St.meld. nr. 3 (2008-2009)

Statsrekneskapen for 2008

Til innhaldsliste

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kapittel 4.1 vert staten sin balanse omtalt med notar til vesentlege endringar. I kapittel 4.2 er det gjeve eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kapittel 4.3 er garantiar omtalte. I kapittel 4.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen, stilt opp.

4.1 Staten sin balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane i balansen er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presenterte for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar auka med 368,5 mrd. kroner i 2008, frå 2 888,9 mrd. kroner til 3 257,4 mrd. kroner. Endringa må for ein stor del tilskrivast auken i verdien på Statens pensjonsfond – Utland. Vesentlege endringar vert omtalte i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Staten sine eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

  Note31.12.0731.12.08Endring
Eigedelar
60. Bank1148 495147 360- 1 135
61. Spesielle fond og forsikringar22 153 6842 404 040250 356
62. Verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder396 741158 54161 800
63. Utlån og uteståande fordringar4238 278254 53616 257
64. Ordinære fond588 48996 6268 138
65. Forskot61 0991 564465
66. Kapital i statsbankane7747737-10
68. Fast kapital i statsverksemdene8159 612164 7935 180
69. Eigenbehaldning statspapir914 04141 44627 405
70 – 73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar10-9 251-5 3993 853
77. Overkurs/underkurs statspapir11-3 027-2 125903
78. Kurs og sikkerheitselement obligasjonar med fortrinnsrett120-4 695-4 695
Sum eigedelar2 888 9073 257 424368 517
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda13265 348349 97384 625
81. Kontolån frå ordinære fond1494 919103 1738 254
82. Verksemder med særskilde fullmakter159 2869 697411
84. Deposita og avsetjingar1618 02540 75922 734
87. Overførte unytta løyvingar179 0107 287-1 724
99. Avslutningskonto (eigenkapital)182 492 3172 746 534254 217
Sum gjeld og eigenkapital2 888 9073 257 424368 517

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 1,1 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2008 enn ved utgangen av 2007. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 250,4 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi for Statens pensjonsfond – Utland på 261,1 mrd. kroner .Statens pensjonsfond – Noreg syner ein nedgang på 29,6 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er omtalt nærare i kapittel 3 i denne meldinga. Statens petroleumsforsikringsfond har ein auke på 17,7 mrd. kroner som i hovudsak har med kursendringar på valuta og endra rekneskapsprinsipp å gjere. NORFUND har ein auke på 1,2 mrd. kroner i 2008.

Note 3. Auken i verdipapir m.m. er netto på 61,8 mrd. kroner, som mellom anna kjem av 46,0 mrd. kroner i auke frå den nye ordninga med obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) under Finansdepartementet. Denne auken må sjåast i samanheng med auken i statsgjelda under kontogruppe 80. Netto auke av verdien i aksjar er på 15,7 mrd. kroner. Statens kjøp av aksjar i StatoilHydro ASA utgjer 17,1 mrd. kroner i 2008. Aksjekapitalen i Kommunalbanken AS auka med 372,5 mill. kroner og Eksportfinans ASA auka med 179,9 mill. kroner. Avinor AS er redusert med om lag 1,9 mrd. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 16,3 mrd. kroner. Av dette er 5,3 mrd. kroner auka utlån for Statens Lånekasse for utdanning og om lag 4,1 mrd kroner i auka utlån for Husbanken. Innovasjon Noreg sitt ordinære lån og distriktsretta låneordning hadde ein netto auke på 640 mill. kroner. Statens pensjonskasse si bustadlåneordning for tilsette i staten auka med om lag 5,1 mrd. kroner. Utlån til Helseføretaka auka med om lag 1,8 mrd. kroner. Utlån til Store Norske Spitsbergen Kullkompani vart i 2008 nedskrive med 250 mill. kroner til null.

Note 5. Auken for ordinære fond er på 8,1 mrd. kroner. Av dette utgjer 6,3 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping, som mellom anna vart tilført 6 mrd. kroner over statsbudsjettet i 2008. Tilskotsfond fylka under Innovasjon Noreg si forvaltning vart oppretta i 2008 med ein kapital på 957,1 mill. kroner. Energifondet hadde ein auke på 884,0 mill. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg førte opp som kontolån til staten. Unntak frå dette er Tøyenfondet (234,9 mill. kroner) og Observatoriefondet (27,1 mill. kroner) som berre er aktiverte under 64 gruppa og ikkje under 81 gruppa. Desse fonda har ikkje konto i Noregs Bank, og Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane etter avtale med Universitet i Oslo.

Note 6. Auken i forskot er på 464,8 mill. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen med 324,0 mill. kroner og for Jernbaneverket med 14,3 mill. kroner. Resterande 126,5 mill. kroner gjeld forskot på rammetilskot til kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

Note 7. Nedgangen i kapitalen i statsbankane på netto 9,6 mill. kroner kjem av at kapitalen i Husbankens risikofond er redusert med tilsvarande beløp, som følgje av tapsføringar i rekneskapen til Husbanken.

Note 8. Auken i fast kapital i statsverksemdene på 5,2 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE har auka med 4,2 mrd. kroner og kapitalen i Statsbygg har auka med 0,9 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9. Auken i eigenbehaldning statspapir på 27,4 mrd. kroner kjem i hovudsak av at statsobligasjonar syner ein netto auke på om lag 11,1 mrd. kroner og at statskassevekslar syner ein auke på 16,3 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa gjekk ned med om lag 3,9 mrd. kroner, slik at verksemdene har 5,4 mrd. kroner til gode per 31.12.2008. Stortinget har gjeve Finansdepartementet fullmakt til, i saker under 1 mill. kroner, å postere differansar og uoppklarte saker mot konto for forskyving i balansen. I større saker kan Stortinget vedta eigne fullmakter. Det er i 2008 postert netto 141.544,83 kroner til kredit mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

LMD/Reindriftsforvaltninga- 145 709,89
KD/Samisk vidaregåande skole4 165,06
Samla- 141 544,83

Note 11. Som følgje av overkurs/underkurs på statspapir, syner bokført verdi ein nedgang med 0,9 mrd. kroner.

Note 12. Konto for kurs- og sikkerheitselement (konto 78 00 01) heng saman med ordninga med obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) som vart oppretta i 2008, og er bokført med kredit 4,7 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap. Sjå òg kontogruppe 62 og omtala i note 3 ovanfor.

Note 13. Statsgjelda hadde ein samla auke på 84,6 mrd. kroner i 2008. Statskassevekslar medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga hadde ein auke på 50,0 mrd. kroner. Av dette var 42 mrd. kroner knytt til OMF-ordninga. Kortsiktige kontolån hadde ein auke på 6,9 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands hadde ein auke på 27,7 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for ein nærare spesifikasjon av endringa i statsgjelda.

Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken i 2008 er på 8,3 mrd. kroner. Av dette utgjer Fondet for forsking og nyskaping om lag 6,3 mrd. kroner. Energifondet hadde ein auke på 0,9 mrd. kroner. Tilskotsfond fylka under Innovasjon Noreg si forvaltning vart oppretta i 2008 med ein kapital på 957,1 mill. kroner. Konto under gåveforsterkingsordninga og Noregs forskingsråd vart oppretta i 2008 med ein kapital på 61,0 mill. kroner.

Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank og syner ein auke på 411 mill. kroner frå førre året. Samla nivå på midlane er no om lag 9,7 mrd. kroner. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 16. Deposita og avsetjingar syner ein auke på 22,7 mrd. kroner. Avsetjing for mellomvere med Statens pensjonsfond – Utland auka med 4,8 mrd. kroner i 2008. Avsetjinga knytt til Statens petroleumsforsikringsfond syner ein auke på 17,6 mrd. kroner som i hovudsak gjeld kursendringar på valuta og endra rekneskapsprinsipp.

Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrert som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2009 er samla 7,3 mrd. kroner, noko som er 1,7 mrd. kroner lågare enn overført løyving til 2008. Der er ikkje overførte løyvingar på 90-postar frå 2007 til 2008 eller frå 2008 til 2009.

Note 18. Avslutningskontoen syner at staten sin eigenkapital i 2008 auka med 254,2 mrd. kroner frå 2 492,3 mrd. kroner til 2 746,5 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2008 renteinntekter på om lag 21,2 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 17,7 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 3,5 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2007 til 2008 auka rentene av statsgjelda med 1,6 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 3,3 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

  200620072008
1. Renteinntekter i alt13 89917 84721 190
Renter frå statsbankane og statsføretaka7 4528 84411 053
Renter av kapital i statens forretningsverksemd3919- 3
Renter av innskot og andre krav5 5047 6788 309
Renter av lån til helseføretaka158272323
Renter av lån til aksjeselskap363351330
Renter frå folketrygda2239128
Statens Pensjonskasse, lån til statstilsette3616441 050
2. Renteutgifter i alt 1) 2)24 31216 05617 693
Av innanlandsk statsgjeld24 28016 05617 694
Av utanlandsk statsgjeld320- 1
Netto renteinntekter/ renteutgifter-10 5711 7913 497

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

2) Reduksjonen i renteutgiftene frå 2006 til 2007 kjem av avviklinga av ordninga der Folketrygdfondet kunne plassere midlar som kontolån til staten. Ved avviklinga i 2006 var det eingongsutgifter, samstundes som staten i 2007 ikkje lenger har renteutgifter for slike kontolån.

Renteutgiftene under kapittel 1650 Statsgjelda, er mellom anna renteutgifter staten har på obligasjons- og vekselgjeld, og dessutan renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Per 31.12.2008 var statsgjelda 349 973 mill. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. For ei nærare omtale av årsakene til staten sine lån i kapitalmarknaden samstundes som staten er netto fordringshavar, sjå St.prp. nr. 5 (2008 – 2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gjeve ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller pliktene sine overfor långjevar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2007 og 2008. Per 31.12.2008 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 89,9 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 24,4 mrd. kroner frå 2007. Under Samferdselsdepartementet auka ansvaret i 2008 med 7,1 mrd. kroner som særleg har med restverdigarantiar for materiell til tog å gjere. Vidare kjem netto auke med 17,6 mrd. kroner under GIEK knytt til Statsgaranti ved eksport, den alminnelege garantiordninga og den gamle alminnelege ordninga. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken auka med 1,4 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2008 var på 408,1 mill. kroner. 384,0 mill. kroner av dette er utbetalt under Finansdepartementet mellom anna til innskytarar i Kaupthing Bank, medan det under den alminnelege garantiordninga i GIEK er utbetalt tap på 18,3 mill. kroner.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2008 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2007Utbetalt ved tap i 2008Garantiansvar per 31.12.2008
Utanriksdepartementet1)10 344,10,410 348,0
Kommunal- og regionaldepartementet5 837,72 500,0
Helse- og omsorgsdepartementet10,28,7
Barne- og likestillings- departementet5,45,0
Nærings- og handelsdepartementet39 631,023,757 714,5
Samferdselsdepartementet565,27 533,6
Miljøverndepartementet4,02,5
Fornyings- og administrasjonsdepartementet220,1222,3
Finansdepartementet8 919,9384,011 554,3
Sum65 537,6408,189 888,9

1) Garantiansvar per 31.12.2007 avvik noko frå oppføringa i St.meld. nr. 3 for 2007. Dette har si årsak i at det under Utanriksdepartementet er ført opp 10,3 mrd. kroner knytte til utviklingsbankar og garantiinstitutt.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Ei oversikt over tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter utover 31. desember vert presentert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedteke budsjett og vert sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien vert sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet, med unntak av Statens pensjonsfond – Utland, Statens pensjonsfond – Noreg og Statens petroleumsforsikringsfond som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.m. i løyvingsrekneskapen vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen vert sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomrekneskap med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemte mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap vert gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov vert sikra ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapittel 5999. Finansieringsbehovet vert ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsida