St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

4 Grensehindringar mellom dei nordiske landa

4.1 Innleiing

Sidan den sokalla Norrbackrapporten vart lagd fram under den førre norske formannskapen i 2002, har det nordiske regjeringssamarbeidet systematisk og medvite prøvd å fjerne grensehindringar mellom dei nordiske landa. Alle nordiske formannskapar har sidan gjort dette arbeidet til eit sentralt innsatsområde. Dette har vore nødvendig sidan arbeidet krev planlegging på lang sikt i tillegg til politisk og administrativ merksemd. Det er svært viktig for truverdet til det nordiske samarbeidet at innbyggjarane i Norden ikkje støtt og stadig møter tilhøve som dei opplever som unødig byråkrati. Dessutan er det eit viktig bidrag for at Norden skal kunne halde tritt med den europeiske integrasjonsprosessen og møte den aukande globaliseringa.

Samtidig er det slik at svært mykje allereie ligg til rette for at verksemd over dei nordiske grensene skal vere problemfri. Så sant innbyggjarane våre kan gjere seg kjende med det eksisterande regelverket og innrette seg etter det, kan ein unngå mange tilsynelatande grensehindringar. Difor har Nordisk Ministerråd lagt stor vekt på at det skal vere lett å få tilgang til korrekt informasjon. Ministerrådet sin fremste reiskap i så måte er informasjonstenesta Hallo Norden, som med sine fem nasjonale kontor – og ei sentral koordineringseining ved sekretariatet i København – skal rettleie folk slik at dei finn rett kjelde for påliteleg informasjon. Denne tenesta blir no meir og meir kjend for folk, og kan i aukande grad leve opp til sitt mandat. Ministerrådet har dessutan aktivt medverka til at Hallo Norden og dei mange andre – som oftast bilaterale – informasjonstenestene samarbeider og lærer av kvarandre.

Men det er òg slik at ikkje alle objektive grensehindringar lèt seg fjerne. Det vil alltid vere skilnader i lovgjevinga mellom dei nordiske landa, og det vil ha konsekvensar òg for flyten av personar, varer og tenester over grensene. Det blir då eit spørsmål om å leggje til rette slik at desse konsekvensane kan minimaliserast.

Etter initiativ frå den svenske formannskapen i 2003 vart den tidlegare danske statsministeren Poul Schlüter utnemnd som samarbeidsministrane sin særskilde representant for nedbygging av grensehindringar. Representanten si primære oppgåve var å medverke til at arbeidet får nødvendig politisk vekt i dei nordiske landa. Representanten heldt ein svært aktiv dialog med den politiske leiinga i landa, og har medverka til å identifisere løysingar på konkrete problem. Poul Schlüter avslutta arbeidet sitt ved utgangen av 2005.

Trass i det systematiske arbeidet fekk ein etter kvart eit aukande inntrykk av at framdrifta gjekk noko tregare. Det kan i stor grad skuldast at mange av dei opphavlege problema anten er utgreidde eller fjerna. Det kan òg skuldast at både gamle og nye problem i aukande grad finn si løysing på lokalt nivå. Det har ofte vist seg at det kan vere vel så føremålstenleg å søkje løysingar på lokalt og bilateralt nivå, der det kan vere enklare å oppnå resultat. Det er i slike samanhengar viktig å syte for at dei berørte partane deltek, både styresmakter og næringsliv.

Etter at den særskilde representanten for samarbeidsministrane avslutta oppdraget sitt, har det vore ei viktig målsetjing for årets norske formannskap i Nordisk Ministerråd å utarbeide og opprette nye ordningar som kan fornye det nordiske politiske og administrative trykket på arbeidet med å fjerne grensehindringar. På møtet til dei nordiske samarbeidsministrane i mars 2006 vart det slege fast at det er viktig å halde fast på kravet til og presset for å oppnå konkrete og merkbare resultat av dette arbeidet både for nordiske borgarar og for næringslivet. Regjeringa og samarbeidsministrane er komne fram til at det no vil vere føremålstenleg å opprette eigne ordningar i nokre utvalde ministerråd. Dette vil gjere det mogeleg å trengje djupare inn i dei enkelte fagområda og slik finne spesifikke løysingar på konkrete grensehindringar. Ordninga kan til dømes bestå av ein eller fleire personar med den nødvendige politiske og faglege tyngda. Det er opp til fagministerråda sjølve å utarbeide detaljane på grunnlag av eit overordna mandat frå samarbeidsministrane. Dei mest relevante områda å auke innsatsen på synest å vere næringslivsområdet, sosial- og helseområdet, finans- og skatteområdet og utdanningsområdet.

Hovudforankringa og hovudansvaret for framdrifta i arbeidet skal liggje hos dei fagministerråda det vedkjem, samtidig som samarbeidsministrane skal halde fast ved det overordna og koordinerande ansvaret dei har for grensehindersamarbeidet. Arbeidet skal difor løpande rapporterast til dei nordiske samarbeidsministrane.

4.2 Oppfølging på utvalde område

I formannskapsprogrammet for 2006 har Nærings- og handelsdepartementet som eit prioritert tema lagt vekt på det vidare arbeidet med å fjerne grensehindringar for næringslivet. Skal Norden framstå som ein «heimemarknad», må det bli følgt opp med ein tettare integrasjon mellom dei nordiske landa.

Ikkje minst av omsyn til nordiske føretak vil det i 2006 vere viktig for den norske formannskapen å følgje opp fjerning av grensehindringar som næringslivet karakteriserer som «irritasjonsmoment», dvs. mangel på pragmatiske og fleksible tolkingar av gjeldande regelverk, betre informasjon om dei utsiktene og rettane små og mellomstore føretak har i ein etableringsfase, forenkling av prosedyrar, unødvendig byråkrati o.l.

I løpet av det norske formannskapsåret vil Ministerrådet konsentrere seg meir om dei fagområda der grensehindringsproblematikken er særleg merkbar, og næringsministrane vil i det høve etablere ein eigen pådrivarordning.

Det er likevel viktig at ein har ei realistisk og pragmatisk tilnærming til kva ein kan oppnå både på kort og lang sikt. På den andre sida må arbeidet med å fjerne eller forenkle administrative forskrifter og retningslinjer som framstår som «irritasjonsmoment», prioriterast.

Kommunal- og regionaldepartementet opplyser at den samla grenseoverskridande prosjektverksemda no er meir omfattande enn nokon gong før. Når det gjeld samarbeid over landegrensene i Norden, vil ein mellom anna utvikle ein strategi for det arbeidet regionalministerrådet gjer med det grenseregionale samarbeidet, og samarbeide om det framtidige territorielle samarbeidet i EU (Intereg).

justisministrane sitt område ser ein at grensehindringar av rettsleg karakter kan oppstå dels ved at det er ulike reglar som gjeld i dei ulike nordiske landa om det same rettstilhøvet, dels ved at regelverk i Noreg ikkje blir brukt likt på norske borgarar og borgarar frå andre nordiske land. Den meir enn hundre år gamle tradisjonen med nordisk lovsamarbeid, som no er forankra i Helsingforsavtalen av 1962, har skapt ein høg grad av rettseinskap på sentrale rettsområde. Ein slik rettseinskap fører til at det ikkje ligg føre rettslege grensehindringar så langt rettseinskapen strekkjer seg. Det hender likevel at rettsutviklinga har ført til skilnader som kjem som ei overrasking på nordiske borgarar som blir utsette for dei når dei flyttar over landegrensene. Det er grunn til å førebyggje slike skilnader når lovgjevinga på eit område blir revidert, og det er grunn til å ta opp forslag om regelendringar når det viser seg i praksis at reglane slår ulikt ut på ein måte som blir eit praktisk hinder for det nordiske samkvemmet.

Landegrensene har meir å sei som grenser for utøving av offentleg styringsrett enn som grenser for privatpersonar og deira rettstilhøve. Dette vil mellom anna sei at landegrenser kan vere til hinder for ei effektiv strafforfølging. Grenseoverskridande kriminalitet gjer at det no blir lagt større vekt enn før på å styrkje samarbeidet mellom politi og påtalemakt i dei nordiske landa ved regelendringar, informasjonsutveksling og praktisk samarbeid, mellom anna slik at avgjerder som blir tekne i eitt land, i større grad kan bli lagde til grunn og utan vidare gjennomførte i eit anna nordisk land.

Nedbygging av grensehindringar mellom dei nordiske landa står sentralt i utdannings- og forskingssamarbeidet. Utdannings- og forskingsministrane har i vesentleg grad medverka til arbeidet med å fjerne grensehindringar. Dette er for det første gjort gjennom ein revisjon av det nordiske avtaleverket på området, og for det andre ved å leggje til rette for ein auka mobilitet av elevar, studentar, lærarar og forskarar innanfor ramma av mobilitets- og nettverksprogramma Nordplus.

Utdanningsministrane skreiv i november 2004 under på ein revidert nordisk avtale om utdanningsfellesskap på nivået for vidaregåande skule. Avtalen trer i kraft når alle land har ratifisert han, truleg ein gong i 2006. Avtalen om tilgang til høgare utdanning går ut 31. desember 2006, og er no til handsaming med sikte på fornying frå og med 1. januar 2007.

Nordplus-programma (Nordplus, Nordplus Junior, Nordplus Vaksen, Nordplus Språk og Nordplus Nabo, det siste med deltaking frå Russland og dei baltiske statane) legg til rette for nettverkssamarbeid og kortvarige studieopphald. Dette, saman med dei nordiske avtalane, medverkar til å byggje ned grensene mellom dei nordiske landa og skape kontakt, samarbeid og personlege relasjonar i Norden. Nordplus-programma vil bli erstatta av nye program frå januar 2008. Nordplus-programma vart evaluerte våren 2006. Sentrale problemstillingar i evalueringa har mellom anna vore å vurdere framtidig organisering og deltaking frå dei baltiske statane. Konklusjonane og forslaga frå evalueringa blir behandla i MR-U hausten 2006. Det er òg sett i gang ei evaluering av «Det nordiske skulenettet», som har eksistert i si noverande form sidan 2002. Skulenettet skal støtte og formidle skulesamarbeid og pedagogisk utvikling i Norden. Evalueringa vil vere utgangspunkt for ei vurdering av den vidare utviklinga av dette arbeidet.

Ved å gå i spissen for Bologna-samarbeidet medverkar Norden til å styrkje grunnlaget og utdjupe forståinga for det nordiske høgare utdanningsområdet. Som ei oppfølging av møtet Bologna-ministrane hadde i Bergen i mai 2005, skal det mellom anna utarbeidast ein strategi for den eksterne dimensjonen i Bologna-prosessen. Som grunnlag for denne strategien vil det bli arrangert tre seminar, eitt av dei i Oslo 28. og 29. september 2006. Dette seminaret er eit samarbeid mellom dei fem nordiske landa og Nordisk Ministerråd og vil samle ca. 250 deltakarar frå heile verda. Noreg leier arbeidsgruppa som skal utarbeide det endelege forslaget til strategi, som skal leggjast fram for Bologna-ministrane i mai 2007 i London.

Òg på forskingsområdet har det i fleire år vore i gang ein prosess med sikte på å realisere Norden som ein førande og samanhengande region for forsking. Frå og med 1. januar 2005 er NordForsk etablert som eit viktig instrument i arbeidet for å fremje eit effektivt samarbeid mellom dei nordiske landa på forskingsområdet.

I 2005 vart bruken av IT i helse- og sosialsektoren kartlagd på oppdrag frå Nordisk Ministerråd. Denne rapporten konkluderer med at det nordiske samarbeidet må styrkjast og strukturerast når det gjeld ressursbruk, juridiske vilkår, kompetanse og kapasitet for å kunne vidareutvikle og utnytte felles løysingar. Eit resultat av dette er opprettinga av eit telemedisinsk samarbeidsforum i regi av Nordisk Ministerråd. Føremålet er eit breiare samarbeid innan e-helse og telemedisin. Nasjonalt senter for telemedisin i Tromsø har fått i oppdrag å yte sekretariatshjelp til samarbeidsforumet. Sluttrapporten skal leverast i november 2006.

Dei nordiske landa er ein stor og viktig marknad for kunstnarar og produkta deira. Ei av hovudmålsetjingane med det nordiske kultur- og mediesamarbeidet er å medverke til opne grenser og mobilitet for kunstnarar og kulturprodukt/verk. Samarbeidet skal medverke til at nordiske kulturuttrykk får betre gjennomslag hos publikum i regionen. Eit viktig verkemiddel vil vere det nye mobilitetsprogrammet som blir oppretta innanfor den nye strukturen på kultur- og medieområdet. Mobilitetsprogrammet vil omfatte personar, nettverk og samarbeid mellom kunstnarresidensar.

Som eit ledd i arbeidet med å byggje ned grensehinder mellom dei nordiske landa, opna dei nordiske finansministrane 20. mai 2005 ein felles nordisk skatteportal (www.NordiskeTax.net). Den nordiske skatteportalen er eit samarbeidsprosjekt mellom skattestyresmaktene i dei nordiske landa, og tek sikte på å gjere det enklare for personar busette i Norden å få hjelp til å løyse skatteproblem som lett vil oppstå for personar som har inntekt eller formue som rører ved fleire land. Portalen vil kunne vere til stor hjelp for personar som bur i eitt land, men har inntekter frå eit anna nordisk land, og for personar som har tenkt å flytte frå eitt nordisk land til eit anna. Den nordiske skatteportalen vil såleis vere ein del av eit internordisk informasjons- og servicenettverk. Informasjonen finst på alle dei nordiske språka og på engelsk. I portalen ligg ei ordliste der dei vanlegaste uttrykka i kvart lands lovverk er omsette til alle nordiske språk. Gjennom Det nordiske virtuelle skattekontoret vil ein person kunne få svar på sine skattespørsmål på éin stad, og slepp å leite seg fram til dei rette personane i kvart av dei nordiske landa. Det nordiske virtuelle skattekontoret har òg ansvaret for forvaltninga av skatteportalen.

Talet på treff har stabilisert seg på rundt 8000 per månad. Ein viktig ambisjon har vore at svar på enkle spørsmål skal vere motteke innan 2–5 dagar, mens meir kompliserte spørsmål krev noko lengre svartid. Gjennomsnittleg svartid har variert mellom to og ti dagar. Det er gjennomført tiltak for å få ned svartida.

Til forsida