St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

3 Norden og nabolanda

3.1 Nordisk Ministerråd og samarbeidet med nabolanda

Nabolandspolitikken omfattar den verksemda Ministerrådet driv overfor dei baltiske landa og Russland, det arktiske samarbeidet, samarbeidet i Barentsregionen og Austersjøregionen og – i ein innleiande fase – verksemd til støtte for eit demokratisk Kviterussland. Nabolanda til Norden har gjennomgått store endringar dei siste ti åra. Dei baltiske landa er etablerte som demokratiske statar og er integrerte som fullverdige deltakarar i den europeiske integrasjonen og i anna internasjonalt samarbeid gjennom m.a. medlemskap i EU, EØS og NATO. Den internasjonale finansieringa i dei baltiske landa vil no i all hovudsak skje gjennom finansieringsordningar under EU og EØS/EFTA. Budsjettmessig ligg fokuset på Nordvest-Russland. Om lag 65 % av Ministerrådet sitt nabolandsbudsjett i 2006 går til Nordvest-Russland, 25 % til dei baltiske landa, 8 % til det arktiske samarbeidet og 2 % til Kviterussland. Det er venta at den delen som går til Nordvest-Russland, vil auke i 2007, då tyngdepunktet for det nye utvekslingsprogrammet vil vere på Nordvest-Russland, jf. nedanfor.

Tilhøvet til Russland er viktig for samarbeidet i heile Nord-Europa, og Nordvest-Russland er eit viktig område for Noreg og Norden. Det er mange utfordringar som står att i Nordvest-Russland når det gjeld demokratisering, marknadsøkonomi, miljøtryggleik og internasjonalt samarbeid. Her kan Norden medverke, og Nordisk Ministerråd styrkjer no samarbeidet med Nordvest-Russland.

Det samarbeidet Nordisk Ministerråd har med våre naboar, følgjer retningslinjene for Nordvest-Russland og dei tre baltiske landa som vart vedtekne av samarbeidsministrane i desember 2004. Retningslinjene gjeld for alt det samarbeidet Nordisk Ministerråd – òg fagministerråda – har med Nordvest-Russland og dei baltiske landa. På grunnlag av retningslinjene er det frå 1. januar 2006 etablert eit eige Russland-program, og det vil bli innarbeidd eit regulært politisk og konkret samarbeid med Estland, Latvia og Litauen. I partnarskapen med Nordvest-Russland er målsetjinga å medverke til ei demokratisk samfunnsutvikling, ein sterk marknadsøkonomi og ei berekraftig utvikling. Samtidig med at dei nye samarbeidsformene vart etablerte, vart det såkalla nærområdeprogrammet avvikla frå og med 2006.

Hovudkriteriet for den fellesnordiske innsatsen i Nordvest-Russland og i dei baltiske landa er omgrepet nordisk nytte, dvs. at landa oppnår ein tilleggsverdi gjennom den nordiske fellesskapen utover det bilaterale samarbeidet. For å sikre dei norske interessene i regionen er det viktig å fremje eit slikt sterkt og relevant regionalt samarbeid. I retningslinjene for samarbeidet mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland blir det lagt vesentleg vekt på eit styrkt samarbeid med dei andre tre regionale råda i området: Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Etter invitasjon frå den russiske formannskapen i Arktisk råd vart det årlege møtet på embetsmannsplan mellom leiarane for dei nordlege regionale råda halde i august 2006. Det blir likeins lagt stor vekt på at ein skal prøve å samordne ministerrådsaktivitetane med politikken og programma i EU.

Samarbeidet mellom dei nordiske og dei baltiske landa skal no vere fullt ut likeverdig i form og innhald, med ein forsterka politisk dialog og med bortfall av bistandsprega prosjektfinansiering. Fagministerråda skal no vidareføre ministerrådssamarbeidet med naboområdet på grunnlag av eigne sektorbudsjett, aukande finansiering frå dei baltiske landa og utvida samarbeid med Nordvest-Russland. Samarbeidet med dei baltiske landa skal få ein meir langsiktig karakter der aktivitetane blir planlagde og finansierte i fellesskap. Den tradisjonelle prosjektaktiviteten skal reduserast vesentleg. Den nordisk-baltiske dialogen skal utviklast vidare, mellom anna gjennom møte både på politisk nivå og på embetsnivå. Men i ein overgangsfase vil det bli teke tilbørleg omsyn til dei utsiktene dei baltiske landa har til å leggje om til større grad av samfinansiering. Det blir større høve til å utvikle eit samarbeid med kvart av dei baltiske landa, medan det til no har vore lagt vekt på samarbeid med Baltikum som region.

Det blir òg heile tida vurdert korleis det er mest føremålstenleg for dei baltiske landa å delta i eit utvida samarbeid med institusjonane i Nordisk Ministerråd der det er gjensidig interesse for dette.

Det skal òg leggjast vekt på å fremje det felles nordisk-baltisk-russiske samarbeidet, mellom anna gjennom det grenseregionale samarbeidet. I eit slikt prosjekt (Baltic Euroregional Network) , som er delfinansiert gjennom Interreg-midlar frå EU, deltek òg lokale kviterussiske styresmakter.

Det er trong for ei sterkare fokusering i den innsatsen Ministerrådet gjer i Nordvest-Russland. Det vil bli lagt særleg vekt på ei demokratisk samfunnsutvikling, ein regulert marknadsøkonomi, på miljøet og ei berekraftig utvikling og på sosial- og helsespørsmål. Dei fremste reiskapane for å fremje dette samarbeidet er eit samarbeid folk-til-folk gjennom stipend- og utvekslingsordningar.

Ministerrådet har i 2006 utarbeidd eit nytt kunnskapsoppbyggings- og nettverksprogram som vil vere fullt operativt frå januar 2007. Programmet vil få ei økonomisk ramme på vel 30 mill. DKK og vere retta inn mot fire hovudområde: offentleg forvaltning, utdanning og forsking, næringslivet og det sivile samfunnet. Verksemda skal medverke til ei langsiktig kompetanseheving saman med mobilitet og nettverksoppbygging, og skal fremje auka økonomisk utvikling og konkurransekraft i tillegg til å styrkje rettsstaten og demokratiet. Visse delprogram skal òg kunne omfatte kviterussiske borgarar og organisasjonar som eit ledd i prosessen med å medverke til eit demokratisk Kviterussland. Dei baltiske landa kan delta på særskilde vilkår for medfinansiering. Det skal leggjast større vekt enn tidlegare på å evaluere verknaden av aktivitetane. Rapporteringa tilbake til samarbeidsministrane skal framfor alt innehalde ei kvalitativ vurdering av verknadane av dei enkelte programma.

Geografisk skal samarbeidet med Nordvest-Russland omfatte Murmansk oblast, Arkhangelsk oblast, Republikken Karelen, St. Petersburg, Leningrad oblast, Pskov og Kaliningrad. Dei områda som ligg nær grensene til Norden, skal prioriterast. Dialogen med russiske styresmakter skal utdjupast, både på lokalt og sentralt nivå. Informasjonskontoret i St. Petersburg – og etter kvart òg i Kaliningrad, som startar opp si verksemd hausten 2006 – får sentrale oppgåver i å etablere dei nødvendige kontaktane og nettverka og forvalte delar av samarbeidsaktivitetane. I Murmansk oblast og dei arktiske delane av Nordvest-Russland skal Nordisk Ministerråd i stor grad ha som mål å drive sine aktivitetar i samarbeid med Barentsrådet og Arktisk råd. Dessutan kan det vere aktuelt med prosjekt i Arkhangelsk oblast.

Samarbeidet mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland og dei baltiske landa blir sett på som eit tillegg til det bilaterale samarbeidet dei nordiske landa har med Russland, og skal vere i samsvar med prinsippa for dette. Nokre meir konkrete prioriteringar går fram av den følgjande omtalen av nokre utvalde samarbeidsområde.

kulturområdet blir det arbeidd med å utvikle handlingsplanar for samarbeidet med Nordvest-Russland og dei baltiske landa. Siktemålet er at handlingsplanane skal spegle den nye strukturen for det nordiske kultur- og mediesamarbeidet. Handlingsplanane skal leggjast fram for kulturministrane på møtet deira i november 2006. Når det gjeld kultursamarbeidet Norden–Nordvest-Russland vil det bli utarbeidd ein handlingsplan i samarbeid med informasjonskontora i St. Petersburg og Kaliningrad. Hausten 2005 vart det arrangert to seminar med representantar for russiske styresmakter og for kulturfeltet i Murmansk og St. Petersburg. Som underlag for seminara kartla Nordisk informasjonskontor i St. Petersburg våren 2005 ønskjemåla frå kulturfeltet når det gjaldt samarbeidet med Norden. Det er òg gjennomført ei utgreiing om kulturforvaltninga i Estland, Latvia og Litauen, og eit seminar om kultursamarbeidet mellom Ministerrådet og dei baltiske landa representerte ved styresmakter og kulturaktørar i dei tre landa. Det nordisk-baltiske samarbeidet skal no innrettast som eit samarbeid mellom likeverdige partar og med sikte på eit nordisk-baltisk utbyte. Dei nordiske kontora i Russland så vel som i dei baltiske landa vil vere viktige kontaktpunkt for kultursamarbeidet.

Det er oppretta ei nordisk-baltisk koordineringsgruppe med ansvar for å koordinere det nordisk-baltiske samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet. Gruppa har utarbeidd ein treårig handlingsplan med vedtekter for perioden 2005–2007. Planen og vedtektene vart godkjende av dei baltiske statane i juni 2005 og vedtekne av MR-U i oktober 2005. Den politiske hovudmålsetjinga for planen er å medverke til å opprette eit felles baltisk-nordisk utdannings- og forskingsområde innanfor ramma av eit regulært mellomstatleg samarbeid mellom likeverdige partar og med baltisk medfinansiering. Gjennom evalueringa av Nordplus-programma undersøkjer ein korleis ein kan opne desse mobilitets- og nettverksprogramma for baltisk medeigarskap. Eitt av satsingsområda for samarbeidet med dei baltiske statane er forskingsprogrammet Nordunet 3 om Internett-teknologi. For området Nordunet 3 er det i gang samtalar om både baltisk og russisk medverknad.

Styringsgruppene har prosjektsamarbeid med Russland. Styringsgruppa for eit nordisk skulesamarbeid (NSS) har i tråd med formannskapsprogrammet og NMR-satsinga på eit auka samarbeid med nærområda i nord, teke initiativ til eit seminar i Nordvest-Russland hausten 2006. Målet med seminaret er å opprette kontaktar og vurdere framtidige samarbeidsprosjekt på skuleområdet.

Barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira vil få særskild merksemd. Det er oppretta ein partnarskap med Europarådet, dei baltiske statane og Nordvest-Russland om dette temaet. Det nordiske samarbeidsorganet for funksjonshemmaspørsmål (NSH) under Nordisk Ministerråd arbeider no med eit 3-årig samarbeidsprogram retta mot Nordvest-Russland og Baltikum med fokus på barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira. Mellom anna skal det arrangerast ein konferanse i St. Petersburg med temaet Improving the quality of life of people with disabilities in Europe 21. og 22. september 2006.

Nordisk Ministerråd er ein viktig partnar i partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen i EU (The Northern Dimension Partnership in Public Health and Social Wellbeing). I 2006–2007 er det Litauen som leier arbeidet i partnarskapen medan Noreg er nestleiar. Helse- og sosialutfordringane i nærområdet vårt er enno prega av ulikskapar mellom landa.

Helsesamarbeidet er eit viktig element i samarbeidet med naboane til Norden. Helsesituasjonen, særleg i Nordvest-Russland, er på mange område vesentleg verre enn i Norden. Førekomsten av alvorlege smittsame sjukdommar er gjennomgåande høgare. Særleg urovekkjande er situasjonen med omsyn til hiv/aids og tuberkulose. I tillegg er livsstilssjukdommar som hjarte- og karsjukdommar og andre helseproblem som skuldast feil ernæring, tobakk, alkohol, narkotika, vald og ulukker ei vel så stor byrde som smittsame sjukdommar. Det blir difor lagt stor vekt på helsesamarbeidet.

Innanfor ramma av partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen i EU deltek Helse- og omsorgsdepartementet i eit samarbeid på områda ungdomshelse, tryggleik og helse i arbeidslivet og alkohol. Nordisk nemnd for alkohol- og narkotikaforsking (NAD), Russland og dei tre baltiske statane deltek. Helse- og omsorgsdepartementet deltek i ein ekspertkomité i regi av partnarskapen.

Etter ønske frå Russland vart det i 2005 utarbeidd ein guide om beste praksis for dei nordiske forbrukarstyresmaktene i gjennomføringa av marknadskontrollar. På konferansen Joining Forces for the Safe Market i Riga i juni 2005 vart det gitt informasjon om det nordiske samarbeidet om produkt­tryggleik.

3.2 Den nordlege dimensjonen i EU

Finland tok i 1997 initiativet til ein nordleg dimensjon i EU. Finland og Sverige var no blitt medlemmer i EU ved sidan av Danmark, og EU hadde dermed fått ein ny og utvida dimensjon for samarbeidet nordover i Europa. Under den finske EU-formannskapen i 1999 vart den nordlege dimensjonen i EU formelt oppretta som eit eige politikkområde og har utvikla seg til å bli eit synleg uttrykk for regionalt samarbeid som er med på å auke velferda og utviklinga både i EU og i det nordlege europeiske nærområdet.

Den nordlege dimensjonen i EU gjev eit felles rammeverk for å fremje politisk dialog og konkret samarbeid, og dekkjer eit geografisk område langt utover dei nordiske EU-landa, frå det arktiske og subarktiske området til dei sørlege strendene i Austersjøen og frå Nordvest-Russland i aust til Island og Grønland i vest. Den nordlege dimensjonen i EU omfattar òg land utanfor EU-kretsen, men desse har status som partnarland. Etter at EU vart utvida 1. mai 2004, er talet på partnarland redusert til Noreg, Island og Russland. Regionale organisasjonar i området, som Nordisk Ministerråd, Arktisk råd, Austersjørådet og Barentsrådet, har program og aktivitetar som samsvarer godt med dei målsetjingane og prioriteringane som er nedfelte i handlingsplanane for den nordlege dimensjonen i EU. To sjølvstendige partnarskapar er oppretta under den nordlege dimensjonen, ein for miljø og ein for helse og livskvalitet. Saman med mellom anna dei fire regionale råda i Nord-Europa og internasjonale finansieringsinstitusjonar er dei med på å setje den nordlege dimensjonen i EU ut i livet.

EU-rådet vedtok i oktober 2003 ein ny handlingsplan under den nordlege dimensjonen i EU – den andre i rekkja – for perioden 2004–2006. Noreg har fått fleire synspunkt og prioriteringar reflekterte i planen, både i kraft av partnarland og som deltakar i multilateralt samarbeid ved at dei fire regionale råda i området har delteke i utarbeidinga av handlingsplanen. EU-kommisjonen har den leiande og overordna rolla i gjennomføringa av handlingsplanen. Noreg deltek i oppfølginga av planen, mellom anna bilateralt og særleg når det gjeld Nordvest-Russland, gjennom dei fire regionale råda og partnarskapane, gjennom EØS-finansieringsordningane og gjennom internasjonale finansieringsinstitusjonar som Den nordiske investeringsbanken. Ein styrkt integrasjon mellom Russland, EU og partnarlanda Noreg og Island står sentralt i handlingsplanen. Russland på si side hadde gjerne sett at det vart stilt større finansielle ressursar til rådvelde for gjennomføringa av handlingsplanane. EU har inga eiga budsjettlinje for politikken.

Den løpande handlingsplanen, som gjeld til 31. desember 2006, dekkjer fem felt: økonomi, menneskelege ressursar, miljø, grenseregionalt samarbeid og justissaker. To regionar med særskilde behov står i fokus: Kaliningrad og det arktiske området. Det er elles samanfall i fleire av prioriteringane under Den nordlege dimensjonen og innanfor EØS-finansieringsordningane, t.d. på felta miljø, helse, regionalt samarbeid og grenseregionalt samarbeid.

Regjeringa legg stor vekt på den nordlege dimensjonen i EU og er nøgd med handlingsplanen for perioden 2004–2006. Planen samsvarer godt med norske og nordiske synspunkt og prioriteringar. Det er viktig å få Russland sterkt engasjert i den nordlege dimensjonen i EU, og i så måte kan òg Russlandsprogrammet til Nordisk Ministerråd vere eit verkemiddel. Sidan dei baltiske landa og Polen no er integrerte i EU som fullverdige medlemmer, er den nordlege dimensjonen i EU særleg viktig som eit instrument for samarbeid med Russland, med vekt på Nordvest-Russland og Kaliningrad.

Frå 1. januar 2007 vil den nordlege dimensjonen i EU bli ført vidare med ein ny plattform med til dels vesentlege endringar. Det vil ikkje lenger heite den nordlege dimensjonen «i EU», men berre den nordlege dimensjonen. Dette reflekterer at dei noverande partnarlanda Russland, Noreg og Island vil inngå i samarbeidet som likeverdige partar med EU-landa, og statusen som partnarland vil falle bort. Praksisen med å utarbeide detaljerte handlingsplanar vil ikkje bli ført vidare, i staden vil det komme eit politisk rammedokument som kort opplyser om dei overordna prioriteringane og sektorane for samarbeidet og føresegner om styringsstrukturen. I tillegg vil det bli utarbeidd ei politisk erklæring med vekt på å opplyse om visjonen for samarbeidet under den nordlege dimensjonen. Elles har Russland gått sterkt inn for å knyte «dei fire romma» i EU–Russlandsamarbeidet til den nordlege dimensjonen og fått gjennomslag for det. Noreg har arbeidd aktivt for at viktige prioriterte saksfelt som «dei fire romma» ikkje dekkjer, òg skal inkluderast, og det er det semje om. Dette gjeld særleg miljø, helse, livskvalitet og spørsmål knytte til urfolk. Dessutan er det viktig for Noreg at det arktiske området framleis vil vere ein del av det geografiske området til den nordlege dimensjonen. For ytterlegare å streke under den arktiske dimensjonen er det viktig at USA og Canada held fram som observatørland under den nordlege dimensjonen.

Det er oppretta ei nordisk-baltisk koordineringsgruppe med ansvar for å koordinere det nordisk-baltiske samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet. Gruppa har utarbeidd ein treårig handlingsplan med vedtekter for perioden 2005–2007. Planen og vedtektene vart godkjende av dei baltiske statane i juni 2005 og vedtekne av MR-U i oktober 2005. Den politiske hovudmålsetjinga for planen er å medverke til å opprette eit felles baltisk-nordisk utdannings- og forskingsområde innanfor ramma av eit regulært mellomstatleg samarbeid mellom likeverdige partar og med baltisk medfinansiering. Gjennom evalueringa av Nordplus-programma undersøkjer ein korleis ein kan opne desse mobilitets- og nettverksprogramma for baltisk medeigarskap. Eitt av satsingsområda for samarbeidet med dei baltiske statane er forskingsprogrammet Nordunet 3 om Internett-teknologi. For området Nordunet 3 er det i gang samtalar om både baltisk og russisk medverknad.

Styringsgruppene har prosjektsamarbeid med Russland. Styringsgruppa for eit nordisk skulesamarbeid (NSS) har i tråd med formannskapsprogrammet og NMR-satsinga på eit auka samarbeid med naboområda i nord, teke initiativ til eit seminar i Nordvest-Russland hausten 2006. Målet med seminaret er å opprette kontaktar og vurdere framtidige samarbeidsprosjekt på skuleområdet.

Barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira vil få særskild merksemd. Det er oppretta ein partnarskap med Europarådet, dei baltiske statane og Nordvest-Russland om dette temaet. Det nordiske samarbeidsorganet for funksjonshemmaspørsmål (NSH) under Nordisk Ministerråd arbeider no med eit 3-årig samarbeidsprogram retta mot Nordvest-Russland og Baltikum med fokus på barn med nedsett funksjonsevne og familiane deira. Mellom anna skal det arrangerast ein konferanse i St. Petersburg med temaet Improving the quality of life of people with disabilities in Europe 21. og 22. september 2006.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet er representert i Nordisk sosialstatistisk komité (NOSOSKO), som er ein komité under Nordisk Ministerråd. NOSOSKO har som føremål å koordinere statistikken i dei nordiske landa på det sosialpolitiske området og å utarbeide samanliknbare utgreiingar og framstillingar av velferdsordningane i landa. Formannskapen går på omgang mellom dei nordiske landa. I perioden 2005–2007 er det Noreg som har formannskapen.

Nordisk Ministerråd er ein viktig partnar i partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen i EU. I 2006–2007 er det Litauen som leier arbeidet i partnarskapen medan Noreg er nestleiar. Helse- og sosialutfordringane i nærområdet vårt er enno prega av ulikskapar mellom landa.

Helsesamarbeidet er eit viktig element i det nordiske samarbeidet med naboområda. Helsesituasjonen, særleg i Nordvest-Russland, er på mange område vesentleg verre enn i Norden. Førekomsten av alvorlege smittsame sjukdommar er gjennomgåande høgare. Særleg urovekkjande er situasjonen med omsyn til hiv/aids og tuberkulose. I tillegg er livsstilssjukdommar som hjarte- og karsjukdommar og andre helseproblem som skuldast feil ernæring, tobakk, alkohol, narkotika, vald og ulukker ei vel så stor byrde som smittsame sjukdommar. Det blir difor lagt stor vekt på helsesamarbeidet med naboområda.

Innanfor ramma av partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen i EU deltek Helse- og omsorgsdepartementet i eit samarbeid på områda ungdomshelse, tryggleik og helse i arbeidslivet og alkohol. Nordisk nemnd for alkohol- og narkotikaforsking (NAD), Russland og dei tre baltiske statane deltek. Helse- og omsorgsdepartementet deltek i ein ekspertkomité i regi av partnarskapen.

3.3 Austersjørådet

Austersjørådet vart oppretta i 1992 og har 12 medlemmer: 11 land og EU-kommisjonen. Medlemslanda er dei fem nordiske og dei tre baltiske landa og Russland, Tyskland og Polen. Observatørland er Frankrike, Italia, Nederland, Slovenia, Storbritannia, Ukraina og USA.

Den årlege formannskapen følgjer ei avtala rotasjonsordning med skifte i juni/juli. Island hadde formannskapen til juni 2006, avløyst av Sverige. Noreg hadde formannskapen i 1999/2000.

Utanriksministrane i medlemslanda og ein representant frå EU-kommisjonen utgjer Austersjørådet og kjem saman annakvart år. I møta blir dei langsiktige perspektiva og retningslinjene for verksemda trekte opp. I tillegg til utanriksministermøta har det sidan 1996 vore halde toppmøte, desse òg annakvart år, der regjeringssjefane i dei elleve medlemslanda og ein representant frå EU-kommisjonen har drøfta spørsmål knytte til Austersjø-samarbeidet. Desse toppmøta har ikkje vore ein formalisert del av strukturen i Austersjørådet, men ut frå den praksis som er etablert, er dei nemnde i dei nye retningslinjene for Austersjørådet som vart reviderte i 2005. Det siste toppmøtet fann stad i Reykjavik 7.–8. juni 2006 i samband med avslutninga av den islandske formannskapen. Det neste vil finne stad i Latvia i 2008.

Under fagministrane er det oppretta arbeidsgrupper for ei rekkje sektorar, som energi, økonomisk samarbeid, miljøspørsmål og spørsmål knytte til barn (handel med barn og risikoutsette barn).

Mellom rådsmøta (utanriksministermøta) møter embetskomiteen. Han har regelmessige møte og tek løpande avgjerder. Formannskapen koordinerer og leier møta, som gjerne blir lagde til det landet som til kvar tid har formannskapen.

Austersjørådet fekk i 1998 eit permanent sekretariat lagt til Stockholm. Det blir leidd av ein generalsekretær. Formannskapen held nær kontakt med sekretariatet, som assisterer formannskapen med sekretariatsoppgåvene. Dessutan har sekretariatet ein sentral koordinerings- og sekretariatsfunksjon for dei mange undergruppene som er oppretta under Austersjørådet. Sekretariatet har sitt eige driftsbudsjett, som medlemmene dekkjer etter ein avtala fordelingsnøkkel. Noreg sin del er 12 %. Driftsbudsjettet dekkjer i hovudsak utgiftene til sekretariatet. Det er ikkje oppretta noka eiga budsjettlinje for aktivitetar og tiltak som Austersjørådet initierer, og desse er dermed heilt avhengige av frivillige bidrag frå medlemmene eller frå anna hald. Det har til tider vore vanskeleg å mobilisere finansielle ressursar. Austersjørådet er primært ein initierande og koordinerande institusjon for eit mangfaldig nettverk av institusjonar, arbeidsgrupper og aktivitetar i regionen.

Samarbeidet i Austersjørådet spenner over ei rekkje faglege område, som demokratiutvikling, miljøspørsmål, økonomisk integrasjon og utvikling, energisaker, utdanning, informasjonsteknologi, sosiale spørsmål og trygge levekår, atomtryggleik, tiltak mot kriminalitet og handel med menneske på tvers av landegrenser. Noreg deltek aktivt på dei fleste samarbeidsområda, og er representert i dei arbeidsgruppene som er nedsette. Samarbeidet på dei fleste områda har fungert heilt sidan Austersjørådet vart oppretta i 1992, men nye felt er fokuserte sterkare dei seinare åra. Dette reflekterer at nye utfordringar er komne til. Mellom anna gjeld dette handel med menneske, særleg kvinner og barn, og helse og livskvalitet. Difor vil desse områda bli omtala spesielt nedanfor:

Det barnepolitiske samarbeidet og den arbeidsgruppa som er oppretta for risikoutsette barn i regionen, har teke over ein meir sentral del av verksemda til Austersjørådet i den seinare tid. Barne- og familiedepartementet representerer Noreg i denne gruppa. Arbeidet på området er initiert av medlemslanda, og blir gjort etter felles regionale prioriteringar og på basis av årlege aktivitetsplanar. Noreg var i 2005 vertskap for eit Austersjø-møte med ministrar med ansvar for barnepolitiske spørsmål. Føremålet var å stadfeste og vidareutvikle det regionale samarbeidet om utsette barn. I 2005 var aktivitetane spesielt knytte til området einslege mindreårige i regionen som kryssar grenser, og barn som er utsette for menneskehandel. Målsetjinga er å etablere gode samarbeidsrelasjonar og nettverk mellom landa for å motverke ei utvikling med menneskehandel med barn.

Austersjørådet har òg spela ei sentral rolle på helseområdet gjennom aksjonsgruppa for smittevern. Det var eit regjeringssjefsmøte i år 2000 som bestemte at denne gruppa skulle opprettast, og eit vidt og velfungerande nettverk vart bygd opp både på det politiske, praktiske og medisinsk-profesjonelle planet. Mandatet til aksjonsgruppa var avgrensa i tid og gjekk ut i 2004, og er ikkje blitt fornya, men arbeidet blir ført vidare i partnarskapen for offentleg helse og livskvalitet under den nordlege dimensjonen i EU. Denne partnarskapen vart oppretta i Oslo i oktober 2003, og danna i 2004 eit lite sekretariat i Stockholm. Noreg er blant dei landa som meiner at denne partnarskapen er svært viktig, og har frå 1. januar 2006 viseformannskapen i partnarskapen (Litauen har formannskapen). Helse- og omsorgsdepartementet representerer Noreg i dette arbeidet.

Noreg sitt engasjement i Austersjørådet er ein viktig del av norsk nærområdepolitikk, og rådet utgjer eit sentralt forum for dialog og praktisk samarbeid med mellom anna Russland. Austersjørådet blir sett på som ein av fleire strukturar der Russland blir trekt med i samarbeidet med det vestlege Europa med både EU-medlemmer og NATO-medlemmer. Dessutan legg Austersjørådet til rette for eit samarbeid ikkje berre på statleg plan men òg mellom kommunar og fylkeskommunar og i privat sektor. Det er såleis viktig for eit regionalt samarbeid på tvers av grensene.

Det er viktig for Noreg å sjå verksemda i Austersjørådet i samanheng med det arbeidet som blir utført av Nordisk Ministerråd utanfor Norden, Barentsrådet med sitt regionale råd og Arktisk råd. Når det gjeld dette, har alle dei fire råda hovudengasjementet sitt retta inn mot det nordvestlege Europa, med særleg vekt på Nordvest-Russland og/eller det arktiske området. Prioriteringane i dei tre råda er stort sett samanfallande, og dei utfyller kvarandre. Det er likevel ei kontinuerleg utfordring å koordinere verksemda mellom dei, som omfattar ei aktiv informasjonsutveksling. Dette er ei oppgåve som sekretariata i dei fire råda tek alvorleg. Noreg arbeider for at Austersjørådet skal vere endringsvillig, fleksibelt og kunne gje ein meirverdi.

Etter at dei tre baltiske landa og Polen vart medlemmer av EU, er det oppstått ein ny situasjon der berre tre av medlemslanda i Austersjørådet no ikkje er EU-medlemmer: Noreg, Russland og Island. Men alle medlemmene inklusive EU-kommisjonen bekreftar at Austersjørådet har ei viktig rolle å spele òg i det vidare arbeidet med å gjere Austersjøregionen til eit enda meir livskraftig område for økonomisk og sosial framgang. Regionen har dei seinare åra registrert den sterkaste velstandsutviklinga, arbeidsproduktiviteten og innovasjonsveksten samanlikna med andre utvalde regionar i Europa. Den viktigaste faktoren bak utviklinga er ei høg utnytting av arbeidskrafta. Regionen skårar høgt på innovasjonstiltak både vitskapleg og forskingsmessig, men har ikkje i same grad greidd å utnytte desse nyvinningane i økonomien. Austersjørådet medverkar til økonomisk utvikling mellom anna gjennom arbeidsgruppa for økonomisk samarbeid.

3.4 Barentsrådet

Barents-samarbeidet kom i stand på norsk initiativ i 1993. Det er forankra i to offisielle organ: Det euro-arktiske Barentsrådet og Barents regionråd. Barentsrådet representerer samarbeidet på regjeringsnivå, med seks land – Noreg, Sverige, Danmark, Island, Finland og Russland – og EU-kommisjonen som medlemmer. Ni land er observatørar. Barentsrådet møtest annakvart år på utanriksministernivå, seinast i Harstad i 2005. Ulike fagministrar møtest òg. For perioden 2005–2007 har Finland formannskapen i Barentsrådet.

Regionrådet er sett saman av leiarane i dei fylka regionen omfattar, i tillegg til ein representant for urfolka (samar, nenetsarar og vepsarar). Urfolksrepresentantane ønskjer ei sterkare deltaking i Barentsrådet.

Barents-samarbeidet er omfattande, både i breidde og djupne. Samarbeidet mellom dei tretten fylka som deltek, og folk-til-folk-kontaktane på tvers av dei tidlegare skiljelinjene i regionen, er eit vesentleg kjennemerke. Barentsregionen har om lag 6 millionar innbyggjarar, av desse nesten 4,5 millionar i Russland. Regionen er svært rik på naturressursar.

Barents-samarbeidet har opp gjennom åra skapt eit nytt og stabiliserande samarbeidsmønster i tilhøvet mellom dei nordiske landa og Russland, og medverka til å styrkje den rolla Russland spelar i det alminnelege europeiske samarbeidet. Det fremste målet for samarbeidet er elles å fremje ei berekraftig utvikling i vidaste forstand. Tradisjonelt dreier dette seg mest om Nordvest-Russland, med dei utfordringane dei framleis har når det gjeld økonomisk og sosial utvikling, helse, miljøvern, ressursforvaltning og behovet for å reformere mange samfunnsinstitusjonar.

Barents-samarbeidet er særleg viktig som portal til eit konkret samarbeid med Russland. Dei nordiske medlemmene av EU har medverka aktivt til å utforme EU-initiativ og finansieringsordningar for å styrkje det regionale samarbeidet i nord. Barents-samarbeidet er ein del av samspelet for å verkeleggjere den nordlege dimensjonen og det tilhøyrande handlingsprogrammet.

I Barents-samarbeidet er det oppretta ei rekkje arbeidsgrupper for bestemte område. Samarbeidsapparatet er styrkt ved at det er oppretta felles arbeidsgrupper, gjerne med delt formannskap (sentral styresmakt + regional styresmakt).

Sentralt i samarbeidet står utviklinga av eit sterkare næringsliv. Betringa i russisk økonomi og endringane i den økonomiske politikken har ført til auka interesse for handel og investeringar. Arbeidet for å forenkle og harmonisere prosedyrane for grensepassering er prioritert. Kontakten er styrkt mellom handelskammer, næringslivsorganisasjonar og andre ikkje-statlege økonomiske aktørar i regionen. Målsetjinga er mellom anna betre å kunne identifisere hindera for handel og investeringar og å betre informasjonsutvekslinga og kontakten med styresmaktene. Møte under fellesnemninga Barents Industrial Partnership har medverka til dette.

Olje, mineralutvinning, skogdrift og industri representerer store økonomiske mogelegheiter, men òg omfattande miljøutfordringar i regionen. Transport av olje og auka petroleumsaktivitet har sett søkjelyset på maritim tryggleik og oljevernberedskap. Auka petroleumsaktivitet på norsk og russisk side vil òg ha ringverknader for landbasert verksemd og infrastruktur i heile regionen. Gjennom Barents-samarbeidet blir det stimulert til auka samarbeid mellom små og mellomstore føretak som ønskjer å levere utstyr og tenester til dei store oljeselskapa. Noreg ønskjer å medverke til ei økonomisk utvikling som skjer innanfor miljømessig forsvarlege rammer. Det vil difor vere viktig å integrere miljøomsyn i næringsverksemda og ha eit tettare samarbeid med miljøforvaltninga. Miljøspørsmål har stått sentralt heilt sidan Barents-samarbeidet vart starta. Miljøproblem på russisk side, som smelteverket i Nikel og atominstallasjonane på Kolahalvøya, utgjorde ein trussel for helse og miljø òg utover Russland sine grenser. Barents-samarbeidet har medverka til auka medvit i Russland omkring forureining og miljø.

Miljøvernministrane i Barentsrådet framhevar ei oppfølging av rapporten frå Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP) og Nordic Environment Finance Corporation (NEFCO) om viktige miljøinvesteringsprosjekt og målsetjinga om å fjerne dei aller viktigaste miljøproblema på russisk side i løpet av ti år. Vidare blir samarbeidet om reinare produksjon i eit livsløpsperspektiv, forsvarleg forvaltning av vassressursane, bevaring av det biologiske mangfaldet og klimaspørsmål prioritert. Barentsrådet vedtok i november 2005 ei liste over klimarelevante tiltak i Barentsregionen som ei oppfølging av ACIA-rapporten frå Arktisk råd.

I Barentsregionen finn ein dei største og viktigaste skogane i Europa. Spørsmål knytte til skogforvaltning berører både miljøarbeidsgruppa, den økonomiske arbeidsgruppa og energiarbeidsgruppa. Utvikling og bruk av bioenergi blir framheva, m.a. i samband med at pliktene under Kyotoprotokollen skal gjennomførast. Energisamarbeidet omfattar òg m.a. energieffektivisering, finansieringsspørsmål og generelt informasjonsarbeid.

Samarbeidet med NEFCO om finansiering av miljø- og energiprosjekt er av stor verdi. Likeins spelar miljøpartnarskapsfondet, som er oppretta under den nordlege dimensjonen i EU, ei viktig rolle i finansieringa av store miljø- og atomtryggleiksprosjekt i Russland.

Kultursamarbeidet i Barentsregionen har m.a. som målsetjing å fremje den regionale kulturelle identiteten. Dette skjer gjennom samarbeid på alle område av kultursektoren, blant både profesjonelle og amatørar. På området kompetanseutvikling, utdanning og forsking skjer det eit utstrakt samarbeid på alle nivå. Den felles arbeidsgruppa vil mellom anna fremje målsetjingane i den såkalla Bologna-prosessen, medrekna ei gjensidig anerkjenning av diplom og fagplanar.

Kultur, kompetanseutvikling og næring står likeins sentralt i urfolkssamarbeidet, som er forankra i ein eigen, brei handlingsplan for urfolk 2005–2008. Det er oppretta eit urfolkskontor i Murmansk.

Òg ungdomspolitikk er eit prioritert område for Barentsrådet og regionrådet. Det er oppretta eit rådgjevingskontor i Murmansk som støttar ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper som ønskjer å gjennomføre prosjekt, utvekslingar eller andre fellestiltak.

Samarbeidsprogrammet for helse og relaterte sosiale spørsmål 2003–2007 inngår m.a. som ein del av partnarskapen for helse og livskvalitet i den nordlege dimensjonen. Prioriterte felt er å motverke smittsame sjukdommar (primært tuberkulose og hiv/aids), motverke livsstilsrelaterte sjukdommar og betre integreringa av helse- og sosialtenestene. Det er utvikla eit tiltaksprogram mot hiv/aids i Barentsregionen som blir nytta som modell for tilsvarande program i andre område.

Noreg stod i september 2005 som vertskap for den store krisehandteringsøvinga Barents Rescue 2005 i Finnmark. Samarbeidet mellom naud- og redningstenestene i Barentsregionen blir no styrkt gjennom ein eigen avtale der Noreg, Finland, Russland og Sverige er partar.

Innanfor transport har det dei siste åra vore gjennomført fleire utgreiingsprosjekt for eit meir effektivt transportnett. Det er oppretta ein database basert på Geographic Information System (GIS), og på same måte som ei rekkje andre opplysningar frå Barents-samarbeidet er denne basen tilgjengeleg på Internett. Dei fleste grensepasseringsstadane med Russland i nord er no oppgraderte til internasjonal standard.

Det er ei målsetjing at Nordland, Troms og Finnmark fylkeskommunar skal spele ei mest mogeleg aktiv rolle i Barents-samarbeidet. Regjeringa medverkar mellom anna gjennom ei årleg løyving til Barentssekretariatet. Barentssekretariatet er eigd av dei tre fylkeskommunane, og har omfattande kompetanse når det gjeld Nordvest-Russland og eit omfattande kontaktnett. Barentssekretariatet yter sekretariatstenester til fylkeskommunane. Sekretariatet er ein stor prosjektaktør som støttar arbeidet i regionrådet med analysar, dokument og oversyn.

Frå norsk side er det òg teke initiativ til å få oppretta eit internasjonalt sekretariat for Barents-samarbeidet i Kirkenes. Arbeidet med å leggje til rette for dette er i gang.

Gjennom Barents-samarbeidet blir det notert positive endringar i samarbeidstilhøva med Russland, og mange gode resultat er oppnådde. Barents-samarbeidet er ein del av eit knippe med regionale samarbeidsformer i nord, som har tradisjonelt nordisk samarbeid som eit viktig element.

Representantar for sekretariatet i Nordisk Ministerråd deltek jamleg i embetsmøta i Barentsrådet. I 2005 vart det teke initiativ til å styrkje samarbeid mellom Barentsrådet og Nordisk Ministerråd, særleg i prosjektverksemd som samsvarar med dei prioriteringane begge organisasjonane har i Barentsregionen. Det er semje om at økonomisk samarbeid, urfolk og klimaspørsmål skal vere pilotfelt for eit styrkt samspel.

3.5 Arktisk råd

Arktisk råd er det einaste regionale samarbeidsorganet som omfattar alle dei åtte arktiske landa; dei fem nordiske, USA, Canada og Russland. Rådet har i tillegg «permanente deltakarar» som representerer urfolka i den arktiske regionen. Seks slike grupperingar er med, mellom anna Samerådet, som representerer samane i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Ikkje-arktiske land, mellomstatlege og ikkje-statlege organisasjonar og parlamentarikarorganisasjonar deltek som observatørar. Parlamentarikarkomiteen for Arktis og Nordisk Ministerråd er blant dei organisasjonane som har fast observatørstatus.

Ministermøta i Arktisk råd blir haldne anna­kvart år. Ministermøtet vedtek program og prosjekt som blir gjennomførte i regi av arbeidsgrupper. Utanom ministermøta blir arbeidet leidd av nasjonale koordinatorar på embetsnivå. Sekretariatet for Arktisk råd følgjer formannskapslandet. Russland har formannskapen fram til neste ministermøte 25.–26. oktober 2006 i Salekhard i Russland.

Gjennom Arktisk råd kan vi supplere våre bilaterale kontaktar med multilaterale drøftingar. Arktisk råd er eit forum der dei nordiske landa møter sine store naboar i aust og vest, og der dei kan trekkje desse med når det gjeld å løyse felles problem. Politikken til både Russland og USA i dei nordlege områda er svært viktig for Noreg. Det er i norsk interesse å utdjupe og vidareutvikle samarbeidet i Arktisk råd som eit organ for sirkumpolart samarbeid.

Ein viktig dimensjon ved samarbeidet i Arktisk råd er urfolka sin status som permanente deltakarar. Det at dei deltek, fører til ei meir heilskapleg forståing av miljøproblema og samfunna i nord. Urfolk blir ofte ramma hardare og på ein annan måte enn andre av ein del miljøproblem. Eitt døme er opphopinga av miljøgifter i marine pattedyr som utgjer ein del av urfolka sin diett. Utanriksdepartementet sitt budsjett inneheld ein eigen underpost til støtte for at urfolk skal delta i Arktisk råd, Barentsrådet m.m. For 2006 er løyvinga på NOK 600 000.

Arbeidsgruppene i Arktisk råd

Under Arktisk råd er det fem permanente arbeidsgrupper som dekkjer desse programområda:

  • Overvaking av det arktiske miljøet ( Arctic Monitoring and Assessement Programme – AMAP)

  • Bevaring av arktisk fauna og flora ( Conservation of Arctic Flora and Fauna – CAFF)

  • Beredskap mot akutt forureining ( Emergency Prevention, Preparedness and Response – EPPR)

  • Vern av det marine miljøet ( Protection of the Arctic Marine Environment – PAME)

  • Berekraftig utvikling ( Sustainable Development Working Group – SDWG)

I tillegg er det oppretta ei tidsavgrensa arbeidsgruppe som det er føreslege å gjere permanent frå 2006:

  • Handlingsplan mot forureining ( Arctic Council Action Plan to Eliminate Pollution of the Arctic – ACAP)

Sekretariatet for AMAP ligg i Oslo. CAFF og PAME har sekretariat på Island, EPPR i Russland, SDWG i Canada og ACAP i USA.

Nokre av dei viktigaste resultata av det arktiske miljøsamarbeidet er dei omfattande statusrapportane om forureining i det arktiske miljøet som AMAP la fram i 1997 og 2002. Rapportane har vore viktig dokumentasjon for å opprette internasjonale miljøvernavtalar om miljøgifter, som Århusprotokollane frå 1998 og Stockholmkonvensjonen frå 2001.

Statusrapportane dokumenterer urovekkjande høge nivå av miljøskadelege stoff som tungmetall og persistente organiske miljøgifter (mellom anna PCB, dioksin og DDT) i dyr og fugl øvst i næringskjeda (t.d. isbjørn, tannkval, sel og polarmåke). Nivået av kvikksølv aukar faretruande. Alvorlege verknader er observerte hos dyr, t.d. svekt immunsystem hos isbjørn og sel. Det er særleg grunn til uro over den verknaden desse giftene har på urfolk, som har slike dyr som ein viktig del av kosthaldet. AMAP arbeider no med å utarbeide ei heilskapleg vurdering av noverande og framtidige olje- og gassaktivitetar i Arktis. Utgreiinga omfattar miljø-, helse- og sosioøkonomiske verknader av petroleumsverksemda i Arktis, til havs og på land.

Handlingsplanen mot forureining, ACAP, vart vedteken etter eit norsk initiativ i 2000 for å følgje opp dokumentasjonen frå AMAP. Føremålet er å gjennomføre konkrete samarbeidsprosjekt for å oppnå ein målbar reduksjon av utslepp til Arktis. Eit viktig mål er å medverke til å vidareutvikle internasjonale avtalar og å hjelpe Russland slik at landet kan slutte seg til og gjennomføre internasjonale miljøavtalar som er viktige for nordområda.

Organiske miljøgifter og kvikksølv er for tida prioriterte innsatsområde i ACAP. Av dei prosjekta som er i gang, finn ein mellom anna handtering av PCB-avfall og utrangerte plantevernmiddel i Russland, kartlegging av bromerte flammehemmarar og kvikksølvutslepp frå arktiske land og utarbeiding av tiltak for å redusere utsleppa av desse. Alle arktiske land og Nederland har bidrege med midlar til ACAP-arbeidet, med USA, Noreg og Danmark som dei største bidragsytarane. På ministermøtet i 2004 vart det etter norsk initiativ semje om å opprette prosjektfondet Arctic Project Support Instrument med den nordiske miljøfinansieringsinstitusjonen NEFCO som fondsforvaltar. Føremålet er å effektivisere tilrettelegginga av større prosjekt fram til problemeigaren og/eller internasjonale finansieringsinstitusjonar kan overta dei, og effektivisere gjennomføringa av mindre prosjekt. Noreg har sett av 300 000 USD til fondet.

Arbeidsgruppa EPPR dekkjer området beredskap mot akutt forureining. EPPR si primære oppgåve er å utarbeide forslag til eit framtidig samarbeid om tiltak for å handtere arktiske miljøkatastrofar. Dette kan vere frå olje- og gassverksemda, men òg atomulukker og andre typar hendingar med farlege stoff. Gjennom EPPR-arbeidet blir det utveksla informasjon om praksis for å hindre akutt forureining og beredskapstiltak mot akutt forureining som eventuelt skulle oppstå i arktiske område. EPPR har likevel ikkje som oppgåve å motverke akutt forureining. Arbeidsgruppa har vidare utarbeidd risikoanalysar for miljøulukker i Arktis. Det er laga eit kartverk for nordområda som viser kvar risikoen for oljeforureining er størst, i tillegg til ein feltmanual for aksjonering mot akutt oljeforureining i arktiske strok.

Etter initiativ frå arbeidsgruppa PAME har Arktisk råd vedteke ein strategi for havområda i Arktis, Arctic Marine Strategic Plan . Prinsippet om økosystemforvaltning er lagt til grunn. Eitt av fire overordna mål i strategien er å redusere og hindre forureining i det arktiske marine miljøet, og i denne samanhengen blir mellom anna potensialet for ulukker i samband med transport og lagring av olje nemnt. PAME er no i gang med ei vurdering av skipsfarten i Arktis, Arctic Marine Shipping Assessment. Frå norsk side har ein teke på seg ansvaret for å koordinere PAME sitt arbeid med å evaluere eksisterande tiltak for mottaksordningar for skipsavfall i Arktis. Prosjektet skal evaluere i kva grad mottaksordningar for avfall frå skip er tilgjengelege, identifisere eventuelle manglar og mogelege forbetringar og utvikle forslag til felles retningslinjer.

Den omfattande utgreiinga frå Arktisk råd om kva konsekvensar klimaendringar har for naturmiljøet i Arktis, Arctic Climate Impact Assessment (ACIA), vart lagt fram i 2004. ACIA er ei grundig vitskapleg vurdering av klimaendringane i Arktis og kva verknad dei har for regionen og verda elles basert på all kunnskap som er tilgjengeleg. Nesten 300 forskarar frå alle dei arktiske landa, i tillegg til Storbritannia og Nederland, har medverka under amerikansk leiing. USA har vore den klart største bidragsytaren trass i den amerikanske motstanden mot Kyotoavtalen. Noreg har bidrege med vel 13 mill. NOK over Miljøverndepartementet sitt budsjett, og ei rekkje norske forskarar har vore engasjerte i arbeidet.

Hovudfunnet i ACIA er at Arktis no opplever nokre av dei raskaste og kraftigaste klimaendringane på jorda. Den gjennomsnittlege årstemperaturen i Arktis har auka om lag dobbelt så mykje som på lågare breiddegrader dei siste tiåra, og det blir observert klare teikn på oppvarming i Arktis i form av at isbrear og havis smeltar og at snøsesongen er kortare. Dette vil auke i den neste hundreårsperioden og medverke til store fysiske, økologiske, sosiale og økonomiske endringar. Ei særleg viktig følgje av klimaendringa i nord er at sjøisen smeltar. Dette vil kunne føre til auka skipsfart i nordlege sjøruter. Det vil òg kunne gje miljøendringar som endringar i bestandar og i utbreiinga av fisk, dyr og plantar. Tining av permafrost vil påverke transport, bygningar og anna infrastruktur. Eit varmare klima i Arktis vil òg påverke det globale klimaet mellom anna gjennom eit høgare havnivå, endra havstraumar og frigjering av drivhusgassar som no er bundne i grunnen.

Det har førebels vist seg vanskeleg å bli samde om ei god form på oppfølginga av ACIA og det vidare klimaarbeidet i Arktisk råd. Noreg vil følgje opp dette under sin formannskap.

Arktisk råd sitt program for ei berekraftig utvikling vart vedteke på ministermøtet i Canada i 1998. Innanfor programmet pågår for tida prosjekt innan telemedisin, barn og ungdom, overvakingssystem for smittsame sjukdommar, kvinnene sin plass i ressursbaserte næringar, foredling av reinprodukt, bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i Arktis og i tillegg ein studie av den verknaden klimaendringane har på arktisk økonomi. Ein stor levekårsstudie ( Arctic Human Development Report ) vart utarbeidd i 2004.

To norskleidde prosjekt om berekraftig reindrift og familiebasert reindrift og forvaltning av villrein/caribou er avslutta. Mellom anna som ein konsekvens av tilrådingar frå desse prosjekta vedtok regjeringa å styrkje det internasjonale reindriftssamarbeidet ved å etablere eit internasjonalt fag- og formidlingssenter i Kautokeino, jf. St.meld. nr. 30 (2004–2005) Muligheter og utfordringer i nord. Noreg har vidare følgt opp det tidlegare arbeidet frå Arktisk råd om likestilling gjennom to prosjekt over Utanriksdepartementet sitt budsjett. I 2004 vart det lagt fram ein studie om kvinner si deltaking i avgjerdsprosessar om arktisk fiske, leidd av Kvinneuniversitetet Nord i Steigen og med deltaking frå fleire arktiske land. Prosjektet blir vidareført med ei gransking av kvinner si deltaking i ressursbaserte næringar i Arktis. Noreg har òg oppretta eit breitt samarbeidsprosjekt om den verknaden klimaendringane har på økonomien i nord (ECONOR).

Island tok i 2004 initiativet til eit møte mellom utdannings- og forskingsministrane og andre representantar for dei åtte medlemslanda i Arktisk råd for å undersøkje om det lèt seg gjere å få i stand eit auka samarbeid innan utdanning og forsking. Den såkalla Reykjavikdeklarasjonen vart underskriven 9. juni og fokuserer på mobilitet, institusjonssamarbeid og vidareutvikling av nettverk. Under den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd er det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå dei åtte arktiske statane for å konkretisere samarbeidsområda og tiltaka. Det skal òg arrangerast ein arktisk utdannings- og forskingskonferanse i Tromsø i månadsskiftet november/desember 2006, der Det internasjonale polaråret 2007–2008 òg vil bli profilert.

Norsk formannskap i Arktisk råd

Noreg har formannskapen i Arktisk råd for perioden 2006–2008. Programmet for den norske formannskapen er utarbeidd i samråd med Danmark og Sverige, som skal ha dei to neste formannskapane etter Noreg. Koordinerte program for den nordiske formannskapsperioden i Arktisk råd 2006–2012 vil gjere det mogeleg med eit meir langsiktig og fokusert arktisk samarbeid.

Programmet har tre hovudprioriteringar: heilskapleg ressursforvaltning, klimaendring og effektivisering av samarbeidet.

Utnytting av energi- og mineralressursane er av stor og aukande verdi i nordområda. Saman med fiskeressursane er dette det viktigaste fundamentet for økonomien i nord. Miljøet og dei levande ressursane er sårbare for inngrep og forureining. Difor er det viktig at ressursane blir utnytta innanfor ramma av effektive bevarings- og forvaltningstiltak. Formannskapen i Arktisk råd vil vere eit viktig verkemiddel for å dele røynslene frå norsk ressursforvaltning i nord, som er vidareutvikla gjennom St.meld. nr. 8 (2005–2006) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten. Dei nordiske landa har òg vesentleg erfaring med forvaltning av skog- og mineralressursar i tillegg til reindrift. Utveksling av kunnskap og erfaringar for å utvikle ei felles tilnærming til ei heilskapleg, økosystembasert ressursforvaltning innanfor det arktiske området er difor ei naturleg prioritering for arbeidet under Arktisk råd.

Arktisk råd sin klimastudie Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) gav oss ei grundig kartlegging av all tilgjengeleg kunnskap om klimaendringane i Arktis og dei verknadene dei har for regionen og verda elles. På ministermøtet i Arktisk råd i Reykjavik i november 2004 vart det semje om eit ACIA Policy Document som svar på den framlagde dokumentasjonen og analysen av klimaendringane i nord. Ministrane bad her òg om at det blir oppretta ei koordinerings­eining for oppfølginga. Noreg vil under sin formannskap prøve å få til ei effektiv organisering av dette arbeidet og leggje særleg vekt på det arktiske klimasamarbeidet innan forsking/overvaking og tilpassing til klimaendringar.

Det er viktig å få eit nytt heilskapleg og oppdatert bilete av dei konsekvensane og utfordringane dei arktiske landa står overfor ved dei forventa klimaendringane i Arktis. For Noreg er det viktig at ACIA blir utdjupa gjennom subregionale studiar, nye scenario og meir vekt på sosio-økonomiske effektstudiar for fiskeri- og petroleumsaktivitetar i Svalbardregionen og i det nordlege Skandinavia. Det er òg viktig å utgreie nærare kva tilpassingar som må gjerast til klimaendringane i nord. Noreg har halde oppe ei vesentleg satsing på ACIA ved Norsk polarinstitutt over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Det er håp om at den norske oppfølginga av ACIA etter kvart kan bli utvida til eit nordisk samarbeid.

I 2006 er det ti år sidan Arktisk råd vart oppretta. Då rådet vart oppretta, tok ein over samarbeidsprogramma frå den arktiske miljøvernstrategien Arctic Environmental Protection Strategy (AEPS), som vart etablert i Rovaniemi i 1991. Den norske formannskapen vil sjå på om ei meir effektiv organisering av arbeidet i Arktisk råd er mogeleg. Vi vil byggje på dei erfaringane som er gjorde gjennom til saman 15 år med arktisk samarbeid både i Arktisk råd og i AEPS.

Noreg meiner at Arktisk råd bør få eit fast sekretariat som kan ta seg av den løpande oppfølginga av saker mellom ministermøta. Den norske regjeringa vil arbeide for at eit eventuelt sekretariat blir lagt til Tromsø, jf. St.meld. nr. 30 (2004–2005) Muligheter og utfordringer i nord. I tråd med dette vil det bli oppretta eit mellombels sekretariat i Tromsø som vil vere i funksjon under den nordiske formannskapsperioden 2006–2012. Det vil òg bli teke initiativ til konsultasjonar med dei andre medlemslanda for å avtale mest mogeleg forpliktande ordningar for å finansiere felles tiltak.

Til forsida