St.meld. nr. 37 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2003

Til innhaldsliste

4 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

4.1 Regelverksutvikling

I Kredittmeldinga 2002 blei det gitt ei oversikt over regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet for 2002 og fram til 1. juni 2003. Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet hovudsakleg for perioden frå 1. juni 2003 til 31. desember 2003. Framstillinga kan gå noko utover dette tidsrommet. Vidare inneheld omtalen ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same periode. Kredittmeldinga 2002 inneheld som nemnt òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2003. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på nytt her. Sjå elles Kredittmeldinga 2002 kapittel 3.

4.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet endra forskrifta om grunnfondsbevis fleire gonger ved forskrift 23. mai 2003 nr. 623, 18. desember 2003 nr. 1639 og 18. desember 2003 nr. 1750. Endringane fører mellom anna med seg at overkursfond i institusjonar som skriv ut grunnfondsbevis, no kan nyttast til fondsemisjon eller til dekning av utgifter når grunnfondskapitalen blir auka.

Departementet fremma i Ot.prp. nr. 81 (2002–2003) forslag til endringar i «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet» (sentralbanklova) og «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» (finansieringsverksemdslova), og om oppheving av «lov 14. juli 1950 nr. 10» (valutareguleringslova) og «lov 25. juni 1965 nr. 2» (penge- og kredittreguleringslova), jf. Innst.O. nr. 101 (2002–2003). I proposisjonen gjekk departementet inn for å endre praksisen med at partigruppene på Stortinget fremma kandidatar til hovudstyret i Noregs Bank. Samstundes blei det foreslått at ein utvidar krinsen av inhabile til verv i hovudstyret og representantskapet. Det blei også foreslått lovfesting av eit prinsipp om at Noregs Bank skal informere offentlegheita om dei vurderingane som har vore grunnlaget for avgjerder som gjeld utøvinga av pengepolitikken. Valutareguleringslova og penge- og kredittreguleringslova har i dei siste åra ikkje vore aktive instrument i valuta- og kredittpolitikken, og det blei difor foreslått at dei lovene skulle opphevast. Forskriftene til valutareguleringslova inneheldt eit forbod mot at andre enn valutabankar kunne drive valutaveksling eller betalingsformidling med utlandet. Departementet foreslo at ein erstattar det med ny regulering av slik valutaverksemd i finansieringsverksemdslova nytt kapittel 4a. Etter forslaget kunne valutaverksemd drivast av bankar og føretak med konsesjon som finansieringsføretak. Slike føretak skal mellom anna rapportere mistenkjelege transaksjonar til Økokrim. Det blei foreslått at einskilde føresegner om høve til å påleggje opplysningsplikt til Noregs Bank blir vidareførte i sentralbanklova ny § 27 om opplysningsplikt.

Lovreglar i tråd med forslaget blei fastsette ved «lov 20. juni 2003 nr. 44 om endringer i sentralbankloven og finansieringsvirksomhetsloven og om opphevelse av valutareguleringsloven og penge- og kredittreguleringsloven», og sette i kraft 1. januar 2004. I medhald av lova fastsette departementet ved forskrift 19. desember 2003 overgangsreglar i samband med at ein oppnemnde alle dei fem ordinære medlemmene i hovudstyret med vararepresentantar etter ny praksis frå 1. januar 2004. Forskrifta utsette òg opphevinga av føresegner i valutareguleringslova og penge- og kredittreguleringslova som gir grunnlag for opplysningar om valutaforhold og underkursreguleringa av obligasjonar. Underkursreguleringa av obligasjonar i forskrift 20. desember 1996 om emisjonskurs og meldeplikt ved utskriving av ihendehavar­obligasjonar o.a. skal vidareførast inntil nye reglar for skattlegging av obligasjonar er på plass.

Finansieringsverksemdslova og einskilde andre lover blei endra ved «lov 20. juni 2003 nr. 42» med innføring av nye reglar om eigarprøving i finansinstitusjonar. Lovendringa, som tok til å gjelde frå 1. januar 2004, er nærmare omtala i Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.1. Finansdepartementet gav frå same dato ei forskrift med utfyllande reglar til lova, mellom anna om kva for opplysningar ein søknad etter lova må innehalde.

Departementet fastsette 19. desember 2003 «forskrift om melde- og rapportplikt til Norges Bank om betalinger mellom innlendinger og utlendinger mv.», som vidarefører opplysningsplikt om valutaforhold inntil nye lovreglar om valutaregister kan tre i kraft (jf. Ot.prp. nr. 35 for 2003–2004). Forskrifta oppheva forskrift 27. juni 1990 om valutaregulering. Når eit nytt valutaregister kjem i drift, skal opplysningar til utarbeiding av utanriksrekneskapen samlast inn dels frå registeret og dels i medhald av sentralbanklova ny § 27. Departementet har vurdert at det ikkje no er naudsynt med forskrifter til dei nye reglane om valutaverksemd i finansieringsverksemdslova § 4a.

Departementet fastsette 19. desember 2003 «forskrift om oppgaveplikt for rente- og provisjonssatser» i medhald av sentralbanklova § 27. Forskrifta avløyser «forskrift 6. juli 1965 nr. 3777 om oppgaveplikt for rente- og provisjonssatser». Den pålegg forretnings- og sparebankar, og dessutan fleire andre institusjonar som har til formål å yte kreditt, å gi oppgåver til Noregs Bank om kva for rente- og provisjonssatsar som blir nytta ved inn- og utlån.

Departementet fastsette 22. desember 2003 «forskrift om ikraftsettelse og overgangsregler» til «lov 13. desember 2002 nr. 77 om endringer i finansieringsvirksomhetsloven». Lovendringa gjeld overdraging av utlånsportefølje til eit spesialføretak som finansierer kjøpet ved å skrive ut obligasjonar (verdipapirisering), og kredittføretak som skriv ut obligasjonar med pant i utlånsportefølje (særskilt sikre obligasjonar), og blei sett i kraft 1. januar 2004. Lovendringa er nærmare omtala i Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.1. Det blei gitt overgangsføresegner om at finansieringsføretak som driv verksemd som kredittføretak (tek imot attendebetalingspliktige midlar frå allmenta) kan skrive ut særskild sikre obligasjonar, dersom føretaket innan 1. juli 2004 har søkt om særskild konsesjon som kredittføretak etter ei ny føresegn om dette i finansieringsverksemdslova § 3–3.

Departementet fastsette 22. desember 2003 vidare endringar i «forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» (berekningsforskrifta), «forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak», «forskrift 23. april 1997 nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» og «forskrift 23. april 1997 nr. 377 om forsikringsselskapers kapitalforvaltning». Endringane tek omsyn til at særskilt sikre obligasjonar er trygge investeringsobjekt for finansinstitusjonar, ved at slike instrument blir handsama gunstig i dei nemnde forskriftene. Føresegnene om verdipapirfond sine plasseringar er fastsette i verdipapirfondlova. Departementet legg opp til å fremme forslag om tilsvarande endringar i desse reglane.

4.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Lov av 7. juni 2002 nr. 17 om «endringer i lov om foretakspensjon, innskuddspensjonsloven og enkelte andre lover (kombinerte pensjonsordninger mv.)» del I, del II og del III tredde i kraft 1. desember 2003, jf. kgl. res. 7. juni 2002. Dette innebar at det blei opna for kombinerte pensjonsordningar. Samtidig tredde Finansdepartementet si «forskrift av 3. november 2003 om endring i forskrift av 22. desember 2000 nr. 1431 til lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)» i kraft. Ved forskriftsendringane blei det oppretta grenser for maksimale innskot ved kombinerte pensjonsordningar. Sjå ytterlegare omtale av kombinerte pensjonsordningar i Kredittmeldinga 2002 avsnitt 3.1.2.

Finansdepartementet fastsette 4. juni 2003 «forskrift om endring av forskrift 1. desember 2000 nr. 1212 til lov 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon» og «forskrift om endring av forskrift 22. desember 2000 nr. 1413 til lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)». Endringa inneber at pensjonsalder kan setjast til 55 år i pensjonsordningar etter lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon for redningsmenn på helikopter som gjer teneste på oljeinstallasjon til havs.

Finansdepartementet fastsette 27. juni 2003 «forskrift om endring av forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14». Med dette tok departementet bort kravet for ytingar som ikkje er garanterte i utbetalingsperioden om at utbetalingar frå livrente og individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA) ikkje kan reduserast i verdi. Hovudregelen for slike avtalar er likevel at den terminvise utbetalinga ikkje skal utgjere eit større beløp enn verdien av avtalen på utbetalingstidspunktet dividert på dei terminane som står att, medrekna den aktuelle terminen.

Finansdepartementet fastsette 19. september 2003 endringar i «forskrift 19. mai 1995 nr. 482 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskaper» og i «forskrift av 19. mai 1995 nr. 481 om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskaper». Endringane inneber mellom anna auka vekting i berekningsgrunnlaget for enkelte typar skade-forsikring. Vidare inneber endringane at naturskadefondet etter ein overgangsperiode ikkje lenger kan medreknast i solvensmarginkapitalen til skadeforsikringsselskapa. Endringane i solvensmarginregelverket gjeld frå og med rekneskapsåret 2004.

Finansdepartementet fastsette 24. september 2003 «forskrift om endring av forskrift 19. februar 1993 nr. 117 om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond» og «forskrift om endring av forskrift 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser». Endringa inneber at årsrekneskap og årsmelding skal fastsetjast av styret og sendast til Kredittilsynet innan tre månader etter at rekneskapsåret er slutt. For rekneskapsåra 2003 og 2004 er fristen fire månader.

Finansdepartementet fastsette 24. november 2003 «forskrift om endringar i forskrift 15. september 1997 nr. 1005 om premier og forsikringsfond i livsforsikring». Premiar på livsforsikrings­kontraktar med premieforfall frå og med 1. januar 2004 kan ikkje bereknast på grunnlag av ei årleg avkastning på forvalta kapital som er høgare enn tre prosent, uavhengig av kva tid den underliggjande kontrakten blei teikna. Med denne endringa fjernar ein unntaket frå tre prosent-regelen for kontraktar som var teikna før 29. november 1993. Tre prosent-regelen gjeld kollektive livsforsikringskontraktar både i livsforsikringsselskap og pensjonskassar. Kravet om lågare berekningsrente også på gamle kontraktar må sjåast i samanheng med det kraftige fallet i dei lange marknadsrentene. Myndigheitene ser det ikkje lenger som forsvarleg at pensjonsinnretningane garanterer ei avkastning på fire prosent. Forskrifta blei sett i kraft 1. januar 2004.

Finansdepartementet fremma 24. oktober 2003 forslag til «lov om endringer i lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet mv», jf. Ot. prp. nr. 11 (2003–2004). Proposisjonen inneheld mellom anna reglar om kommunale pensjonsordningar (kapittel 8b) og nye reglar om flytting av livs- og pensjonsforsikringskontraktar (kapittel 8c). Lovendringa blei vedteken av Stortinget 18. desember 2003, sanksjonert 19. desember 2003 og sett i kraft 1. januar 2004. Lovendringa opnar for konkurranse i marknaden for kommunale pensjonsordningar ved at alle livsforsikringsselskap kan tilby pensjonsprodukt til kommunal sektor på like vilkår. Dei nye flyttereglane samlar, forenklar og lovfestar det gjeldande regelverket om flytting. Lovendringa inneber at § 7-8 i forsikringsverksemdslova med tilhøyrande «forskrift av 27. november 1997 nr. 757 om rett til overføring av oppsamlede midler knyttet til kollektiv eller individuell livs- eller pensjonsforsikring» blei oppheva og erstatta av eit nytt kapittel 8c i lova. Den generelle retten til å seie opp og overføre midlane som tilhøyrer kontrakten, er ført vidare. Forsikringsverksemdslova kapittel 8c inneheld nærmare reglar om flytting av kollektive pensjonsordningar, individuelle rettar utgått frå kollektive pensjonsordningar og individuelle pensjonsavtalar og livrenter. Kapitlet har dessutan reglar for oppseiing av kontrakten, berekning av midlane, bruk av midlane i den mottakande pensjonsinnretninga, flyttegebyr og oppgjersfrist. I samband med at nye reglar om flytting blei sette i kraft, fastsette Finansdepartementet «forskrift 18. desember 2003 nr. 1610 om maksimale satser for flyttegebyr mv.».

Finansdepartementet fastsette 22. desember 2003 «forskrift 22. desember 2003 nr. 1735 om innbetaling av premier for kommunale pensjonsordninger» med heimel i «lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet» § 8b-9 andre ledd.

4.1.3 Verdipapirhandel

«Lov om endring av lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond mv.» blei vedteken 12. juni 2003 og tredde i kraft 13. august same år. Lova byggjer på Ot.prp. nr. 68 (2002–2003) jf. Innst. O. nr. 99 (2002–2003). Bakgrunnen er endringar i EØS- reglane som svarer til direktiv 85/611/EØF «Om samordning av lover, forskrifter og administrative beslutninger om visse foretak for kollektive investeringer i verdipapirer». Direktivet blei endra ved direktiv 2001/107/EF «Om forvaltningsselskapenes virksomhet og forenklet prospekt» og ved direktiv 2001/108/EF «Om verdipapirfondenes investeringer». Sjå elles omtalen i Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.3 om bakgrunnen for endringa.

Finansdepartementet endra «forskrift 8. juli 2003 nr. 800 om verdipapirfonds handel med derivater» ved forskrift 13. august 2003 nr. 1046 og forskrift 18. desember 2003. Som følgje av EØS-reglar som svarer til direktiv 2001/108/EF, blei det fastsett reglar som medfører ei teknisk gjennomføring av dei ulike føresegnene i direktivet om investeringsområdet for verdipapirfond, under dette utvida tilgjenge til å investere i pengemarknadsinstrument, bankinnskot, verdipapirfondsdelar og unoterte derivat. Sjå Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.3. for nærmare omtale.

Finansdepartementet fastsette 7. november 2003 «forskrift om verdipapirforetaks plikt til å foreta lydopptak av mottatte oppdrag og til oppbevaring av dokumentasjon som gjelder ordremottak». Formålet med forskrifta er å oppnå betre sikring av informasjon om transaksjonar som er initierte av verdipapirføretaka sine kundar.

Finansdepartementet fastsette 18. november 2003 forskrift om endring av forskrift 23. april 1997 nr. 376 «om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer». Med store engasjement meiner ein samla engasjement med ein einskild kunde som utgjer meir enn 10 prosent av institusjonens ansvarlege kapital. Forskriftsendringa inneber at verdipapirføretak som berre har konsesjon etter verdipapirhandellova § 1-2 første ledd nummer 5, ikkje lenger skal omfattast av forskrifta. Slike føretak driv berre marknadsføring av finansielle instrument, og har derfor ingen risiko knytt til oppgjer for finansielle instrument eller kurssvingingar på eigne behaldningar av finansielle instrument. Forskrifta blei sett i kraft 18. november 2003.

Finansdepartementet fastsette 18. desember 2003 (nr. 1638) «forskrift om forvalterregistrering i verdipapirfonds andelseierregister». Forskrifta blei sett i kraft frå 1. januar 2004. I forskrifta er det gitt nærmare reglar om høvet til å føre ein forvaltar inn i verdipapirfondet sitt deleigarregister, jf. verdi­papirfondlova § 6-4 fjerde ledd, m.a. reglar om godkjenning av forvaltarar, forvaltars plikter og for­holdet til differensiert forvaltningsgodtgjering.

Finansdepartementet fastsette 19. desember «forskrift 19. desember 2003 om endring i forskrift 13. august 2003 nr. 1046 om prospekt for verdipapirfond». Einskilde endringar blei fastsette i reglane om delårsrapportar og prospekt. Desse endringane fører mellom anna til at forvaltningsselskap for verdipapirfond er pålagde å utarbeide både heilt dekkjande og forenkla prospekt for kvart verdipapirfond.

Finansdepartementet fastsette 19. desember 2003 «forskrift om endring av forskrift av 14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerhetsstillelse for verdipapir­foretak» § 5, ved at forskrifta § 5 første ledd andre punktum om at den samla sikringa kunne bli avgrensa opp til 25 millionar kronar, blei oppheva. Dette blei gjort fordi ESA har meint at forskrifta på dette punktet har vore i strid med direktiv 97/9/EF om erstatningsordningar for investorar. Finans­departementet sende 2. mars 2004 på høyring eit forslag til endringar i verdipapirhandellova § 8-13 om sikringsordningar for verdipapirføretak. Høyringsnotatet inneheld forslag om å etablere ei kollektiv garantiordning for verdipapirføretak.

4.1.4 Rekneskap og revisjon

Lov av 20. juni 2003 nr. 43 gjer visse endringar i «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer» (revisorlova). Endringane gjeld mellom anna tilgjenge til å godkjenne praksis frå Riksrevisjonen, og tilgjenge for Kredittilsynet til ved enkeltvedtak å gjere unntak frå lovkravet om fast kontorstad i Noreg. Endringane gjeld vidare krav om at revisjonsmeldinga for revisjonspliktige skal vere på norsk. Kravet om å gi opplysningar til Revisorregisteret om medlemskap i revisororganisasjon blei oppheva. Samstundes blei kravet om å gi opplysningar om namn på alle godkjende revisorar i revisjonsselskap erstatta av eit krav om å gi opplysningar om namn på ansvarlege revisorar. Sjå Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.4. for nærmare omtale.

«Forskrift 4. juli 2003 nr. 0897 om atskilte regnskaper for foretak som er gitt særlige eller eksklusive rettigheter eller som utfører tjenester av allmenn økonomisk betydning» blei fastsett ved Kronprinsregentens resolusjon 4. juli 2003 i medhald av rekneskapslova § 9-1 (sjå omtalen i Kredittmeldinga 2001 punkt 5.1.4). Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarer til direktiv 2000/52/EF (endringar i innsynsdirektivet). Forskrifta krev særskild rekneskapsrapportering frå føretak som det offentlege har gitt ein særleg eller eksklusiv rett, og føretak som mottek statsstønad for å utføre tenester av allmenn økonomisk verdi, og som i tillegg driv anna verksemd. Føretaka skal føre skilde rekneskapar for dei ulike delane av verksemda. Krava skal mellom anna sikre EFTAs overvakingsorgan eit grunnlag for kontroll av mogleg kryssubsidiering i strid med reglane i EØS-avtalen om ulovleg statsstønad.

Finansdepartementet fastsette 8. desember 2003 endringar i «forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer». Endringane inneber at Kredittilsynet kan godkjenne inntil to års praksis frå Riksrevisjonen som relevant del av kravet til tre års praksis for godkjend revisor, på lik linje med praksis frå kommunal- og fylkeskommunal revisjon og skatterevisjon. Forskriftsendringane blir sette i kraft frå 1. januar 2004.

Departementet fremma i Ot.prp. nr. 15 (2003–2004) forslag til endringar i «lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsrekneskap» om rekneskapsmessig behandling av finansielle instrument, bruk av eigenkapitalmetoden og bruttometoden ved vurdering av investeringar i dotterselskap, tilknytt selskap og felleskontrollert verksemd i selskapsrekneskapen, og om offentlegheit for rekneskapsdokument frå utanlandsk føretak som driv verksemd i Noreg. Lovendringar i samsvar med forslaga blei fastsette ved lov 19. desember 2003 nr. 121 og tok til å gjelde 1. januar 2004. Rekneskapsreglane om finansielle instrument gjennomfører EØS-reglar som svarer til direktiv 2001/65/EF. Som varsla i Ot.prp. nr. 15 er detaljreglar etter direktivet gjennomførte i forskrift. Finansdepartementet fastsette 19. desember 2003 «forskrift 19. desember 2003 nr. 1642 om regnskapsføring av finansielle instrumenter». Som ein konsekvens blei «forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike» endra 19. desember 2003 og «forskrift 23. august nr. 927 om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak» endra 23. februar 2004.

4.1.5 Anna

12. juni 2003 gjorde Stortinget vedtak om «lov om tiltak mot hvitvasking av utbytte fra straffbare handlinger mv.» (kvitvaskingslova), jf. Ot.prp. nr. 72 (2002–2003) og Innst. O. nr. 100 (2002–2003). Lova blei sanksjonert 20. juni 2003. Kompetansen til å bestemme iverksetjing og gi overgangsreglar blei delegert til Finansdepartementet, jf. kgl. res. 20. juni 2003 nr. 733. Sjå omtale i Kredittmeldinga 2002 punkt 3.1.5 og Kredittmeldinga 2001 punkt 4.3. Finansdepartementet fastsette 10. desember 2003 «forskrift om tiltak mot hvitvasking av utbytte fra straffbare handlinger mv.» (kvitvaskingsforskrifta). Forskrifta inneheld utfyllande reglar til lova. Både kvitvaskingslova og kvitvaskingsforskrifta blei sette i kraft frå 1. januar 2004.

Fagansvaret for Einingsregisteret blei ved kgl. res. 29. august 2003 overført frå Finansdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.

4.1.6 Særleg om fastsetjinga av forseinkingsrentesatsen

Finansdepartementet fastsette 17. desember 2003 «forskrift om renter ved forsinket betaling». Forskrifta kjem på bakgrunn av ei endring i forseinkingsrentelova. Endringa inneber at forseinkingsrentesatsen skal fastsetjast kvart halvår, med verknad frå 1. januar og frå 1. juni. Kompetansen til å fastsetje renta er lagd til Finansdepartementet. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, tillagd minst 7 prosentpoeng. I samband med behandlinga av endringa i forseinkingsrentelova i Stortinget blei Regjeringa bedd om å melde tilbake til Stortinget korleis Finansdepartementet har tenkt å informere om fastsetjinga av rentesatsen, sjå Innst. O. nr. 5 (2003–2004). Finansdepartementet nyttar i det følgjande høvet til å gjere greie for korleis ein vil kunngjere dette. Departementet sende ut eit skriv 12. desember 2003 med framlegg om retningslinjer for departementet si fastsetjing av rentesatsen. Av desse retningslinjene går det fram at departementet vil ha som utgangspunkt at påslaget på styringsrenta skal vere 7 prosentpoeng. Vidare tek departementet sikte på å fastsetje rentesatsen så snart som mogleg etter Noregs Bank sitt siste rentemøte før 1. januar og 1. juli. Når det gjeld kunngjeringa av rentesatsen, vil fastsetjinga av sjølve forskrifta bli kunngjord i Lovdata på vanleg måte. I tillegg vil departementet be om at informasjon om fastsetjinga blir lagd ut på opningssida til Lovdata. Endringar i forseinkingsrenta blir vidare annonserte i dagspressa og i Norsk Lysingsblad. Endeleg blir gjeldande rentesats tilgjengeleg på departementet si nettside saman med informasjon om historiske endringar i satsen. Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til forslaget. Finansdepartementet offentleggjorde retningslinjene 14. april 2004.

4.2 Oversikt over viktige forvaltningssaker

Ved Finansdepartementet sitt vedtak 4. juli 2003 fekk Sandnes Sparebank løyve til å kjøpe alle aksjane i Acta Bank ASA og løyve til å eige banken som eit dotterselskap i ein periode på opptil to år. Den dåverande eigaren av Acta Bank ASA, Acta Holding ASA, fekk samstundes løyve til å overdra banken og godkjenning av ny konsernstruktur. I samband med eigarskiftet blei det også gitt mellombels dispensasjon frå kapitaldekningskravet til Acta Holding ASA og godkjenning av samarbeidsavtale mellom Sandnes Sparebank og Acta Holding ASA. Det blei sett vilkår for løyva. Avviklinga av Acta Bank ASA blei godkjend 28. januar 2004.

Finansdepartementet gav 4. juli 2003 Assuranceforeningen Skuld (Gjensidig) mellombels dispensasjon frå kravet til tryggingsavsetnad i «forskrift av 10. mai 1991 nr. 301 om forsikringstekniske avsetninger og risikostatistikk i skadeforsikring». Det blei og gitt mellombels dispensasjon frå kravet til solvensmarginkapital i forsikringsverksemdslova § 7-3 femte ledd og solvensmarginforskrifta § 7. Det blei sett vilkår for dispensasjonane.

Finansdepartementet avslo i brev 15. juli 2003 å gi unntak frå forbodet mot gjensidig representasjon i styra for Storebrand Livsforsikring Holding, Storebrand Livsforsikring AS og Storebrand Fondsforsikring AS.

Finansdepartementet avslo 31. juli 2003 ein søknad frå Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) om dispensasjon frå reglane om høgste engasjement med ein enkelt kunde for låneengasjementet deira i dotterselskapa OBOS Nye Hjem AS og OBOS Forretningsbygg AS. På grunn av innskots- og utlånsverksemda si er OBOS omfatta av EØS-reglar som svarer til EFs bankdirektiv (direktiv 2000/12/EF). Ved avgjerda la Finansdepartementet til grunn at dispensasjon ville vere i strid med EØS-pliktene etter bankdirektivet. OBOS si klage over avgjerda blei avslått ved kronprinsregentens resolusjon 19. desember 2003.

I brev 18. august 2003 avslo Finansdepartementet søknad frå Postbanken Eiendomsmegling om å få unntak frå regelen i eigedomsmeklingslova § 2-6. Av denne regelen følgjer at person eller selskap som driv eigedomsmekling, ikkje kan drive anna næringsverksemd. Departementet kan i einskilde vedtak eller forskrift fastsetje unntak frå denne regelen. Postbanken Eiendomsmegling hadde mellom anna søkt om å få selje bankinnskotsprodukt med tilknytte tilleggstenester, og å tilby rådgiving knytt til slike tenester.

Finansdepartementet samtykte 28. august 2003 i at Sparebanken Flora-Bremanger og Sparebanken Sogn og Fjordane slo seg saman, med Sparebanken Sogn og Fjordane som overtakande bank. Finansdepartementet gav samstundes samtykke til at Sparebanken Flora-Bremanger hadde ei kapitaldekning lågare enn 8 prosent for den perioden det tok frå nedskrivinga av grunnfondsbeviskapitalen skjedde, til samanslåinga med Sparebanken Sogn og Fjordane blei gjennomført, likevel slik at perioden ikkje kunne strekkje seg ut over eit døgn. Departementet gjorde òg unntak frå eigaravgrensingsreglane, slik at Sparebanken Sogn og Fjordane fekk løyve til å eige meir enn 10 prosent av grunnfondsbevisa i Sparebanken Flora-Bremanger for den perioden det tok før tilbakebetaling og sletting av grunnfondsbeviskapitalen i sist nemnde bank blei gjennomført.

Finansdepartementet gav 9. september 2003 Nesset Sparebank mellombels dispensasjon frå kravet til kapitaldekning.

I brev 18. september 2003 avslo Finansdepartementet Bergen kommune sin søknad om samtykke til å kunne stille kommunal garanti for kravet til administrasjonsreserven i Bergen kommunale pensjonskasse. Tilsvarande søkte Oslo Pensjonsforsikring AS 29. mai 2002 om samtykke til at Oslo kommune kunne stille kommunal garanti for kravet til administrasjonsreserven i Oslo Pensjonsforsikring AS. I brev 18. september 2003 avslo Finansdepartementet søknaden frå Oslo Pensjonsforsikring AS.

I brev 25. september 2003 avslo Finansdepartementet klage frå Den norske Bank ASA på vegner av DnB Absolute Return Investment AB, over avslag på søknad om løyve til å marknadsføre verdipapirfondet DnB Multihedge i Noreg. Fondet plasserer midlane sine i underfond av ein type som norske verdipapirfond ikkje ville fått løyve til å investere i. Underfonda DnB Multihedge har høve til å investere i, kan mellom anna selje aksjar dei ikkje eig, investere med lånte midlar og bruke derivat i større omfang enn norske fond. Dette er strategiar norske fond ikkje har høve til å bruke, verken direkte eller indirekte gjennom investering i underfond. Avslaget blei grunngitt med at norske investorar ved plassering i DnB Multihedge ikkje får vern «minst på linje med den beskyttelse de har ved investeringar i norske verdipapirfond», jf. verdipapirfondlova § 6-13 første ledd nr. 4. Finansdepartementet avslo same dagen også to andre klager over avslag på søknad om løyve til å marknadsføre utanlandske verdipapirfond i Noreg, ein frå Key Asset Management Noreg ASA og ein frå Gjensidige NOR Kapitalforvaltning. Avslaga blei grunngitt med at verdipapirfondlova § 6-13 første ledd nr. 4 ikkje var oppfylt. Same dag bad Finansdepartementet Kredittilsynet om å vurdere moglege endringar i lova som etter omstende kan opne for auka sal av slike fond i Noreg.

Finansdepartementet avslo i brev 16. oktober 2003 avviklinga av Stiftelsen Trøgstad Brannkasse. Avslaget var blant anna grunngitt med at stiftelsen ikkje oppfylte krava i finansieringsverksemdslova om at vedtektene skal innehalde føresegner om korleis formuen skal disponerast dersom stiftelsen blir oppløyst.

Finansdepartementet gav 22. oktober 2003 løyve til at Nordea AB kunne kjøpe alle aksjane i Nordea Bank Norge ASA. Før dette var det Nordea bank Finland Plc som åtte aksjane. Departementet gav også løyve til endringane i eigarforholdet i Nordea Bank Norge ASA som følgje av at Nordea AB fusjonerte med Nordea Bank Sverige AB. Planen er at konsernspissen i Sverige skal vere ein bank, og dei andre bankane skal vere dotterselskap av den.

I brev 27. oktober 2003 gav Finansdepartementet Protector Forsikring ASA løyve til å drive skadeforsikringsverksemd og gjenforsikring innanfor all skadeforsikring med unntak av klassene 14 kredittforsikring og 15 kausjonsforsikring.

Finansdepartementet gav 28. november 2003 holdingselskapa DnB Holding ASA og Gjensidige NOR ASA konsesjon til å etablere finanskonsernet DnB NOR ASA gjennom fusjon av dei to morselskapa. Samstundes gav Finansdepartementet løyve til å fusjonere dei operative bankane Den norske Bank ASA og Gjensidige NOR Sparebank ASA. Finansdepartementet sette einskilde vilkår for konsesjonen. Desse vilkåra stod ikkje i motstrid til vilkåra i Konkurransetilsynet sitt vedtak, men på enkelte punkt gjekk vilkåra som var fastsette av Finansdepartementet, noko lenger. Det blei mellom anna stilt krav til bruken av forretningskjennemerke. Konsernet må også innan gitte fristar redusere sin eigarpart i Bankenes Betalingssentral, Eksportfinans ASA, Norsk Tillitsmann ASA og Bolig- og Næringsbanken ASA.

Finansdepartementet godkjende 1. desember 2003 vedtak om oppløysing og avvikling av Det Gjensidige Forsikringsselskap Eksplosionsskade.

Finansdepartementet gav 5. desember 2003 løyve til Color Group ASA til å eige opp mot 25 prosent av aksjekapitalen i Kredittbanken ASA ved eventuelt erverv av aksjar etter at Color Group ASA stilte fullteikningsgaranti på inntil 20 mill. kroner i samband med fortrinnsrettsemisjon i Kredittbanken ASA. Heimel for dette var «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» § 2-2 andre ledd nr. 11. Løyvet gjeld i tre år frå ervervet. Det blei også stilt andre vilkår for løyvet.

Finansdepartementet gav 10. desember 2003 Norsk Legemiddelforsikring AS løyve til å drive ansvarsforsikring med heimel i «lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet» § 2-1 og forskrift 18. september 1995 «om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» § 3 bokstav f. Løyvet blei avgrensa til å gjelde forsikring og gjenforsikring for Legemiddelansvarsforeninga. Norsk Legemiddelforsikring AS fekk samstundes unntak frå eigaravgrensinga i «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» § 2-2 første ledd, slik at selskapet kan eigast av Legemiddelansvarsforeninga. Departementet sette vilkår for løyvet. Verksemda starta 1. januar 2004.

Ved brev 16. desember 2003 gav Finansdepartementet dei tre føretaka Buypass Originator AS, Contopronto AS og SmartCash AS løyve til å drive verksemd som e-pengeføretak, jf. «lov av 13. desember 2002 nr. 74 om e-pengeforetak» § 2-1. Elektroniske pengar er kjøpekraft betalt på førehand i form av ein lagra pengeverdi på ei elektronisk innretning. Det blei stilt enkelte vilkår for løyva, mellom anna at føretaka berre kan opprette ein e-pengekonto pr. kunde, og at ein kunde maksimalt kan ha 10 000 kroner inneståande.

Finansdepartementet trekte 18. desember 2003 attende M- Tre Kraft ASA sitt løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass etter «lov av 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m.» (børslova) § 2-2 første ledd.

eSolutions Group AS fekk i brev 19. desember 2003 unntak frå delar av «lov av 13. desember 2002 nr. 74 om e-pengeforetak», jf. § 1-2. Finansdepartementet la i si vurdering vekt på at føretaket driv ei avgrensa verksemd. Finansdepartementet fastsette einskilde vilkår for unntaket, mellom anna at ein kunde maksimalt kan ha 1000 kroner inneståande.

I brev 19. desember 2003 gav Finansdepartementet Sjøtrygdegruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap løyve til å eige inntil 100 pst. av grunnfondsbevisa som er utskrivne av Fiskernes Gjensidige Trygdelag fram til 31. desember 2005. Løyvet blei gitt på vilkår av at Sjøtrygdegruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap innan 31. desember 2005 set i verk eit spreiingssal av grunnfondsbevisa som inneber at ingen enkelteigar har meir enn 10 pst. av grunnfondsbeviskapitalen.

Finansdepartementet avslo 19. desember 2003 klage frå Capital Eiendomsmegling over Kredittilsynet sitt vedtak om å ileggje selskapet dagmulkt på 1000 kr for manglande innsending av halvårsoppgåve. Plikt til å sende inn slik oppgåve følgjer av forskrift «om rapporteringsplikt for eiendomsmeglingsvirksomhet», jf. eigedomsmeklingslova § 2-7 og kredittilsynslova § 4 første ledd nr. 3.

Finansdepartementet utnemnde 10. april 2003 styret for Finansmarknadsfondet. Dette er nærmare omtala i Kredittmeldinga 2002. Finansdepartementet fastsette 19. desember 2003 vedtektene for Finansmarknadsfondet. Fondet har til formål å auke kunnskap om og forståing av korleis dei finansielle marknadene fungerer, til dømes regulering av marknader og marknadsaktørar, og å fremme innsikt og auke medvit med omsyn til etikk på finansmarknadsområdet. Avkastninga av fondet, som utgjer om lag 10 millionar kroner årleg i ti år, skal delast ut til forsking, utdanning og allmennopplysning innanfor finansmarknadsområdet. Det skal kunne søkjast om midlar to gonger i året. Søknadsfristane er 1. mars og 1. september kvart år. Det blei utlyst midlar frå fondet fyrste gong 19. desember 2003 med frist for søknad 1. mars 2004. Fyrste utdeling frå fondet skal såleis skje i 2004.

Til forsida