landa og Nordvest-Russland. Vi utviklar no eit regulært styresmaktsamarbeid og eit politisk samarbeid med dei baltiske landa, samtidig som nye samarbeidsprogram for Nordvest-Russland og Arktis startar opp. Russlandsprogrammet blir no fylt opp med konkret innhald, særleg eit nytt utvekslingsprogram med ei økonomisk ramme på vel 30 mill. DKK. Programmet vil vere fullt operativt frå byrjinga av 2007. I 2006 har vi utvikla eit godt samarbeid mellom den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd (NMR) og den russiske formannskapen i Europarådet, og skal i fellesskap halde ein konferanse i St. Petersburg med fokus på funksjonshemma barn og familiane deira.

Den nordiske velferdsmodellen fungerer godt, og dei nordiske landa er konkurransedyktige, innovative og stabile samfunn med relativt få fattige. Men modellen er under stadig press, både når det gjeld økonomiske føresetnader og politiske vurderingar. Formannskapen har i 2006 sett fokus på det nordiske samarbeidsprogrammet for likestilling 2006–2010, og vi har sett i gang ein studie om dei verknadene familiepolitiske ordningar har for likestillinga mellom kjønna. Vi har vidare prioritert å følgje opp den nordiske handlingsplanen «design for alle/universell utforming».

I debatten om kva som vil skje med velferdsmodellen i framtida, er det viktig at ungdommen har ei stemme. For å setje fokus på dei haldningane nordiske ungdommar har til velferdspolitikk, har vi oppretta eit nordisk ungdomspanel som mellom anna skal diskutere korleis den nordiske velferdsmodellen bør sjå ut i framtida.

Vi ser òg på om det lèt seg gjere å styrkje det nordiske samarbeidet om helseberedskap. Vi har lagt vekt på samarbeidstiltak når det gjeld pandemisk influensa. På dette området har formannskapen arbeidd hardt for å finne ei samla nordisk løysing for å utvikle influensavaksine, men så langt har ein ikkje lukkast med å bli einige om kva modell ein skal bruke.

Når det gjeld forsking og innovasjon, har formannskapen lagt vesentleg vekt på å styrkje den nordiske innverknaden på det europeiske samarbeidet, og vil – i samarbeid med EU-kommisjonen – arrangere ein større konferanse no i haust om det å investere i kunnskap og innovasjon. Her vil ein få fram modellar for korleis eit regionalt samarbeid kan samverke med EU. I det nordiske skulesamarbeidet er kvalitet i utdanninga eit sentralt tema, og kunnskapsministeren har i år arbeidd for å styrkje det nordiske samarbeidet på dette saksfeltet. I løpet av 2006 skal lærarutdanninga i Norden kartleggjast med omsyn til lese- og skriveopplæring.

Klimaendringane og miljøgiftene i Arktis, saman med ei styrking av den rolla lokaldemokratiet spelar i miljøvernarbeidet, har vore dei norske prioriteringane i det nordiske miljøvernsamarbeidet i 2006.

På kulturområdet har formannskapen lagt vekt på å gje barn og unge auka tilgang til nordiske kunst- og kulturuttrykk. Dette er særleg viktig for å byggje opp om den nordiske språkforståinga og det nordiske samhøyret. I tråd med dette har formannskapen vidareført arbeidet med å utvikle eit nordisk medieprogram der produksjonen av data­spel med kvalitetsinnhald er prioritert.

Dei neste avsnitta gjer greie for dei ulike tiltaka under den norske formannskapsperioden meir i detalj.

2.2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Den nordiske samfunnsmodellen byggjer på eit levande demokrati med organisasjonsrett og deltaking for alle. Tilhøvet mellom menneske og omgjevnader vil vere avgjerande for kor vidt slik medverknad lèt seg gjere, ikkje minst for personar med nedsett funksjonsevne. For å sikre alle betre tilgjenge har den norske formannskapen lagt vekt på å følgje opp den nordiske handlingsplanen «design for alle/universell utforming».

Planen skaper betre tilgjenge på viktige samfunnsområde, og formannskapen arbeider for at han skal få ein naturleg plass i alle sektorar innanfor det nordiske samarbeidet og bli ein naturleg del av produktdesign, arkitektur, samfunnsplanlegging og service. Målet er å finne løysingar som flest mogeleg har tilgang til. Brei medverknad i planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor mellom anna transport, byggjeverksemd, tilrettelegging av uteområde og IKT er nødvendig for å oppnå dette.

Formannskapen har òg sett fokus på barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira, slik at det skal vere mogeleg for desse familiane å leve eit aktivt liv og kunne delta i arbeids- og samfunnslivet på lik linje med andre. Dette er nærare omtala under kapittel 3.1.

2.3 Nærings- og handelsdepartementet

Det er sett i gang to prosjekt knytte til samarbeidet i naboområdet til Norden: Northern Dimension Working Group on Cluster Development Policy og Northern Dimension Learning Forum on User Driven Innovation. I tillegg blir samarbeidet med EU utvikla gjennom å initiere nordiske prosjekt som kan vidareførast og få støtte frå EU-midlar som t.d. EU-INNONET Baltic Sea Region Innovation Network.

Det blir gjennomført kontaktskapande møte mellom næringssektoren og andre aktørar i regionen med særleg vekt på å utnytte det økonomiske potensialet i regionen.

Det nordiske næringspolitiske samarbeidet er basert på «Nordisk innovasjonspolitisk samarbeidsprogram 2005–2010» og «Nordisk næringspolitisk samarbeidsprogram 2006–2010», som er vedtekne av dei nordiske næringsministrane. Desse programma legg føringar for ein aktiv nordisk næringspolitikk dei neste åra. I 2006 vil det bli arrangert to konferansar og fleire arbeidsseminar som legg vekt på grunnlaget for auka verdiskaping i Norden. Fokus vil bli sett på kva brukarstyrt innovasjon har å seie for den økonomiske utviklinga og på det viktige i å leggje til rette for næringsverksemd for gründerar og innovatørar ved å gjere det enklare å setje i gang verksemd. Nordisk InnovasjonsCenter (NICe), som er den sentrale institusjonen i nærings- og innovasjonssektoren i Norden, vil vere dei som førebur møte, konferansar og arbeidsseminar.

Fjerning av grensehindringar for næringslivet i Norden er eit prioritert tema i det norske formannskapsåret, og nye former for det vidare arbeidet med å fjerne slike grensehindringar blir vurderte.

2.4 Miljøverndepartementet

Som ei oppfølging av prioriteringane i den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd, er det på miljøsektoren lagt særleg vekt på arbeidet med miljøgifter og klima i Arktis. Arktis er eitt av dei områda på jorda som i størst grad opplever dei store og alvorlege klimaendringane. Både miljøet og folk som lever av fiske og fangst, er svært sårbare for dei endringane som no finn stad. I tillegg til klimaendringane, som har store konsekvensar for det biologiske mangfaldet, tek Arktis imot langtransporterte miljøgifter med luft- og havstraumane. Fleire undersøkingar har vist urovekkjande høge konsentrasjonar av miljøgifter i ulike dyreartar som lever i dette området.

Dei nordiske miljøvernministrane vedtok i mars i år ein strategi for arbeidet med klima og miljøgifter i Arktis. Oppfølginga av denne strategien vil vere eit viktig ledd i gjennomføringa av det norske formannskapsprogrammet på miljøområdet. I tillegg blir det sett fokus på kva dei nordiske landa kan gjere for å tilpasse seg klimaendringane.

Arbeidet med lokaldemokrati og medverknad i miljø- og berekraftarbeidet er òg prioritert. Som eit viktig ledd i dette blir det arrangert ein nordisk konferanse om berekraftig samfunnsutvikling i Oslo i oktober 2006. Verdiar, trendar og utviklingstrekk i dagens Norden står i sentrum for konferansen. Som eit ledd i førebuingane vil gode nordiske eksempel på brei folkeleg medverknad i miljø- og berekraftarbeidet relatert til tema på konferansen, bli kartlagde.

I mai vart det arrangert eit arbeidsseminar om oppfølginga av FN si tusenårsevaluering der fokuset har vore på røynslene med lokal naturforvaltning og den viktige rolla som lokalsamfunna spelar for ei berekraftig forvaltning av naturressursane og for å redusere fattigdommen.

Det vil òg bli utlyst ein nordisk konkurranse der lokalsamfunna blir inviterte til å presentere korleis dei arbeider for å nå det felles nordiske målet om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010.

To konferansar til er planlagde under den norske formannskapen. Den eine konferansen vil ha fokus på tilhøvet mellom friluftsliv og psykisk helse, medan den andre ser på tilhøvet mellom kulturminne, stadutvikling og verdiskaping.

2.5 Barne- og likestillingsdepartementet

I formannskapsåret blir det gjennomført ei rekkje aktivitetar med fokus på barn og unge i regi av ulike sektorar. Barne- og likestillingsdepartementet har teke initiativ til prosjekt som rører ved to av pilarane i det norske formannskapsprogrammet, nemleg den nordiske velferdsmodellen og samarbeid i nordområda i Europa.

Nordisk ungdomspanel er eit initiativ knytt til velferdspilaren i formannskapsprogrammet. Panelet er sett saman av 14 deltakarar i alderen 16–24 år frå alle dei nordiske landa og sjølvstyreområda. Nordisk ungdomspanel skal stimulere til debatt og gje Nordisk Ministerråd og nasjonale styresmakter i dei nordiske landa råd og innspel om korleis det nordiske samarbeidet og dei nordiske velferdsstatane i framtida bør vere innretta, sett frå ungdommen sin ståstad. Panelet skal presentere synspunkta sine for dei nordiske samarbeidsministrane i desember 2006. Meir informasjon om Nordisk ungdomspanel er å finne på: www.nordiskungdomspanel.dep.no

Den norske formannskapen har teke initiativ til eit nordisk-baltisk samarbeid om aktivitetar knytte til Europarådets ungdomskampanje (2006–2007) for å fremje mangfald, menneskerettar og deltaking. Ungdomsorganisasjonar i dei nordiske og baltiske landa vil samarbeide om eit prosjekt knytt til kampanjen. Føremålet med initiativet er å gjere kampanjen kjend og å stimulere til aktivitetar i tråd med intensjonane for kampanjen.

I 2005 vedtok likestillingsministrane det nye femårige samarbeidsprogrammet «Med fokus på likestilling er målet det likestilte samfunnet 2006–2010», og statsråd Karita Bekkemellem og Nordisk Ministerråd inviterte til ein lanseringskonferanse i februar der det nye programmet vart presentert. Programmet har tre hovudfokus: kjønn og makt, kjønn og ungdom og kjønn, kultur og kommunikasjon.

Det vil bli halde ein dagskonferanse om menn, mannsroller og likestilling for å oppsummere og vidareføre det som vart gjort i samband med det førre nordiske samarbeidsprogrammet der menn og likestilling var prioritert. Konferansen blir halden i Oslo 6. februar 2007.

Nordisk Råd har bede om at det blir rapportert om arbeidet med likestilling i Ministerrådet, og ein slik rapport vil bli lagd fram for første gong på sesjonen i Nordisk Råd i København hausten 2006.

For å sjå på verknadene av dei familiepolitiske tiltaka i Norden relatert til likestilling og velferd, vil dei nordiske familiepolitiske ordningane bli vurderte og drøfta på ein konferanse i Mariehamn på Åland 23.–24. november 2006. Rapporten frå Nordisk Ministerråd og mediehuset Mandag Morgen om Norden som vinnarregion vil stå sentralt i ei slik drøfting.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

På det regionalpolitiske området er det teke initiativ til ei forskingsbasert utgreiing om regional innovasjonspolitikk tilpassa nordiske tilhøve, eit nytt styringssystem for det samarbeidet Ministerrådet har med grenseregionane, utarbeiding av ein komparativ studie av bysystema i Norden, ei utgreiing og ein analyse av territorielle utviklingstrekk i Norden ved hjelp av ESPON-indikatorar og -tilnærmingsmåtar og oppretting av ei tenestemannsgruppe for erfaringsutveksling om betre mål- og resultatsstyringssystem for bruken av dei regionalpolitiske verkemidla. Formannskapen vil gje høg prioritet til ei vidareutvikling av det nordiske samarbeidet om ei tett oppfølging av den regionalpolitiske dagsordenen i EU/EØS.

Arbeidet i Nordisk Ministerråd vart reorganisert ved utgangen av 2005, og talet på ministerråd er redusert frå 18 til 11. Regionalpolitikk inngår i ministerrådet for næring, energi og regionalpolitikk.

For å få til ei regionalpolitisk ønskt utvikling, er det nødvendig med samarbeid på tvers av sektorane slik at tiltak i ulike sektorar kan forsterke kvarandre. Den norske formannskapen vil leggje vekt på dette i det nordiske samarbeidet.

2.7 Justisdepartementet

Dei nordiske justisministrane vedtok 21. juni 2005 eit prinsipprogram for det nordiske lovgjevingssamarbeidet. Samarbeidsprogrammet dannar eit bakteppe for dei konkrete temaa innanfor justissektoren som Noreg legg vekt på i sin formannskapsperiode. Temaa viser breidda i det nordiske samarbeidet om lovgjevingsspørsmål og på justissektoren sett under eitt. Her blir nokre viktige punkt frå formannskapsprogrammet kort attgjevne:

Ein ny nordisk konvensjon om overlevering for straffbare tilhøve mellom dei nordiske landa vart underteikna i København 15. desember 2005. Justisdepartementet vil i det nordiske samarbeidet arbeide for at konvensjonen skal tre i kraft raskt og effektivt. Justisdepartementet vil i formannskapsåret gjennomføre fleire erfaringsseminar for å utveksle og utnytte nordiske røynsler på forskjellige område innan justissektoren. Dette gjeld m.a. arbeidet med barne- og ungdomskriminalitet, vald i nære relasjonar, alternative tvisteløysingar, advokat- og rettshjelpsordningar og rettsleg vern mot diskriminering. I mars 2006 heldt Justisdepartementet eit nordisk seminar om vaksne som tek kontakt med barn – særleg via Internett – med sikte på å forgripe seg på dei (såkalla «grooming» i britisk rettsterminologi). Temaet er aktuelt i dei fleste nordiske land, og seminaret gav innblikk i den britiske lovreguleringa og høve til å utveksle synspunkt på ei mogeleg kriminalisering i dei nordiske landa.

2.8 Kunnskapsdepartementet

Sektorprogrammet for utdanning og forsking byggjer på ein av hovudpilarane i det norske formannskapsprogrammet – kunnskap, fornying og verdiskaping.

Programmet ivaretek omsynet til kontinuitet ved å vidareføre prioriteringane i den strategien utdanningsministrane har for perioden 2005–2007: Norden som føregangsregion for utvikling av menneskelege ressursar. Samtidig legg programmet vekt på trongen for fornying i det nordiske utdanningssamarbeidet, særleg med tanke på samanhengen mellom forsking, utdanning og innovasjon.

I moderniseringsarbeidet som har funne stad i det nordiske samarbeidet, har eitt av måla vore å styrkje den politiske relevansen både i politiske diskusjonar og i prioriteringar.

Utdanningsministrane har teke initiativ til seks studiar som er svært aktuelle i nordisk samanheng. Studiane, som mellom anna skal danne grunnlaget for drøftingar i ministerrådet med sikte på politikkutvikling, blir ferdige i 2006.

Gjennom sektorprogrammet ønskjer Noreg å styrkje det nordiske samarbeidet om kvalitet på alle nivå i opplæringa, både gjennom samarbeid om forsking, om utvikling i grunnopplæringa og tiltak som aukar den internasjonale konkurransekrafta til høgare utdanning i Norden. Sektorprogrammet viser vidare at vi gjennom nordisk samarbeid kan skape sterke kunnskapsmiljø som kan hevde seg i internasjonal konkurranse.

Utdannings- og forskingsministrane har frå og med 2006 koordineringsansvaret for forskingssamarbeidet innanfor dei ulike delane av verksemda til Nordisk Ministerråd. Den norske formannskapen har lagt vekt på å føre vidare arbeidet med å styrkje Nordforsk i 2006.

Det nordiske samarbeidet om informasjonsteknologi er frå og med 2006 lagt inn under ansvarsområdet til utdannings- og forskingsministrane. Den norske formannskapen har òg lagt vekt på å sikre vidareføring og god koordinering av det nordiske samarbeidet om IT-spørsmål.

Implementeringa av ministerrådsvedtaket frå 2003 om å overføre dei nordiske institusjonane til nasjonalt ansvar, vil vere avslutta i 2006.

2.9 Helse- og omsorgsdepartementet

Den politiske temadiskusjonen på det årlege ministermøtet i juni 2006 omhandla den nordiske velferdsmodellen og utviklinga i nordområda med dei utfordringane dette inneber for helse- og sosialtenesta. Noreg har i embetsmannskomiteen teke initiativ til å utarbeide ein strategi for eit meir langsiktig og konsekvent prosjektsamarbeid med Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Vi søkjer å oppnå ei betre samordning mellom dei regionale råda som er involverte i prosjektsamarbeid i vår region.

Helse- og omsorgsdepartementet har lagt vekt på å føre vidare dei tiltaka som dei nordiske sosial- og helseministrane tok opp i 2004 om eit nordisk samarbeid om alkoholpolitikk i internasjonale forum. Vi ønskjer fokus på forsking, utveksling av røynsler og samarbeid om tiltak mellom dei nordiske landa. Det blir lagt vekt på aktiv deltaking frå dei baltiske statane i dei internasjonale prosessane som Noreg og Norden deltek i. Ein planlagd ekspertkonferanse med ei integrert og heilskapleg førebygging av rusmiddelproblem som tema, blir halden hausten 2006. Han vil vere retta mot fagpersonell og avgjerdstakarar i dei nordiske og baltiske landa.

Gjennom formannskapspulja har vi fått finansielle bidrag til å arrangere ekspertkonferansar og seminar om miljømedisin, rusmiddelproblematikk og rusmiddel og psykiatri. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med å styrkje legemiddelsamarbeidet mellom dei nordiske landa. Vi ser nærare på korleis ei arbeidsdeling kan medverke til å styrkje informasjonen til pasientane om legemiddel og vilkåra for bruken av refusjon. Som ei oppfølging av det danske formannskapsinitiativet har Noreg vidareført arbeidet med det nordiske samarbeidsforumet for telemedisin.

Det viktigaste initiativet i 2006 er vidareføringa av det danske initiativet om eit mogeleg nordisk samarbeid om produksjon av influensavaksine i Norden. Helse- og omsorgsdepartementet har leidd ei referansegruppe som har sett nærare på to ulike modellar for samarbeid. Det er Statens Serum Institut i Danmark som har gjort greie for eit nordisk samarbeid om ein offentleg kontrollert modell for vaksineproduksjon. Den svenske regjeringa peika ut ein eigen forhandlingsmann for å greie nærare ut om eit offentleg-privat partnarskap for produksjon av vaksine i Sverige. Dei nordiske landa tek no stilling til dei to rapportane før det blir gjort eit endeleg vedtak om eit nordisk samarbeid om produksjon av influensavaksine. Ei avgjerd er venta ultimo 2006.

2.10 Kultur- og kyrkjedepartementet

Kulturministrane vedtok hausten 2005 ein ny struktur for kultur- og mediesamarbeidet. Den nye strukturen skal tre i kraft 1. januar 2007. Målet er ein struktur som er betre tilpassa dagens behov og forventningar. Formannskapen har ei sentral rolle i reformarbeidet ved å leggje til rette for ei innføring av den nye strukturen. Reformarbeidet omfattar ulike prosessar og aktørar. Det blir arbeidd aktivt og målretta i arbeidsgrupper og policy-grupper for å konkretisere dei enkelte komponentane i den nye strukturen.

Eit sentralt mål for den nye strukturen er ei vitalisering av ministermøta som arena for å drøfte aktuelle kulturpolitiske tema. På initiativ frå den norske formannskapen vart det difor i samband med det første kulturministermøtet i 2006 halde ein temadebatt med leiarane for allmennkringkastarane i dei nordiske landa om digitaliseringa av allmennkringkastinga. Allmennkringkastinga står sterkt i alle dei nordiske landa, og dei vil spele ei nøkkelrolle i overgangen til digitalfjernsyn.

Formannskapen har lagt opp til fleire temakonferansar. Den første sette fokus på produksjonen av dataspel for barn og unge i Norden under Nordiske mediedagar i Bergen i mai. Nordisk Ministerråd har vedteke eit femårig nordisk dataspelprogram som i 2006 disponerer 6 mill. DKK til utviklingsstøtte, informasjonsutveksling og marknadsutvikling. Under konferansen i Bergen vart det òg fokusert på den kommande digitaliseringa av kringkastinga i dei nordiske landa. Overgangen til digital distribusjon vil i dei næraste åra føre til store strukturelle endringar i fjernsynsmediet. Formannskapen har òg sett fokus på ein auka tilgang for barn og unge til nordisk kunst og kultur. Nordiske røynsler med formidling av kunst- og kulturopplevingar til barn og unge vart presenterte på ein nordisk konferanse i Bergen i mai med ca. 70 deltakarar. Representantar for «Børnekulturens netværk» i Danmark, «Aktionsgruppen för barnkultur» i Sverige og «Den kulturelle skulesekken» i Noreg orienterte om målsetjingar og aktivitetar. Det vart sett særleg fokus på «Den kulturelle skulesekken», som er ei kulturpolitisk satsing som skal gje alle elevar i grunnskulen eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Ein presentasjon av prosjekt og produksjonar som inngår i «Den kulturelle skulesekken» var inkludert i konferanseopplegget. Det vart teke initiativ til å opprette eit nordisk nettverk for formidling av kunst og kultur til barn og unge med sekretariatet for «Den kulturelle skulesekken» som koordinator. Kultur og næring er eit anna satsingsområde som vil bli drøfta på ein konferanse i Trondheim hausten 2006. Kulturnæringane utgjer ein aukande del av økonomien, og samspelet mellom kultur og næringsutvikling får større vekt lokalt og regionalt over heile Norden. Den norske formannskapen vil òg arrangere ein konferanse om kulturelt mangfald i Norden.

Til forsida