St.meld. nr. 3 (2008-2009)

Statsrekneskapen for 2008

Til innhaldsliste

2 Departementsvise omtaler

I dette kapittelet er det gjeve ein kort omtale av dei einskilde departementa og statsbankane. Oversikta syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2006, 2007 og 2008 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2008. Samla lånetransaksjonar kjem fram på eiga rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjort opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste vert avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på poster merka «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med inntil fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp vil difor ikkje vere den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utan lånetransaksjonar per programområde, og gjev ei oversikt over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytt til områda.

Som følgje av avrundingar vil det kunne vere avvik mellom sumtalet i tabellen og summen av tala ovanfor. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for departementet som heilskap.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar(i mill. kr)
Program­kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
00.10Det kongelege hus145,8162,5169,6169,6
00.30Regjeringa231,8243,0276,2274,2
00.40Stortinget og underliggjande institusjonar1 167,81 211,41 349,91 328,4
Sum før lånetransaksjonar1 545,41 616,91 795,81 772,2
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter1 545,41 616,91 795,81 772,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 23,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 12,3 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 36 mill. kroner. Det er overført 33,9 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 2,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2006 til 2008 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 16 prosent, frå 145,8 mill. kroner til 169,6 mill. kroner. Det er ikkje avvik mellom budsjett og rekneskap for 2008.

Utgiftene under programkategori 00.30 Regjeringa auka med 18 prosent i perioden 2006 til 2008, frå 231,8 mill. kroner til 274,2 mill. kroner. Utgiftene er om lag i samsvar med budsjett for 2008.

Utgiftene under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar auka med 14 prosent frå 2006 til 2008. Det er på området i 2008 ei mindreutgift samanlikna med budsjettet på 21,5 mill. kroner. Hovudårsaka til dette er at fleire av dei planlagde prosjekta vart meir kompliserte enn forventa, og difor tok lengre tid. I tillegg har aktivitetsnivået vore noko lågare enn planlagt og ein del påbyrja oppgåver vert vidareført i 2009.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde; Programområde 02 Utanriksføremål (driftsutgifter for utanrikstenesta, utanom administrasjon av utviklingshjelpa, kultur, Noregsfremje og informasjon, norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar, og nordområdetiltak) og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksføremål(i mill. kr)
Program kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 582,71 586,51 599,31 658,9
02.10Utanriksføremål1)1 014,81 813,22 663,32 570,9
Sum før lånetransaksjonar2 597,53 399,64 262,64 229,8
Lånetransaksjonar0,10,00,40,0
Sum utgifter2 597,63 399,74 262,94 229,8

1) Programkategori 03.50 med kapittel 197 er frå 2007 flytta til programkategori 02.10, kapittel 118 Nordområdetiltak m.m.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 32,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 59,3 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 92,1 mill. kroner. Det er overført 74,1 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 18 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,4 mill. kroner.

Avvik mellom disponibel løyving og rekneskap i 2008 er i hovudsak knytt til finansieringsordninga under EØS-avtala.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 til 2008 har det vore ein auke i utgiftene på om lag 63 prosent, frå 2 597,6 mill. kroner til 4 229,8 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av ein auke i utbetalingane knytt til finansieringsordninga under EØS-avtala, og at programkategori 03.50 frå 2007 er flytta til programkategori 02.10.

Programområde 03 Internasjonal bistand(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa937,01 005,71 077,91 101,4
03.10Bilateral hjelp3 351,73 853,03 993,93 977,8
03.20Globale ordningar7 690,58 491,410 953,610 813,9
03.30Multilateral hjelp6 430,87 087,16 297,46 320,7
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)18 410,020 437,222 322,822 213,9
03.50Anna hjelp1)286,80,00,00,0
Sum før lånetransaksjonar18 696,820 437,222 322,822 213,9
Lånetransaksjonar346,3341,3341,3341,3
Sum utgifter19 043,120 778,522 664,122 555,1

1) Programkategori 03.50 med kapittel 197 er frå 2007 flytta til programkategori 02.10, kapittel 118 Nordområdetiltak m.m.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 109 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 10,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 119,7 mill. kroner. Det er overført 122,4 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 2,7 mill. kroner. Utgifter til lånetransaksjonar samsvarer med budsjettet.

Trenden i rekneskapen

I 2008 vart det betalt ut 22 555,1 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2006 til 2008 var på 3 512,0 mill. kroner, eller om lag 18 prosent

Auka internasjonal bistand

I St.prp. nr. 1 (2007 – 2008) vart forslag til løyvingar til internasjonal bistand anslått til 0,98 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI). Den utbetalte ODA-godkjende utviklingshjelpa i 2008 utgjorde 0,88 prosent av anslått BNI. Årsaka til endringa er i hovudsak at overslaget for BNI i 2008 no er vesentleg høgare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet 2008.

Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2006 – 2008, i prosent av BNI og unytta løyving overført til neste budsjettermin:

ÅrUtbetaltUtbetalt i prosent av BNIUnytta løyving overført til neste terminOverført i prosent av budsjett
200618 756 mill. kroner0,87275 mill. kroner1,5 prosent
200720 778 mill. kroner0,91282 mill. kroner1,3 prosent
200822 555 mill. kroner0,88404 mill. kroner1,8 prosent

* BNI-del rekna ut på grunnlag av førebels overslag i nasjonalrekneskapen.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
07.10Administrasjon239,7252,8215,9224,4
07.20Grunnopplæring1)21 445,85 351,75 590,55 632,0
07.30Barnehagar1)18 112,421 234,121 178,6
07.50Tiltak for å fremme kompetanseutvikling2)824,01 067,21 133,41 135,8
07.60Høgare utdanning og fagskoleutdanning20 333,320 917,622 601,822 593,9
07.70Forsking3 295,73 475,83 862,73 872,2
07.80Utdanningsfinansiering9 361,59 276,49 706,99 697,2
Sum før lånetransaksjonar55 500,058 453,964 345,464 334,1
Lånetransaksjonar30 703,627 711,524 782,025 111,9
Sum utgifter86 203,686 165,489 127,489 446,0

1) Frå 2007 er barnehagar flytta frå kategori 07.20 Grunnopplæring til kategori 07.30 barnehagar.

2) Løyving til fagskoler vart i 2006 flytta frå kategori 07.50 til 07.60

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 11,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 63 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 74,3 mill. kroner. Det er overført 4,8 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 79,1 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 329,9 mill. kroner.

Underliggjande verksemder som får midlar over programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskoleutdanning og 07.70 Forsking, er nettobudsjetterte. Desse verksemdene får overført resultatet av drifta for året til det etterfølgjande rekneskapsåret. Kontogruppe 82 i kapitalrekneskapen gjev eit oversyn over avsetjingane for kvar einskild verksemd. Auken i overføringar frå 2008 til 2009 for dei nettobudsjetterte verksemdene under Kunnskapsdepartementet er 322 mill. kroner, og samla avsetjingar av unytta midlar er per 31.12. 2008 8 770 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa vert hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. I perioden 2006 til 2008 har utgiftene til grunnopplæring over programkategori 07.20 minka frå 5,9 mrd. kroner til 5,6 mrd. kroner. Reduksjonen skriv seg frå at tilskot til særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring for barn med anna morsmål enn norsk, er ført over til rammetilskotet til kommunane. I tillegg til løyvingane over programkategori 07.20 vart det i 2008 løyvd midlar til satsingar gjennom rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar, mellom anna til timetalsauke på 1. – 4. trinn, gratis frukt og grønt i ungdomsskolen og gratis læremiddel for elevar i vidaregåande trinn.

Utgiftene til barnehageføremål har auka frå 15,6 mrd. kroner i 2006 til 21,2 mrd. kroner i 2008, ein nominell vekst på 36 prosent. Mykje av auken kjem av at det i perioden har vore stor kapasitetsvekst, og at staten dekkjer store delar av utgiftene til etablering og drift av nye barnehageplassar. Det statlege driftstilskotet vart dessutan sett opp i 2008 for å kompensere for mindreinntektene ved å halde foreldrebetalinga nominelt uendra.

Auken i utgifter over programkategori 07.50 kjem for det meste av at Noreg frå 2007 er med i EUs program for livslang læring 2007 – 13. Kontingenten auka med 33,6 mill. kroner frå 2007.

Utgiftsveksten på programkategori 07.60 heng saman med at Regjeringa har auka forskings- og utdanningskapasiteten ved universitet og høgskolar i 2008. Basisløyvinga til institusjonane er styrka, og den resultatbaserte undervisningsløyvinga i finansieringssystemet for universitet og høgskolar har auka. Innanfor forskinga er det i 2008 mellom anna oppretta nye stipendiatstillingar og det er løyvt midlar for å betre utstyrssituasjonen ved høgskolane.

Løyvingane til forsking over programkategori 07.70 auka nominelt med om lag 11 prosent frå 2007 til 2008. Auken i løyvingane i perioden 2006 – 2008 skriv seg mellom anna frå auka kontingent til EUs rammeprogram for forsking og auka løyvingar til Noregs forskingsråd.

2.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål       (i mill. kr)
ProgramkategoriRekneskap2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
08.10Administrasjon m.m.1)165,6177,2173,7179,7
08.15Frivilligheitsføremål1)383,7439,6455,2465,7
08.20Kulturføremål4 128,84 465,74 903,54 954,4
08.30Film- og medieføremål850,7879,1897,7900,4
08.40Den norske kyrkja1 293,71 352,91 388,91 434,1
Sum før lånetransaksjonar6 822,57 314,57 819,17 934,4
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter6 822,57 314,57 819,17 934,4

1)Kapittel 310 og 315 inngår i nyoppretta programkategori 08.15 frå 2008. Rekneskapstala for 2006 og 2007 er omklassifiserte.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 115,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 86,3 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 29,0 mill. kroner. Det er overført 13,9 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 15,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 – 2008 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 16,3 prosent, frå 6 822,5 mill. kroner i 2006 til 7 934,4 mill. kroner i 2008.

Utgiftene under programkategori 08.10 Administrasjon m.m. var i 2008 på 179,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 2,5 mill. kroner eller 1,4 prosent frå året før.

Programkategori 08.15 er nyoppretta frå 2008. Rekneskapstala for 2006 og 2007 er omklassifiserte. Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 10,5 mill. kroner på kapittel 310, post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn. Meirutgifta kjem av ein auke i det rettkome tilskotet til trus- og livssynssamfunn fordi talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn var høgare enn forventa.

Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var i 2008 på 4 954,4 mill. kroner. Dette er ein auke på 488,7 mill. kroner eller 10,9 prosent frå året før. Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 50,9 mill. kroner. Meirutgifta er i hovudsak dekt av tilsvarande høge meirinntekter og refusjonar og av overføringane.

Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 auka med 21,3 mill. kroner til 900,4 mill. kroner. Rekneskapen for kapittel 335 Pressestønad var 299,7 mill. kroner. Av dette gjekk 264,3 mill. kroner til produksjonstilskot til aviser. Over kapittel 334 vart det i 2008 nytta i alt 563,4 mill. kroner til filmproduksjon og andre filmføremål. Av dette gjekk 139,5 mill. kroner til drift av statlege verksemder og dei resterande 423,9 mill. kroner vart nytta til tilskot til produksjon av film og andre audiovisuelle produksjonar.

Utgiftene under programkategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2008 på 1 434,1 mill. kroner. Dette er ein auke på 81,2 mill. kroner eller 6,0 prosent frå året før. Korrigert for meirinntekter, er utgiftsauken noko mindre enn auken i løyvingane frå 2007 til 2008. Dette kjem av at løyvingane til trusopplæringa ikkje vart nytta fullt ut i 2008.

I Soria Moria-erklæringa er det lagt til grunn at det skal gjennomførast eit lyft for kulturen og frivillig sektor gjennom målretta tiltak og ein generell styrking av kunst-, kultur- og frivilligheitsføremål på statsbudsjettet. Kulturløftets mål er at 1 prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Utgiftsauken i 2008 utanom utgiftene til Den norske kyrkja under programkategori 08.40 og utgiftene til trussamfunn m.m. under kapittel 310, er knytt til oppfølging av Kulturløftet og utgjorde 504,7 mill. kroner i 2008. Utgiftsauken er i hovudsak fordelt på frivillig verksemd, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var scenekunst, Den Norske Opera & Ballett, musikk og museums- og kulturvernføremål.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
06.10Administrasjon267,3264,0258,1274,1
06.20Rettsvesen1 926,12 041,12 067,62 085,9
06.30Kriminalomsorg2 373,52 628,62 789,82 835,2
06.40Politi- og påtalemakt9 124,09 610,49 931,810 406,8
06.50Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap1 240,91 206,41 633,41 531,8
06.60Andre verksemder635,7696,3816,8800,4
06.70Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.958,6962,11 042,21 044,9
06.80Svalbardbudsjettet67,0102,0106,796,0
Sum før lånetransaksjonar16 593,117 510,918 646,419 075,1
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter16 593,117 510,918 646,419 075,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 428,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 639 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 210,4 mill. kroner. Det er overført 110,1 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 100,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 – 2008 har det vore ein nominell utgiftsvekst på om lag 15,0 prosent frå 16 593,1 mill. kroner i 2006 til 19 075,1 mill. kroner i 2008.

Om lag 80 prosent av utgiftene i justissektoren er i 2008 gått til straffesakskjeda, det vil seie til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga.

Programkategori 06.20 Rettsvesen syner ein auke i utgiftene frå 2006 til 2008 på om lag 8,3 prosent. Auken i utgiftene har mellom anna si årsak i etablering av Finnmarkskommisjonen, innføring av ny tvistelov og igangsetjing av lokalprosjekt i samband med strukturreforma ved domstolane.

I 2006 la Regjeringa fram ein plan for avvikling av soningskøen i løpet av 2009. Satsinga på kapasitetsutvidande tiltak i 2006 – 2008 har ført til at soningskøen har vorte kraftig redusert. Programkategori 06.30 Kriminalomsorg syner ein auke i utgiftene frå 2006 til 2008 på om lag 19,5 prosent. I tillegg til satsinga på kapasitetsutvidande tiltak har auken i utgiftene mellom anna òg samanheng med etablering av rusmeistringseiningar i fengsla, auke i aspirantopptaket ved Kriminalomsorgas utdanningssenter og innføring av prøveordning med soning med elektronisk kontroll.

Studentopptaket på Politihøgskolen har auka frå 360 studentar i 2006 til 432 studentar i 2007 og 2008. Programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt syner ein auke i utgiftene frå 2006 til 2008 på om lag 14,1 prosent. Auken i utgiftene har mellom anna si årsak i auka bruk av DNA i etterforskinga og auka studentopptak. Det vart i løpet av 2008 gjeve ekstra løyvingar til politiet, der mellom anna PST, valdsalarmar, produksjon av pass med biometri og utlendingsforvaltninga vart prioriterte. Meirutgifta på 474,9 mill. kroner på programkategori 06.40 er dekt inn av tilsvarande høge meirinntekter og refusjonar og av overføringane.

Utgiftene på programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap syner ein auke på 23,4 prosent frå 2006 til 2008. Beredskapen i nordområda er i perioden auka mellom anna ved at døgnkontinuerleg tilstedevakt ved redningshelikopterbasane i Banak og Bodø vart etablerte i 2006 og 2007. I 2008 vart det òg etablert døgnkontinuerlig tilstadevakt med lege på Rygge og Ørland, og arbeidet med etablering av ny redningshelikopterbase i Florø starta opp. Auken i utgiftene for denne perioden er òg ein følgje av oppstarten i utbygginga av nytt digitalt radiosamband for naudetatane – Naudnett.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
13.10Administrasjon m.m.144,7185,7162,9167,2
13.50Regional- og distriktspolitikk2 901,12 768,32 366,22 354,6
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar1)53 937,457 810,265 201,765 200,2
13.80Bustad, bustadmiljø og bygg5 565,56 623,26 317,46 218,4
Sum før lånetransaksjonar62 548,767 387,474 048,373 940,3
Lånetransaksjonar10 855,612 143,212 372,512 729,0
Sum utgifter73 404,379 530,686 420,886 669,3

1) Tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester er frå 2008 flytta til programkategori 13.70 frå programkategori 10.60 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 108 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 119 mill. kroner. Det er overført 19,6 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 138,6 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 356,5 mill. kroner.

For programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk syner rekneskapen eit mindreforbruk på 11,6 mill. kroner. Tek ein omsyn til overføringane frå 2007, er det eit mindreforbruk på utgiftspostane på 70,7 mill. kroner. Hovudårsaka er at enkelte prosjekt ikkje vert ferdigstilte same år dei får tilsegn.

På programkategori 13.70 er det ei meirutgift på 174,3 mill. kroner. Meirutgifta kjem i hovudsak av utbetalingar av forskot på rammetilskot for 2009 til kommunar etter fullmakt. Utbetaling av forskot kjem fram under rekneskapslina lånetransaksjonar (90-post).

På programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg er det i 2008 ei mindreutgift på 99 mill. kroner i høve til budsjettet, om ein held Husbanken sine låneordningar utanfor. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringane frå 2007 er det ei mindreutgift på utgiftspostane utanom lånepostar på 270,1 mill. kroner. Av dette er 56,1 mill. kroner knytt til investeringstilskotet for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Ordninga var ny i 2008, og ho kom i gang forholdsvis seint på året. Det var difor færre prosjekt som vart ferdige til årsskiftet enn det som vart lagt til grunn for budsjetteringa. Vidare er 28,9 mill. kroner av mindreutgifta knytt til tilskot til bustad-, by- og stadsutvikling, 58,3 mill. kroner til kompetansetilskotet, 47,4 mill. kroner til rentekompensasjonsordningane for skoleanlegg og kyrkjebygg, og 55,9 mill. kroner til rente- og avdragskompensasjon for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Årsaka er at det har teke lenger tid å avslutta prosjekta enn det som vart lagt til grunn i budsjetteringa. 49,5 mill. kroner er knytt til lågare utbetalingar av bustønaden på grunn av færre søkjarar enn føresett. På kapittel 581, post 75 Bustadtilskot til etablering, tilpassing og utleigebustader er det ei meirutgift på 34,5 mill. kroner, som kjem av at fleire tilsegn har kome til utbetaling enn det som er føresett i utbetalingsprofilen som ligg til grunn for budsjetteringa av posten. Det vil verte tilsvarande redusert behov for løyvingar for seinare år.

På låneposten til Husbanken er det ei meirutgift på om lag 176,6 mill. kroner. Posten er ei overslagsløyving. Meirutgifta kjem av at utbetalingstakta vart høgare enn det som vart lagt til grunn i budsjetteringa. Om lag 600 mill. kroner av låneramma på 13 mrd. kroner i Husbanken i 2008 vart ikkje nytta.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 til 2008 har det på programområde 13 vore ein nominell auke i utgiftene før lånetransaksjonar på 18,2 prosent frå 62,5 mrd. kroner til 73,9 mrd. kroner. Dette heng i fyrste rekkje saman med Regjeringa si styrking av inntektene til kommunesektoren.

Programkategori 13.10 syner ein nedgang i utgiftene frå 2007 til 2008. Nedgangen har samanheng med at det ikkje var valår i 2008.

Utgiftene under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk var 413,7 mill. kroner lågare i 2008 enn 2007. Dette har samanheng med at løyvinga for kompensasjon knytt til bortfall av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift er redusert i 2008, fordi ordninga er innført på ny frå 2007.

For programkategori 13.70 var det frå 2007 til 2008 ein stor auke i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane. Auken må sjåast i samanheng med Regjeringa si styrking av inntektene til kommunesektoren. I tillegg er tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester frå 2008 flytta til programkategori 13.70, frå programkategori 10.60 under Helse- og omsorgsdepartementet. Flyttinga forklarar om lag 3,0 mrd. kroner av auken.

Dei samla utgiftene under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg er redusert med 404,8 mill. kroner frå 2007 til 2008. Dette heng i fyrste rekkje saman med at løyvinga på kapittel 586 Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, post 60 Oppstartingstilskot vart redusert etter at planen for eldreomsorg vart avslutta og berre få utbetalingar utsto i 2008.

2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for tre programområde: Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
09.00Administrasjon1)4 319,59 819,610 815,011 437,0
09.20Tiltak for bedra levekår m.m.512,2431,0486,4468,6
09.30Arbeidsmarknad6 409,75 160,25 433,25 453,1
09.40Arbeidsmiljø og tryggleik719,3710,1706,0730,7
09.50Integrering og mangfald4 110,44 115,54 458,84 458,0
09.60Kontantytingar2 541,92 594,32 754,02 732,4
09.70Nasjonale minoritetar5,06,420,620,6
09.80Samiske føremål166,6185,9211,1213,8
09.90Beskyttelse og innvandring1 495,71 564,62 256,72 306,7
Sum før lånetransaksjonar20 280,324 587,627 142,027 821,0
Lånetransaksjonar5,00,00,00,0
Sum utgifter20 285,324 587,627 142,027 821,0

1) Frå 2007 er rekneskapstala flytta frå kategori 29.10 Administrasjon til kategori 09.00 Administrasjon.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 679 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 396,8 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 282,2 mill. kroner. Det er overført 316,8 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 34,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Administrasjon

Dei samla utgiftene under programkategori 09.00 Administrasjon auka frå 4 319,5 mill. kroner i 2006 til 11 437,0 mill. kroner i 2008. Auken heng i fyrste rekkje saman med at løyvinga til Trygdeetaten og Aetat er ført opp under nytt kapittel 605 Arbeids- og velferdsetaten. Overføringa skjedde 1. juli 2006.

Det har òg vore ein auke i utgiftene til gjennomføring av NAV-reforma, IKT- investeringar knytt til pensjonsreforma og til administrasjon av Arbeids- og velferdsetaten i perioden 2006 – 2008. Frå 2007 vart det innført ei ordning med tilskot til helse- og rehabiliteringstenestar for sjukmeldte. Delar av utgiftene til denne ordninga vert rekneskapsførte på programkategori 09.00.

Avvik mellom budsjett og rekneskap for programkategori 09.00 Administrasjon syner ei meirutgift på 621,9 mill. kroner. Meirutgifta er i hovudsak dekt av tilsvarande høge refusjonar og meirinntekter og av reduksjon i overføringane.

Arbeidsmarknaden

Dei samla utgiftene under programområde 09.30 Arbeidsmarknad vart redusert frå 6 410 mill. kroner i 2006 til 5 453 mill. kroner i 2008, mellom anna av di løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten vart overført til nytt kapittel 605 Arbeids- og velferdsetaten frå 1. juli 2006, jf. omtalen over. Frå 2007 til 2008 auka utgiftene under programområdet frå 5 160 mill. kroner til 5 453 mill. kroner. Utgifts­auken heng i fyrste rekkje saman med prisjusteringa.

Integrering og mangfald

Programkategori 09.50 omfattar mellom anna integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og drift av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Dei samla utgiftene under programkategori 09.50 auka frå 4 110 mill. kroner i 2006 til 4 458 mill. kroner i 2008.

Utgiftene på området har samband med storleiken på målgruppa for tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, og talet på personar som utløyser integreringstilskot. Utgiftsauka har mellom anna samband med at talet på personar i målgruppa for tilskot til opplæring i norsk har auka sidan 2007.

Beskyttelse og innvandring

Programkategori 09.90 Beskyttelse og innvandring omfattar mellom anna drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Dei samla utgiftene under programkategori 09.90 auka frå 1 496 mill. kroner i 2006 til 2 307 mill. kroner i 2008.

Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar, talet på løyve/avslag, effektuering av avslag og busetjingstakta. I 2007 kom det om lag 6 500 asylsøkjarar til Noreg, medan det i 2008 var meir enn ei dobling til vel 14 400 asylsøkjarar.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
29.10Administrasjon1)3 029,20,00,00,0
29.20Einslege forsørgjarar2)4 022,03 799,33 680,53 721,0
29.50Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering83 034,799 762,5107 515,8107 568,4
29.60Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.7 660,18 078,38 480,58 453,8
29.70Alderdom90 680,297 310,4105 318,0105 383,3
29.80Forsørgjartap m.m.2)2 478,72 537,82 627,02 624,6
29.90Diverse utgifter149,5236,4270,0187,5
Sum før lånetransaksjonar191 054,6211 724,6227 891,7227 938,6
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter191 054,6211 724,6227 891,7227 938,6

1) Frå 2007 er rekneskapstala flytta til kategori 09.00 Administrasjon frå kategori 29.10 Administrasjon.

2) Kapittel 2683, stønad til einsleg mor eller far, er i 2007 flytta frå programkategori 29.80 til kapittel 2620 under ny programkategori 29.20. Rekneskapstala for 2006 er omklassifiserte.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 46,9 mill. kroner.

Det er overført 6,1 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 40,8 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering

Sjukepengar

I 2008 var løyvinga til sjukepengar 31 155 mill. kroner, jf. kapittel 2650. Rekneskapen for 2008 syner samla utgifter på om lag 31 400 mill. kroner, altså ei meirutgift på om lag 245 mill. kroner.

Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for, gjekk i gjennomsnitt opp frå 11,3 arbeidsdagar i 2007 til 11,7 arbeidsdagar i 2008. Om ein tek omsyn til at sjukemeldte med graderte sjukepengar arbeider deltid under sjukepengeperioden, vert talet 9,7 arbeidsdagar i 2008. Talet på arbeidstakarar som har vore sjuke eitt år, og dermed har brukt opp sjukepengerettane sine, auka med 2,9 prosent frå 2007 til 2008.

Rehabiliteringspengar

Det vart løyvd 8 620 mill. kroner til kapittel 2652, post 70 Rehabiliteringspengar i 2008, medan utgiftene vart om lag 8 599 mill. kroner. For 2008 syner rekneskapen såleis ei mindreutgift på om lag 21 mill. kroner. I løyvinga for 2008 vart det lagt inn 69 mill. kroner som følgje av auka minsteyting frå 1,8G til 1,97G frå 1. mai 2008. Desse utgiftene vart fyrst betalt ut i 2009, slik at det reelt sett er eit avvik på om lag 48 mill. kroner i meirutgifter, eller om lag 0,6 prosent av løyvinga. Talet på mottakarar av rehabiliteringspengar i 2008 var 45 540. Middelbestanden i 2007 var 45 945 personar. Frå 2007 til 2008 auka gjennomsnittleg stønadstid per person på ei rehabiliteringsyting frå 322 kalenderdagar til 343 kalenderdagar.

Attføringspengar

Det vart løyvd 9 950 mill. kroner til attføringspengar i 2008. Rekneskapen for 2008 syner utgifter på om lag 9 750 mill. kroner, altså ei mindreutgift på om lag 200 mill. kroner.

Utgiftene til attføringspengar gjekk ned med om lag 381 mill. kroner frå 2007 til 2008. Dette svarar til ein nedgang på 3,8 prosent nominelt. Nedgangen har si årsak i at det gjennomsnittlege talet på mottakarar av attføringspengar gjekk ned med 7,8 prosent frå 2007 til 2008.

Uføreytingar

Det vart løyvd 56 460 mill. kroner til uføreytingar i 2008 (kapittel 2655). Rekneskapen for 2008 syner at dei samla utgiftene vart på 56 526 mill. kroner, altså ei meirutgift på 66 mill. kroner.

Frå 2007 til 2008 auka utgiftene til uføreytingar med 8,3 prosent. Viktig årsak til auken er at talet på mottakarar av uføreytingar har auka og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. Per 30. november 2008 var det om lag 339 200 mottakarar av uføreytingar. Det var ein auke på om lag 5 700 personar frå desember 2007. Den ordinære satsen for særtillegget og den garanterte tilleggspensjonen til unge uføre vart heva frå 1. mai 2008.

Hjelpemiddel

Endeleg løyving til grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel med vidare var 8 480 mill. kroner i 2008 (kapittel 2661). Den nominelle veksten i utgiftene over kapittel 2661 frå 2007 til 2008 var på 4,7 prosent, frå 8 078 mill. kroner til 8 454 mill. kroner.

Alderdom

Det vart løyvd 105 318 mill. kroner på kapittel 2670 Alderdom for 2008. Rekneskapen syner at utgiftene vart 105 383,3 mill. kroner, om lag 65 mill. kroner meir enn løyvd.

Det var om lag 642 800 alderspensjonistar ved utgangen av 2008, 3 600 fleire enn ved utgangen av 2007. Det er venta ei sterkare auke i åra framover. Utgiftene for 2008 var 8,1 mrd. kroner (8,3 prosent) høgare enn året før.

Ved utgangen av 2008 mottok 29,9 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjon). Det er ein auke med 2,3 prosenteiningar frå året før. Auken kjem av at særtillegg høg sats vart auka frå 79,33 til 94 prosent av G. 70,1 prosent av alderspensjonistane hadde høgare pensjon enn minstepensjon.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
33.30Arbeidsliv18 585,14 666,04 640,04 851,7
Sum utgifter18 585,14 666,04 640,04 851,7

Trenden i rekneskapen

Frå 2007 til 2008 auka utgiftene på programområdet med 185,7 mill. kroner, frå 4 666,0 mill. kroner til 4 851,7 mill. kroner. Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 211,7 mill. kroner i 2008. Dette kjem av at utbetalingane vart noko høgare enn berekna for året.

Ytingar til yrkesretta attføring vart frå 2007 flytta frå programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda til nytt kapittel 2653 under programområde 29, sosiale føremål, folketrygda. Dette er årsaka til den store nedgangen i utgiftene frå 2006 til 2007.

Programkategori 33.30 består av kapittel 2541 Dagpenger og kapittel 2542 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.m. Det vart utbetalt 476 mill. kroner til dekning av lønskrav i 2008.

Dagpengar

Dei samla utbetalingane til dagpengar under programkategori 33.30 Arbeidsliv under folketrygda vart redusert frå 6,158 mrd. kroner i 2006 til 4,400 mrd. kroner i 2007. Dette hadde samanheng med færre arbeidslause i perioden. I 2008 vart dei samla utbetalingane til dagpengar ytterlegare noko redusert, til 4,376 mrd. kroner. Dette har si årsak i betring på arbeidsmarknaden med færre arbeidslause fram til dei siste månadene i 2008.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 10 Helse og omsorg og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
10.00Helse- og omsorgsdepartementet m.m.371,1407,0476,9493,0
10.10Folkehelse1 263,41 413,51 386,81 518,5
10.20Helseteneste1 431,11 517,91 528,21 649,6
10.30Regionale helseføretak1)70 608,776 495,088 281,288 323,9
10.40Psykisk helse4 626,25 410,06 503,86 519,0
10.50Legemidlar225,3214,5219,0229,9
10.60Omsorgstenester2)2 867,13 255,51 331,31 316,0
Sum før lånetransaksjonar81 393,088 713,499 727,2100 049,9
Lånetransaksjonar1)2 866,82 611,1330,0333,6
Sum utgifter84 259,891 324,5100 057,2100 383,6

1) Lånefinansiering av investeringar i helseføretaka er frå 2008 ført på 82-post under programkategori 10.10. Tidlegare vart slike lån førte som lånetransaksjonar.

2) Tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester er frå 2008 flytta til programkategori 13.70 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 322,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 221,7 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 101,0 mill. kroner. Det er overført 25,8 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 75,2 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 3,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen er kommentert nedanfor.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
30.10Spesialhelsetenester m.m.2 420,62 563,82 826,02 833,5
30.50Legehjelp, legemiddel m.m.15 962,816 329,416 827,016 793,9
30.90Andre helsetiltak551,0616,9355,0357,0
Sum utgifter18 934,419 510,120 008,019 984,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 23,5 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytt til programområdet, då dette hovudsakleg inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

Frå 2007 til 2008 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 9,9 prosent frå 91 324,5 mill. kroner til 100 383,6 mill. kroner.

Endringa for programområde 10 samla sett kjem hovudsakleg av auken i utgifter under programkategori 10.30 Regionale helseføretak. Ut over generell pris- og lønsauke vart det gjeve auka løyvingar til drift og investeringar i helseføretaka, i tillegg til løyvingar i samband med auka utgifter til pensjonar.

Samla låneopptak i dei regionale helseføretaka på 1 770 mill. kroner, jf. kapittel 732, er i samsvar med likviditetsbehovet for å gjennomføre dei prioriterte prosjekta.

Programkategori 10.10 Helse- og omsorgsdepartementet og underliggjande institusjonar syner eit meirforbruk i 2008 på 131,6 mill. kroner. Meirforbruket heng i hovudsak saman med vesentlege meirinntekter i samband med sal av vaksiner ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Nedgangen i utgifter under programkategori 10.60 Omsorgstenester har vore på 59,6 prosent frå 2007 til 2008, frå 3 255,5 mill. kroner til 1 316,0 mill. kroner. Dette kjem hovudsakeleg av at løyvinga til ressurskrevjande brukarar er flytt til programkategori 13.70 under Kommunal- og regionaldepartementet.

For programområde 30 har det vore ein auke i utgiftene frå 2007 til 2008 på 2,4 prosent, frå 19 510,1 mill. kroner til 19 984,5 mill. kroner. Dette er om lag i samsvar med budsjettet.

Særskilde område i helsesektoren

Drift og investeringar i helseføretaka

I statsbudsjettet for 2008 vart det lagt til grunn ein generell aktivitetsvekst på om lag 1,5 prosent frå 2007 til 2008. Basert på tal frå 2. tertial 2008 indikerte prognosar om lag 2,0 prosent aktivitetsauke i 2008 samanlikna med 2007 under ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF), jf. St.prp. nr. 13 (2008 – 2009). Dette er ein auke på om lag 0,5 prosenteining ut over det som vart lagt til grunn i statsbudsjettet. Etter ei avrekning med utbetalingstrekk som følgje av feil registrering i 2007, vart løyvinga til ISF auka med 1,4 mill. kroner samla sett i 2008, jf. St.prp. nr. 10 (2007 – 2008) og Innst. S. nr. 122 (2007 – 2008).

Det har òg vore ein auke i aktiviteten ved offentlege poliklinikkar i 2008 ut over det som vart lagt til grunn i statsbudsjettet. Det vart difor løyvd 95,0 mill. kroner meir til dette føremålet ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 13 (2008 – 2009), jf. Innst. S. nr. 122 (2008 – 2009).

For å oppretthalde verdien på sjukehusbygg og medisinsk teknisk utstyr samla sett, må dei årlege investeringane over tid tilsvare dei årlege avskrivingane. I 2008 vart løyvingane til dei regionale helseføretaka auka med 1,67 mrd. kroner for å leggje til rette for å oppretthalde samla verdi av bygningar og utstyr som helseføretaka eig.

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp. nr. 63 (1997 – 1998) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999–2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Stortinget vedtok gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003 – 2004) å forlengje planen med to år, det vil seie ut 2008.

Rekneskapen for programkategori 10.40 Psykisk helse syner ein auke i utgiftene på 1 109 mill. kroner, frå 5 410 mill. kroner i 2007 til 6 519 mill. kroner i 2008. I tillegg kjem utbetalingar over føretaka sine basisløyvingar, og løyvingar under andre departement.

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
11.00Administrasjon95,899,2109,3110,9
11.10Tiltak for familie og likestilling17 187,317 015,817 073,917 102,1
11.20Tiltak for barn og ungdom4 808,85 101,75 659,15 743,3
11.30Forbrukarpolitikk139,5155,5173,3174,7
Sum før lånetransaksjonar22 231,322 372,223 015,623 131,0
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter22 231,322 372,223 015,623 131,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 115,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 125,9 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 10,5 mill. kroner. Det er overført 16,2 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 5,7 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

For 2008 vart budsjettet knytt til antidiskrimineringsområdet flytta frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og likestillingsdepartementet i samband med at Barne- og likestillingsdepartementet overtok ansvaret for dette feltet hausten 2007. Frå 2006 til 2008 har det likevel vore ein reduksjon på 85,2 mill. kroner på programkategori 11.10. Dette kjem av at utbetalingar til kontantstønad er redusert frå 2006 til 2008 mellom anna som følgje av auka barnehageutbygging.

Det har vore ein auke under programkategori 11.20 på 934,5 mill. kroner frå 2006 til 2008. Årsaka er i hovudsak auka utgifter til det statlege barnevernet og overføring av omsorgsansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon10 440,211 248,012 275,012 366,8
Sum utgifter10 440,211 248,012 275,012 366,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 91,8 mill. kroner av eit samla budsjett på 12,3 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytt til programområdet, då dette hovudsakleg inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

Utgiftene under programområde 28.50 var om lag 1,1 mrd. kroner høgare i 2008 enn i 2007 og 1,9 mrd. kroner høgare samanlikna med 2006. Mykje av denne utgiftsauken har si årsak i inntektsauke blant stønadsmottakarane, og at fedrekvota vart utvida i 2006. Full effekt av denne regelendringa kjem fyrst fram i statistikken for 2008. Det har òg vore ein auke i talet på fedrar som tek foreldrepermisjon. I tillegg kjem utgiftsauken frå sjølvstendig næringsdrivande som fekk same dekningsgrad som andre arbeidstakarar frå 1. juli 2008.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
17.00Administrasjon201,3223,3244,3236,0
17.10Infrastruktur og rammevilkår2 365,32 791,62 963,43 128,4
17.20Forsking, nyskaping og internasjonalisering2 493,92 678,23 007,22 946,6
17.30Statleg eigarskap55,256,964,859,3
Sum før lånetransaksjonar5 115,75 750,06 279,66 370,3
Lånetransaksjonar45 261,943 649,926 360,027 107,0
Sum utgifter50 377,649 399,932 639,633 477,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 90,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og meirinntekter på i alt 186,1 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 95,4 mill. kroner. Det er overført 97,6 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 2,2 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 747 mill. kroner.

Programområde 17 omfattar midlar til forvaltning og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. Ei hovudårsak til at det på området samla vart meirutgifter i 2008, er at Innovasjon Noreg brukte 747 mill. kroner meir enn berekna i budsjettet til innlån i statskassa for refinansiering av porteføljen av tidlegare opptekne innlån.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen for programområdet har variert ein god del dei siste åra, frå 41,1 mrd. kroner i 2005, til 50,4 mrd. kroner i 2006 og 49,4 mrd. kroner i 2007. For 2008 syner rekneskapen 33,5 mrd. kroner. Endringane er særleg knytt til finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Noreg, på grunn av skifte mellom korte og langsiktige innlån frå statskassa. Vidare har det vore betydelege svingingar i utgiftene til tilskot, kjøp av aksjar, lån og innskot av eigenkapital i statlege selskap, frå 122 mill. kroner i 2006, 5 234 mill. kroner i 2007 til 2 439 mill. kroner i 2008 .

Utanom lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) har utgiftene for Nærings- og handelsdepartementet hatt jamn auke i perioden 2006 til 2008. Den største auken har med tilskot til sysselsetjing av sjøfolk å gjere (programkategori 17.10).

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i tillegg til programområde 16 òg ansvar for ei løyving under programområde 33, programkategori 33.40 –Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
16.10Administrasjon104,1119,3122,7119,9
16.20Forsking og innovasjon1 149,81 294,71 383,91 417,9
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning416,0364,1404,3416,1
16.60Kystforvaltning1 351,21 641,41 571,51 718,8
Sum før lånetransaksjonar3 021,13 419,53 482,53 672,7
Lånetransaksjonar0,042,80,00,0
Sum utgifter3 021,13 462,33 482,53 672,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 190,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 70,9 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 119,3 mill. kroner. Det er overført 106,2 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 13,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 – 2008 har det vore ein nominell auke i forbruket på 6,1 prosent frå 3 462,3 mill. kroner i 2007 til 3 672,7 mill. kroner i 2008.

Forbruket til drift av departementet under programkategori 16.10 Administrasjon har vore tilnærma uendra frå 2007 til 2008.

Løyvingane til forsking og utvikling under programkategori 16.20 Forsking og utvikling har auka dei siste åra. Noko av aukinga i 2008 kjem som ein følgje av auka løyvingar til mellom anna MAREANO, prosjektering av eit isgåande forskingsfartøy, marin bioprospektering og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES).

Auken i 2007 på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning heng saman med auka løyving til tiltak mot UUU-fiske (Ulovleg, Urapportert og Uregulert fiske) og auke i tilskotsordning for NOx-reduserande tiltak i fiskeflåten.

Løyvinga til kystforvaltninga under programkategori 16.60 har òg auka dei siste åra. Ein stor del av aukinga frå 2007 til 2008 kjem i samband med oppfølging av planramma for fiskerihamner og farleier i Nasjonal transportplan 2006 – 2015, og utskifting av oljevernmateriell i samband med oppfølging av oljevernrapport i statlege depot langs kysten.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
33.40Arbeidsliv1)31,524,025,022,0
Sum utgifter31,524,025,022,0

1) Tidlegare programkategori 33.10 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 3,0 mill. kroner. Dette kjem av at utbetalingane vart lågare enn rekna for året.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
15.00Landbruks- og matforvaltning m.m.128,9131,2127,3131,4
15.10Matpolitikk1 354,71 348,41 280,81 305,1
15.20Forsking og utvikling340,7367,6361,1361,1
15.30Næringsutvikling, ressursforvaltning og ­miljøtiltak11 987,812 070,612 906,112 893,9
Sum før lånetransaksjonar13 812,113 917,814 675,314 691,5
Lånetransaksjonar0,00,00,10,1
Sum utgifter13 812,113 917,814 675,414 691,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 16,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 49,6 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 33,4 mill. kroner. Det er overført 0,6 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 34 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen syner at utgiftene i 2008 ligg om lag 6,4 prosent høgare enn i 2006. Samanlikna med rekneskapen for 2007 har utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat auka med om lag 5,6 prosent i 2008.

Rekneskapen for programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning for 2008 syner at utgiftene på programkategorien har vore stabile i perioden.

Programkategori 15.10 Matpolitikk syner ein reduksjon frå 2007 til 2008 på 43,2 mill. kroner. Programkategorien omfattar løyvingar til Mattilsynet, og løyvingar til kunnskapsstøtte, kunnskapsutvikling og beredskap til Veterinærinstituttet og Bioforsk. Reduksjon i utgiftene på programkategorien har i hovudsak si årsak i effektivisering og uttak av omstillingsmidlar i Mattilsynet.

Programkategori 15.20 Forsking og utvikling syner ein reduksjon frå 2007 til 2008 på 6,5 mill. kroner. Rekneskapen syner at utgiftene på programkategorien har vore stabile i perioden.

Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kapittel 1150 utgjer hovuddelen av programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak. I tillegg omfattar programkategorien mellom anna løyvingar til Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, løyvingar til erstatningar knytt til naturskade og til gjennomføring av reindriftsavtalen. Rekneskapen for programkategorien syner samla ein auke på 823,3 mill. kroner frå 2007 til 2008. Auken er hovudsakleg knytt til kapittel 1150 Til gjennomføring av Jordbruksavtalen m.m.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
21.10Administrasjon m.m.322,8312,0329,6334,4
21.20Luftfartsføremål674,2689,5727,8750,8
21.30Vegføremål14 259,815 569,115 942,016 358,6
21.40Særskilde transporttiltak452,5460,0646,7600,8
21.50Jernbaneføremål6 374,37 302,07 702,27 711,1
Sum før lånetransaksjonar22 083,624 332,625 348,325 755,6
Lånetransaksjonar26,510,40,00,0
Sum utgifter22 110,124 343,025 348,325 755,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 407,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 172,1 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 235,2 mill. kroner. Det er overført 257,4 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 22,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen er kommentert nedanfor.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
22.10Post og telekommunikasjonar224,1244,5212,6228,0
Sum før lånetransaksjonar224,1244,5212,6228,0
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter224,1244,5212,6228,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 15,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 1,9 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 13,5 mill. kroner. Det er overført 25,8 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 12,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 – 2008 har det på programområde 21 vore ein nominell auke i utgiftene før lånetransaksjonar på 3 672,0 mill. kroner, frå 22 083,6 mill. kroner til 25 755,6 mill. kroner, dvs. 16,6 prosent. Den største auken var frå 2006 til 2007 med 2 249,0 mill. kroner, medan auken frå 2007 til 2008 var på 1 423,0 mill. kroner. Under lånetransaksjonar inngår lån til Svinesundsforbindelsen AS med mindre beløp for årene 2006 og 2007.

Hovuddelen av løyvingane under programområde 21 går til drift, vedlikehald og investeringar i veg og jernbane, kjøp av persontransport med tog, kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av innanlandske flyruter og kjøp av persontransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes. Auken i utgifter frå 2007 til 2008 kjem i hovudsak av auka aktivitet i Statens vegvesen og Jernbaneverket. Løyvinga til kjøp av persontransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes auka òg monaleg i 2008.

På programområde 22 var det ein liten auke i utgiftene frå 2006 til 2007 og ein liten reduksjon frå 2007 til 2008.Ugiftene under programområde 22 har med Post- og teletilsynet å gjere. Etaten er den einaste av etatane under Samferdselsdepartementet som er sjølvfinansiert. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond for å handtere avviket mellom utgifter og inntekter. Midlar ført til reguleringsfondet inngår som ein del av utgiftene for etaten. I 2008 vart det ført 25,6 mill. kr til reguleringsfondet, medan det i 2007 vart ført 10 mill. kr til reguleringsfondet, slik at fondet no er på 54,1 mill. kroner.

Inntektssida på samferdselsområdet er påverka av betaling av renter og avdrag på lån til selskap under Samferdselsdepartementet og utbyte frå selskap som Samferdselsdepartementet forvaltar staten si eigarinteresse i. Baneservice AS betalte i 2008 tilbake statslånet på 38,3 mill. kroner. Jernbaneverket og Statens vegvesen har mellom anna. inntekter frå sal av utstyr og tenester. Desse inntektene er det vanskeleg å budsjettere nøyaktig. Post- og teletilsynet finansierer verksemda si med gebyr, jf. ovanfor. Luftfartstilsynet finansierer ein del av verksemda si med gebyr.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging, ­forsking, internasjonalt arbeid m.m.711,4770,4866,2881,3
12.20Biomangfald og friluftsliv717,9876,31 004,31 064,2
12.30Kulturminnar og kulturmiljø319,5354,4401,5410,9
12.40Forureining661,7534,1580,8568,5
12.50Kart og geodata363,9358,1383,4376,5
12.60Nord- og polarområdar178,2198,2205,6217,9
Sum før lånetransaksjonar2 952,63 091,63 441,73 519,3
Lånetransaksjonar400,0200,00,00,0
Sum utgifter3 352,63 291,63 441,73 519,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 77,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 60,1 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 17,6 mill. kroner. Det er overført 211 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 193,4 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Utbetalingane under programkategori 12.10 syner ein auke i høve til rekneskapen for 2007, og ei meirutgift på 15,1 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2008. På driftsposten, har det vore grunnlag for eit meirforbruk i høve til budsjettet som følgje av meirinntekter. Spesielle driftsutgifter syner eit mindreforbruk fordi ein del konsulentprosjekt har vorte forseinka. Tilskotpostane syner i sum eit mindreforbruk, overføringane til 2009 har auka i høve til overføringane frå 2007.

Programkategori 12.20 syner ein auke i utbetalingane frå 2007 til 2008, og eit meirforbruk på 60,5 mill. kroner i høve til budsjettet for 2008. Tiltak i naturvern- og kulturlandskapsområde vart mykje dyrare enn budsjettert. For enkelte statlege tileigningar vart utgiftene òg høgare enn budsjettert for 2008, særleg på områda bandlegging av friluftsområde, nasjonalparkar og kjøp av forsvaret sine eigedomar. Større overføringar frå 2007 enn til 2009 dekte inn meirutgiftene på desse områda. På områda barskogvern og førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga kjem ein del av utbetalingane i 2009 fordi nokre erstatningssaker står att, og fordi tiltaka kom for seint på året til at dei kunne få særleg verknad på rekneskapen for 2008.

Programkategori 12.30 syner eit høgare forbruk i 2008 enn i 2007. Overføringane på området er høgare frå 2007 enn til 2009. I høve til budsjettet for 2008 er meirutgifta på 9,4 mill. kroner, og har særleg samanheng med driftspostane. På tilskotspostane til vernetiltak har det vore lågare utbetalingar enn ein rekna med i budsjettet.

Programkategori 12.40 syner eit mindreforbruk i høve til budsjettet for 2008 på 12,9 mill. kroner. Overføringane frå 2007 er større enn overføringane til 2009. Utbetalingane i 2008 har vore noko høgare enn i 2007. Utgiftene til oppryddingstiltak for marine sedimenter har vore større enn budsjettert for 2008, medan utbetaling av vrakpant for bilvrak har vore lågare enn ein rekna med. Den nye ordninga med sletting av klimakvoter syner òg eit mindreforbruk. Ordninga vart oppretta i 2008.

Programkategori 12.50 syner eit mindreforbruk på 6,9 mill. kroner i høve til budsjettet for 2008. Utbetalingane i 2008 vart noko høgare enn i 2007. Bidraget frå partane i «Noreg digitalt» er høgare enn budsjettert, medan Statens kartverk si innsats syner ei terminforskyving i samband med desse bidraga slik at statsoppdraget vart noko redusert i 2008. Saman med ein del ledige stillingar og lågare kostnadar knytt til dataapplikasjonen for matrikkelen gjev dette større overføring til 2009 enn overføringa frå 2007 var.

Programkategori 12.60 syner ei samla meirutgift for 2008 på 12,3 mill. kroner i høve til budsjettet for 2008. Utbetalingane i 2008 var noko høgare enn for 2007. Meirutgifta og større overføringar til 2009 enn frå 2007 har si årsak i større eksterne oppdragsinntekter enn budsjettert, mellom anna i samband med Det internasjonale polaråret (IPY).

2.15 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
01.00Administrasjon m.m.1),2)386,9427,5373,9370,9
01.10Fylkesmannembeta1 300,31 355,51 287,51 481,6
01.20Forvaltnings- og IKT-utvikling454,0504,8613,8619,1
01.30Partistøtte294,8303,1323,0321,0
01.40Pensjonar m.m.8 624,48 850,410 462,310 230,6
01.50Konkurransepolitikk105,792,492,593,9
01.60IKT-politikk1)155,7264,577,460,5
01.70Personvern2)24,327,428,928,2
01.80Statsbygg3)2 435,42 477,42 522,52 689,1
Sum før lånetransaksjonar13 781,514 303,015 781,915 894,9
Lånetransaksjonar1 104,72 989,44 300,05 052,1
Sum utgifter14 886,217 292,420 081,920 947,0

1) Programkategori er oppretta i 2008, og var tidlegare del av 01.00. Rekneskapstala for 2006 og 2007 er omklassifiserte.

2) Programkategori er oppretta i 2008, og Datatilsynet var tidlegare del av 01.00. Rekneskapstala for 2006 og 2007 er omklassifiserte.

3) Statsbygg hadde i 2006 og 2007 kategorinummer 01.60.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 113 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 226,8 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 113,8 mill. kroner. Det er overført 138,4 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 252,2 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 752,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 01.00 Administrasjon m. v. har det vore ein nedgang i utgiftene frå 2007 til 2008 på om lag 13 prosent, noko som i hovudsak kjem av overføringar av tilsette og frå departementet til Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI).

Under programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta heng meirutgiftene saman med om lag tilsvarande meirinntekter på embeta sine inntektsområde, jf. eigne fullmakter.

Under programkategori 01.20 Forvaltnings- og IKT-utvikling har det vore ein auke på om lag 23 prosent frå 2007 til 2008. Dette kjem av oppbygginga av Direktoratet for forvaltning og IKT som vart oppretta i 2008.

Under programkategori 01.40 Pensjonar m.m. har det vore ein auke i utgiftene frå 2007 til 2008 på om lag 16 prosent om ein ser bort i frå lånetransaksjonar. Auken kjem i hovudsak av at tilskot til Statens Pensjonskasse over kapittel 1542 har auka med om lag 1,3 mrd. kroner frå 2007 til 2008 grunna høgare pensjonsutbetalingar. Frå 2006 til 2007 auka tilskotet til Statens pensjonskasse med om lag 0,25 mrd. kroner. Høgare pensjonsutbetalingar dei siste åra har samanheng med G- regulering av pensjonsytingane og sluttoppgjer for verksemder som har meldt seg ut av SPK.

For bustadlåneordninga i SPK over kapittel 1544 har det vore ein auke i lånetransaksjonar på om lag 4,0 mrd. kroner frå netto utbetaling på om lag 1,1 mrd. kroner i 2006 til 5,1 mrd. kroner i 2008. Auken kjem i hovudsak som følgje av ein vesentleg auke i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån, og auka etterspørsel etter lån, mellom anna som følgje av ei gunstig rente i bustadlåneordninga samanlikna med den private marknaden i perioden. Samla utlån i bustadlåneordninga per 31.12.2008 er om lag 21,1 mrd. kroner.

Under programkategori 01.60 IKT-politikk har det vore ein nedgang i utgiftene frå 2007 til 2008 på om lag 77 prosent. Siste ordinære programperiode for Høykom-programmet var 2005 – 2007. For å følgje opp prosjekt som ikkje var avslutta vart programmet vidareført ut 2008, men då med eit vesentleg lågare beløp.

Under programkategori 01.80 Statsbygg har det vore ein auke i utgiftene frå 2007 til 2008 på om lag 9 prosent. Auka kjem mellom anna av variasjon i investeringsutgifter til byggeprosjekt.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
23.10Finansadministrasjon443,0485,9540,7550,1
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon5 189,85 342,05 527,65 525,6
23.30Offisiell statistikk563,9630,7651,6676,8
23.40Andre føremål11 376,412 644,715 197,614 769,0
Sum før lånetransaksjonar17 573,219 103,221 917,521 521,6
Lånetransaksjonar0,00,035,035,0
Sum utgifter17 573,219 103,221 952,521 556,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 395,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 209 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 604,9 mill. kroner. Det er overført 149,2 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 455,7 mill. kroner. Utgifter til lånetransaksjonar samsvarer med budsjettet.

Det vesentlege av mindreutgiftene har samanheng med dei regelstyrte utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar under programkategori 23.40 Andre føremål.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon er det særleg den jamne veksten i Kredittilsynets verksemd som har gjeve ein auke under denne kategorien. Frå mars 1998 til mars 2008 auka talet på tilsette i Kredittilsynet med 65 prosent.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har løyvingsnivået gjennom fleire år vore om lag uendra, når ein korrigerer for funksjonsendringar, endra organisering og noko ujamne investeringar. I 2008 vart likevel innsatsen i grensekontrollen, overfor utanlandsk arbeidskraft og mot økonomisk kriminalitet, styrkt.

Under programkategori 23.40 har utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar auka monaleg dei siste åra. Dette er eit uttrykk for høg aktivitet i sektoren, mellom anna på investeringssida.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., er omtalt under kapittel 4 ­Staten sin balanse og kommentarar til finansposter. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kapittel 1.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
04.10Militært forsvar30 417,732 713,532 657,234 243,9
Sum før lånetransaksjonar30 417,732 713,532 657,234 243,9
Lånetransaksjonar0,00,00,04,2
Sum utgifter30 417,732 713,532 657,234 248,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 586,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 284,3 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 1 302,4 mill. kroner. Det er overført 1 326,9 mill. kroner mindre frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 24,5 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 4,2 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2006 til 2008 har det på programområde 04 Militært forsvar vore ein nominell auke i utgiftene før lånetransaksjonar på 12,5 prosent frå 30,4 mrd. kroner til 34,2 mrd. kroner. Driftskostnadane har auka med 4,1 prosent frå 22,91 mrd. kroner til 23,85 mrd. kroner. Investeringar i materiell har auka med 32,6 prosent. frå 6,158 mrd. kroner til 8,168 mrd. kroner, medan investeringar i eigedom, bygg og anlegg har auka med 65 prosent frå 1,349 mrd. kroner til 2,229 mrd. kroner.

Mindreforbruket i 2008 skriv seg i all hovudsak frå forseinka framdrift på enkelte investeringsprosjekt innan eigedom, bygg og anlegg. Forsvarsbygg har hatt utfordringar knytt til høgt press i marknaden for bygg og anlegg. Rekneskapen for 2008 syner at verksemda i Forsvaret vart gjennomført innanfor dei tildelte rammene.

Omlegginga av Forsvaret fortsette i 2008. Dette inneber at vektlegginga av å modernisere materiell i Forsvaret og å styrke kompetansen innanfor kritiske områder held fram.

Aktivitet i nordområda vart særleg vektlagt. Forsvaret har òg i 2008, som eit ledd i satsinga på nordområda, styrkt sitt nærver og evne til å hevde suverenitet i nord. Prioriterte oppgåver i denne samanhengen er beredskap i kystnære område og ei aktiv rolle i miljøovervaking, ressurskontroll, utøving av myndigheit og maritimt redningsarbeid.

I tillegg har deltaking i operasjonar i utlandet innanfor ramma av multilaterale organisasjonar, då spesielt i Afghanistan, vore høgt prioritert. Det var nødvendig å auke tildelingane til drift i 2008, mellom anna for å dekkje ein auke i personell, og drift av nytt og moderne materiell. Vidare er tildelingane til drift knytt til våre styrker i utlandet, i Hæren og innanfor felleskapasitetane styrka. I perioden 2006 til 2008 har løyvingane til norsk deltaking i operasjonar i utlandet hatt ein nominell auke med 37,3 prosent frå 956,9 mill. kroner til 1 314,7 mill. kroner.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2006Rekneskap 2007Budsjett 2008Rekneskap 2008
18.00Administrasjon169,6176,5172,7168,5
18.10Petroleum1)478,3304,4458,7487,7
18.20Energi og vassressursar503,4511,7496,7525,3
18.25Energiomlegging2)92,4689,5683,1
18.30Teknologi og internasjonalisering639,9656,01 237,51 109,7
18.70Statleg petroleumsverksemd21 182,221 278,124 683,022 080,7
Sum før lånetransaksjonar22 973,423 019,227 738,025 055,0
Lånetransaksjonar0,010 010,018 900,017 136,5
Sum utgifter22 973,433 029,246 638,042 191,5

1) Tilskot til Petoro AS er frå 2007 flytta frå programkategori 18.10 til programkategori 18.70.

2) Flytta frå programkategori 18.20 i 2007.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 683 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 43,9 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 2 726,9 mill. kroner. Det er overført 126,3 mill. kroner meir frå 2008 til 2009 enn frå 2007 til 2008. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 2 600,5 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 763,5 mill. kroner.

Under programkategori 18.30 er mindreforbruket knytt til planlegging og førebuingar av følgjande CO2-handteringsprosjekt:

  • Fullskala CO2-fangst på Kårstø

  • Transport og lagring av CO2 frå Mongstad og Kårstø

Mindreutgifta under programkategori 18.70 heng saman med lågare investeringar som følgje av at aktivitetar, jamført med plan, er satt ut i tid for fleire felt, røyrsystem og landanlegg, og nokre innsparingar. Dei største reduksjonane samanlikna med budsjett er knytte til Gassled, Troll olje, Troll gass, Gjøa, Oseberg og Heidrun.

Mindreutgifta knytt til lånetransaksjonar har samanheng med at kjøp av aksjar i Statoil ikkje vart gjennomført så raskt som føresett.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 18.10 heng auka utgifter i 2008 i hovudsak saman med at Oljedirektoratet fekk ein auke i sine løyvingar knytt til geologisk kartlegging i området Nordland VII og Troms II.

Programkategori 18.25 Energiomlegging vart oppretta i 2007. Under lånetransaksjonar vart det i 2007 gjort eit innskot på 10 000 mill kroner i Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering. Avkastninga frå Grunnfondet gav ei utbetaling på 431 mill. kroner i 2008. I tillegg vart det løyvd 200 mill. kroner ekstra til fornybare energikjelder og energieffektivisering i 2008.

Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering har auka løyvingar i 2008 samanheng med planlegging og førebuing av CO2-handteringsprosjekter på Kårstø og Mongstad.

I 2008 er det kjøpt aksjar i StatoilHydro ASA for om lag 17,1 mrd. kroner.

2.19 Statsbankane

Husbanken

Samla uteståande fordringar i Husbanken var på 100,9 mrd. kroner ved utgangen av 2008. Dette var om lag 3,8 mrd. kroner høgare enn ved siste årsskifte. I tillegg til sjølve låna omfattar summen òg periodiserte renter. Opptente, ikkje betalte renter utgjer om lag 724 mill. kroner per 31.12.2008.

Husbanken hadde i 2008 eit brutto tap på utlån på 12,7 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2007 var 12,9 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/ avtalar inngått, var netto tap på utlån 9,9 mill. kroner. Av samla brutto tap er 5,2 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, noko som er ein reduksjon på 2,1 mill. kroner frå 2007. Eit par større enkeltsaker har bidrege til at tapa for ikkje-personlege låntakarar har auka med 1,9 mill. kroner samanlikna med fjoråret, og utgjorde i alt 7,5 mill. kroner i 2008.

Det var ei mindreinntekt på Husbanken sin avdragspost på om lag 494,4 mill. kroner. Dette kjem av færre ekstraordinære innbetalingar og innløysingar enn det som var venta.

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var per 31. desember 2008 101,5 mrd. kroner, ein auke på 5,3 mrd. kroner frå 31. desember 2007. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg periodiserte renter og gebyr. 26,9 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande fordringar er opptente, ikkje betalte renter på om lag 903 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 77 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 2 mrd. kroner, ein auke på 275 mill. kroner frå 2007. Det vart utgiftsført 332 mill. kroner i tap på utlån i 2008. Tap på utlån i 2007 var 322 mill. kroner.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstøtta som lån for dei som er omfatta av støtteordninga for høgare utdanning m.m. Inntil 40 prosent av støttebeløpet kan verte konvertert til stipend når støttemottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått støtte til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til avsetjingar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til Konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjeve og trekt frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få ei oversikt over dei samla netto utgiftene til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i rekneskapen til Lånekassa. Dette kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng.

For 2008 betalte Lånekassa ut om lag 3,1 mrd. kroner som stipend. Om lag 3,9 mrd. kroner vart netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2008 er dermed om lag 7,0 mrd. kroner.

Innovasjon Noreg

Samla utlån per 31.12.2008 utgjer 11,8 mrd. kroner etter tapsavsetjingar, mot 11,5 mrd. kroner per 31.12.2007. Auken utgjer 0,3 mrd. kroner.

Utlåna er fordelte med 9,0 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 16 000 lån), 1,3 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning og Miljøfondet (om lag 1 330 lån), og 1,5 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den siste ordninga omfattar om lag 9 600 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Rekneskapen for 2008 syner eit netto tap på utlån på 94,9 mill. kroner mot 1,6 mill. kroner i rekneskapen for 2007 og 36,8 mill. kroner i 2006. Auken må sjåas i samanheng med den generelle uroa i finansmarknadene. Brutto bokførte tap på utlån og garantiar i 2008 utgjer 185,1 mill. kroner, av dette utgjer konstaterte tap 73,3 mill. kroner. Endring i tapsnedskrivingar utgjer 111,9 mill. kroner, og tap dekte av tapsfond utgjer 90,2 mill. kroner. (I brutto bokførte tap inngår òg innkomne avdrag på tidlegare avskrivne tap med 4,9 mill. kroner.)

Til forsida