St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Statsminister Jens Stoltenberg: Innlegg i generaldebatten, den 57. sesjon i Nordisk Råd, 25. oktober 2005. Framført av samarbeidsminister Heidi Grande Røys

Det er no berre åtte dagar sidan den nye regjeringa tiltredde i Noreg. Og som mange av dykk sjølve har opplevd, tek arbeidet i ei ny regjering til med det same, og det er mange behov som skal imøtekommast på kort tid. Difor må eg berre seie meg lei for at statsminister Jens Stoltenberg ikkje kunne vere her no i ettermiddag. Han måtte reise tilbake til Noreg i formiddag og kunne heller ikkje då vere til stades på opninga av denne sesjonen. Han har bede meg å halde det innlegget som han sjølv hadde tenkt å halde.

Den nye norske regjeringa representerer eit historisk skilje i norsk politikk, både fordi det er eit heilt nytt regjeringssamarbeid, og fordi vi har fått ei fleirtalsregjering i Noreg etter meir enn 20 år med mindretalsregjeringar. Ei av de oppgåvene den nye regjeringa ser fram til å ta fatt på, er formannskapen i det nordiske samarbeidet neste år. Eg kan forsikre at vi skal gjere vårt beste for å vareta det ansvaret som vert lagt på oss.

Politikk handlar om å velje og å vise evne til fornying i møtet med ei verd i rask endring. Dette gjeld både nasjonalt og det gjeld på nordisk plan. Dei tre hovudprioriteringane i formannskapsprogrammet vårt set fokus på tre utfordringar som etter mitt syn er sentrale for heile Norden:

  • Nordområda og kva dei har å seie for Norden og Europa

  • Framtida til den nordiske velferdsmodellen

  • Trongen for å møte globaliseringa med kontinuerleg kunnskapsutvikling og innovasjon

Demokratiske system og auka velferd i det geografiske omlandet er viktig for utviklinga av våre eigne samfunn. Difor vil vi prioritere samarbeidet i dei nordlege områda av Europa. Vi veit at Norden er ei viktig drivkraft i det regionale samarbeidet med Nordvest-Russland, i Barentsregionen, Austersjøområdet, Arktis og Nord-Atlanteren. Utfordringane er mangfaldige i desse store områda. Difor er det viktig at vi har ei samla tilnærming til dei sentrale spørsmåla i regionen. Berre ein aktiv og målretta politikk kan sikre at vi når målsetjinga om ei positiv utvikling for heile regionen.

I tillegg må politikken vere inkluderande. Alle partar med interesser i området må engasjerast i konstruktivt samarbeid og gode løysingar. Eg er klar over at somme har uroa seg over at vi kanskje har for mange regionale organ, og at samordninga dei imellom ikkje har vore god nok. Mitt inntrykk er at det ikkje er grunn for ei slik uro i dag. Vi veit at dei aktuelle organa – Nordisk ministerråd, Arktisk råd, Barentsrådet og Austersjørådet – har utvida sitt samarbeid vesentleg. Frå vår side vil vi medverke til at den aktive dialogen med formannskapane i dei andre råda kan halde fram. Dette er viktig for å fremje samarbeid og komplementaritet i arbeidet for felles mål. I tillegg er det særleg viktig at EU engasjerer seg i nordområda, og at vidareutviklinga av den nordlege EU-dimensjonen i 2006 medverkar til dette.

Ei hovudoppgåve for den norske formannskapen vil bli å leggje grunnlaget for ein god start på gjennomføringa av dei nye samarbeidsprogramma for Nordvest-Russland og Arktis som ministerrådet har vedteke. Vi vil gjere vårt for at samarbeidsprogrammet for Nordvest-Russland skal vere godt forankra i ein aktiv dialog med russiske styresmakter. Eg trur programmet kan bli eit nytt viktig bidrag til å styrkje det nordiske samarbeidet med Russland.

Miljøspørsmåla i Arktis og Nord-Atlanteren er ei utfordring for heile verda. Forskarar har funne nokre av dei høgaste konsentrasjonane av PCB hos menneske nokon stad i verda blant innbyggjarane på Aust-Grønland. På Svalbard veit vi at isbjørn og sjøfugl døyr på grunn av miljøgifter dei får i seg. Dette skjer i eitt av dei reinaste og mest urørte områda av verda – eit område med enorme ressursar som krev ei berekraftig forvaltning. Klimaspørsmål og miljøforureining, og konsekvensane av dette for livsvilkåra for urfolk i det arktiske området, krev all vår merksemd. Det hastar med tiltak som kan redde Arktis for framtidige generasjonar.

Eit velferdssystem med berekraft for framtida er ei utfordring for alle samfunn – ikkje minst for dei nordiske landa med sitt høge velferdsnivå. Den nordiske velferdsmodellen er eitt av kjenneteikna ved Norden, og noko vi gjerne vil ta vare på. Likevel må vi heile tida vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behova endrar seg og i pakt med våre eigne ønske om stadig å bli betre.

Det er mykje likt i måten landa våre har løyst velferdsoppgåvene sine på, men og mange forskjellar. Det vil vi få vite meir om når et stort nordisk forskingsprosjekt skal avsluttast neste år. Vi må tru at forskarane kan gje oss meir kunnskap om korleis ulike løysingar verkar, slik at vi kan lære av kvarandre og dei erfaringane vi har gjort. Eg synest vi skal nytte dette høvet til å vurdere dei utfordringane velferdssystema våre står overfor og tenkje over kva vi kan gjere betre.

Vi vil og involvere ungdommen i ein diskusjon om viktige samfunnsspørsmål. Somme hevdar at dei unge i dag er mest opptekne av individuelle gode, ikkje av fellesskapsløysingar. Viss dette er rett, kva får det då å seie for den framtidige nordiske velferdsmodellen? Kor mange av oss veit eigentleg kva ungdom tenkjer om desse spørsmåla? Til neste år har vi difor planar om å setje saman eit nordisk ungdomspanel som kan kaste lys over korleis ungdom ser på nordisk samarbeid og andre spørsmål som vedgår kvardagen og framtida til dei unge i Norden.

Også på sosial- og helseområdet planlegg vi å ta ei rekkje initiativ, mellom anna når det gjeld legemiddel, telemedisin, miljømedisin og helseberedskap – for å nemne nokre døme.

Forskingsbasert kunnskap og evne til fornying er føresetnader for auka verdiskaping og vidare økonomisk vekst. Dette er ei hovudprioritering for den danske formannskapen i inneverande år, og vi tek gjerne over stafettpinnen for å føre dette arbeidet vidare. Ei viktig oppgåve vil vere å sjå til at NordForsk lever opp til sitt mandat og effektivt medverkar til å oppfylle visjonen om Norden som ei leiande og attraktiv forskingsregion.

Samtidig er det viktig å få til ein god dialog mellom forsking og næringsliv. Det er ofte der den verkelege nyskapinga skjer. Denne dialogen er heilt avgjerande for at vi skal nå målet om Norden som ein leiande region i verda når det gjeld konkurranseevne og økonomisk vekst. Vi vil leggje stor vekt på å fremje denne koplinga mellom forsking og innovasjon, både gjennom auka samarbeid mellom dei aktuelle nordiske institusjonane og i eit breiare nordisk dialogforum om spørsmålet.

Så må vi ikkje gløyme at ein trygg oppvekst og ein god skule for barn og unge er det som legg grunnlaget for eit kunnskapsbasert samfunn. Det nordiske samarbeidet er nyttig for å nå vårt felles mål om eit utdanningssystem med høg kvalitet. Utdanningssystemet er og ein av dei viktigaste faktorane for å styrkje den gjensidige språkforståinga. Den nordiske språk- og kulturfellesskapen er under press frå mange kantar.

Dette burde uroe oss alle. Det ville vere trist om engelsk vart det einaste språket vi hadde felles om nokre år.

I dette innlegget har det ikkje vore plass til å gå nærare inn på alle dei sakene som er omtala i det norske formannskapsprogrammet. Eg vil difor be om at de les programmet.

Eg vil gjerne få takke Danmark og Anders Fogh Rasmussen for ei svært god og effektiv leiing av det nordiske samarbeidet i inneverande år. Eg vil spesielt framheve dei resultata ein har oppnådd i arbeidet med å byggje ned grensehinder og å modernisere arbeidet i Nordisk ministerråd.

Eg lovar at vi skal gjere så godt vi kan for å vidareføre desse og andre viktige oppgåver som står på dagsordenen i det nordiske samarbeidet. På vegner at min eigen statsminister og meg sjølv vil eg invitere dykk alle til eit godt samarbeid i det kommande norske formannsskapsåret.

Eg vil gjerne avslutte med ein takk til det islandske vertskapet for den rause og gjestfrie mottakinga vi har fått, og den effektive tilrettelegginga av arbeidet vårt her i Reykjavik.

Til forsida