St.meld. nr. 37 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2003

Til innhaldsliste

3 Registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister

3.1 Innleiing

For arbeidstakarar som har eller har hatt tenestepensjonsordning hos noverande eller tidlegare arbeidsgivar, utgjer tenestepensjonen eit supplement til pensjon frå folketrygda. Alle tilsette i stat og kommune har supplerande tenestepensjonsordning. Også mange føretak i privat sektor har oppretta tenestepensjonsordningar for tilsette.

Føretak i privat sektor opprettar i hovudsak pensjonsordningar etter «lov 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon» og «lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold» (innskotspensjonslova). Pensjonsordningar etter desse lovene får ei skattemessig gunstig behandling. I føretak som har oppretta slik pensjonsordning, vil arbeidstakar som er medlem av ordninga opparbeide seg pensjonsrettar mens han arbeider i føretaket. Når arbeidstakars medlemskap tek slutt, typisk når arbeidsforholdet blir avslutta før oppnådd pensjonsalder, blir det skrive ut eit bevis på kva pensjonsrettar arbeidstakaren har tent opp. Dette beviset blir omtala som fripolise («lov om foretakspensjon«) eller pensjonskapitalbevis (innskotspensjonslova).

Ein fripolise og eit pensjonskapitalbevis utgjer eigne rettsforhold mellom innehavar og pensjonsinnretninga som forvaltar pensjonsretten. Etter at fripolise og pensjonskapitalbevis er utskrivne, er pensjonsretten til den tidlegare medlemmen økonomisk lausriven frå den pensjonsordninga som retten er utskriven frå. Den pensjonsinnretninga som forvaltar fripolisen eller pensjonskapitalbeviset, skal årleg informere innehavar om rettane gjennom den årlege kontoutskrifta. Bedrifta som finansierte pensjonen, har ikkje lenger noko ansvar for å gi informasjon.

I «lov om foretakspensjon» og innskotspensjonslova er det gitt føresegner om registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister. «Lov om foretakspensjon» kapittel V inneheld føresegner om eit fripoliseregister, og i § 4-14 første ledd første setning heiter det at «Fripoliser utstedt i henhold til reglene i loven her skal registreres i Fripoliseregisteret». I innskotspensjonslova er det i § 6-2 fjerde ledd gitt ei tilsvarande føresegn. Men eit register for registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis er førebels ikkje oppretta. Ved behandlinga av «lov om foretakspensjon» bad finanskomiteen om ei nærmare vurdering av spørsmålet om dei offentlege pensjonsordningane bør inkluderast i eit fripoliseregister, før eit slikt register eventuelt blir oppretta.

Finansdepartementet sende 19. november 2003 på høyring eit utkast til forskrift om eit fripoliseregister. Utkastet til forskrift var utarbeidd av ei arbeidsgruppe som bestod av representantar frå Finansdepartementet og Kredittilsynet. I det følgjande blir forslaga frå arbeidsgruppa beskrivne nærmare. Men først kjem ein kort omtale av vurderingar knytte til registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i samband med fastsetjinga av «lov om foretakspensjon» og innskotspensjonslova. Det blir òg referert kva høyringsinstansane har meint om forslaget frå arbeidsgruppa. Avslutningsvis følgjer departementet si vurdering.

3.2 Tidlegare vurderingar

Ved arbeidet med «lov om foretakspensjon» blei det mellom anna vist til tidlegare vurderingar av registrering av pensjonsrettar og fripolisar. Registrering av pensjonsrettar hadde tidlegare blitt omtala i NOU 1994: 6 Private pensjonsordninger , i St.meld. nr. 35 (1994–1995) Velferdsmeldingen og i Stortinget si behandling av Velferdsmeldingen , jf. Innst. S. nr. 180 (1995–1996) «Innstilling fra sosialkomiteen om 1) velferdsmeldingen, 2) forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om endring i retten til uførepensjon og 3) forslag fra stortingsrepresentant Erling Folkvord om minstestandard for stønad til livsopphold».

I NOU 1998: 1 Utkast til lov om foretakspensjon viste utvalet til Velferdsmeldingen og til innstillinga frå sosialkomiteen. Sjølv om eit slikt register ikkje var teke opp i mandatet til utvalet, meinte utvalet at både Velferdsmeldingen og innstillinga frå Stortinget hadde vore så klare at utvalet såg det som formålstenleg å leggje til rette for oppretting av eit slikt register.

Departementet slutta seg til forslaget frå utvalet om å følgje opp Stortinget sin merknad ved å leggje til rette for oppretting av eit fripoliseregister, jf. Ot.prp. nr. 47 (1998–1999) Lov om foretakspensjon avsnitt 6.2.11. Departementet viste mellom anna til at føresegner i det nye lovforslaget kunne medføre at det kjem til å bli skrive ut fleire fripolisar enn tidlegare, og at det kan vere behov for ei samla oversikt over opptente rettar. Det blei hevda at eit slikt register òg kan vere til stor nytte for offentlege utgreiingsoppgåver og til generelle statistikkformål. Det blei vidare sagt at høvet til å slå saman fripolisar isolert sett kan føre til at talet på fripolisar blir redusert. Departementet peika på at ein ved vurderinga av om eit fripoliseregister skal opprettast, ville ta omsyn til om behovet for eit register blir klart mindre når det blir høve til å slå saman fripolisar.

Finanskomiteen slutta seg til Regjeringa sitt forslag om å leggje til rette for oppretting av eit fripoliseregister, jf. Innst. O. nr. 50 (1999–2000) «Innstilling fra finanskomiteen om lov om foretakspensjon» kapittel 6.11. Komiteen uttala:

«Komiteen vil understreke behovet for at den enkelte ansatte får en mulighet til kunnskap om opptjente pensjonsrettigheter i ulike arbeidsforhold, og at en eventuell opprettelse av et fripoliseregister vil kunne bidra til dette. Komiteen mener videre det vil være naturlig om også de offentlege tjenestepensjonsordningene blir inkludert i et slikt fripoliseregister, slik at all informasjon blir samlet på ett sted. Komiteen ber Regjeringen komme tilbake med en vurdering og eventuelle forslag knyttet til dette før et fripoliseregister eventuelt opprettes.»

Føresegna om registrering av fripolisar i «lov om foretakspensjon» lyder (§ 4-14):

«Fripoliser utstedt i henhold til reglene i loven her skal registreres i Fripoliseregisteret. Registeret skal så vidt mulig omfatte fripoliser utstedt i henhold til tidligere gjeldende regler om private tjenestepensjonsordninger.

Kongen gir nærmere regler om opprettelsen av Fripoliseregisteret og om føringen av registeret, samt om adgangen til å innhente opplysninger fra registerføreren. Kongen kan også gi regler om foretakenes, pensjonsinnretningenes og dei forsikredes plikt til å gi opplysninger til Fripoliseregisteret.»

Ved utarbeidinga av føresegn om registrering av pensjonskapitalbevis i innskotspensjonslova blei det i stor grad vist til omtale og drøftingar i samband med «lov om foretakspensjon». Bakgrunnen for føresegna i innskotspensjonslova er såleis parallell med bakgrunnen for føresegna i «lov om foretakspensjon». Føresegna om registrering av pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister i innskotspensjonslova lyder (§ 6-2 fjerde ledd):

«Pensjonskapitalbevis utstedt i henhold til reglene i loven her skal registreres i Fripoliseregisteret.»

3.3 Nærmare om forslaget frå arbeidsgruppa til forskrift om eit fripoliseregister

3.3.1 Bakgrunn for arbeidsgruppa

I brev av 19. september 2003 bad Finansdepartementet Kredittilsynet om å oppnemne tre representantar til å delta i ei arbeidsgruppe om oppretting av eit register for fripolisar og pensjonskapitalbevis. Finansdepartementet stilte òg med tre representantar til arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa fekk i oppdrag å utarbeide eit utkast til forskrift om registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit fripoliseregister og tilhøyrande høyringsnotat. Arbeidsgruppa blei ikkje bedd om å vurdere om eit slikt register bør opprettast.

Rapporten frå arbeidsgruppa blei overlevert til Finansdepartementet 17. november 2003. Rapporten inneheldt utkast til forskrift om eit fripoliseregister og vurderingane frå arbeidsgruppa i eit høyringsnotat som følgde med.

3.3.2 Vurderingar og forslag frå arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa har med utgangspunkt i mandatet sitt føreslått føresegner om eit fripoliseregister som skal innehalde fripolisar utskrivne frå pensjonsordningar etter «lov om foretakspensjon» 1 og pensjonskapitalbevis utskrivne frå pensjonsordningar etter innskotspensjonslova. Registeret kjem derfor berre til å innehalde slike opptente pensjonsrettar frå avslutta arbeidsforhold i privat sektor og ikkje annan pensjon kvar enkelt måtte ha opptent. Arbeidsgruppa viser til at ein på bakgrunn av mandatet ikkje har vurdert om eit fripoliseregister bør opprettast.

Arbeidsgruppa føreslår at formålet med eit fripoliseregister skal vere å auke oversikten og lette tilgangen til informasjon om pensjonsrettar, og å gi grunnlag til utarbeiding av statistikk og anna forskingsarbeid. Arbeidsgruppa har ut frå dette vurdert kva for opplysningar som bør registrerast i eit register. Etter arbeidsgruppa si vurdering er det heilt sentralt at registeret registrerer kva for person som er innehavar av fripolisen 2 , og dessutan kva for pensjonsinnretning retten er sikra i. Desse opplysningane set registeret i stand til å avkrefte eller stadfeste om ein person som vender seg til registeret, har rett til pensjon i kraft av å vere fripoliseinnehavar. Vidare kan registeret med dette utgangspunktet gi informasjon om i kva for pensjonsinnretning fripoliseinnehavar eventuelt kan søkje nærmare informasjon om pensjonsretten. I tillegg til informasjon om kva for rettar som er knytte til fripolisen, føreslår arbeidsgruppa at registeret skal innehalde informasjon om storleiken på rettane og eventuell utbetaling frå fripolisen i løpet av året.

Arbeidsgruppa viser til at fripolisar, i tillegg til alderspensjon som er obligatorisk, òg kan innehalde rett til uførepensjon til fripoliseinnehavar og etterlatnepensjon til partnar og barn. Også etterlatne, og personar som kan bli etterlatne, har behov for informasjon om pensjon som er sikra ved fripolise og pensjonskapitalbevis. Arbeidsgruppa har vurdert om etterlatne kan få informasjon om eigne pensjonsrettar frå fripoliseregisteret. Etterlatnepensjon og barnepensjon er ikkje oppførte ved namn hos pensjonsinnretninga, og ein etterlatens rett til slik pensjon blir stadfesta (på namn) først etter at fripoliseinnehavar er død. Arbeidsgruppa har lagt til grunn at gjeldande etterlatnepensjon som lyder på etterlatnes namn, bør registrerast i fripoliseregisteret. Arbeidsgruppa føreslår vidare at rettar til eventuell framtidig etterlatnepensjon blir registrert i registeret, og at etterlatne i den grad dei overfor registeret kan dokumentere at dei har rett til pensjon etter ein fripoliseinnehavar, bør få innsyn i dei pensjonsrettane som vedkjem dei sjølv.

Eit fripoliseregister skal gi informasjon om fripoisar og pensjonskapitalbevis. Men arbeidsgruppa føreslår ikkje at registeret skal vere eit register over kva rettar innehavar av fripolisar og pensjonskapitalbevis har krav på. Eventuelle feil og manglar ved registreringa i registeret har derfor ingen ting å seie for kva rett vedkomande har til pensjon etter fripolisen og pensjonskapitalbeviset. Sidan det er den pensjonsinnretninga som forvaltar fripolisen som òg leverer opplysningar til registeret, peikar arbeidsgruppa på at registeret ikkje kan innehalde meir informasjon om kvar enkelt fripolise enn det som alt er registrert i pensjonsinnretninga. Arbeidsgruppa viser til at eit fripoliseregister kan vere ei alternativ kjelde til informasjon om fripolisane.

Arbeidsgruppa har lagt til grunn at opplysningar om ein fripolise er ei personopplysning som skal vere underlagd teieplikt i fripoliseregisteret, med mindre anna er fastsett i forskriftsforslaget. Arbeidsgruppa føreslår at registeret skal ha plikt til å utlevere opplysningar til fripoliseinnehavar, hans/hennar ektefelle, registrerte partnar, sambuar eller andre med rett til pensjon, og dessutan til tingretten. Arbeidsgruppa har kome til at dei personane som vender seg til registeret, vederlagsfritt bør få oversikt over eigne pensjonsrettar. Også Skattedirektoratet og Statistisk sentralbyrå skal vederlagsfritt ha rett til å få utlevert opplysningar til bruk i si verksemd.

Arbeidsgruppa viser til at registeret kjem til å ha eit marknadsmessig monopol på dei tenestene det tilbyr, og arbeidsgruppa føreslår at registeret etter avtale med Finansdepartementet skal kunne ta seg betalt for å registrere opplysningar om dei fripolisane pensjonsinnretninga har. Arbeidsgruppa har peika på at finansiering av registeret bør ein sjå i nær tilknyting til dei pensjonsinnretningane som forvaltar fripolisar, i det registeret tilbyr ei supplerande teneste som er direkte knytt til desse avtalane. Elles føreslår arbeidsgruppa at fripoliseregisteret fritt skal kunne skaffe seg inntekter ved å selje gjennomarbeidd og anonymisert informasjon om registrerte fripolisar.

Arbeidsgruppa meiner at organiseringa av registeret bør ein sjå i samanheng med kva for opplysningar registeret skal innehalde. Arbeidsgruppa føreslår i forskriftsutkastet at fripoliseregisteret skal opprettast etter nærmare avtale med Finansdepartementet, og at registeret skal organiserast i aksjeselskap eller på annan måte som Finansdepartementet godkjenner. Arbeidsgruppa føreslår at Kredittilsynet fører tilsyn med registeret.

3.4 Høyring

Finansdepartementet sende arbeidsgruppa sitt forslag til forskrift om eit fripoliseregister på høyring den 19. november 2003. I høyringsbrevet frå departementet heiter det mellom anna:

«Arbeidsgruppens rapport og høringsmerknadene til denne vil danne grunnlaget for en vurdering og eventuelle forslag, slik Finanskomiteen har bedt om. Departementet ber om synspunkter på behovet for et register over fripoliser utstedt fra tjenestepensjonsordningene i privat sektor og om merknader til arbeidsgruppens utkast til bestemmelser om et slikt register. Det bes videre om synspunkter på om offentlige tjenestepensjonsordninger bør inkluderes i et eventuelt fripoliseregister, hvilke opplysninger om slike rettigheter som i tilfelle bør registreres, og om et fripoliseregister som omfatter offentlige tjenestepensjonsordninger, bør organiseres noe annerledes enn et register som utelukkende registrerer fripoliser utstedt fra private tjenestepensjonsordninger. På bakgrunn av høringsinstansenes merknader vil Finansdepartementet, sammen med øvrige involverte departementer, vurdere om et fripoliseregister også bør omfatte fripoliser (oppsatte pensjonsrettigheter) fra offentlige tjenestepensjonsordninger.»

Høyringa blei avslutta 14. januar 2004.

3.4.1 Merknader frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane er delt i sitt syn på om eit fripoliseregister som føreslått av arbeidsgruppa bør opprettast. Arbeidstakarsida støttar forslaget fordi dei meiner forslaget vil bidra til auka oversikt for kvar enkelt og eventuelle etterlatne. Men andre høyringsinstansar peikar på at eit register får fram lite nytt i forhold til den informasjonen innehavar av fripolise eller pensjonskapitalbevis alt mottek gjennom den årlege kontoutskrifta frå pensjonsinnretninga som forvaltar pensjonsretten. Høyringsinstansane er òg delt i sitt syn på spørsmålet om tilsvarande rettar frå offentlege pensjonsordningar bør inkluderast i eit fripoliseregister. Fleire høyringsinstansar har gitt uttrykk for at problemstillinga må greiast ut nærmare før ein kan ta stilling til dette spørsmålet, og at ein i denne samanhengen bør vurdere eit utvida register, slik at kvar enkelt kan få informasjon om samla pensjonsopptening.

Akademikerne, De selvstendige kommunale pensjonskasser, Forbrukerrådet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Norges Ingeniørorganisasjon, Norsk Tillitsmann ASA, Statistisk sentralbyrå (SSB), Utdanningsgruppens Hovedorganisasjon (UHO) og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) støttar forslaget frå arbeidsgruppa om oppretting av eit fripoliseregister. Desse høyringsinstansane meiner òg at tilsvarande rettar i offentleg sektor bør inkluderast i eit register. Dei framhevar særleg at fripoliseinnehavar og eventuelle etterlatne kan ha behov for samla og lett tilgjengeleg informasjon om pensjonsrettar knytt til tidlegare arbeidsforhold.

Norsk Tillitsmann ASA, SSB, UHO og YS meiner at registeret bør utvidast til å omfatte pensjonsrettar utover fripoliserettar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar. Det blir mellom anna nemnt at pensjonsrettar frå gjeldande arbeidsforhold bør registrerast i registeret. Norsk Tillitsmann ASA meiner at eit register kan bidra til at administrasjon og forvaltning av pensjonsrettar blir utsett for meir effektiv konkurranse, og at ein kan oppnå positiv samfunnsmessig effekt i form av både lågare priser og betre produkt. LO og UHO gir uttrykk for at informasjon om verdiutviklinga til fripolisane kan bidra til å auke effektiviteten og konkurransen i denne marknaden. Akademikerne peikar på at eit fripoliseregister kan leggje til rette for at opplysningar om pensjonsrettar kan kvalitetssikrast på ein betre måte enn etter gjeldande reglar.

Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS), Norges Rederiforbund, Norske Pensjonskassers Forening (NPF), Norske Forsikringsmegleres Forening (NFF), Norwegian Insurance Partners Non Marine AS (NIP) og Verdipapirsentralen (VPS) støttar i utgangspunktet forslaget frå arbeidsgruppa om eit fripoliseregister. Desse høyringsinstansane har likevel innvendingar til mellom anna utforminga av forskrifta og/eller til den vidare prosessen med fastsetjing av føresegner om eit fripoliseregister.

Norges Rederiforbund og NPF meiner arbeidsgivarar bør få innsynsrett i registeret.

NFF og NIP gir uttrykk for at behovet for eit fripoliseregister er redusert i forhold til tidlegare. Dette standpunktet grunngir dei med at få bedrifter har vidareført vilkår om medrekning 3 i sine pensjonsordningar etter innføringa av «lov om foretakspensjon». Dei peikar òg på at høvet i «lov om foretakspensjon» til å slå saman fripolisar kan vere med på å redusere behovet for eit fripoliseregister.

VPS uttalar at ein er i tvil om fordelane ved å samle informasjonen om fripolisar i eit fripoliseregister forsvarer meirkostnadene i forhold til dagens system. Særleg gjeld dette fordi det i høyringsutkastet ikkje er føreslått noka aktiv informasjonsutsending frå registeret til dei med registrerte pensjonsrettar.

KS meiner spørsmålet om å inkludere dei offentlege tenestepensjonsordningane må greiast ut nærmare. KS viser mellom anna til at det er føreslått omfattande forslag knytte til offentlege pensjonsordningar i NOU 2004: 1 Modernisert folketrygd .

Nærings- og handelsdepartementet (NHD), Arbeids- og administrasjonsdepartementet (AAD) og Statens Pensjonskasse (SPK) gir uttrykk for at enkelte av problemstillingane i samband med oppretting av eit fripoliseregister, og kva for pensjonsrettar som skal inkluderast, må vurderast nærmare før endeleg konklusjon kan fattast.

NHD meiner at rapporten frå arbeidsgruppa ikkje gir eit tilstrekkeleg godt grunnlag til å vurdere om meirverdien av eit register er større enn kostnadene, og NHD finn ikkje å kunne trekkje nokon konklusjon om eit register bør opprettast.

AAD meiner at eit eventuelt fripoliseregister i første omgang bør avgrensast til fripolisar frå private tenestepensjonsordningar. AAD meiner at ein eventuelt kan ta opp igjen spørsmålet om registeret også bør inkludere fripolisar frå offentlege tenestepensjonsordningar, når NOU 2004: 1 Modernisert folketrygd er behandla. Også SPK viser til NOU 2004: 1 Modernisert folketrygd og meiner at forholdet mellom dei offentlege tenestepensjonsordningane og fripoliseregisteret må greiast ut nærmare før ein kan trekkje nokon konklusjon i forhold til dei. SPK nemner at det er eit større behov for å gi informasjon om opparbeidde pensjonsrettar i forhold til dei såkalla offentlege tenestepensjonsordningane, og då særleg i forhold til dei kommunale pensjonskassene og dei lovfesta ordningane. SPK uttalar at dei ikkje er kjende med at nokon av desse pensjonsordningane er pålagde å sende ut informasjon om pensjonsrettane til dei med pensjonsrettar, og at pensjonsordningane heller ikkje sender ut informasjon på eige initiativ.

AktuarKonsulenters Forum (AKF), Den norske aktuarforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH), Kredittilsynet, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er negative til forslaget frå arbeidsgruppa. Dei viser mellom anna til at innehavarane av fripolisar og pensjonskapitalbevis kvart år får tilsendt omfattande informasjon frå forsikringsselskapa eller pensjonskassene, mellom anna gjennom kontoutskriftene og informasjon til desse. Dersom innehavar har tilgang til denne informasjonen, vil ikkje eit register kunne gi den enkelte innehavar meir kunnskap om opptente pensjonsrettar.

NHO gir uttrykk for at ein ikkje støttar forslaget frå arbeidsgruppa, fordi det ikkje er føreslått at arbeidsgivarane skal ha innsynsrett i registeret. NHO peikar på at bedriftene sitt behov for eit fripoliseregister først og fremst er knytt til medrekning av pensjonsrettar etter TPES-reglane. Medrekning av tenestetid hos tidlegare arbeidsgivar kunne etter TPES-reglane skje utan at premiereserven til fripolisen blei overført til pensjonsfondet i den nye bedrifta. Først når arbeidstakaren blei pensjonert, kunne oppskrivinga av fripolisen i tida frå tilsetjinga til pensjoneringstidspunktet innkalkulerast i den totale pensjonsytinga slik ho var definert hos siste arbeidsgivar. Arbeidsgivar har såleis eit behov for innsyn mellom anna når det gjeld storleiken på arbeidstakars tidlegare opparbeidde pensjonsrettar. NHO uttalar elles at eit eventuelt register bør omfatte fripoliserettar av alle slag.

FNH og Kredittilsynet gir uttrykk for det kan vere meir formålstenleg å vurdere eit register som gir ei samla oversikt over rettar knytte til livs- og pensjonsforsikringar. Det blir vist til at fripoliserettane ofte er små i forhold til dei samla rettane kvar enkelt har. Eit meir omfattande register kan derfor tilfredsstille informasjonsbehova til forsikra og pårørande når det gjeld dekningar, langt ut over det eit fripoliseregister kan gjere. Også NARF skisserer eit alternativ til forslaget frå arbeidsgruppa. NARF meiner at alle opplysningar om pensjonsrettane til kvar enkelt bør sendast til skattemyndigheitene. Skattemyndigheitene kan såleis gi ei enkel oversikt over alle forsikringar og pårekna framtidig pensjon.

Kredittilsynet viser til at eit fripoliseregister kan vere til nytte for andre med pensjonsrettar, til dømes ektefellar og barn, som kan få avklart rettane sine ved å ta direkte kontakt med registeret. Men Kredittilsynet meiner at eit register ikkje vil vere av vesentleg nytte, fordi det i dag berre er ei avgrensa mengd pensjonsinnretningar som for­valtar fripolisar. Kredittilsynet viser også til at det er ei avgrensa mengd tilbydarar for pensjonsrettar frå offentlege tenestepensjonsordningar. Etter Kredittilsynet si vurdering er det såleis ikkje særleg ressurskrevjande for kvar enkelt med pensjonsrettar å skaffe seg oversikt over rettane sine, utan at eit fripoliseregister blir oppretta.

Skattedirektoratet har ingen synspunkt på behovet for eit fripoliseregister, men gir uttrykk for at det kan vere formålstenleg om skattemyndigheitene får innsyn i registeret for å gjennomføre avgiftskontroll (kontroll og betre oversikt for arveavgiftsmyndigheitene over utbetalingar frå pensjonsforsikringar til arvelatar). Men Datatilsynet er svært kritisk til utlevering av opplysningar frå registeret til skattemyndigheitene for kontrollformål. Datatilsynet meiner ei slik løysing vil vere uheldig ut frå omsynet til personvernet og direkte i strid med «lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysningar» (personopplysningslova) § 11 bokstav c. Kontrollomsyn som formål er, ifølgje Datatilsynet, direkte i strid med formålet til fripoliseregisteret.

3.5 Departementet si vurdering

Arbeidsgruppa har utarbeidd utkast til forskrift om eit fripoliseregister for tenestepensjon (fripolisar og pensjonskapitalbevis) etter føretakspensjonslova og innskotspensjonslova. Departementet registrerer at høyringsinstansane er delt i sitt syn på om det bør opprettast eit fripoliseregister for desse ordningane åleine, og at fleire høyringsinstansar meiner at eit fripoliseregister bør omfatte tilsvarande rettar frå offentlege pensjonsordningar. Fleire høyringsinstansar meiner på denne bakgrunnen at det vil vere formålstenleg om problemstillingane knytte til informasjon om eigne pensjonsrettar blir utgreidde nærmare i ein breiare samanheng.

Departementet legg vekt på at informasjon om opptente pensjonsrettar i tenestepensjonsordningane i privat sektor bør vere enkelt tilgjengeleg for dei med pensjonsrettar. Departementet legg til grunn at eit sentralt register over utskrivne fripolisar og pensjonskapitalbevis, når registeret byggjer på brukarvennlege løysingar og gratis tilgang til data om eigen pensjon, kan gjere det lettare for dei med pensjonsrettar å få tilgang til den relevante informasjonen. I dei private tenestepensjonsordningane, der innehavarar av fripolisar og pensjonskapitalbevis årleg får ei oversikt over eigen opptent pensjon i form av ei kontoutskrift frå pensjonsinnretninga, kan eit fripoliseregister vere ei alternativ kjelde til informasjon om pensjonsrettar. Dersom ein person er i tvil om ein har fripolise eller pensjonskapitalbevis, kan registeret bekrefte eller avkrefte dette. Men fordi opplysningane i registeret kjem til å vere innhenta frå pensjonsinnretninga, kan registeret i utgangspunktet ikkje gi informasjon ut over det pensjonsinnretninga kan gi.

Eit fripoliseregister, slik det er føreslått av arbeidsgruppa, kan ikkje gi ei oversikt over dei samla pensjonsrettane til kvar enkelt. Pensjonsopptening som ikkje blir med i det føreslåtte registeret, er mellom anna pensjon i privat tenestepensjonsordning der arbeidstakar eller pensjonist framleis er medlem, opptent pensjon frå arbeidsforhold i offentleg sektor, opptent pensjon i individuelle pensjonsavtalar og opptent pensjon i folketrygda.

Det er i «lov om foretakspensjon» og innskotspensjonslova gitt føresegner om registrering av fripolisar og pensjonskapitalbevis i eit register. Fordelen med eit slikt register er at ein samordnar informasjon, og at etterlatne enkelt kan sjekke om ein avdød person har fripolise eller pensjonskapitalbevis. På dette grunnlag kan ein finna ut kven som har pensjonsrettar etter ein fripolise eller eit kapitalbevis.

Både offentlege og private tenestepensjonsordningar er utforma som eit supplement til ytingar frå folketrygda. Sjølv om offentleg og privat tenestepensjon for mange arbeidstakarar betyr mykje, er folketrygda for dei fleste arbeidstakarar det viktigaste elementet i samla pensjon. Departementet meiner derfor at det, før ein tar endeleg standpunkt i saka, bør vurderast om pensjonsrettar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og frå folketrygda bør inkluderast i eitt register, slik at kvar enkelt får ei betre og meir samkjørt oversikt over samla pensjonsopptening.

I NOU 2004: 1 Modernisert folketrygd er det føreslått omfattande endringar i folketrygda. Dei supplerande offentlege og private tenestepensjonsordningane må i neste omgang tilpassast desse endringane. I samband med oppfølginga av NOU 2004: 1 Modernisert folketrygd vil departementet derfor vurdere korleis informasjon om pensjonsrettar frå folketrygda og frå offentlege og private tenestepensjonsordningar kan leggjast til rette på ein god måte, mellom anna om informasjon om pensjon frå slike ordningar bør takast inn i eit pensjonsregister som kan gi kvar enkelt eit betre samla bilete av eigne pensjonsrettar.

Fotnotar

1.

Arbeidsgruppa har føreslått at fripoliserettar frå regelverket som gjaldt inntil ”lov om foretakspensjon” tredde i kraft, jf. det såkalla ”regelverket for Tjenestepensjon etter skatteloven” (TPES) (”1968-reglene”), òg skal inkluderast i eit fripoliseregister. Bakgrunnen for dette er ”lov om foretakspensjon” § 4-14 første ledd andre setning som lyder: ”Registeret skal så vidt mulig omfatte fripoliser utstedt i henhold til tidligere gjeldende regler om private tjenestepensjonsordninger.”

2.

Fripolise vil i kapitlet om arbeidsgruppa sin vurdering og forslag gjelde både fripolisar og pensjonskapitalbevis.

3.

Medrekning inneber kort fortalt at den nye arbeidsgivaren ved berekning av arbeidstakars pensjonsrettar reknar med arbeidstakars tenestetid og opptent pensjon hos tidlegare arbeidsgivarar.

Til forsida