St.meld. nr. 46 (2002-2003)

Kvitteringar frå politiet ved visitasjon og annan kontroll

Til innhaldsliste

3 Praksis i andre land

3.1 Innleiing

I samband med oppfølgjinga av ECRI 1999: Second Report on Norway og førarbeidet til regjeringa sin Handlingsplan mot rasisme og diskriminering (2002-2006) henta Justisdepartementet inn informasjon frå England og Skottland om bruk av kvitterings-/registreringsordningar og kontroll av politiet. Under førebuing av denne meldinga vart det i tillegg henta inn informasjon frå Danmark, Sverige og Finland. Av desse landa er det berre England og delvis Skottland som har gjort forsøk med ordningar på line med det Stortinget har etterspurd i sitt vedtak.

Nedanfor følgjer ein kort oversikt over ordningane i England og Skottland, samt nokre kommentarar som er mottekne frå Danmark, Sverige og Finland.

3.2 England

England har, delvis på bakgrunn av historia si, ein stor del innbyggjarar med minoritetsbakgrunn. Somme grupper har vore i landet i fleire generasjonar og er godt integrerte i samfunnet. Andre lever meir isolerte. Landet har lenge slite med konfliktar mellom ulike grupper.

I 1970 og -80-åra opplevde ein til dels store raseopptøyar i landet. Det vart utarbeidd ein rapport (Scarman-rapporten) som slo fast at politiet si sterke fokusering på unge svarte menn var ein utløysande faktor for opptøyane. Rapporten resulterte i «Police and Criminal Evidence Act 1984», som samla og kodifiserte tidlegare lovgjeving og praksis for mellom anna ransaking, og presiserte ein del forhold relatert til politiet sin praksis med ransaking. Lova pålegg mellom anna politiet å grunngje kvifor ransakinga skjer og skrive ned diverse opplysningar i samband med ransakinga. Informasjonen skal vere tilgjengeleg i minimum 12 månader, og den som er ransaka skal kunne få kopi av «protokollen» på førespurnad.

Prøveprosjekt med kvitteringar i samband med politikontrollar skjedde etter at politiet vart sterkt kritisert for handteringa av ei drapssak som vart rekna for å vere rasistisk motivert. Den følgjande undersøkingskommisjonen sin rapport av 1994 slo fast at politiet sitt arbeid med etterforskinga av drapet ikkje hadde vore tilfredsstillande, og at dette måtte sjåast i samanheng med ei form for institusjonell rasisme i politiet.

For å betre minoritetsgruppene si tillit til politiet og endre politiet sine haldningar til etniske minoritetar, vart det foreslått fleire tiltak. Registrering av alle tilfelle der politiet stoppa og kontrollerte/visiterte personar («stop and search») var eitt av desse tiltaka. Denne registreringa skulle gjerast av alle «stops», uavhengig av grunnlag, og skulle også gjelde det som i England vert kalla «frivillige stopp». Grunnen til «stoppet», resultatet av ei eventuell ransaking, og den kontrollerte/visiterte sine eigne opplysningar om etnisk tilhøyring skulle skrivast ned. Det skulle, dersom det var mogeleg, gjevast ein kopi av desse opplysningane på staden til den som var stoppa. Opplysningane skulle samlast inn og behandlast av overordna organ, og så gjerast offentlege.

Ordninga har vore prøvd ut i fleire politidistrikt sidan 1994, og det har vore gjennomførd fleire evalueringar av pilotprosjekta. Konklusjonane er ikkje eintydige. Ein del positive erfaringar knyter seg til at publikum har opplevd å få betre informasjon og forståing for politiet sitt arbeid, og at ein opplever kvitteringa som eit nyttig «bevis» i eventuelle klagesaker. Nokre tenestemenn har opplevd ordninga som ei profesjonalisering av eige arbeid med vekt på informasjon til publikum, samt ei meir medviten haldning til gjennomføringar av kontrollar. Generelt sett er politiet negativ til ordninga. Særleg Police Federation har motarbeidd innføring av ei permanent ordning. Motførestillingane går mellom anna på at ein finn det uakseptabelt å måtte dokumentere bruk av den mynde ein er pålagd. Vidare meiner Police Federation at ein vert påførd betydeleg ekstraarbeid gjennom byråkratiske prosedyrer. Det vert hevda at dette fører til at politiet kvier seg for å ta kontakt med publikum, og som igjen av nokon vert hevda å ha førd til auka kriminalitet. Over tid har det vist seg at ein har eit betydeleg problem med underrapportering i samband med ordninga, noko som påverkar høvet til å trekkje konklusjonar frå det statistiske materialet. Det har også vist seg vanskelegare enn venta å analysere materialet, av di det er dei som er til stades på visse stader på eit gitt tidspunkt som påverkar kven som møter politiet, og ikkje delen etniske minoritetar som bur i området. Publikum frå alle etniske kategoriar har reagert negativt på spørsmål om etnisk tilhøyring, og det har vist seg å vere vanskeleg å finne gode løysingar på problema med klassifisering.

Det har vore forska mykje på ordningane kring «stop and search» i England. Det er likevel ikkje dokumentert at politiet sin praksis ved utvelging av personar som vert ransaka, er diskriminerande.

Forskinga og evalueringa av prosjekta har heller ikkje vore eintydige nok til at ein har lovfesta ordninga. Det var venta at dette skulle skje i 2002, men regjeringa har i staden vedteke å setje i verk fleire prøveprosjekt. Alle partar synest likevel å vere samde om at publikum si haldning til politiet og politiet sitt arbeid vert påverka av korleis politiet oppfører seg i ein gitt situasjon, kva type informasjon som vert gitt og på kva måte denne informasjonen vert presentert.

3.3 Skottland

Demografisk, historisk og rettsleg skil Skottland seg frå England. Demokratisk likskap mellom Noreg og Skottland gjer at tilhøva i desse to landa kan vere relevante for samanlikningar.

Skottland har ikkje opplevd raseopptøyar på same måten som England, og ein har heller ikkje fått den same sterke kritikken mot politiet si handtering av etniske minoritetar. På same måten som i Noreg fanst det heller ikkje undersøkjingar som kunne avkrefte eller stadfeste om politiet er diskriminerande i måten å opptre på.

Det har vore gjennomførd eit pilotprosjekt med registrering av ransakingar i samband med fleire forhold. Publikum har kunne få gjenpart av registreringa i ettertid mot betaling av eit gebyr. Noko av føremålet med dette har vore å gjere det lettare for publikum å klage etter ein kontroll, dersom ein ønska det. Ein har opplevd det som vanskeleg å finne gode praktiske løysingar for registrering og vurdering av registreringsskjemaene. Andre problemområde er korleis ein skal registrere kontroll der det ikkje er gjort funn, kor lenge ein skal ta vare på informasjon og måten informasjonen skal takast vare på.

I Skottland har det ikkje vore forska på politiet sitt «stop and search» på same måten som i England. I 2000-2001 vart det gjennomførd eit prosjekt for å få kartlagd om det var problem med politiet sine prosedyrer sett frå politiet og publikum si side. Undersøkjinga viste at det er lite merksemd og problematisering kring dette i Skottland, og at mange ser på det heile som eit «engelsk» problem. For einskilde unge menn i buområde var det likevel ikkje slik. «Stop and search» var ein del av den kvardagen dei opplevde som trugande og ubehageleg. Undersøkjinga har ikkje vist at politiet stoppar personar med minoritetsbakgrunn oftare en andre, men gjeve indikasjonar på at politiet truleg unngår kontakt med personar med minoritetsbakgrunn for ikkje å bli skulda for å vere rasistar.

Skottland ventar på eventuelle avgjerder sentralt frå regjeringa i London før det vert sett i verk nye ordningar på området.

3.4 Danmark

Danmark har ikkje kvitteringsordning, og det har ikkje vore vurdert å innføre det. Det har ikkje vore gjort undersøkjingar av politiet sine haldningar til innvandrarar og flyktningar spesielt, eller i høve til heile folkesetnaden. Rigspolitischefen opplyser at ein for å sikre at den einskilde polititilsette utfører tenesta på ein ikkje-diskriminerande måte, underviser i pedagogikk og kultursosiologi på politiet si grunn-, vidaregåande- og leiarutdanning.

3.5 Sverige

Politiet i Sverige skal i tråd med gjeldande regelverk dokumentere spesifiserte handlingar ved å opprette ein «protokoll». Protokollane vert tekne vare på slik at ein har høve til å gå tilbake i ettertid og kontrollere politiet sine handlingar. Opplysningane i protokollane vert likevel ikkje førde i noko register, og det vert ikkje levert ut noko kvittering til einskildpersonar.

Regjeringa arbeider for å sørge for at politiet ikkje er diskriminerande i tenesteutføringa si. Dette går ut på å utvikle politiet sin kompetanse når det gjeld å handtere rasistisk motivert kriminalitet, samt å utrydde eventuelle negative haldningar som kan finnast mot innvandrarar i politiorganisasjonen. Verkemiddel som blir brukte er styringsdokument, krav i samband med rekruttering til Politihøgskulen, fokus på etikk og verdispørsmål i politiopplæringa, samt forsøk på å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn til politiet.

Det er ikkje drive noko forsking som direkte fokuserer på politiet sitt forhold til etniske minoritetar.

3.6 Finland

Finland har ikkje kvitteringsordning, og det er heller ingen planar eller nokon debatt i landet som tyder på at det vil bli innførd. Ein har ikkje hatt særskilde problem som har gjort temaet aktuelt.

Rasisme og diskriminering i politiorganisasjonen har ikkje vore i fokus for forsking.

Alle polititenestemenn og -kvinner skal ha eit tenestemerke som kan visast fram dersom det er nødvendig eller krevd. På uniforma skal det som hovudregel berast eit namneskilt, der i det minste etternamnet skal framgå. I særskilde situasjonar kan ein likevel la vere å bruke namneskiltet. Bruken av namneskilt og tenestemerke gjer det enklare å finne fram til den som har gjort ei tenestehandling.

Regjeringa fatta i 1997 ei prinsippavgjerd om auka toleranse og motarbeiding av rasisme i den statlege forvaltinga. Dette er følgd opp av retningsliner for politiet. Desse retningslinene er no under revisjon. Regjeringa si avgjerd og politiet sine retningsliner er pensum både i grunnutdanninga og vidareutdanninga for politiet.

Til forsida