St.meld. nr. 3 (2008-2009)

Statsrekneskapen for 2008

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Frå same dato vart Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygninga. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 2 367 386 mill. kroner ved utgangen av 2008, ein auke på 231 553 mill. kroner frå utgangen av 2007. Dei to fonda fører eigne rekneskap, og kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

  20072008Endring
Statens pensjonsfond – Utland2 018 4862 279 635261 149
Statens pensjonsfond – Noreg117 34787 751- 29 596
Statens pensjonsfond samla2 135 8332 367 386231 553

3.1 Statens pensjonsfond – Utland

Inntektene og utgiftene til Statens pensjonsfond – Utland er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2008 er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (kjøp og sal av aksjar i StatoilHydro ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svare til forventa realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland, berekna til 4 prosent.

Rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 er rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi.

Tabell 3.2 nedanfor syner resultatrekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland. Tabell 3.3 syner balansen til fondet og tabell 3.4 spesifiserer endringane i fondet sin balanse.

Resultatrekneskapen (tabell 3.2) for 2008 syner at Statens pensjonsfond – Utland hadde inntekter på til saman 513 650 mill. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 415 866 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen utgjorde til saman 97 784 mill. kroner i 2008 etter fråtrekk for forvaltningskostnader med 2 165 mill. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2008 vart det overført 8 370 mill. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet i 2008. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar vart dermed 505 280 mill. kroner.

Staten hadde vidare utgifter i 2008 i samband med kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA for 17 136 mill. kroner, noko som auka staten (v/OED) sin eigardel i selskapet frå 62,5 prosent til 66,4 prosent. Beløpet vart overført frå fondet i tråd med lov om Statens pensjonsfond §3, 2. ledd.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland i 2008 utgjorde i alt ein netto nedgang på 226 995 mill. kroner (tabell 3.4). Av dette var 102 929 mill. kroner realiserte verdipapirtap og 630 229 mill. kroner var urealiserte tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 506 163 mill. kroner som følgje av nedgang i kronekursen i 2008. Noregs Bank sitt resultatrekneskap for forvaltninga av Statens Pensjonsfond – Utland syner eit resultat før valutakursregulering på -633 209 mill. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.4, notane 1 og 2).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna utgifter i samband med at staten har kjøpt aksjar i StatoilHydro ASA og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. For 2008 utgjer dette 390,4 mrd. kroner 2. Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året, vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing, der ein òg tek omsyn til om det året før vart overført for mykje eller for lite.

For 2008 vart det samla overført 385,5 mrd. kroner. Overføringane fordelte seg slik (tal i mrd. kroner):

MånadOverføring
Januar33,1
Februar31,3
Mars25,4
April27,5
Mai29,3
Juni33,8
Juli40,1
August41,5
September46,7
Oktober46,2
November30,6

I 2007 vart det overført 1,5 mrd. kroner for lite frå statskassa til fondet samanlikna med netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2007. Overføringane for 2008 utgjer 384,0 mrd. kroner når ein tek omsyn til dei 1,5 mrd. som vart for lite overført i 2007. Dei kontante overføringane i 2008 er etter dette 6,3 mrd. kroner mindre enn netto avsetjing til Statens pensjonsfond – Utland etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2008 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det vert korrigert for denne mellomrekninga i overføringane til fondet i 2009.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, syner rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2008 var på 2 279,6 mrd. kroner. Dette svarer òg til marknadsverdien, jf. at fondet vert ført til marknadsverdi i rekneskapen. Fondets balanse er nærare spesifisert i tabell 3.3.

Midlane i Statens pensjonsfond – Utland er plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Statens pensjonsfond – Utland på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utdjupande retningsliner definert nærare innretting for forvaltninga. I forskrifta om forvaltninga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein referanseportefølje som vil utgjere grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinene Finansdepartementet har fastsett. Vidare har Finansdepartementet sett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet forventa relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som standardavviket til avkastninga av den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St.meld. nr. 1 (1997–1998) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har frå målet vart innført i 1998 vore 1,5 prosent. Referanseporteføljen var frå 1998 sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument. Den delen som utgjer eigenkapitalinstrument er vedteken auka til 60 prosent og er under opptrapping til dette nivået. Ved utgangen av 2008 utgjorde eigenkapitalinstrument om lag 50 prosent.

Den 11. mars 2009 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for si forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland.

Årsmeldinga til Noregs Bank beskriv korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i Statens pensjonsfond – Utland, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2008. Bokført verdi av den særskilde porteføljen var 2 273,3 mrd. kroner ved utgangen av 2008 etter fråtrekk av forvaltningskostnader. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart -23,3 prosent for heile 2008 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på -40,7 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde -0,52 prosent. Den vekta summen av avkastning i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til den samla avkastinga i fondet. Årsaka er at avkastningstala for året kjem fram ved å kjede månadlege avkastningstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg.

Verdien av den norske krona svekka seg mot valutakorga til Statens pensjonsfond – Utland i 2008. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner vart tilsvarande høgare. For heile året var den samla avkastninga -6,7 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Tala for avkastning er brutto, der forvaltningskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.2 er forvaltningskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekt av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2008 utgjorde dei samla kostnadene for Pensjonsfondet – Utland 0,11 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med. Samla utgjorde forvaltningsgodtgjeringa til Noregs Bank 2 165 mill. kroner i 2008.

Det er gjeve ei nærare omtale i årsmeldinga for fondet. Noregs Banks årsrapport er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 20 (2008–2009) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2008.

Noregs Bank si forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland vert revidert av revisjonen til Noregs Bank. Noregs Banks revisjon er underlagt Representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Revisjonen til Noregs Bank etablerte i 2007 eit samarbeid med Deloitte AS for å styrkje kompetansen og møte særlege utfordringar i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga. Revisjonen til Noregs Bank og Deloitte har saman stadfesta rekneskapsrapporteringa for Statens pensjonsfond – Utland for 2008. Den overordna revisjonen av Finansdepartementet si forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer til dels sin revisjon på det arbeidet som vert utført av revisjonen til Noregs Bank, men utfører òg eigne kontrollhandlingar retta mot Noregs Bank.

Ot.prp. nr. 58 (2008 – 2009) om endringer i sentralbanklova inneheld forslag om å endre framtidig revisjonsordning for Noregs Bank.

Tabell 3.2 Resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner)

Kap.PostTekst20072008
INNTEKTER
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum
71Ordinær skatt på formue og inntekt70 28188 802
72Særskatt på oljeinntekter116 233150 839
73Produksjonsavgift-0-0
74Arealavgift m.m.7641 842
Sum kap 5507187 277241 483
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen3 3853 392
550970Avgift på utslipp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen491292
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
24Driftsresultat108 817152 576
30Avskrivingar15 40415 741
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond1 137708
80Renter av statens kapital6 9186 560
85Renter på mellomrekneskapen1113
Sum kap 5440132 287175 597
568580Utbyte StatoilHydro14 00616 940
Sum inntekter frå petroleumsverksemda337 446437 705
UTGIFTER
2440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen
30Investeringar19 95119 998
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 1011 841
Sum kap 244021 05221 839
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel
70Tilskot50
Sum utgifter til petroleumsverksemda21 05621 839
Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda, overført til SPU frå statsbudsjettet (inntekt – utgift)316 389415 866
Renteinntekter og utbyte m.m. 1)74 30297 784
Sum inntekter Statens pensjonsfond – Utland390 691513 650
Overført frå SPU til statsbudsjettet2 8108 370
Overskot i Statens pensjonsfond – Utland387 881505 280
1) Dette talet utgjorde summen av desse postane (tal i mill. kroner). Sjå òg fotnote 2 til tabell 3.4:
20072008
Renteinntekter57 26269 359
Utbyte18 82330 590
Forvaltningsgodtgjering-1 783-2 165
Sum74 30297 784

Tabell 3.3 Balanse for Statens pensjonsfond – Utland per 31.12. 2008 (tal i mill. kroner)

AktivaPassiva
Konto i Noregs Bank 2)2 273 289Eigenkapital2 279 635
Mellomrekning med statskassa 1)6 346
Sum2 279 635Sum2 279 635

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til Pensjonsfondet – Utland i 2008 vart 6 346 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.08 ei fordring for fondet på statskassa som vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein auke i overføringa til fondet i 2009.

2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland av 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for Statens pensjonsfond – Utland fordelte seg slik per 31.12.08 (tal i mill. kroner):

EIGEDELAR 2007*) 2008

Innskot utanlandske bankar 30 004 18 111

Utlån knytt til gjensalsavtaler 870 834 274 132

Avgjeve kontantsikring 0 114

Aksjar og andelar 945 113 1 126 760

Obligasjonar og andre renteberande papir 1 213 806 1 612 236

Finansielle derivatar **) 2 094 0

Andre fordringar 5 229 17 164

Sum finansielle eigedelar 3 067 080 3 048 517

GJELD OG EIGENKAPITAL

Kortsiktige innlån 187 133

Utlån knytt til gjenkjøpsavtaler 710 898 514 395

Mottatt kontantsikring 303 680 188 608

Finansielle derivatar**) 0 36 320

Uoppgjorte handlar 33 480 30 144

Annan gjeld 97 3 463

Påkommen forvaltningsgodtgjering 1 783 2 165

Sum finansiell gjeld 1 050 125 775 228

Eigenkapital 2 016 955 2 273 289

Sum gjeld og eigenkapital 3 067 080 3 048 517

*) Frå og med rekneskapen for 2008 er det gjort følgjande endring i rekneskapsprinsippa: Motteke sikring i kontantar er rekna inn i balansen. Det same gjeld sikring i form av verdipapir om dei vert reinvesterte. Rekneskapstala for 2007 er presentert tilsvarande. Sjå note 0 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2008.

**) Finansielle derivatar: Endring i marknadsverdi av finansielle derivatar er resultatført og med i balansen. Slike posisjonar er spesifisert i note til rekneskapen. For nærare skildring av dei ulike derivata, sjå note 6 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2008. Delar av note 6 er òg presentert nedanfor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivatar per 31.12.2008EksponeringVerkeleg verdi
  KjøpteSeldeEigedelGjeldNetto verdi
Valutahandlar22 111042339528
Børsnoterte futures kontraktar27 00343 0701 690922768
Rentebyteavtaler415 535474 46526 28059 634-33 354
Totalavkastningsbyteavtaler24141
Kreditbyteavtaler95 75061 3106 2884 8941 394
Aksjebyteavtaler8 2601 8518207 085-6 265
Sum byteavtaler519 547537 62633 42971 613-38 184
Opsjonar42 32833 5034 0372 9691 068
Sum finansielle derivatar610 989614 19939 57975 899-36 320

Tabell 3.4 Spesifisering av endring i balansen for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner) 1) 2)

  20072008
Inngåande saldo 1.1.1 782 8292 018 486
Overskot387 881505 280
Sal/kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA m.m.2 442-17 136

Valutakursreguleringar (gevinst/tap)1)-146 412506 163

Urealiserte gevinstar/tap før valutakursregulering2)-53 547-630 229

Realiserte gevinstar/tap før valutakursregulering2)45 294-102 929
Omvurderingar samla-154 666-226 995
Utgåande saldo 31.12.2 018 4862 279 635

1) Noregs Banks resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner): 2007 2008

Renteinntekter innskot i utanlandske banker 431 494

Renteinntekter utlån knytt til gjensalsavtaler 33 564 14 189

Netto inntekt/kostnad – gevinst/tap frå:

 - Aksjar og andelar 41 627 -595 304

 - Obligasjonar og andre renteberande verdipapir 19 750 -686

 - Finansielle derivatar 5 265 -31 210

Rentekostnad innlån -32 509 -20 124

Andre rentekostnader -118 -613

Andre kostnader -179 44

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar 67 831 -633 209

Valutakursreguleringar -146 412 506 163

Sum resultat -78 581 -127 046

Påkommen forvaltningsgodtgjering -1 783 -2 165

Årsresultat -80 364 -129 211

2) I note 1 til Noregs Banks resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland er resultat frå forvaltning før valutakursfordeling 2008 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

  RenterUtbyteReal. gev./tapUreal. gev./tapSUM
Renteinntekter på innskot i utanlandske bankar494494
Renteinntekter på utlån knytt til gjensalsavtaler14 18914 189
Netto inntekt/kostnad – gevinst/tap frå:
- Aksjar og andelar1 34930 590-81 986-545 257-595 304
- Obligasjonar og andre renteberande verdipapir62 652-14 684-48 653-686
- Finansielle derivatar11 367-6 259-36 318-31 210
Rentekostnad innlån-20 124-20 124
Andre rentekostnadar-613-613
Andre kostnadar4444
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar69 35930 590-102 929-630 229-633 209

3.2 Statens pensjonsfond – Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg på oppdrag frå Finansdepartementet. Frå 1. januar 2008 er Folketrygdfondet etablert som særlovsverksemd, jf. Stortingets handsaming av Ot.prp. nr. 49 (2006– 2007). Ei ny forskrift for forvaltninga av Statens pensjonsfond – Noreg trådde i kraft 1. januar 2008 og erstatta forskrifta av 15. desember 2006. Det følgjer av den nye forskrifta at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg kan plasserast i eigenkapitalinstrument og renteberande instrument. Det kan nyttast finansielle instrument, mellom anna derivat, i styringa av aksje- og renteporteføljen. Folketrygdfondet kan vidare inngå sals- og gjenkjøpsavtaler i høve til eigenkapitalinstrument og renteberande instrument der den som tilegnar seg instrumenta etter avtalen har plikt til å føre desse tilbake til seljar. Innanfor ei ramme på 50–70 prosent av fondets kapital rekna til marknadspris skal midlane plasserast i eigenkapitalsinstrument tekne opp til handel på regulerte marknadsplassar i Noreg (80–90 prosent) og Danmark, Finland og Sverige (10–20 prosent). Vidare skal fondets midlar innanfor ei ramme på 30–50 prosent plasserast i renteberande instrument der utstedar hører heime i Danmark, Finland, Sverige eller Noreg, eller har eigenkapital teke opp til handel på regulerte marknadsplassar i desse landa. I samband med den nye forskrifta er det òg gjeve utfyllande retningsliner som gir nærare reglar om forvaltninga av Pensjonsfondet – Noreg.

Folketrygdfondet offentleggjorde 3. april 2009 årsmeldinga for forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg i 2008. Kapitalen i Statens pensjonsfond – Noreg var 87,8 mrd. kroner ved utgangen av 2008, jf. tabell 3.6 nedanfor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 45,6 mrd. kroner. Fondet hadde eit urealisert kurstap på slike verdipapir på 37,6 mrd. kroner. ­Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 44,0 mrd. kroner per 31. desember 2008. I tillegg kjem netto gjeld knytt til repohandlar på 2,0 mrd. kroner.

I 2008 var inntektene i Statens pensjonsfond – Noreg (medrekna endring i urealiserte gevinstar) på -29 596 mill. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor. Renteinntekter utgjorde 2 899 mill. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 2 371 mill. kroner. Dei realiserte verdipapirgevinstane var på til saman -100 mill. kroner. Samla administrasjons- og forvaltningskostnader var 89 mill. kroner utanom ekstraordinære pensjonskostnader.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet skildrar korleis porteføljen av verdipapir i Statens pensjonsfond – Noreg vart forvalta i 2008. Avkastninga i fondet i 2008 var -25,1 prosent Avkastninga på plasseringane til fondet i norske renteinstrument var 8,5 prosent, medan avkastninga på norske aksjar var -49,2 prosent Avkastning av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på respektive 23,5 og -32,8 prosent.

Folketrygdfondets forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg vart i 2008 revidert av selskapet Ernst & Young, som vart peika ut av departementet. Riksrevisjonen vil følgja opp og kontrollera Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. St.meld. nr. 1 (2007–2008) Nasjonalbudsjettet 2008 og St.meld. nr. 16 (2007–2008) Om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2007.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Noreg (tal i mill. kroner)

  20072008
Renteinntekter2 2252 899
Aksjeutbyte2 0182 371
Netto realisert verdipapirgevinst/tap frå:
- Renteplasseringar m.m.-178-1 322
- Aksjeplasseringar5 3351 222
Netto endring urealisert verdipapirgevinst/tap frå:
- Renteplasseringar m.m.-7002 813
- Aksjeplasseringar1 845-37 642
Netto andre inntekter-83152
Sum resultat før kostnader10 462-29 507
Administrasjons- og forvaltningskostnader5389
Resultat110 409-29 596

1 Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og netto andre inntekter, og med fråtrekk for administrasjons- og forvaltningskostnader inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1. For 2008 utgjer dette 5 333 mill. kroner.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for Statens pensjonsfond – Noreg per 31.12 (tal i mill. kroner)

  200712008
Eigedelar
Aksjar70 08445 628
Obligasjonar og sertifikat45 97441 515
Valutasikringsinstrument og renteswapar0865
Fordringar719184
Bankinnskot1 1041 573
Sum eigedelar117 88189 765
Gjeld og eigenkapital
Eigenkapital Statens pensjonsfond – Noreg117 34787 751
Gjeld knytt til utlån obligasjonar (repoar)2162 014
Valutasikringsinstrument og renteswapar3160
Kapital og gjeld knytt til Folketrygdfondet20
Sum gjeld og eigenkapital117 88189 765

1 I balansetala for 2007 er det gjort nokre omklassifiseringar samanlikna med meldinga for året før. Oppstillinga samsvarer med hovudtal i Folketrygdfondets balanseoppstilling for Statens pensjonsfond – Noreg.

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

Netto avsetjing til fondet for 2008 (390,4 mrd. kroner) utgjer netto kontantstraum (415,9 mrd. kroner) med frådrag for kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA (17,1 mrd. kroner) og overføringa til statsbudsjettet frå fondet (8,4 mrd. kroner).

Til forsida