St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

7 Anna nordisk regjeringssamarbeid

7.1 Det utanrikspolitiske samarbeidet

Det er lang tradisjon for eit nært utanrikspolitisk samarbeid mellom dei fem nordiske landa. Trass i ulik forankring i EU og NATO er det nordiske utanrikspolitiske samarbeidet nært og godt. Integrasjons­arbeidet i Europa og den endra tryggingspolitiske arkitekturen inneber at Norden i dag i aukande grad har felles utanriks- og tryggingspolitiske interesser. Dette interessefellesskapet, saman med det felles kultur- og verdigrunnlaget, gjer sitt til at vi kan utnytte ulik tilknyting til internasjonale organisasjonar til felles initiativ og tiltak.

Samarbeidet i internasjonale organisasjonar har likevel endra karakter etter at Danmark, Finland og Sverige gjekk med i EU. Samarbeidet er i dag meir uformelt, og det kan vere ei utfordring å oppretthalde den nordiske profilen samtidig som dei nordiske EU-landa må avstemme sin politikk innanfor ramma av den felles utanriks- og tryggingspolitikken. Frå norsk side må vi difor arbeide aktivt for å halde ved lag eit nært og fortruleg samarbeid om aktuelle utanrikspolitiske spørsmål.

Det utanrikspolitiske samarbeidet er dei siste åra i aukande grad utvida til òg å omfatte dei baltiske landa i det såkalla NB-8-samarbeidet. Dei baltiske landa ønskjer eit nært samarbeid med dei nordiske landa. Etter at dei gjekk inn i både NATO og EU, har dei stadfesta si interesse for å vidareutvikle det nordisk-baltiske samarbeidet. Dei nordiske og baltiske utanriksministrane møtest årleg. Frå hausten 2004 møtest òg statssekretærane i utanriksdepartementa regelmessig i same formatet. I tillegg er det jamlege møte på høgt embetsnivå. Det er ikkje avtala noka fast rotasjonsordning for koordineringa av det nordisk-baltiske utanrikspolitiske samarbeidet, men Noreg har hatt denne oppgåva i 2006. I 2007 tek Finland over. Til møta inviterer ein no og då representantar for andre naboland i regionen.

Det amerikanske initiativet for eit uformelt nordisk-baltisk samarbeid i Nord-Europa, e-Pine ( Enhanced Partnership in Northern Europe ), vart lansert i 2003. Noreg støttar samarbeidet og deltek i halvårlege møte på høgt embetsnivå. Noreg er pådrivar i e–PINE–samarbeidet saman med dei baltiske landa og USA. Eit styrkt amerikansk engasjement i regionen er i norsk interesse, og vi går inn for at samarbeidet skal vere så konkret, uformelt og sak-til-sak-basert som råd er. Samtidig er det viktig å unngå overlapping med dei eksisterande institusjonane i området (EU, Austersjørådet o.a.). I 2006 har utviklinga i Kviterussland, Ukraina og Sør-Kaukasus stått på agendaen i e–PINE–samarbeidet.

Den nordisk-baltiske arbeidsgruppa mot menneskehandel (NBTF) vart oppretta i 2003 etter initiativ frå tidlegare utanriksminister Anna Lindh. Gruppa møtest på statssekretærnivå og har eige sekretariat og eiga nettside: www.against.trafficking.org.

NBTF har ein viktig funksjon når det gjeld å komme fram til ei felles tilnæring til det aukande problemet med handel med kvinner og barn og korleis det kan løysast gjennom utveksling av erfaringar og bruk av beste praksis. Gruppa fungerer òg som motivasjonsfaktor, og trekkjer med seg dei landa som er komne kortast. Sverige er førebels det einaste landet i gruppa som har kriminalisert kjøp av sex. Etter norsk initiativ vart det i oktober 2005 avgjort at det skulle setjast i gang eit nordisk-baltisk samarbeid om rehabilitering av offer for menneskehandel etter retur til heimlandet. Samarbeidet er praktisk retta, ikkje minst når det gjeld å sikre offera ei sterkare stilling.

Erfaringane frå NBTF har påverka EU i arbeidet mot menneskehandel; sjå m.a. meldinga ( communication ) frå EU-kommisjonen av 18. oktober 2005 om forpliktande innsats i medlems- og kandidatlanda i kampen mot menneskehandel. Òg ECOWAS ( Economic Community of West African States ) ønskjer å dra nytte av erfaringane frå NBTF og har innleidd eit samarbeid mot menneskehandel i Vest-Afrika.

I februar 2005 vart Noreg og Island for første gong inviterte til å delta i dei uformelle nordisk-baltiske EU-møta (3+3) som blir haldne før møte i EU-organet General Affairs and External Relations Council (GAERC) i Brussel. Sjå òg nærare omtale i kap. 5.3 (Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål).

Noreg har stor nytte av samrådet med dei andre nordiske landa i spørsmål som gjeld utviklinga i EU, EØS og Schengen-samarbeidet. Dette gjeld òg samarbeid i nærområda våre og i regionale samarbeidsforum, og likeins samarbeid om konfliktførebyggjande og fredsbevarande oppgåver som dei nordiske landa er involverte i (sjå nedanfor).

Nordisk samarbeid i EU-relaterte saker gjev høve til å gjere norske synspunkt og interesser kjende i EU-landa. Med Danmark, Finland og Sverige som EU-medlemmer gjer Norden seg sterkare gjeldande i EU. Dette har ført til at publikumsinnsyn, miljøpolitikk, arbeidsmiljø, sysselsetjing, sosiale spørsmål og likestilling, forbrukarvern og matvaretryggleik no står høgare på saklista i EU. Det er i felles nordisk interesse å styrkje denne utviklinga. I lys av den viktige rolla EU spelar, med Finland, Danmark og Sverige som medlemmer, er det naturleg at europaspørsmål no utgjer ein stor del av den nordiske dagsordenen, og at EU-saker er eit fast og viktig innslag på nordiske ministermøte.

Det er tett og vedvarande samarbeid om FN-spørsmål mellom dei nordiske landa. Utveksling av synspunkt og informasjon skjer jamleg ved dei nordiske FN-delegasjonane i New York, og det er halvårlege FN-konsultasjonar på embets­nivå i dei nordiske hovudstadene. For Noreg er det viktig å få informasjon om EU-arbeidet på aktuelle område. Den meir fokuserte tilnærminga til FN som gjer seg gjeldande på EU-hald, med opphav i den nye tryggingsstrategien og satsinga på «effektiv multilateralisme», har interessante berøringspunkt med den norske FN-politikken. Eit viktig nordisk tema i 2005 var samarbeid i prosessen fram mot toppmøtet om FN-reformer same hausten. I sluttfasen av arbeidet med toppmøtedokumentet forhandla Noreg på vegner av Norden. Dette representerer ei ny side ved det nordiske samarbeidet i FN-samanheng.

I 2006 står reformarbeidet framleis heilt sentralt i det nordiske FN-samarbeidet. Dette gjeld m.a. arbeidet med og oppfølginga av høgnivåpanelet om reform av FN-innsatsen for miljø, humanitær bistand og utvikling, som statsminister Stoltenberg er med og leier og der Sverige òg er representert. Avgjerda om å setje ned ein fredsbyggingskommisjon var ei av dei viktigaste under toppmøtet. Dette er òg eit felt som vil ha prioritet i det vidare nordiske FN-samarbeidet.

Dei nordiske landa samarbeider dessutan nært i kandidaturspørsmål. Det er etablert ei intern nordisk rotasjonsordning for kandidatur til både tryggingsrådet i FN og ei rekkje andre sentrale posisjonar i FN-systemet. Noreg fekk god og aktiv støtte frå dei andre nordiske landa for ein plass i Tryggingsrådet i perioden 2001–2002, og Danmarks kandidatur for perioden 2005–2006 hadde tilsvarande nordisk støtte. Dei nordiske landa støttar aktivt opp om Island, som er kandidat til Tryggingsrådet for første gong for perioden 2009–2010.

I gruppa av vestlege land (WEOG) har det over tid vore forståing for at dei nordiske landa i ei rekkje valsamanhengar i realiteten utgjer ei eiga «undergruppe». Dette gjeld i stor grad på det økonomiske og sosiale området, der dei nordiske landa samla er blant de største bidragsytarane. Men òg når det gjeld kampen for demokrati og menneskerettar er det tradisjon for at dei nordiske landa står saman. MR-spørsmål er blitt eit viktig tema for drøftingar og samordning på nordisk nivå. Internasjonal strafferettspleie er òg eit tema for nordisk samarbeid, og det blir fremja kandidatar frå den nordiske krinsen til stillingar i den internasjonale straffedomstolen (ICC) og til straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Rwanda (ICTR).

Dei nordiske landa samarbeider tett i dei ulike regionale foruma i nord. I tillegg til det nordiske regjeringssamarbeidet har Finland formannskapen i Barentsrådet frå november 2005 til november 2007, Sverige har formannskapen i Austersjørådet frå juni 2006 til juni 2007 og Noreg i Arktisk råd frå oktober 2006 til oktober 2008. Sverige og Danmark overtek formannskapen i Arktisk råd etter Noreg, noko som gjev ein samanhengande nordisk formannskapsperiode fram til 2012. Meir om Nordisk Ministerråds samarbeid med dei andre regionale råda står i kapittel 3.

Utanriksministrane vedtok på møtet i april 2006 å etablere eit norsk-svensk-dansk samarbeid om formannskapane i Arktisk råd for perioden 2006–2012. Vidare var det semje om å etablere eit felles sekretariat i Tromsø i same perioden. Viktige felles prioriteringar vil vere arbeidet for ei heilskapleg ressursforvaltning i nord, medrekna utvikling av felles standardar for miljø, tryggleik og samfunnsmessige forhold, styrking av klimasamarbeidet og effektivisering av arbeidet i rådet.

OSSE er den internasjonale organisasjonen der EU-landa har etablert det tettaste utanrikspolitiske samarbeidet. Felles nordiske innspel er her i praksis blitt uråd etter at Finland og Sverige vart EU-medlemmer. Det nordiske samrådet som har vore mellom OSSE-delegasjonane kvar veke, og likeins dei årlege nordiske OSSE-konsultasjonane på hovudstadsnivå, held likevel fram.

I Europarådet er det òg etablert nært samarbeid mellom EU-landa i alle sentrale spørsmål. Det er uformell nordisk kontakt på ei rekkje saksfelt, men dette inngår ikkje i ein etablert struktur. Vidare er det eit omfattande nordisk-baltisk samarbeid i Strasbourg. Det er årlege nordiske og nordisk-baltiske europarådskonsultasjonar på hovudstadsnivå.

Forsvars- og tryggingspolitiske spørsmål er ein viktig dimensjon i det nordiske samarbeidet. Landa har ulik tryggingspolitisk orientering, men dette er ikkje til hinder for jamlege konsultasjonar og samarbeid.

EU er i ferd med å utvikle innsatsstyrkar for rask utplassering, særleg med tanke på eit utvida samarbeid med FN og for operasjonar i Afrika. Styrken skal omfatte 13 innsatsgrupper, kvar med eit militært personell på ca. 1500. Noreg planlegg å delta i ei innsatsgruppe saman med Sverige, Finland og Estland. Sentrale føresetnader for norsk deltaking er at ei eventuell avgjerd om utplassering av norske styrkar blir fatta nasjonalt, at vi har innverknad på gjennomføringa av operasjonar der norske styrkar er med, at det folkerettslege grunnlaget for ein slik operasjon er avklara og at EU-innsatsstyrken blir utvikla som ein komplementær styrke til NATOs reaksjonsstyrke ( NATO Response Force , NRF).

Gjennom det norskinitierte NORDCAPS ( Nordic Coordinated Arrangement for Military Peace Support ) samarbeider dei nordiske landa om deltaking i internasjonale operasjonar, m.a. gjennom felles kursverksemd, trening og deltaking i felles operasjonar. Dei nordiske landa samarbeider òg i SHIRBRIG ( Multinational Stand-by High Readiness Brigade for UN Operations ), som i dag tel 15 medlemsland og 6 observatørland. SHIRBRIG vart etablert i 1996 for å styrkje FN i evna til rask utplassering av hovudkvarter og styrkar, og kan òg støtte FN i planleggingsfasen for nye operasjonar. Planleggings- og hovudkvarterkapasiteten i SHIRBRIG vart sist nytta ved etableringa av den FN-leidde fredsoperasjonen i Sudan (UNMIS) i 2005.

Alle nordiske land tek konkret del i krisehandtering i EU-regi på det sivile området. Dette er eit samarbeidsområde i dynamisk utvikling, og innan utgangen av 2006 vil EU ha ein innleiande kapasitet for sivile innsatsstyrkar som på kort varsel skal kunne utplasserast i internasjonale oppdrag. Gjennom tett dialog med dei nordiske og baltiske landa får Noreg høve til å følgje utviklinga i EU når det gjeld sivil krisehandteringsinnsats.

Flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia jula 2004 har forsterka samarbeidet om akutt krise- og kata­strofehjelp mellom dei nordiske landa. Dei nordiske landa har eit velfungerande konsulært samarbeid basert på ein avtale frå 1962. Utanriksministrane vedtok då dei møttest på Bornholm i august 2005 ein tiltakspakke for å styrkje det nordiske samarbeidet i krisesituasjonar. Føremålet er å systematisere og konkretisere samarbeidet om krise- og katastrofehandtering, særleg ved utanriksstasjonane, slik at arbeidsdelinga mellom dei nordiske landa er klarlagd både før og under ein krisesituasjon. Samarbeidet skal tilpassast lokale forhold og innarbeidast i kriseplanlegginga ved utanriksstasjonane. I land der ikkje alle nordiske land er representerte, vil dei landa som er det, heilt eller delvis kunne vareta interessene til nordiske land som ikkje er representerte, slik at deira borgarar blir tekne hand om på same måten som eigne borgarar. I tillegg til samarbeidet lokalt er det etablert rutinar for informasjonsutveksling og samordning mellom dei nordiske hovudstadene når ei krise oppstår.

Det nordiske militære samarbeidet på Balkan har vist at Norden samla kan ta effektivt del i krisehandtering. Målet er at dei praktiske erfaringane vi har hausta på Balkan, skal reflekterast i tett kontakt mellom desse landa innanfor rammene av det felles utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet i EU (ESDP).

Regjeringa arbeider aktivt for å trekkje Sverige og Finland tettast mogeleg inn i NATO-arbeidet med fredsoperasjonar og krisehandtering, dei såkalla ikkje-artikkel-5-operasjonane. Dette omfattar jamlege konsultasjonar om NATO-spørsmål og støtte til ønska frå svensk og finsk side om ei tettare tilknyting til NATO gjennom partnarskapsordningane. Noreg har m.a. teke til orde for at bidragsytande partnarland bør få større innverknad på avgjerdsprosessen i operasjonar som dei deltek i. Vidare har vi frå norsk side arbeidd for at partnarskapssamarbeidet i NATO må bli betre tilpassa behova i alliansen og det enkelte partnarlandet. Til liks med Sverige og Finland arbeider vi for å gjere det lettare for partnarane å medverke til NATO-operasjonar samtidig som partnarskapen framleis fungerer som pådrivar for reformer i partnarlanda.

Dei nordiske landa har lang erfaring med ei heilskapleg tilnærming til samspelet mellom sivil, humanitær og militær innsats i konfliktområde. Slik røynsle har vi mellom anna frå innsatsen på Balkan og Sri Lanka og i Sudan og Afghanistan. Det er viktig at desse erfaringane blir delte med partnarane i EU og NATO.

Dei nordiske landa tek aktivt del i kampen mot internasjonal terrorisme, mellom anna ved å delta i dei militære operasjonane i Afghanistan. Landa yter større bidrag til den NATO-leidde stabiliseringsstyrken i Afghanistan (ISAF), og samarbeider gjennom dei regionale stabiliseringslaga (PRT) som ISAF organiserer.

Kampen mot internasjonal terrorisme krev òg fokus på dei grunnleggjande årsakene til terrorismen. Det sterke nordiske engasjementet mot fattigdom og for demokrati og menneskerettar er eit viktig bidrag til arbeidet med å førebyggje internasjonal terrorisme.

I 2002 tok Noreg på seg leiinga av observatøroppgåver i samband med fredsprosessar på Sri Lanka og i Sudan ( Joint Monitoring Mission i Nubafjella). På bakgrunn av felles røynsle og tilnærming er det lagt stor vekt på å få med dei nordiske landa.

Både Danmark og Sverige stilte med observatørar til operasjonen i Nubafjella, som vart avslutta då overvakingsansvaret vart overført til den FN-leidde operasjonen (UNMIS) i juli 2005. Hausten 2005 tok Noreg initiativ til å leggje til rette for eit fellesnordisk militært bidrag i tilfelle FN-operasjonen i Sudan skulle utvidast til å omfatte Darfur. Initiativet omfattar òg forslag om samarbeid mellom forsvarsdepartementa og forsvaret i dei nordiske landa om anna støtte til den fredsoperative verksemda i FN. I fredsforhandlingane for Sudan i regi av den regionale organisasjonen Intergovernmental Authority on Development (IGAD) har Noreg som medformann for Sudan-komiteen i IGAD Partner Forum samarbeidd nært med andre land og organisasjonar som følgjer forhandlingane. Noreg har gjennom denne rolla, og som observatør ved fredsforhandlingane i Kenya, halde nær kontakt med andre nordiske land i arbeidet for mobilisering av internasjonal bistand til Sudan og for gjevarkoordinering.

Alle dei fem nordiske landa tek etter oppmoding frå partane (styresmaktene på Sri Lanka og Dei tamilske tigrane, LTTE) del i den sivile observatørgruppa på Sri Lanka, SLMM. Partane vil gjerne ha nordiske observatørar, mellom anna fordi ein har god erfaring med den nordiske observatørgruppa og den norske tilrettelegginga og fordi Norden har eit omfattande bistandssamarbeid med Sri Lanka. Noreg var leiar for observatørgruppa frå 2002 til april 2006, då Sverige tok over. Det overordna ansvaret for SLMM ligg framleis hos Noreg ved at vi utnemner gruppleiaren, som så rapporterer til norske styresmakter.

Dei seinare åra har det vore tett nordisk samråd i spørsmål om krisehandtering og sivil beredskap innanfor NATOs euroatlantiske partnar­skapsråd (EAPC). Det militære samarbeidet i Partnarskap for fred (PfP) gjev òg godt høve til å vidareutvikle det nordiske fredstryggingssamarbeidet.

Noreg har saman med Sverige og Finland teke ansvaret for å utarbeide retningslinjer for minste­standardar i EAPC-land for å verne sivilbefolkninga mot ARBC-risikoar. Denne innsatsen er ei oppfølging av sentrale delar av alliansearbeidet med sivil beredskap, som har utvikla seg som følgje av den aukande trusselen frå internasjonal terrorisme og masseøydeleggingsvåpen. Noreg har i fleire år hatt ei leiarrolle i dette arbeidet, som blir handtert i NATOs høgnivågruppe for sivil beredskapsplanlegging (SCEPC). Innsatsen vi har gjort saman med dei andre nordiske landa, har vore viktig for å drive sivilberedskapsarbeidet i NATO framover, mellom anna det konkrete arbeidet for å utarbeide standardar og prosedyrar som skal sikre at allierte og partnarar får ein felles minstestandard for vern av sivilbefolkninga mot ARBC-stridsmiddel. Det er første gongen i NATO-samanheng det er utarbeidd forslag til felles standardar for sivile nasjonale kapasitetar.

Ei nordisk prosjektgruppe under leiing av Direktoratet for sivil beredskap har utarbeidd ein nordisk rapport om dette arbeidet som vart lagd fram for NATO i 2003. Som ledd i oppfølginga av rapporten arrangerte NATO og Noreg – på vegner av den nordiske prosjektgruppa – ein internasjonal konferanse i Trondheim i januar 2004 om minste­standardar for vern av sivilbefolkninga mot masseøydeleggingsvåpen. Prosjektet er møtt med stor interesse i NATO, og er vidareført i regi av ei NATO-leidd adhocgruppe med representantar frå 13 nasjonar, deriblant dei nordiske landa, Canada og USA. Finland heldt eit seminar om trening av «first line responders» i oktober 2004, mens Sverige heldt seminar i juni 2005. Ein avsluttande konferanse som vil verte halden i Oslo i oktober 2006, skal drøfte korleis dei konkrete resultata kan implementerast vidare på nasjonalt plan.

Det nordiske utanrikspolitiske samarbeidet omfattar òg administrative spørsmål som gjeld utanrikstenestene i dei nordiske landa. Etter prosjekt som samlokaliseringsambassadane i Berlin, Ljubljana og Maputo er arbeidet med å finne fram til andre aktuelle samlokaliseringsstader blitt intensivert. I forlenginga av diskusjonane om samlokalisering drøftar ein òg ei mogeleg vidareutvikling av det nordiske konsulære samarbeidet og samordning av Schengen-arbeidet på utvalde utanriksstasjonar. Ei ordning med gjensidig utestasjonering av medarbeidarar på andre nordiske utanriksstasjonar blir nærare vurdert.

7.2 Utanrikshandel

Dei nordiske utanrikshandelsministrane møtest årleg til uformelt samråd om aktuelle utanrikshandelspolitiske saker. Erfaringane frå dei siste 11 åra, med tre av dei nordiske landa innanfor EU og to utanfor, viser at europaspørsmåla er blitt viktigare i det nordiske utanrikshandels­politiske samarbeidet. Likeins er samarbeidet med nærområda til Norden på det økonomiske og handelspolitiske området blitt viktigare.

Det utanrikshandelspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er i dag meir uformelt enn tidlegare. Det er jamleg kontakt mellom dei nordiske hovudstadene, mellom delegasjonane/representasjonane i Brussel, mellom dei nordiske ambassadane og mellom EU-delegasjonane og sekretariatet i Nordisk Ministerråd i mange av dei problemstillingane det vert arbeidd med i EU/EØS-samarbeidet. I tillegg er Nordisk Ministerråd ein kanal for regelmessig nordisk samråd om aktuelle EU- og EØS-saker. Frå norsk side legg vi stor vekt på at dette samarbeidet blir røkta og utvikla vidare.

Noreg deltek i ei uformell nordisk samrådsgruppe for indre marknadsspørsmål. I gruppa deltek òg dei baltiske landa og Polen. Tanken med samrådsgruppa er å utveksle informasjon og synspunkt i aktuelle saker knytte til utviklinga av den indre marknaden. Gruppa arbeider med å styrkje utviklinga av den indre marknaden i Norden og mellom dei nordiske og baltiske landa og Polen. I tillegg til drøfting av aktuelle indre marknadssaker blir det utveksla erfaringar når det gjeld administrative rutinar.

Den ytre handelspolitikken i EU har Kommisjonen ansvaret for, og det er såleis ikkje aktuelt å etablere eit formelt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles posisjonar i WTO. Dei nordiske landa har likevel god uformell kontakt i WTO-spørsmål gjennom møte mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og med dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. På hovudstadsnivå blir det halde nordiske handelssjefsmøte der ein m.a. tek opp spørsmål i tilknyting til den pågåande forhandlingsrunden i WTO. Den uformelle nordiske kontakten gjev Noreg informasjon om drøftingane i EU, samtidig som dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved Kommisjonen.

7.3 Forsvar

Det nordiske tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet er omfattande, og blir høgt prioritert både på politisk og fagmilitært nivå. Samarbeidet mellom dei nordiske landa dekkjer ei rekkje område som gjer det både nødvendig og viktig å ha jamleg kontakt og møte på fleire nivå.

To gonger i året blir det halde nordiske forsvarsministermøte, der ministrane diskuterer politiske spørsmål av felles interesse. Dei nordiske landa har ei rekkje felles føresetnader på forsvarssida som gjer samarbeid aktuelt i mange tilfelle, ikkje minst i internasjonale operasjonar. Nordisk fleirnasjonalt samarbeid har vist seg nyttig og ressurssparande, slik ein til dømes har sett når det gjeld lufttransport i samband med internasjonale operasjonar.

Det er stort samanfall i vurderingar mellom dei nordiske landa når det gjeld ønsket om å praktisere ei nordisk ramme i ei rekkje felles tryggings- og forsvarspolitiske saker. Mange viktige spørsmål som mellom anna gjeld den nordiske EU-stridsgruppa, deltaking i ein eventuell FN-leidd operasjon i Darfur og støtte til partnarland blir difor søkt koordinerte og samordna innanfor ei nordisk ramme.

Noreg overtok formelt formannskapen i det nordiske forsvarspolitiske samarbeidet frå 1. januar 2006. Dette omfattar òg formannskapen i Nordic Coordinated Arrangement for Military Peace Support (NORDCAPS). Under den norske formannskapen er det mellom anna lagt vekt på å revidere NORDCAPS i retning av å bli eit meir relevant og fleksibelt verktøy for nordisk samarbeid om deltaking i internasjonale militære operasjonar.

I mange tilfelle vil dei nordiske landa ha politiske og operative gevinstar av eit samarbeid, og det er dermed naturleg å bruke dei politiske konsultasjonsmekanismane og det militære planleggingsverktøyet som NORDCAPS tilbyr. Desse har vore fullt utnytta i samband med førebuinga av den nordiske EU-stridsgruppa, og no seinast i arbeidet med å få etablert ein nordisk styrke til ein eventuell FN-leidd operasjon i Darfur i Sudan.

I samband med revisjonen av NORDCAPS er det òg lagt vekt på å styrkje det nordiske samarbeidet om støtte til svakarestilte land og regionar. Dei nordiske landa gjennomfører allereie eit region-til-region-samarbeid med dei mest konfliktutsette landa på Balkan. Responsen på det nordiske initiativet har vore positiv, og ei rekkje tiltak er sette i gang. Det nordiske tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet er i seg sjølv ein modell for regionen. Målsetjinga er å stimulere til tettare regionalt samarbeid som eit bidrag til auka stabilitet.

Tilsvarande har Noreg under formannskapsperioden i år teke initiativ til eit nordisk-baltisk samarbeidsprosjekt om støtte til reform av forsvars- og tryggingssektoren i Ukraina. Dette prosjektet er ein integrert og viktig del av det arbeidet som mellom anna blir gjort i NATO-regi for å støtte ukrainske målsetjingar om ei ytterlegare integrering i dei euroatlantiske samarbeidsstrukturane.

Prosjektet inneber òg auka praktisk samarbeid med dei baltiske landa, som i ei årrekkje har vore mottakarar av militær støtte frå dei nordiske landa. Med sine mange ressursar, sine eigne erfaringar med forsvarsreform og sin kunnskap om og nærleik til Ukraina, vil dei baltiske landa vere til stor nytte for dette prosjektet. Samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske landa blir òg reflektert i møte på politisk nivå, og som ein del av dette vil det på dei nordiske forsvarsministermøta i haust bli halde nordisk-baltiske forsvarsministermøte.

Til slutt har Noreg under sin formannskap lansert eit konsept som ser på utsiktene for å etablere felles nordiske ressursar for reformer i tryggingssektoren. Tanken er å få i stand ein nordisk samansett «styrkebrønn» av nasjonale ekspertar frå det strategiske nivået i dei nordiske forsvarsdepartementa. Planen er at desse skal hjelpe eit vertsland med å gjennomføre demokratiske reformer i forsvars- og tryggingssektoren. Innsatsen vil særleg vere aktuell i samband med langsiktig støtte til partnar- og samarbeidsland, men vil òg kunne nyttast som ein del av fleirnasjonale freds- og stabiliseringsoperasjonar.

Det nordiske forsvarsmateriellsamarbeidet, Nordic Armaments Co-operation (NORDAC), utgjer ein sjølvstendig del av det nordiske samarbeidet. NORDAC arbeider for å fremje kostnadseffektivt samarbeid om utvikling, produksjon, innkjøp og vedlikehald av forsvarsmateriell. Samarbeidet har sidan etableringa i 1994 ført til vesentlege innsparingar. NORDAC har i dag over 30 ulike prosjekt- og samarbeidsgrupper der to eller fleire nordiske land deltek. Noreg overtok formannskapen i NORDAC for ein toårsperiode frå 1. januar 2005.

7.4 Utviklingssamarbeid

Dei nordiske landa har samanfallande syn i utviklingssaker på svært mange område. Dette fører til samarbeid på mange plan: gjennom policy-dialog både på politisk nivå og embetsnivå, gjennom koordinering av synspunkt og posisjonar når det gjeld FN, Verdsbanken og internasjonale organisasjonar og gjennom praktisk samarbeid på landnivå. Her skal det nemnast nokre eksempel på alle desse.

Når det gjeld den politiske dialogen, er det vanleg at dei nordiske ministrane med ansvar for utviklingssamarbeidet møtest ein gong i året for å diskutere aktuelle saker av felles interesse og korleis desse best kan følgjast opp. Den same rutinen gjeld for dei respektive statssekretærane. Nordisk utviklingsministermøte vart sist arrangert i Paris i april 2006 med finsk vertskap, i randa av høgnivåmøtet i OECDs utviklingskomité (OECD/DAC).

I tillegg til dei politiske møta har ein jamlege konsultasjonar på embetsnivå i tilknyting til dei ulike bistandsområda. Dei nordiske bistandssjefane har sidan 1960-talet hatt regelmessige konsultasjonar, mens det i humanitære spørsmål blir gjennomført årlege konsultasjonar. I tillegg kjem kontinuerleg dialog mellom nordiske ambassadar og delegasjonar, og det er uformell dialog mellom hovudstadene i enkeltsaker av felles interesse.

I utviklingspolitikken i dag blir det lagt vekt på samordning og samhandling i større gjevargrupper framfor spesifikt nordisk samarbeid. Vidare prioriterer ein støtte til sektorprogram framfor enkeltståande prosjekt i fleire land. I dette samarbeidet inngår ofte fleire nordiske land saman med andre bilaterale og multilaterale gjevarar. Det er òg eit siktemål at gjevarengasjementet i dei fattigare utviklingslanda skal gå føre seg på grunnlag av utviklingsstrategien (PRSP, sjå nedanfor) til kvart land. Utviklingspolitikken er ein samlande innsats for dei nordiske landa. EU-medlemskapet til tre av dei nordiske landa inneber likevel at det nordiske samarbeidet delvis må førast på ein annan måte enn tidlegare.

Danmark, Finland, Noreg og Sverige har utvikla eit nært samarbeid med Irland, Nederland og Storbritannia. Utgangspunktet var ein toårig avtale om bistandsharmonisering i praksis som desse landa inngjekk med Zambia i 2002 (sjå nedanfor). Det såkalla Nordic Plus -samarbeidet går no føre seg på ei rekkje felt. Bistandssjefane møtest to gonger årleg. Gruppa har ein felles handlingsplan for oppfølging av Roma-erklæringa om harmonisering (2003) som inneheld ei rekkje konkrete samarbeidsaktivitetar. Det blir m.a. arrangert felles opplæringstiltak og felles evalueringar, og det er utarbeidd felles retningslinjer for forhandling av samfinansieringsavtalar. Det var eit omfattande Nordic Plus -samarbeid før høgnivåforumet om bistandseffektivitet som vart halde i Paris i mars 2005, og dette samarbeidet blir vidareført i oppfølginga av erklæringa som vart vedteken i Paris.

Nordisk samarbeid om bilateral bistand

I mars 2003 vart det inngått ein avtale mellom dei nordiske landa Finland, Sverige, Danmark og Noreg i tillegg til Nederland og Storbritannia på den eine sida, og zambiske styresmakter på den andre. Avtalen knyter seg til initiativet om praktisk harmonisering av bistand, det såkalla HIP-initiativet. Seinare har dei fleste sentrale gjevarar (bilaterale og multilaterale) i Zambia formelt og reelt slutta seg til gjennom ein breiare partnarskap (WHIP). Partane forpliktar seg til å støtte opp om viktige reformer i den zambiske forvaltninga og i aukande grad å kanalisere bistanden gjennom program- og budsjettstøtte. Gjevarane forpliktar seg til å koordinere innsats, krav og rutinar for bistanden seg imellom og å basere engasjement på zambiske planar og forvaltningssystem. Dette vil innebere ein meir effektiv bistand og ei vesentleg administrativ lette for det zambiske forvaltningsapparatet. Det siste året har partane arbeidd med å konkretisere dette gjennom ein nasjonal External Aid Policy og ein Joint Assistance Strategy (JASZ) som oppfølgingsverktøy for den nye nasjonale utviklingsplanen (FNDP).

I tillegg er det i Zambia eit tett operasjonelt bistandssamarbeid mellom dei nordiske landa. Til dømes gjev Noreg ein god del støtte til landbruksutvikling og matvaretryggleik for småfarmarar gjennom den svenske ambassaden i Lusaka. Vi har òg eit tett samarbeid med Danmark om rettstryggleik for vanlege folk.

Når det gjeld nordisk samarbeid spesielt, har det pågåande samarbeidet mellom Noreg og Sverige i Afrika ført til flest konkrete resultat. Norske og svenske ambassadørar i det sørlege Afrika møtest no kvar 18. månad for å diskutere korleis samarbeidet dei imellom kan styrkjast. I det austlege/vestlege Afrika har det førebels vore eitt slikt møte. Møta stadfester at det er eit omfattande samarbeid på landnivå, ikkje minst om informasjonsinnhenting i form av forskingsrapportar, gjennomgangar og evalueringar. I to av landa har ein òg klart å etablere konkrete samarbeidsprosjekt.

I 2001 underteikna Sverige og Noreg ein samarbeidsavtale om delegert samarbeid om bistanden til Malawi. Sverige har ikkje representasjon i landet, og den norske ambassaden i Lilongwe forvaltar svensk støtte til godt styresett, helse og hiv/aids – i 2006 i alt 95 mill. SEK. Bistanden til dei ulike tiltaka på desse områda blir fordelt med 50 % på kvart av landa. Ambassaden har òg innleidd eit samarbeid med den svenske kooperasjonsrørsla om støtte til jordbruksutvikling i Malawi.

Ein liknande samarbeidsavtale om delegert samarbeid om bistanden til Mali vart underteikna i 2005. Ettersom Noreg ikkje har representasjon i Mali, forvaltar Sida den norske støtta til utdanning, styresett og menneskerettar og til berekraftig forvaltning av naturressursar. Innsatsen i desse sektorane var i 2005 på i alt 90 mill. NOK, likt fordelt på Noreg og Sverige.

I tillegg til at det norsk-svenske samarbeidet har hatt ein verdi og ein effektiviseringsgevinst i seg sjølv, gav dette konkret erfaring som er verdifull i det vidare arbeidet med å utvikle modellar for harmonisering og samordning mellom fleire gjevarar og i fleire land. Vidare har Danmark, Sverige og Noreg gått saman om å støtte oppbygginga av eit statistisk sentralbyrå i Mosambik, gjennom ein avtale som gjeld fram til 2007.

Andre former for samarbeid på landnivå kan eksemplifiserast ved at norsk støtte til frivillige menneskerettsorganisasjonar i Nepal delvis vert forvalta av Danmark. Noreg, Danmark og Finland jobbar tett saman i grunnutdanningssektoren i Nepal. Samarbeidet med Sverige om vassforsyning for Katmandu vart avslutta i 2006, då både Noreg og Sverige har trekt seg frå prosjektet. I Vietnam samfinansierer Sverige og Noreg ein studie av dei miljømessige og sosiale konsekvensane av vasskraftutbygging i landet.

Over det regionale programmet for berekraftig bruk av naturressursar i Mellom-Amerika samfinansierer Noreg og Sverige støtte til eit senter for forsking og høgare utdanning innan tropisk landbruk (CATIE), støtte til det regionale senteret for førebygging av naturkatastrofar (CEPREDENAC) og i 2005 overgangsstøtte til den mellomamerikanske kommisjonen for miljø og utvikling (CCAD). I Guatemala samfinansierer Noreg og Sverige støtte til det statistiske sentralbyrået INE. Elles er dei nordiske landa med i ulike konstellasjonar i fleire typar samfinasieringsmekanismar både i Nicaragua og Guatemala.

Nordisk samordning innan multilateral bistand

Det går føre seg eit nært samarbeid mellom dei nordiske landa overfor dei multilaterale utviklingsorgana, både gjennom formelle og uformelle kontaktar. I førebuingane til styremøte i FNs fond og program (utviklingsprogrammet UNDP, barnefondet UNICEF, befolkningsfondet UNPFA, miljøprogrammet UNEP, matvareprogrammet WFP o.a.) blir det jamleg halde nordiske møte for å samordne haldningane, og det er òg nær samordning under styremøta. Det er god kontakt og nært samarbeid overfor viktige særorganisasjonar i FN som Verdshelseorganisasjonen (WHO), Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), FN-organisasjonen for utdanning, vitskap og kultur (UNESCO) og FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO). Dessutan utgjer dei nordiske landa ofte kjernen i ulike grupperingar av «likesinna land» i styra i organisasjonane.

Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ein omfattande nordisk koordineringsprosess og ei rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa. I det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD, har ein ei meir avgrensa nordisk koordinering på hovudstadsnivå. I Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane har Noreg i dei fleste saker samanfallande interesser med dei andre nordiske landa, og det nordiske samarbeidet i styra for institusjonane er tett. Felles posisjonar blir utforma etter kvart, og det blir halde felles innlegg under årsmøte og møte i utviklingskomiteen i Verdsbanken og Det internasjonale valutafondet (IMF). Dei nordiske landa legg i det daglege arbeidet vekt på å sikre at den overordna målsetjinga om fattigdomsreduksjon blir styrande for utforminga og gjennomføringa av verksemda i utviklingsbankane.

Dei nordiske landa er sterkt engasjerte i gjennomføringa av det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa, den såkalla HIPC-ordninga, og av gjeldsletteordninga som Verdsbanken, Afrikabanken og IMF har innført for den multilaterale gjelda til dei fattigaste utviklingslanda ( Multilateral Debt Relief Initiative , MDRI). Frå nordisk side arbeider ein for å få på plass eit forhandlingsopplegg for å mobilisere tilstrekkelege midlar til å dekkje dei store gjeldslettekostnadene i dei multilaterale finansinstitusjonane, særleg Verdsbanken, slik at institusjonane ikkje blir svekte i si evne til å hjelpe de fattigaste landa.

Til saman 29 land dreg no nytte av gjeldslette under HIPC-ordninga etter å ha utarbeidd heilskaplege utviklingsstrategiar ( Poverty Reduction Strategy Papers – PRSP). I tråd med nordiske synspunkt blir det no satsa meir på kvalitet enn tempo, med det for auge at strategiane skal utgjere eit best mogeleg grunnlag for langsiktig, fattigdomsreduserande politikk. Det er brei semje om den nordiske haldninga, som går ut på at PRSP må danne grunnlaget for alt gjevarengasjement i dei aktuelle landa. PRSP inneber auka fokus på fattigdom i Verdsbanken og IMF. Spørsmålet om korleis ein skal hjelpe land som ikkje oppnår ein handterbar gjeldssituasjon etter å ha fått HIPC-behandling, er ei stor utfordring som MDRI representerer eit viktig svar på.

Forhandlingane om den 14. påfyllinga av IDA (IDA 14) vart avslutta i februar 2005. IDA 14 dekkjer perioden 2005–2008. Noreg forplikta seg i den samanheng til eit tilskot på 2 184,07 mill. NOK fordelt på tre år. Som under tidlegare påfyllingsprosessar var det tett nordisk koordinering i forhandlingane. I juli 2005 tok Noreg over stillinga som eksekutivdirektør og styrerepresentant i vår valgruppe i Verdsbanken. Dette inneber at Noreg koordinerer dei nordiske synspunkta på hovudstadsnivå.

Nordisk samarbeid om FN-reform

Dei nordiske landa har alltid samarbeidd i FN, og dette samarbeidet held fram sjølv om det gradvis har endra karakter. Det nordiske samarbeidet i FN er prega av at landa har ulike roller, og er av uformell karakter. EU-landa står i aukande grad fram som ein samla maktfaktor i FN. Etter at Sverige og Finland vart medlemmer, har dei tre nordiske EU-medlemmene i stadig større grad koordinert sine synspunkt på FN-spørsmål gjennom det politiske EU-samarbeidet. Dette gjeld òg med omsyn til reform av FN-systemet og den operative verksemda i FN. Den uformelle koordineringa og utvekslinga av synspunkt har likevel stor verdi, og kom mellom anna til nytte i førebuingane til FN-toppmøtet i 2005, der FN-reform var hovudtema. Sverige og Noreg arrangerte m.a. eit felles internasjonalt seminar om FNs fredsbyggingsarbeid som ledd i førebuingane. Det har prega det uformelle nordiske samarbeidet at Danmark i toårsperioden 2005–2006 har hatt plass i Tryggingsrådet, mens Sveriges FN-ambassadør Jan Eliasson var president for den 60. generalforsamling i FN i 2005–2006.

Dei nordiske landa samarbeider nært om reform av FN-systemet på det utviklingspolitiske området, mellom anna på bakgrunn av at dei er viktige bidragsytarar til FNs operasjonelle aktivitetar og har felles interesse av å sikre betre administrative rutinar og auka samarbeid og samordning mellom FN-institusjonane. Saman med andre likesinna land har dei nordiske landa levert viktige innspel til prosessen med reform av FN-aktivitetane på landnivå. Noreg og Sverige har i 2006 vore representerte i høgnivåpanelet som på oppdrag frå generalsekretær Kofi Annan har utarbeidd forslag til styrking av den operasjonelle FN-verksemda innan utvikling, humanitær innsats og miljø.

Nordisk utviklingsfond

Det nordiske utviklingsfondet ( Nordic Development Fund , NDF) er ein samnordisk bistandsorganisasjon som blir finansiert over bistandsbudsjetta i dei nordiske landa. NDF gjev lån over 40 år på mjuke vilkår som omfattar rentefritak og 10 års avdragsfritak, med ei administrasjonsavgift på 0,75 % per år. Lån frå fondet er reservert for dei fattigaste utviklingslanda, og blir brukte til høgt prioriterte prosjekt med positive miljøverknader. Prosjekta skal vere av nordisk interesse. Størstedelen av NDF-kredittane blir brukt til å finansiere leveransar av varer og tenester frå dei nordiske landa. NDF samfinansierer med andre multilaterale institusjonar, hovudsakleg Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane.

I 2005 tok forhandlingane om ei eventuell femte kapitalpåfylling til. Frå norsk side gjekk ein inn i forhandlingane med sikte på å delta i påfyllinga. Etter fire forhandlingsmøte, der det var oppnådd prinsipiell semje om fleire viktige spørsmål, vart det likevel klart at Danmark ikkje ønskte å gå vidare med sitt engasjement i fondet. På bakgrunn av at NDF då ikkje lenger ville vere ein nordisk institusjon, og at ingen av dei nordiske landa gav uttrykk for vilje til å kompensere for bortfallet av den danske støtta, konkluderte dei nordiske utviklingsministrane i september med at det var semje om å leggje ned aktivitetane i NDF. Vidare vart det bestemt at dette måtte skje på ein ryddig og transparent måte, ikkje minst av omsyn til dei tilsette i administrasjonen for fondet. Det var òg semje om at NDF må innfri alle økonomiske og andre plikter som fondet alt har teke på seg. Det er gjort ein ekstern gjennomgang av korleis ein på best mogeleg måte kan sikre implementeringa av pågåande prosjekt og interessene til dei tilsette i ein avviklingsperiode som er stipulert til 3–4 år. Ny administrerande direktør for avviklingsperioden er under rekruttering.

I 2005 innbetalte Noreg 57,5 mill. NOK under den tredje og fjerde kapitalpåfyllinga til NDF. Fondet underteikna i 2005 ni nye låneavtalar til ein samla verdi av 63,8 mill. euro. Av samla prosjektportefølje i NDF går ca. 48 % til Afrika, 35 % til Asia og 16 % til Latin-Amerika. Det vil ikkje bli sett i gang nye prosjekt i fondet etter 2005.

7.5 Forbrukarpolitikk

Samarbeidet mellom dei nordiske landa på forbrukarområdet har i alle år vore svært utbyterikt. Då det hausten 2005 vart klart at MR-Konsument ville bli lagt ned som følgje av overgang til ny struktur i det nordiske regjeringssamarbeidet, vedtok forbrukarministrane retningslinjer for eit vidare uformelt samarbeid på området. Ministrane oppretta òg ei ny samarbeidsgruppe (Nordisk konsumentgruppe) til å vareta samarbeidet. Medlemmene av samarbeidsgruppa er dei same som i EK-Konsument, som vart lagd ned ved overgangen til den nye ministerrådsstrukturen. Saman med EK-Konsument vart òg tilhøyrande styringsgrupper og adhocgrupper lagde ned.

På møtet dei hadde i september 2004, vedtok forbrukarministrane eit nytt samarbeidsprogram for perioden 2004–2010. Dette blir no lagt til grunn for det uformelle samarbeidet. I programmet er hovudvekta lagd på å styrkje forbrukarvernet i Norden og Europa elles og på å gje forbrukarane betre grunnlag for eigne val. Med utgangspunkt i samarbeidsprogrammet skal det utarbeidast årlege aktivitetsplanar for sektoren.

Innanfor dei rammene samarbeidsprogrammet trekkjer opp, la ministrane i aktivitetsplanen for 2005 m.a. vekt på samarbeid om:

  • EU-rettslege spørsmål (både påverknad og gjennomføring av nytt regleverk)

  • marknadsovervaking/marknadskontroll

  • tiltak for å avgrense det kommersielle presset mot barn og unge

  • tiltak for å fremje kunnskap om kor sterkt forbrukarane står i utvalde marknader

  • tiltak for å fremje ei meir berekraftig utvikling

Forbrukarrett

Samarbeidet rundt nordisk forbrukarlovgjeving, EU-rettsakter og andre utspel frå EU-kommisjonen vart vidareført i 2005 og inn i 2006. Dette skjedde m.a. ved samrådsmøte om aktuelle forslag til EU-regulering. Viktige tema har vore den nordiske marknadsføringslovgjevinga som følgje av direktivforslaget om urimeleg handelspraksis og nordisk samråd om den praktiske implementeringa av forordninga om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av lovgjevinga om forbrukarvern.

Juridisk styringsgruppe hadde i tillegg særleg fokus på villeiande marknadsføring (særleg i tilknyting til forholdet mellom generell marknadsføringslovgjeving og spesiallovgjeving), marknadsføring retta mot barn og unge, effektane av ny kjøpslovgjeving og kjennskapen til og behovet for tilleggsforsikringar blant forbrukarane.

Samarbeidet om EU-rettslege spørsmål har i praksis vist seg å vere svært viktig for Noreg, både fordi det er ein viktig påverknadskanal mot EU og fordi det kan utvekslast bakgrunnsinformasjon om arbeidet med direktiva som er vanskelegare tilgjengeleg for EFTA-landa.

Forbrukarøkonomi og -informasjon

Det er tidlegare utvikla eit nettbasert undervisningsprogram i forbrukaremne for barn og ungdom («Sikker shopping») som skal styrkje deira evne til å opptre som bevisste forbrukarar og stimulere lærarar til å integrere forbrukaremne i undervisninga. Programmet vart i 2005 utvida med fleire nye modular. Vidare er det gjennomført ei omfattande kartlegging av kommersielt press mot barn og unge i dei nordiske landa, basert på eit omfattande intervjumateriale. Resultata av kartlegginga vart i 2005 lagde fram i ein eigen rapport.

Sektoren hadde òg ei tematisk lenkeoversikt over fri («open-source») programvare. Nettsida (www.NordicOS.org) vart nominert til Unix User Groups pris for fremjing av bruken av fri programvare.

Berekraftig forbruk

Forbrukarsektoren deltok i samarbeid om berekraftig forbruk gjennom den tverrsektorielle gruppa for integrert produktpolitikk (NMRIPP, oppretta i 2003). Gruppa har medlemmer frå dei tre sektorane miljø, forbrukar og næring. Sjå nærare omtale i kapittel 5.5 om tverrfagleg miljøsamarbeid.

Nordisk miljømerking

Det offisielle nordiske miljømerket, Svana, vart innført for 16 år sidan. Med åra har Svana vakse og blitt til eitt av dei sterkaste og mest kjende merka i Norden. Det er utvikla kriterium for bruk av Svana på meir enn 60 produktområde, og talet på lisensar er over 1100. Svanemerket finst no på ca. 5000 produkt.

Miljømerking har utvikla seg frå å vere ei ordning for varer til òg å omfatte tenester. Nordisk miljømerking er styrt av ei eiga nemnd med styreleiarane i dei fem nordiske landa som medlemmer. I tillegg til den nordiske koordinatoren som held til i Noreg, er det oppretta nordiske fagkoordinatorar og ein nordisk kriterieredaktør.

I Noreg er svanemerket forvalta av Stiftinga miljømerking, som òg har ansvaret for det europeiske miljømerket Blomen. Undersøkingar viser at 86 % av den norske befolkninga kjenner att Svana. Omsetnaden av svanemerkte produkt i daglegvarehandelen er høg, og interessa blant verksemder for å satse på svanemerket som verkemiddel til å oppnå ein miljømessig konkurransefordel er stor.

I samband med omlegginga av ministerrådsstrukturen ved årsskiftet 2005/2006 vart ansvaret for miljømerket Svana overført frå MR-Konsument til MR-Miljø.

7.6 Samferdsel

Det nordiske regjeringssamarbeidet på transportsektoren har hatt som eit overordna mål å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det har vore lagt vekt på å velje ut område der landa har felles problemstillingar i tillegg til å fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling.

Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa. Nemnast bør spesielt dei gode resultata som er oppnådde innan trafikktryggleik og miljøpolitikk. Her er det mange fellestrekk mellom dei nordiske landa sjølv om det er skilnader på nokre område. Norden er føregangsland på verdsbasis når det gjeld trafikktryggleik, og kontinuerleg fokus på dette viktige området er nødvendig for at Norden skal behalde ein slik posisjon òg i framtida. Samarbeidet mellom dei nordiske landa og nærområda har vore viktig for overføring og utvikling av kunnskap om trafikktryggleik.

Dei seinare åra har EU/EØS-spørsmål fått stadig større merksemd, og samarbeidet her har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av den nordlege dimensjonen. Etter at dei baltiske landa og Polen òg vart medlemsland, har EU-relaterte spørsmål fått ytterlegare aktualitet. Difor har det dei siste åra òg vore halde eigne nordisk-baltiske møte (NB8) i tilknyting til dei vanlege nordiske ministermøta.

Etter at den nye ministerrådsstrukturen tredde i kraft 1.1.2006, er ikkje lenger transportsektoren ein del av det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet. På det nordiske transportministermøtet i Vejle i august 2005 vart det avgjort at transportsamarbeidet skulle halde fram utanfor ramma av Nordisk Ministerråd. Det var brei semje om at eit vidare samarbeid er viktig for å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og for å ta vare på det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa.

Det vart avgjort at det skulle haldast eitt årleg sommarmøte og at dagens ordning med formøte før rådsmøta i EU skulle vidareførast. Formannskapen i det nordiske regjeringssamarbeidet har ansvaret for å arrangere sommarmøta, og dei baltiske landa vil bli inviterte når det trengst. I tillegg skal det haldast møte på embetsmannsnivå.

Noreg arrangerte møtet i år, og òg dei baltiske ministrane var inviterte. Møtet vart halde i Balestrand i Sogn og Fjordane 20. og 21. juni. Hovudtema for møtet var EU-spørsmål og intelligente transportsystem. I tillegg kom ein til semje om form og struktur for det framtidige nordisk-baltiske samarbeidet.

7.7 Bustad og bygg

Det formelle nordiske samarbeidet i bustad- og byggjespørsmål innanfor Nordisk Ministerråd (NMR) er i realiteten avvikla. Som ledd i ei prioritering av innsatsområde valde NMR hausten 2005 å leggje ned fleire embetsmannskomitear, deriblant embetsmannskomiteen for bustad og bygg. Samarbeidsområdet er etter dette ikkje lenger ein sjølvstendig arena i det nordiske samarbeidet. Eit vidare nordisk samarbeid på området må utvikle seg på andre måtar, i tilknyting til andre organisasjonar og/eller på uformelle arenaer.

Det er semje mellom representantane i den tidlegare embetsmannkomiteen for bustad og bygg om at ein ønskjer å ta vare på eit uformelt samarbeid. Kommunal- og regionaldepartementet meiner at det framleis er mykje å hente på eit nordisk samarbeid i bustad- og byggjesektoren.

Bustadministrane vedtok hausten 2004 ein handlingsplan som det er meininga skal gjennomførast over fleire år: Action Plan for Increased Exchange in the Building Sector between Countries in the Northern Dimension Region . Ansvaret for denne handlingsplanen er overført til ministerrådet for nærings-, energi- og regionalpolitikk.

Det er venta at dette programsamarbeidet får lite å seie for framtidige nordiske samarbeidsmønster. På det byggadministrative området har det vore ført eit uformelt nordisk samarbeid. Det har òg vore halde bustadadministrative møte, men som hovudregel utanfor den formelle NMR-ramma. Eit vidare nordisk samarbeid i bustad- og byggjesektoren vil måtte gå føre seg på slike arenaer og på uformelle måtar.

Mål for nordisk samarbeid på bustad- og ­byggjeområdet:

  • ein går inn for å halde ved lag eit uformelt nordisk samarbeid basert på eksisterande uformelle kontaktmønster og å utvikle nye på det bustadpolitiske området

  • ein går inn for at det nye samarbeidet på bustadområdet blir konsentrert om bestemte fagtema eller temaområde og utøvd gjennom fagseminar der målgruppa primært er fagmedarbeidarar i departement og underliggjande etatar

Strategien for eit slikt samarbeid er å utvikle eit felles opplegg i samråd med nordiske kollegaer, og at Noreg som formannskapsland i 2006 inviterer til og finansierer eit første fagseminar.

7.8 Samiske spørsmål

Samane er ei urfolksgruppe som lever i fire land: Noreg, Sverige, Finland og Russland. I utviklinga av ein heilskapleg samepolitikk er det viktig å sjå samiske spørsmål i eit felles nordisk perspektiv med utvikling og etablering av fellestiltak og samarbeid på tvers av landegrensene.

Nordisk samarbeid om samiske spørsmål

I 2000 vart det etablert eit fast samarbeid mellom ministrane med ansvar for samiske saker og sametingspresidentane i Finland, Sverige og Noreg med sikte på jamleg orientering, drøfting og behandling av samiske spørsmål av felles interesse. Målsetjinga med samarbeidet er å styrkje og utvikle språket, kulturen, næringane og samfunnslivet til det samiske folket.

Førebuing og oppfølging av saker skjer gjennom embetsmannsorganet for samiske spørsmål, som har representasjon frå regjeringane og sametinga i Finland, Sverige og Noreg. Den norske delegasjonen står under leiing av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og har fast representasjon frå Landbruks- og matdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Sametinget. Samarbeidet har uformell, men nær tilknyting til Nordisk Ministerråd. Sekretariatet i Nordisk Ministerråd er observatør i samarbeidsmøta på politisk nivå og embetsnivå, og blir halde orientert om saker som vert drøfta og behandla. Noreg overtok formannskapsfunksjonen frå Finland i 2006, mens Sverige tek over i 2007.

Innanfor samarbeidet er det oppretta ein nordisk samisk språkpris, Gollegiella, som skal tene som ei premiering og synleggjering av innsats og arbeid til fremjing av samisk språk i Finland, Sverige, Noreg og Russland. Prisen vart delt ut for første gong hausten 2004. Han skal delast ut annakvart år og er på 12 500 euro (ca. 100 000 NOK). Sameministrane og sametingspresidentane har ønskt å etablere kontakt og dialog med russiske styresmakter og samar om samiske spørsmål og urfolksspørsmål av felles interesse. I september 2005 vart det halde eit møte på statssekretær–/viseministernivå i Moskva for å styrkje samarbeidet med Russland på regjeringsplan. Utvida kontakt med Nordvest-Russland på politikarnivå er i tråd med tilrådingane i rapporten frå medborgar- og forbrukarutvalet, som låg til grunn for Nordisk Råds rekommandasjon 19/2004 om samarbeid med urfolka i Barentsregionen. Det blir elles arbeidd for å få i stand eit breiare nordisk samarbeid innan samisk forsking. Ein database med oversikt over samiskrelaterte forskingsprosjekt og samarbeid mellom forskarar og forskingsinstitusjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland er under utvikling ved Universitetet i Tromsø (UiT). Noregs forskingsråd vil i samarbeid med Sametinget setje i gang ei utgreiing som skal vurdere etableringa av eit felles samisk forskingsutval for Noreg, Sverige og Finland, jf. St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning . Behov for etablering av eit samisk etikkutval skal òg vurderast i denne samanhengen. Eit felles samisk forskingsutval vil kunne leggje strategiar for samisk forsking og medverke til betre ressursutnytting ved at forskingsaktivitetane i dei nordiske landa blir samordna og koordinerte.

Nordisk samekonvensjon

Ønsket om ein nordisk samekonvensjon vart først fremja av dei samiske hovudorganisasjonane i Finland, Noreg og Sverige under Nordisk samekonferanse i 1986. Dette vart seinare følgt opp i Nordisk samekonferanse i 1992, med tilslutnad frå russiske samar. Styresmaktene tok det første initiativet til å starte arbeidet med ein nordisk samekonvensjon i februar 1995. Då vart det under Nordisk Råds 46. sesjon i Reykjavik halde eit møte med ansvarlege ministrar for samiske saker i Finland, Sverige og Noreg.

Initiativet vart vidareført innanfor ramma av det nordiske samarbeidet om samiske saker, og i 2002 vart det oppnemnt ei ekspertgruppe til å utarbeide utkast til ein nordisk samekonvensjon. Ekspertgruppa leverte si innstilling til oppdragsgjevarane ved det årlege fellesmøtet mellom sameministrane og sametingspresidentane i Helsingfors i november 2005.

Innstillinga føreslår ein konvensjonstekst med 51 artiklar fordelte på sju kapittel. Konvensjonsutkastet tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg, og utkastet er utarbeidd på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta som dei tre landa er bundne av. Ein nordisk samekonvensjon skal etter forslaget ha som målsetjing å lette samhandlinga mellom samar på tvers av landegrensene. Konvensjonsutkastet vart sendt på høyring i dei tre landa samtidig i februar 2006. Høyringsuttalane vil bli presenterte for sameministrane og sametingspresidentane hausten 2006, og det vil bli lagt opp til drøftingar om den vidare behandlinga av saka.

Samisk parlamentarisk råd

Samarbeidsorganet for sametinga, Samisk parlamentarisk råd, vart oppretta i 1996 av sametinga i Finland, Sverige og Noreg. Rådet er eit institusjonalisert samarbeid mellom sametinga i saker som vedgår samar i fleire statar, eller samane som eitt folk. Kvart sameting vel sju sametingsrepresentantar med personlege vararepresentantar til rådet. Russiske samar har fast observatørstatus i rådet. Sekretariatet førebur saker til styre- og rådsmøte, og følgjer det sametinget som har presidentvervet.

Føremålet med Samisk parlamentarisk råd er å leggje tilhøva til rette for at samane kan bevare og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt innanfor kvar nasjonalstat, og at samane som eitt folk i fleire statar kan bevare og utvikle desse verdiane utan å bli hindra av statsgrensene. Rådet er eit sentralt organ i det nordiske samarbeidet om samiske spørsmål, og sametinga tek sikte på at rådet skal ha ei aktiv rolle i det internasjonale arbeidet, m.a. i FNs arbeid med ei erklæring om urfolksrettar og eit permanent forum for urfolkssaker og i arbeidet med urfolkssaker i Barentsrådet og Arktisk råd. Regjeringa ser på Samisk parlamentarisk råd som eit viktig organ for det nordiske samarbeidet, eit organ som betyr noko i internasjonale samanhengar med tanke på å styrkje samarbeidet urfolk imellom og mellom urfolk og andre aktørar.

7.9 Nasjonale minoritetar

Noreg, Sverige og Finland har vidareført samarbeidet på embetsmannsnivå om politikken overfor nasjonale minoritetar. Dei nasjonale minoritetane i Noreg er jødar, kvenar, rom (sigøynarar), romani (tatarar) og skogfinnar. Det er institusjonalisert eit årleg møte for å utveksle erfaringar og for å vurdere nærare samarbeid på enkelte saksområde. Siste møtet vart halde i Helsingfors i mars 2006. Noreg deltok med representantar for Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet. På møtet vart det spesielt fokusert på situasjonen for gruppa rom, og elles på mogelege samarbeidsprosjekt på nordisk og europeisk nivå.

Til forsida