St.meld. nr. 46 (2009-2009)

Norsk sjøpattedyrpolitikk

Til innhaldsliste

3 Selfangstnæringa

3.1 Grønlandssel i Vestisen. Bestand og uttak

Med Vestisen meiner vi i hovudsak drivisområda i fiskerisona ved Jan Mayen og i havområda ved Jan Mayen utanfor Grønlands økonomiske sone og sørvest av Svalbard, og i tilgrensande område i Grønlands økonomiske sone og Islands økonomiske sone.

Det ligg føre ein serie utrekningar av ungeproduksjonen i Vestisen i perioden 1983 – 1991 basert på merking og gjenfangst. I 2002 vart produksjonen utrekna til om lag 98 500 ungar basert på teljingar frå helikopter og flyfoto. Dersom vi legg overslaga frå 1983 – 1991 og 2002 til grunn for ei framskriving av bestanden, ville produksjonen i 2005 vere 106 000 ungar, tilsvarande ein bestand av eitt år gamle og eldre dyr på 618 000.

Tabell 3.1 viser kvotetilrådingane til ICES, dei fastsette kvotane og fangst av grønlandssel i Vestisen i perioden 1999 – 2008. Talet på dyr i kvoten blir rekna som eitt år gamle og eldre dyr. Kvotane kunne også takast som ungar etter dieperioden, men då slik at to ungar tilsvarar ein eitt år gammal eller eldre sel. Det internasjonale råd for havforsking – ICES – har laga framskrivingar av bestanden under ulike fangstalternativ. Utrekningane viser at likevektsfangsten (dvs. fangst som er på eit slikt nivå at det sannsynlegvis vil stabilisere bestanden over ein 10-årsperiode) for 2006 og framover er på 31 200 eitt år gamle og eldre dyr eller om lag det doble dersom fangsten blir teken som ungar. Fangstane etter 1982 har vore lågare enn utrekna likevektsfangst, og vi må difor tru at bestanden er i vekst, eller eventuelt stabilisert fordi han kan vere nær bereevna til økosystemet.

Tabell 3.1 Utvikling av kvotar og fangst av grønlandssel i Vestisen 1999 – 2008

 1999200020012002200320042005200620072008
ICES kvotetilråding grønlandssel17 00017 00015 00015 00015 00015 00015 00031 20031 20031 200
Norsk kvote grønlandssel17 00017 00015 00015 00015 00015 00015 00031 20031 20031 200
Fangst grønlandssel57012 3212 9921 2282 2779 8957 2053 3047 8271 263

I 2007 vart det gjennomført ny teljing og modellering av bestanden. Totalbestanden i 2007 vart rekna til 756 200 dyr, fordelt på 109 800 ungar og 646 400 eitt år gamle og eldre dyr.

3.2 Grønlandssel i Austisen. Bestand og uttak

Med Austisen meiner vi områda aust for 20° aust i Russlands økonomiske sone.

Fem uavhengige russiske teljingar av ungeproduksjonen mellom 1998 og 2003 er nytta i modelleringa av bestanden. Dette viser ein produksjon i 2005 på 361 000 ungar og ein bestand av eitt år gamle og eldre dyr på 2 065 000 .

I 2004 og 2005 vart ungeproduksjonen tald ved hjelp av visuelle observasjonar frå helikopter, og i 2006 og 2007 med fly. Ingen av desse teljingane har hatt den same kvaliteten som teljingane frå 1998 – 2003, og er heller ikkje tekne med i ICES si modellering av bestanden.

Tabell 3.2 viser kvotetilrådingane til ICES, dei fastsette kvotane og fangst av grønlandssel i Austisen i perioden 1999 – 2008. Uro kring statusen til bestanden gjer at han blir modellert med høgre ungedød enn andre bestandar, og det gir færre val for likevektsfangst. Bakgrunnen for dette er at det kan vere høge dødstal hos selungar, selinvasjonar på norskekysten, låge observerte reproduksjonsratar og stigande alder ved kjønnsmogning. Likevektsfangst for 2006 og åra framover, dvs. fangst på eit nivå som gjer det sannsynleg at bestanden stabiliserer seg over ein 10-årsperiode, er av ICES rekna til 78 200 eitt år gamle og eldre dyr eller eit omrekna ungetal (der 2,5 ungar tilsvarar éin eldre sel).

Tabell 3.2 Utvikling i kvotar og fangst av grønlandssel i Austisen 1999 – 2008

 1999200020012002200320042005200620072008
ICES kvote­tilråding grønlandssel21 70027 70053 00053 00053 00045 10045 10078 20078 20078 200
Totalkvote grønlandssel21 70127 70153 00153 00153 00145 10045 10078 20078 20055 000
Norsk kvote grønlandssel5 0005 0005 0005 00010 00010 00010 00010 00015 00010 000
Norsk fangst grønlandssel1 1396 3575 2002 3485 298010 50610 0236 1530

Alle teljingar etter 2003 tyder på ein betydeleg reduksjon i ungeproduksjonen. Russiske forskarar meiner at det kjem av at det årlege isdekket i Kvitsjøen blir mindre og varer kortare. Under forhandlingane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i St. Petersburg i oktober 2007 foreslo difor den russiske part ein mellombels reduksjon av kvoten til 45 100 eitt år gamle og eldre dyr med same omrekningsfaktor til ungar som før. Frå norsk side understreka vi at grønlandsselen si rolle i økosystemet gjer at rådgivingsnivået frå ICES bør oppretthaldast. Som eit kompromiss vart det bestemt at totalkvoten for grønlandssel i Austisen/Kvitsjøen skulle setjast til 55 000 eitt år gamle og eldre dyr der 2,5 ungar balanserer éin eldre sel.

Sidan 1982 har fangsten vore mindre enn utrekna likevektsfangst. Difor er det sannsynleg at bestanden kan vere nær bereevna til økosystemet i Barentshavet. Reduksjon i fødselsratar og stigande alder ved kjønnsmogning tyder også på det.

3.3 Klappmyss i Vestisen. Bestand og uttak

Bestanden av klappmyss i Vestisen vart sterkt redusert frå slutten av 1940-talet og fram til rundt 1980. Denne nedgangen kom hovudsakleg av overutnytting. Etter 1980 ser det ut til at bestanden har stabilisert seg på eit lågt nivå som truleg ikkje er meir enn vel 10 % av nivået for rundt 60 år sidan.

To nyare teljingar (1997 og 2005) viste ein ytterlegare nedgang på nærare 40 % i ungeproduksjonen frå 1997 (om lag 24 000 ungar) til 2005 (om lag 15 200). Ein modell basert på dei to teljingane viser ein produksjon på 16 900 ungar og ein bestand av eitt år gamle og eldre dyr på 71 400 i 2006.

Tabell 3.3 viser kvotetilrådingane til ICES, dei fastsette kvotane og fangst av klappmyss i Vestisen i perioden 1999 – 2008. Ved bruk av PBR-metoden (sjå boks 3.1) tilrådde ICES eit uttak av 5600 klappmyss for 2004 og 2005. Dette vart også kvotane for desse åra. På grunn av den låge ungeproduksjonen registrert i 2005 vart kvoten redusert til 4000 dyr i 2006. ICES konkluderte seinare med at sjølv med fangstopsjonar utrekna med PBR-metoden (2200 dyr per år) ville det vere fare for at bestanden ikkje klarte å ta seg opp igjen, og i verste fall ville han bli ytterlegare redusert. ICES tilrådde difor at det ikkje skulle vere tillate å fange klappmyss i Vestisen frå og med sesongen 2007. Fangsten vart difor stogga frå og med 2007.

Tabell 3.3 Utvikling i kvotar og fangst av klappmyss i Vestisen 1999 – 2008

 1999200020012002200320042005200620072008
ICES kvotetilråding klappmyss5 00011 20011 20010 30010 3005 6005 6004 00000
Norsk kvote klappmyss5 00011 20011 20010 30010 3005 6005 6004 00000
Fangst klappmyss4 0841 8713 8287 1205 2834 8513 7863 63200

Nye teljingar i 2007 viste ein produksjon på 15 370 ungar, altså om lag som i 2005, og framleis svært lågt.

Den siste sterke nedgangen i observert ungeproduksjon kjem truleg ikkje av fangstuttak. Klimatiske forhold har ført til endringar i utstrekning og kvalitet på drivisen i Vestisen. Vi kan difor ikkje sjå bort frå at dette har ført til at deler av klappmyssbestanden føder i andre område. Vi kan heller ikkje utelukke epidemiske sjukdomar, til dømes kvelpesjukevirus (PDV), som førte til at meir enn 50 % av steinkobben i Skagerrak døde i 1988. Ei anna forklaring kan vere Brucella-bakteriar som er påvist hos sel i Nord-Atlanteren. Denne bakteriegruppa er årsak til abortering hos landpattedyr.

På denne bakgrunnen har det heller ikkje for sesongane 2008 og 2009 vore opna for fangst av klappmyss.

3.4 Aktuelle prinsipp og data for framtidig forvaltning av ishavssel (grønlandssel og klappmyss)

Stortingsmelding nr. 27 (2003 – 2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk har som berande prinsipp at det ikkje skal vere høve til fangst på nokon bestandar utan at det ligg føre estimat for kor stor bestanden er. Etter at den meldinga ble lagt fram har havressurslovas forvaltningsprinsipp og dei supplerande bestemmelsene i forslaget til naturmangforldlov styrka ramma for ei berekraftig forvaltning av bestandane. Som ein del av dette trengst eit regelverk for korleis bestanden skal forvaltast når ein har informasjon om bestanden. I avsnitta 3.4.1 – 2 diskuterer vi eit regelverk som ICES foreslår og eit norsk forlag til bruk av dette regelverket på grønlandsselen i Vestisen.

3.4.1 ICES sitt rammeverk for forvaltning av sel og krav til bestandsdata

ICES har foreslått å klassifisere selbestandar etter kor gode bestandsdata som ligg føre (boks 3.1), og har utarbeidd eit rammeverk for forvaltning av sel basert på føre-var-prinsippet (sjå boks 3.2) med krav om tidsintervall for oppdatering av bestandsestimat for å sikre mest mogleg oppdatert kunnskap når forvaltningstiltak skal setjast i verk. Utan ei slik regelmessig oppdatering av datagrunnlaget vil ikkje ICES gi tilrådingar om kvotar.

Boks 3.1 Data-rik versus data-fattig bestand

For at ICES skal rekne ein bestand som data-rik må det liggje føre regelmessig overvaking av storleiken og formeiringsevna til bestanden. For grønlandssel og klappmyss tyder det at det må liggje føre tre uavhengige teljingar med akseptabelt presisjonsnivå av ungeproduksjonen kvart femtande år. Teljingane skal vere fordelte slik at det er maksimum åtte år mellom kvar teljing. Formeiringsevna må undersøkjast minimum kvart femtande år.

Er bestanden klassifisert som data-rik kan fangskvotar reknast ut med konvensjonelle modellverktøy.

Er bestanden data-fattig, skal det nyttast eit strengare forvaltningsregime og føre-var-prinsippet skal leggjast til grunn for fangstopsjonane. ICES tilrår at ein heller brukar ein meir forsiktig metode når ein reknar ut moglege fangstopsjonar, såkalla potensielt biologisk uttak («Potential Biological Removal», PBR). Det er opphavleg utvikla under USAs Marine Mammal Protection Act, som blir nytta for å berekne om utilsikta bifangst av sjøpattedyr er berekraftig i høve til storleiken på bestanden.

Boks 3.2 ICES sitt rammeverk for føre-var-forvaltning av selbestandar

Rammeverket skil mellom data-rike og data-fattige bestandar. For data-rike bestandar, som bestanden av grønlandssel i Vest-Atlanteren for tida er karakterisert som, er rammeverket bygd rundt fire referansepunkt. Desse er:

Nmax Maksimal storleik på bestanden

N70 70 % av maksimal storleik på bestanden

N50 50 % av maksimal storleik på bestanden

Nlim 30 % av maksimal storleik på bestanden

N70 og N50 er begge å sjå som føre-var-punkt medan Nlim er å sjå som eit grensepunkt. ICES har ikkje noko forslag til ressursuttak dersom ein selbestand er større enn N70. Bestanden blir då halden for å vere i god forfatning og forvaltarane må i eit slikt tilfelle kunne bestemme uttaket uavhengig av biologisk rådgiving. Men dersom bestanden er mindre enn 70 % av maksimal storleik foreslår ICES at kvoteuttaket må vere så lågt at bestanden på sikt vil komme over N70 . Dersom bestanden er mindre enn 50 % av maksimal storleik, skal det årlege uttaket føre til at bestanden på føreseieleg sikt kjem over N70. Og dersom bestanden er lågare enn Nlim, altså mindre enn 30 % av maksimal storleik, bør bestanden fredast.

For å bruke det foreslegne regelverket til tilråding om kvotar, krev ICES at det skal liggje føre oppdatert informasjon om storleiken og formeiringsevna til bestanden. Det vil seie at bestanden kan klassifiserast som data-rik. Dersom bestanden ikkje er data-rik foreslår ICES eit meir varsamt regelverk (sjå boks 3.1).

For tida oppfyller verken klappmyss i Vestisen eller grønlandssel i Vestisen og Austisen krava til å bli klassifisert som data-rik. Norsk ansvarsområde ligg først og fremst i bestandane av grønlandssel og klappmyss i Vestisen, medan bestanden av grønlandssel i Austisen blir overvaka i samarbeid med Russland. For både grønlandssel og klappmyss er bestandsovervakinga basert på teljing av ungar og totalbestanden blir utrekna ved hjelp av modellar. For å overvake formeiringsevna til bestandane krevst det særlege undersøkingar.

Grønlandssel i Vestisen blir no klassifisert som data-fattig fordi datagrunnlaget for reproduksjonen av bestanden er frå rundt 1990. Innsamling av nye reproduksjonsdata frå grønlandssel i Vestisen starta i 2008 og blir komplettert i 2009. For grønlandssel i Austisen finst det oppdatert informasjon om både ungeproduksjon (2008) og reproduksjonsparameter (2006) – likevel blir bestanden inntil vidare klassifisert som data-fattig på grunn av den uavklarte situasjonen kring resultata frå seinare års ungeteljingar. Desse tilhøva må avklarast før ICES kan opne igjen for klassifiseringa data-rik.

3.4.2 Norsk forslag om forvaltning av grønlandssel i Vestisen

I kjølvatnet av St.meld. nr. 27 (2003 – 2004) sette Fiskeridirektoratet ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Norges Fiskarlag, Havforskingsinstituttet, Sametinget, Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet for å vurdere framtida til selfangsten. Gruppa skisserte ein mogleg forvaltningsmodell for ishavssel og brukte bestanden av grønlandssel i Vestisen som eksempel. Gruppa tok utgangspunkt i eit rammeverk for forvaltning av sel utarbeidd av ICES, og konstaterte at ICES ventar at bestanden av grønlandssel i Vestisen blir halvert dersom fangstnivået blir sett til to gonger likevektsfangst gjennom ein 10-årsperiode. Likevektsfangsten etter ei slik nedbygging av bestanden vil vere usikker fordi veksttempoet kan endrast når bestanden er vorten lågare. Det er like fullt ein risiko for at likevektsfangsten etter ei bestandsnedbygging vil vere betydelege lågare enn fangsten i nedbyggingsperioden. Arbeidsgruppa tilrådde eit fangstuttak av grønlandssel i Vestisen som reduserer bestanden, men som ikkje fører til store endringar i kvotar frå år til år.

Dersom vi går ut frå at dagens bestandsnivå for grønlandssel i Vestisen (756 200 dyr) tilsvarar maksimumsnivået (Nmax) vil rammeverket utvikla av ICES gi eit innebygd mål om ein bestandsstorleik på 529 000 dyr (N70). Arbeidsgruppa foreslo at det langsiktige bestandsmålet for grønlandssel i Vestisen skulle setjast til N70. Gruppa sitt forslag til kvotefastsetjing (oppdatert til dagens bestandstal) er vist i tabell 3.4.

Tabell 3.4 Reglar for kvotefastsetjing av grønlandssel i Vestisen foreslått av ei arbeidsgruppe oppnemnt av Fiskeridirektoratet. Tala er oppgraderte til dagens bestandsnivå

Bestandsstorleik (1 år +)Årleg totalkvote
Større enn 529 0002 x likevekstfangst
Mellom 370 000 og 529 0000.75 x likevektsfangst
Mellom 265 000 og 370 0000.5 x likevektsfangst
Mindre enn 265 0000 (freding)

Ved bestandsnivå over 529 000 dyr skal den årlege totalkvoten likevel ikkje endrast med meir enn 25 % frå fangsten året før, medan ei slik avgrensing ikkje gjeld ved bestandsnivå under 529 000 dyr. Uttaksmønsteret skal vere som i åra før. Forslaget er basert på at 25 % av fangsten skal vere dyr som blir rekna som eitt år eller eldre, medan 75 % av fangsten skal vere ungdyr.

Norske styresmakter bad ICES vurdere den foreslegne forvaltningsstrategien. ICES konkluderte med at så lenge grønlandsselbestanden i Vestisen blir klassifisert som data-fattig så er ikkje strategien aktuell. Så snart bestanden igjen kan klassifiserast som data-rik er strategien relevant og i prinsippet akseptabel. Dei fangstnivåa det er framlegg om må justerast – slik fangstnivåa no er presenterte tek dei ikkje høgde for usikkerheit i bestandsestimata og kan såleis ikkje seiast å vere i tråd med etablerte føre-var-prinsipp. Dersom eit fangstnivå på 2 x berekraftig uttak vart lagt inn i dag, ville bestanden kunne bli redusert ned til N70 i løpet av 5 – 6 år, noko som gjer at årlege kvotar måtte reduserast betydeleg (truleg meir enn 25 %) over kort tid. Likeeins vil dei fangstnivåa som er foreslått for ein bestand under N70 innebere uforholdsmessig lang restaureringstid dersom målet var å komme opp til N70 igjen (10 – 40 år). Dersom ein fangststrategi av den typen norske styresmakter foreslår skal implementerast for ein data-rik bestand av grønlandssel i Vestisen, vil ICES tilrå at fangstnivået inneber

  • at bestanden – dersom han er større enn N70 – med 80 % sannsyn vil halde seg over N70 over ein tiårsperiode

  • at bestanden – dersom han er over N50og under N70 – med 80 % sannsyn vil auke til N70 over ein tiårsperiode

  • at bestanden – dersom han er over Nlimog under N50 – med 80 % sannsyn vil auke til N50 over ein tiårsperiode.

Dersom målet er å bringe bestanden ned mot N70 vil modellbasert utrekning av eit jamt minkande fangstnivå vere meir i tråd med føre-var-prinsippet enn eit fangstnivå på 2 x berekraftig uttak. Med den foreslegne uttaksstrategien er det viktig at bestanden blir overvaka nøye slik at følgjene av uttaket kan dokumenterast med nye data.

På spørsmål frå norske styresmakter om kor liten ein selbestand kan vere og samtidig gi eit berekraftig uttak, svarte ICES at det er avhengig av kva forvaltningsmål ein har for den aktuelle bestanden. Dersom ein ønskjer eit berekraftig uttak av ein viss storleik for å halde oppe ein fangstaktivitet, så kan ICES rekne ut kva bestandsnivå som krevst til eit slikt gitt uttak. Dersom grønlandsselen i Vestisen vart redusert til N70-nivå (som med dagens bestandsstorleik ville innebere eit punktestimat på 529 000 dyr) viser modellutrekningar at eit berekraftig fangstuttak ville liggje på rundt 20 000 dyr.

Dersom målet er å redusere bestanden til eit så lågt nivå som råd er utan at bestanden kjem i fare, så har ICES definert ei kritisk nedre grense (Nlim, som er rundt 30 % av maksimal storleik. Sjå boks 3.2) – ytterlegare reduksjon til nivå under dette kan gi alvorlege og ikkje-reversible verknader. Dersom grønlandsselbestanden i Vestisen var på dette kritiske nedre nivået (som med utgangspunkt i dagens bestandsstorleik ville vere 229 000 dyr) ville ein ikkje kunne ta ut meir en rundt 1000 dyr i året, men ICES ville på dette bestandsnivået ha tilrådd full fangststopp.

3.5 Førebuing til økosystembasert forvaltning

Det er eit sentralt element ved overgangen til økosystembasert forvaltning å utnytte dei ulike ledda i næringskjeda på ein slik måte at økosystemet gir størst mogleg avkastning utan at funksjonen til økosystemet eller strukturen blir endra. Det vil seie at vi ønskjer å hauste av artar som kan nyttast kommersielt utan at produksjonen eller det biologiske mangfaldet til økosystemet blir redusert.

Det er ofte nødvendig med gode modellar for å forstå økosystemet sin funksjon, og matematiske modellsimuleringar er nødvendige for å få gode vurderingar om verknader av ulike haustingsalternativ. Det er i praksis uråd å innarbeide alle økosystemkomponentane i slike modellar. Det gjeld å velje ut dei viktigaste komponentane og modellere dei. Då er det ofte tenleg å leggje vekt på bestandar som har stor produksjon på lågare ledd i næringskjeda og bestandar med stor biomasse i høgre nivå i næringskjeda.

Grønlandssel både frå Vestisen og Austisen beiter i Barentshavet. Sjølv om delar av bestandane beiter andre stader utgjer grønlandssel i Barentshavet ein stor biomasse og bør innarbeidast i økosystembasert forvaltningsmodellar.

Det er vist at dietten til grønlandsselen skifter med ulike årstider og endrar seg etter kva byttedyr som er tilgjengelege. Endringane i diett betyr også at grønlandsselane vekslar mellom nivåa i næringskjeda. Det betyr at det er viktig å samle data om næringsvalet til grønlandsselen gjennom året og i år med mykje lodde og i år med lite lodde. Til no ligg det føre mest data frå periodar med lite lodde.

Havforskingsinstituttet arbeider kontinuerleg med å utvikle modellverktøy og med å samle inn empiriske data for å nytte dei i modellane. Under forhandlingane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2006 vart det utarbeidd planar for eit norsk-russisk forskingsprogram, blant anna med satellittmerking av grønlandssel i Kvitsjøen. Det er venta at dette startar i 2009 og det vil gi heilt ny kunnskap om fordelinga av sel i havområda i år med mykje lodde. Slike data i kombinasjon med data frå Havforskingsinstituttet sine økosystemtokt vil vere grunnleggande for å vurdere den økologiske rolla til grønlandsselen.

3.5.1 Selinvasjon

Når ein bestand veks ut over sin naturlege storleik og bereevna til økosystemet dermed sviktar, trer naturlege mekanismar i form av sjukdom og utvandring inn. I 1987 hadde vi ein invasjon av grønlandssel langs kysten av Finnmark. Ved ein eventuell framtidig selinvasjon vil regjeringa setje av midlar for å avgrense skadar og innverknad på næringsverksemd langs kysten.

3.6 Økonomiske rammevilkår og deltaking i fangsten

3.6.1 Fangstresultat

Den norske selfangsten etter ishavssel i Austisen og Vestisen er etter 2004 førd vidare etter følgjande to hovudprinsipp:

  • Auka lønnsemd slik at det blir attraktivt å drive selfangst.

  • Auka fangst ut frå eit fleirbestandsperspektiv (økosystembasert forvaltning).

Det har vore brukt ulike typar verkemiddel for å nå desse måla, men også etter 2004 har det vore nødvendig å tilføre næringa betydelege offentlege midlar som følgje av svak lønnsemd.

Tabell 3.5 framstiller den overordna fordelinga av stønaden til norsk selfangstnæring dei siste fem åra. Hovudtyngda av stønaden har gått til selfangstskutene, men tilskot er også gitt til produktutvikling, investeringar om bord på fartøya og samarbeidsprosjekt med russiske aktørar i Kvitsjøen.

Tabell 3.5 Den overordna fordelinga av selfangststønaden 2004 – 2008

Totalt ishavssel 20042005200620072008
Total fangst Vestisen og AustisenTal på dyr14 74621 49717 03714 0431263
Tal på fartøy som deltok46651
Sum fangstinntekt1000 kr.4 4403 8614 7402 542377
Tilskot fartøyleddet«9 68113 27213 95811 5581 677
Tilskot mottaksleddet (Tromsø)«1 5001 5001 5001 5001 500
Tilskot mottaksleddet (Kvitsjøen)005005005 000
Tilskot produktutvikling1«0009000
Tilskot investeringar om bord2«00003 075
Sum tilskot ishavs-selfangst Vestisen og Austisen«11 18114 77215 95814 45811 252

1 To selskap har søkt og fått tilsegn om i alt 900.000 kr. i tilskot.

2 Tre reiarlag har fått tilsegn om i alt 3.075.000 kr. i tilskot.

Utbetalt tilskot har variert mellom 11,1 mill. kr og 15,9 mill. kr, medan talet på fangsta dyr har variert mellom 1263 og 21 497. I tillegg til disponeringane presentert i tabell 3.5 blir det sett av midlar som går til økonomisk kompensasjon ved fangst av kystsel. Kompensasjonsordninga blir nærare omtalt i eit eige kapittel om kystsel.

I perioden 1999 – 2003 deltok tre fartøy i selfangsten. Talet auka til fire i 2004 og seks i 2005 og 2006. Men fartøya var gamle og det varierte kor veleigna dei var til formålet. I 2007 deltok fem fartøy, men berre eitt gjekk i isen i 2008. Årsakene til dette er mellom anna høgre bunkersprisar, fall i marknadsprisane på skinn og val av alternative og meir lønnsame oppdrag i same periode.

I 2009 har tre fartøy delteke i selfangsten i Vestisen. Førebelse tal viser at fartøya har fangsta 8437 sel. Kva som vil bli endeleg tilskot er ikkje avklart før dei siste sluttavrekningane frå fartøya er levert. Siste frist for innlevering er 31. august 2009. Sidan fangst- og tilskotstala enno ikkje er klare, er derfor ingen av tabellane oppdaterte med 2009-tal.

Det er kapitalkrevjande å drive store fartøy med isklasse, og det er framleis vanskeleg å oppnå ein fangstverdi som gjer selfangst økonomisk interessant.

Tabell 3.6 viser ei meir detaljert oversikt over inntekter og tilskot til selfangstnæringa frå 2000 og fram til 2008. For å stimulere til verdiskaping i selfangsten og full kvoteutnytting i Austisen og Vestisen, har det også etter 2004 vore lagt til grunn eit todelt stønadsopplegg med eitt fast tilskot og eitt variabelt tilskot. Det faste tilskotet skal bidra til å dekkje kostnadene ved å utruste fartøya til selfangst, medan det variable tilskotet skal stimulere til fangst.

Tabell 3.6 Total fangst og fangstinntekt frå ishavs-selfangsten 2000 – 2008.

  200020012002200320042005200620072008
Fangst VestisenTal på dyr14 2796 8128 3437 56014 74610 9916 9517 8901 263
Fangst Austisen1«6 3575 2002 3485 298010 50610 0866 1530
Total fangst«20 63612 01210 69112 85814 74621 49717 03714 0431 263
Fangstverdi skinn21000 kr.7141 3873 8133 1023 1672 3983 0041 354135
Fangstverdi spekk«35338228121319234151634120
Fangstverdi kjøtt«1 4789859889711 0801 1221 219847222
Fangstverdi anna«1731190000000
Sum fangstinntekt«2 7182 8735 0824 2864 4403 8614 7402 542377
Tilskot«10 9119 40411 51411 8899 68113 27213 95811 5581 677
Total inntekt«13 62912 27616 59616 17514 12117 13318 69814 1002 054
Tilskot i prosent807769746977758282

1 Ex. den nye 2008-fangsten i Kvitsjøen med russiske fartøy

2 Ikkje alle skinn av vaksne dyr fanga i denne perioden er omsette.

Som oppstillinga viser har tilskot i prosent av totalinntekta til fartøya lege mellom 70 og 80 prosent i perioden. Dei siste tre åra har tilskotsdelen vore høgre enn i dei tre føregåande åra.

Figur 3.1 viser utviklinga i prisar på dei viktigaste typane av skinn frå selungar frå 1994 til 2009. Det var ein stabil auke i prisane for alle produkt fram til 2006. Etter 2006 har prisane falle mykje. For 2007 og 2008 er det ikkje ført opp pris på blueback sidan det ikkje var kvote på klappmyss desse åra. For 2009 kjem det fram ein pris på klappmyss fordi skinna frå 400 dyr avsette til forskingsformål kan omsetjast i den kommersielle marknaden.

Figur 3.1 Prisutvikling skinn frå selungar 1994 – 2009
 (nominelle prisar)

Figur 3.1 Prisutvikling skinn frå selungar 1994 – 2009 (nominelle prisar)

I tabell 3.7 er inntekter og tilskot til fangsten i Austisen og Vestisen delt opp for å vise skilnadene mellom fangstområda. Det går fram av tabellen at oppnådd fangstverdi i Vestisen ligg vesentleg over fangstverdien i Austisen. Særleg i 2004 og 2006 vart det oppnådd gode fangstverdiar i Vestisen, men etter 2006 har fangstverdien falle mykje og tilskotsdelen har auka. Hovudårsaka til dette er forbodet mot fangst av blueback og kraftig nedgang i skinnprisane for 2007 og 2008. Desse faktorane, kombinert med høgre bunkersprisar og val av alternative oppdrag i same periode, resulterte i at berre eitt fartøy deltok i norsk selfangst i 2008.

Tabell 3.7 Fartøytilskot mellom aust og vest

Fartøytilskot Vestisen 20042005200620072008
Total fangst VestisenTalet på dyr14 74610 9916 9517 8901 263
Sum fangstinntekt1000 kr.4 4402 9714 1391 830377
Tilskot fartøyleddet«9 6816 00010 6838 5201 677
Sum inntekt fartøy Vestisen«14 1218 97114 82210 3502 054
Tilskot i prosent69 %67 %72 %82 %82 %
Fartøytilskot Austisen 20042005200620072008
Total fangst AustisenTalet på dyr010 50610 0866 1530
Sum fangstinntekt1000 kr.08906017120
Tilskot fartøyleddet«07 2723 2753 0380
Sum inntekt fartøy Austisen«08 1623 8763 7500
Tilskot i prosent0 %89 %84 %81 %0 %

I 2004 vart det ikkje fanga sel frå norske fartøy i Austisen. I perioden 2005 – 07 vart det tekne mange dyr per fartøy i Austisen samanlikna med nivået i Vestisen, men fangsten har i hovudsak vore vaksne dyr utan særleg kommersiell verdi. Bakgrunnen for dette er at norske fartøy ikkje får komme inn i russisk 12-millsone der dei lønnsame ungdyra i hovudsak er å finne. Resultatet av denne vaksendyrfangsten er at dei dyra som ikkje kan omsetjast kommersielt har blitt destruerte. Ein slik type fangst der ressursar går til destruksjon er ikkje etisk forsvarleg. Dette resulterte også i fleire medieoppslag i 2006.

Regjeringa vedtok difor i 2008 å ikkje gi tilskot til den ordinære selfangsten i Austisen slik den fangsten hadde føregått i seinare år, men heller gi meir stønad til samarbeidsprosjekt med russiske aktørar for fangst inne i Kvitsjøen, altså innanfor russisk 12-millsone. Dette er i tråd med eitt av dei foreslegne tiltaka i St.meld. nr. 27 (2003 – 2004). Desse prosjekta blir nærare omtalte nedanfor.

Regjeringa har vidare gitt stønad til produkt- og marknadsutvikling både på fartøy- og mottakssida, og til investeringar om bord på fartøya dei siste åra. Dette blir også omtala nærare nedanfor.

På mottakssida har Rieber Skinn AS vore einaste aktive kjøpar av alle produkt frå den norske fangsten dei seinare åra. Det er dermed ingen konkurranse om råstoffet. Rieber sitt mottaksanlegg i Tromsø er berre opne for å ta imot produkt frå norsk fangst. Det årlege tilskotet har vore 1,5 mill. kr dei siste fem åra (jf. tabell 3.1). Departementet gir støtte til drifta av anlegget bl.a. for å halde oppe ein beredskap i tilfelle nye selinvasjonar.

3.6.2 Deltakarregulering

M.a. som følgje av at fleire fartøy er gamle og ikkje optimalt utrusta for selfangst har departementet sett arbeidet med å opprette ei konsesjonsordning på vent. Departementet regulerer difor framleis kva fartøy som kan delta i fangsten gjennom ei årleg forskrift om tilgang til å delta i fangst av sel i Vestisen og Austisen. Forskrifta stiller krav om løyve for å delta og fortel kva vilkår som må oppfyllast for å kunne få tildelt løyve.

Ei slik årleg regulering av deltakinga er meir fleksibel for forvaltninga enn ei ordning med konsesjonar utan tidsavgrensing, fordi ho gjer det enklare å justere vilkåra når ressursgrunnlaget, samfunnsøkonomiske omsyn eller andre forhold tilseier det. I selsektoren har det vore ønskjeleg med ein slik fleksibilite, samtidig som forvaltninga også vil ta omsyn til aktørane sitt behov for stabile rammevilkår. Det er ikkje grunn til å tru at dette har hatt noko å seie for talet på fartøy som har deltatt.

Det er eit vilkår for å delta at fartøyet er eigna og utrusta til å drive selfangst.  M.a. må fartøyet vere godkjent av Mattilsynet for slakting, nedskjering av kjøt, salting av kjøt og elles oppfylle dei krav som er stilt til hygiene.

Frå 2008 vart det innført eit nytt vilkår om at fartøy som skal delta i selfangsten må ha frysekapasitet og kapasitet for ombordbehandling som er eigna til å sikre at råvarene blir utnytta på ein økonomisk tenleg og tilfredsstillande måte. Vilkåret kom i tillegg til det meir generelle vilkåret om at fartøyet må vere eigna og utrusta for selfangst, og innebar ei innskjerping i høve til tidlegare år. Vilkåret kom som ein følgje av dårleg lønnsemd i næringa og skulle bidra til meir effektiv økonomisk drift og dermed auka lønnsemd.

Eitt av dei fire fartøya som det vart søkt om løyve for i 2008 fekk avslag ut frå det nye vilkåret fordi fartøyet ikkje var utrusta til å ta vare på både skinn og kjøt på ein tilfredsstillande måte.

3.6.3 Ordningar for stønad til produktutvikling og investeringar for effektivisering om bord på fartøya

Produktutvikling er ein føresetnad for å skape ei lønnsam selnæring så framt det finst ein marknad som er villig til å betale tilstrekkeleg god pris for dei produkta som blir utvikla. Per i dag har det vore gjort ei rekkje nyvinningar med utvinning av selolje. Selolje blir ekstrahert frå selspekket og vidare raffinert. Oljen inneheld betydelege mengder av marine omega-3-feittsyrer.

Eit selskap på Sunnmøre har dei siste åra arbeidd med å utvikle produkt av selolje, og no satsar også fleire andre selskap på dette marknadssegmentet. Framveksten av seloljeindustrien blir rekna som ei av dei største suksesshistoriene knytt til utnyttinga av selråstoff.

Som tabell 3.5 viser er det gitt stønad til to prosjekt for marknads- og produktutvikling dei siste fem åra. I forkant av sesongen 2008 vart det oppretta ei tilskotsordning til investeringar om bord på selfangstfartøy. Opprettinga av ordninga var eit forsøk på å bidra til å auke lønnsemda til fartøya og effektivisere fangsten.

Målgruppa var eksisterande fartøy, og formålet var auka lønnsemd ved

  • investeringar i fangsteffektiviserande tiltak for auka fangst

  • investeringar for å auke verdien av fangsten

Ordninga vart retta mot fangst i Vestisen og mot aktørar som hadde delteke i fangst med eige fartøy i eitt av dei siste tre åra før søknadstidspunktet. Tre av søkjarane fekk tilsegn om tilskot på i alt 3 075 000 kroner til ulike langsiktige tiltak retta mot fangsteffektivisering på fartøya og betre handtering av produkta og auka råstoffverdi.

I 2009 er det gitt tilsegn om 295 000 kr til eit forprosjekt for auka kommersiell utnytting av selskinn. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom eigarar av selfangstskuter, og har som formål å forsøke å kommersialisere skinn som i dag ikkje kan nyttast kommersielt. I dette forprosjektet skal derfor 500 skinn frå lurv, sadler og brunsel konserverast og lagrast. I fase to er det planlagt å utvikle ulike skinnkvalitetar og marknader for produkta. Ei mogleg målgruppe er husflidsprodusentar og andre som ønskjer å kjøpe skinn til eigenproduksjon eller vidare sal.

3.6.4 Samarbeidsprosjekt i Russland

Rieber Skinn AS med samarbeidspartnarar har dei siste åra gjort ein innsats for å få i gang fangst av sel innanfor russisk 12-millsone i Kvitsjøen. Selane gjennomfører kasta i islagde område i Kvitsjøen, og det er difor mogleg å utføre ein effektiv fangst med småbåtar og med allereie kjende metodar i norsk og canadisk fangst.

Arbeidet starta med eit pionerprosjekt i 2006, som vart vidareført i 2007. Formålet med prosjektet var kompetanseoverføring mellom norske og russiske interesser. Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeri- og havbruknæringas forskingsfond og Sjøpattedyrprogrammet i Innovasjon Noreg bidrog med tilskot til prosjektet.

Fiskeri- og kystdepartementet medverka med 0,5 mill. kr i 2006 og 2007 (jf. Tabell 3.5) Fangstutbyttet vart magert, men gjennomføringa bidrog, etter selskapet si meining, til å innhente nyttige erfaringar og kunnskap som det kunne byggjast vidare på for neste års sesong.

For sesongen 2008 ønskte Rieber Skinn AS å auke aktiviteten sin i Kvitsjøen, og det vart planlagt fleire parallelle prosjekt for å gjere det mogleg å fangste 30 000 dyr. Desse planane innebar ei mikrokredittordning for å få i gang småbåtfangst, leige av to til tre større russiske fartøy, omflagging av eit norsk selfangstfartøy til russisk fangst og oppretting av eit produksjonsanlegg i Arkhangelsk. Vidare kom Innovasjon Noreg (IN) inn som medeigar i prosjekta, og det vart etablert eit felles selskap, White Sea Innovation (WSI), samt eit russisk datterselskap for å forenkle dei administrative prosessane. IN eig 1/3 av WSI.

Totalt vart det ytt 5 mill. kr i tilskot til Rieber Skinn AS sine prosjekt for 2008 (jf. tabell 3.5). det var viktig i denne samanhengen at den russiske fiskerikomiteen var positiv til aktiviteten.

Fangstutbyttet i 2008 vart på 13 500 sel. Dette var lågare enn budsjettert, men hovudsaka var at eitt av dei leigde fartøya låg 12 dagar fast i isen i den beste fangstperioden. Den planlagde fangsten med småbåtane kom heller ikkje i gang, samtidig som prosjektet med å flagge om eit norsk fartøy ikkje vart fullført. Det er seinare signalisert frå russisk side at prosjektet med omflagging ikkje kan realiserast etter nytt russisk regelverk.

Rieber Skinn AS peiker på at sjølv om fangstutbyttet ikkje vart slik ein venta så er det oppnådd andre gjennombrot i desse prosjekta. Mellom anna er det hausta erfaring når det gjeld kartlegging av kasteområde med fly, det har vore god utvikling i kunnskapsoverføringa til russiske selfangarar, det er produsert fleire fangstbåtar ved russiske verft, den russiske ressursavgifta på sel er redusert til akseptable nivå, det er toll- og kostnadsmessig avklart at russiske skinn kan bereiast i utlandet for så å førast til Arkhangelsk for sal til den russiske marknaden, mottaksanlegget i Arkhangelsk er testa og det viste seg at produksjonen gjekk som føresett.

For sesongen 2009 planla difor WSI å vidareføre prosjekta i Kvitsjøen. Fiskeri- og kystdepartementet stilte då til disposisjon inntil 6 mill. kr i risikoavlasting til prosjekta. Men WSI har deretter vedteke å ikkje gjennomføre aktiviteten i 2009. Det heng mellom anna saman med altfor seine avklaringar om kvotespørsmål og at den økonomiske ramma ikkje kunne seiast å vere forsvarleg. Det blir samtidig rapportert frå Russland at det er innført et forbod mot fangst av sel under eitt år i perioden 10. mars til 1. mai, og totalforbod mot fangst av ho-sel. Dette forbodet inneber at det ikkje kan fangstast på svartunger, lurv og svartbak i fangstperioden.

Vidare har russiske styresmakter svart negativt på ein førespurnad frå norske styresmakter om den norske selkvoten på 7000 dyr i russisk økonomisk sone kan takast i Kvitsjøen av russiske fangarar i regi av WSI.

Sannsynlegvis ville dermed prosjekta i Kvitsjøen uansett ikkje kunne vorte gjennomførde som planlagt i sesongen i år. Samtidig stiller endringane frå russisk side næringa overfor heilt nye rammevilkår.

3.6.5 Rapport frå arbeidsgruppe

I 2005 sette Fiskeridirektoratet ned ei arbeidsgruppe som skulle komme med forslag til korleis lønnsemda for selfangstfartøya kunne komme på eit tilfredsstillande nivå gjennom endring av rammevilkåra. Gruppa hadde representantar frå Norges Fiskarlag, Havforskingsinstituttet, Sametinget, Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet. Gruppa leverte rapporten sin 16. august 2006.

Med tanke på å auke lønnsemda i næringa drøfta gruppa bruken av kvotebonus i andre fiskeri eller ein langsiktig avgiftsfinansiert selfangst. Modellen for avgiftsfinansiering føreset at det blir lagt ei årleg avgift på det ordinære fisket og at inntektene blir nytta til å støtte selfangsten. Eit tredje alternativ som det er forslag om er ei samfinansiering mellom næring og styresmakter.

Konklusjonen til arbeidsgruppa er at for å nå målet er ein berekraftig og bedriftsøkonomisk fangst er ein langsiktig avgiftsfinansiert selfangst det beste alternativet. Medlemmene i gruppa frå Havforskingsinstituttet, Sametinget, Fiskeri- og kystdepartementet og Fiskeridirektoratet meiner at avgifta bør leggjast på førstehandsomsetninga i norsk fiske, medan medlemen frå Norges Fiskarlag meiner det er eit statleg ansvar å finansiere auka selfangst.

Etter at rapporten låg føre kom Norges Fiskarlag med ei høyringsfråsegn som understrekar at verken kvotebonus eller avgift er eigna løysingar, men staten bør setje av midlar til eit fond som skal dekkje fleire års satsing både når det gjeld subsidiar og langsiktige tiltak.

Sidan arbeidsgruppa ikkje stod samla bak framlegga i rapporten, og næringa gjennom Norges Fiskarlag si høyringsfråsegn har understreka at framlegga ikkje er nokon eigna løysingar, har regjeringa valt å ikkje følgje opp dei foreslegne tiltaka.

3.6.6 Vurderingar

Resultata frå fangsten dei siste fem åra viser at norsk selfangstnæring, trass i betydelege statlege overføringar og satsingar, framleis er ulønnsam og avhengig av offentlege tilskot. Lønnsemda på fartøynivå er generelt sett svak, og fleire av fartøya har svak eigenkapital i tillegg til høge lån. Dette svekkjer høvet til å gjere framtidsretta investeringar.

Det er mange årsaker som har medverka til den negative utviklinga. Mellom anna har fangstforbodet på klappmyss ført til eit lågare innteningspotensial for fartøya, samtidig som skinnprisane har falle mykje sidan 2006. Samtidig bidreg forbodet mot fangst av selungar i Russland til at det blir vanskelegare å utvikle selfangsten i Austisen.

Sidan 1991 er det gitt store tilskot frå staten for å halde selfangsten i gang. Jamt over har dei statlege overføringane utgjort over 80 prosent av dei samla inntektene til næringa. Det var ein viss optimisme i næringa i åra rundt framlegginga av den førre stortingsmeldinga, og i 2002 og 2004 var stønadsdelen nede i 69 prosent. Men utviklinga dei siste åra viser at næringa framleis er langt unna eit mål om å bli uavhengig av offentleg stønad. Samtidig er det mange eksterne faktorar som medverkar til at framtidsutsiktene ikkje ser lyse ut. Mykje er framleis usikkert om klappmyssbestanden og det blir arbeidd med forbod mot sal av selprodukt i EU (jf. kapittel 3.7).

Det var lenge ei oppløftande utvikling i samarbeidsprosjekta med russiske aktørar i Kvitsjøen. Men endringane i rammevilkåra frå russisk side som er nemnde ovanfor, har ført til at selfangsten i Kvitsjøen no står overfor nye avgrensingar og utfordringar. Likevel har Rieber Skinn AS hausta gode erfaringar som vil komme til nytte dersom det på ny blir grunnlag for norsk-russiske samarbeidsprosjekt i Kvitsjøen.

Regjeringa sitt overordna mål er at det skal haustast berekraftig av alle dei marine ressursane, medrekna også selbestandar i god stand.

Regjeringa har det siste tiåret vridd selfangststønaden i retning av ein meir verdibasert stønad, men likevel er resultatet nedslåande. På denne bakgrunn, og sidan erfaringa frå selfangsten i Vestisen har vist at fleirtalet av dei interesserte fartøya ofte ser seg betre tent med alternativ verksemd denne korte perioden, må det stillast spørsmål ved om selfangsten i Vestisen har så mykje å seie at han framleis skal subsidierast.

Regjeringa- legg til grunn at det likevel er sterke omsyn som talar for at Noreg framleis bør leggje til rette for selfangst i Vestisen. Sel utgjer ein ressurs som kan og bør utnyttast. Selen er eit betydeleg element i økosystemet som det bør haustast av. Norsk selfangstnæring har kunnskap og erfaring som bør haldast ved like, utviklast og vidareførast til nye generasjonar. Det er framleis ein viss marknad for sel og produkt av sel, og når det gjeld helseprodukt er det interessante moglegheiter for utvikling, jf. Kap. 5 .

Regjeringa ønskjer på denne bakgrunn å oppretthalde stønadsordningar til fangst i Vestisen.

Regjeringa ønskjer vidare å gi stønad til samarbeidsprosjekta i Austisen dersom dei kjem i gang igjen. Det er den talrike bestanden av grønlandssel i Austisen som i hovudsak står for beitinga på dei kommersielle fiskebestandane til Noreg og Russland. Frå eit fleirbestandsperspektiv er det dermed i desse områda ein reduksjon av selbestandane i størst grad kan medverke positivt til fiskebestandane, og det kan resten av fiskerinæringa dra nytte av.

Arbeidet med å utvikle ei sjølvberande russisk selfangstnæring kan bidra til auka uttak av den talrike bestanden av grønlandssel i Kvitsjøen. Dette gjer det mogleg å utnytte og bearbeide selråstoff, samtidig som det fremmar arbeidsplassar for lokalbefolkninga i område rundt Kvitsjøen med behov for næringsutvikling. Prosjekta har dermed framleis eit potensial til framtidsretta økonomiske aktivitet i nord.

Men forbodet mot fangst av selungar i Russland f.o.m. 2009 fører til ei vesentleg endring i rammevilkåra for vidare satsing på aktivitet i Austisen. Det er per i dag usikkert om forbodet som er fastsett for 2009 vil bli permanent. Det er framleis ikkje kjent for norske styresmakter kva som er årsaka til forbodet, men frå enkelte hald blir det sagt at forbodet er innført på grunn av ein usikker bestandssituasjon for grønlandssel, men også delvis på bakgrunn av fangstmetodane som er nytta i den russiske fangsten.

For regjeringa er difor fangst av sel i Austisen framleis næringsmessig interessant dersom russiske styresmakter på eit seinare tidspunkt vil opne for fangst av svartungar, lurv og svartbak. Regjeringa vil følgje nøye med på utviklinga i Russland, og ei eventuell framtidig støtte til fellesprosjekt med russiske aktørar må vurderast i lys av utviklinga og om dei norske og russiske aktørane er interesserte i å vidareføre fellesprosjekta.

3.7 Handel med selprodukt

3.7.1 Framtidig tilgang til EU-marknaden for selprodukt

Forbod mot selfangst er ei merkesak for ulike interessegrupper i Europa. Motstanden kjem m.a. til uttrykk gjennom vedtak i Europarådet, Europaparlamentet (EP) og på nasjonalt nivå. Europarådets parlamentariske forsamling retta 17. november 2006 ei oppmoding til alle selfangstnasjonar om å forby jaktmetodar som ikkje inneber augneblinkeleg og smertefri avliving og å forby bruk av våpen som hakapik, køller og skytevåpen for å bedøve dyr under jakta.

Den 16. mars 2007 vedtok Belgia forbod mot framstilling og omsetting av alle typar selprodukt. Nederland innførde 4. juli 2007 forbod mot handel med produkt av grønlandssel og klappmyss. Andre land som Tyskland og Italia, arbeider med å innføre tilsvarande forbod. Europaparlamentet vedtok 26. september 2006 ei erklæring der dei ber Europakommisjonen om å forby all import, eksport og handel i EU med produkt av klappmyss og grønlandssel, med unntak for inuittane sin tradisjonelle fangst.

Motstandarane sitt hovudargument for eit forbod er at fangstmetodane påfører selen uakseptabel smerte, angst og anna liding. Kritikken er særleg retta mot bruk av slagvåpen som hakapik etc. Motstanden vil få verknad for handelen med selprodukt m.a. fordi den har resultert i at Kommisjonen har foreslått å regulere handelen med selprodukt i EU.

3.7.2 Europakommisjonens forslag til forordning for handel med selprodukt

Europakommisjonen la 23. juli 2008 fram eit forslag til forordning om handel med selprodukt som svar på framlegget frå Europaparlamentet. Forordninga innfører eit generelt forbod mot all handel (omsetning, import, eksport og transitt) med alle former for selprodukt (skinn, olje og kjøt) i EU. Forordninga gir likevel unntak for selprodukt frå fangst som inuittsamfunna utfører i samsvar med sine tradisjonar, og som bidreg til å oppretthalde livsforma deira. Dette unntaket er avgrensa til fangst til sjølvberging (subsistens).

Forordninga opnar også for å gi unntak frå forbodet for selprodukt frå statar som har lovgiving og kontrollmetodar som skal sikre at selen er avliva og flådd på ein etisk forsvarleg måte. Styresmaktene må dessutan handheve regelverket effektivt. Det er også eit vilkår at ein aksepterer eit sertifiseringssystem som sikrar at selprodukt skal kunne identifiserast, anten ved eit sertifikat eller via ei merkeordning når ein meiner det er nødvendig.

Forordninga føreset separate gjennomføringsregler som førebels ikkje er utarbeidde av Kommisjonen. Desse reglane vil m.a. gi nærare føresegner om korleis vilkåra kan oppfyllast.

Kommisjonen si eiga vurdering er at utkastet til forordning er i samsvar med EUs skyldnader under WTO-avtalen.

Kompromissforhandlingar mellom parlamentet, Rådet og Kommisjonen har ført til einigheit om eit de facto forbod mot import av selprodukt til EU. Det vil bli gjeve unntak for inuittar og andre urfolks fangst. Vidare blir transitt tillate. Selprodukt frå fangst under berekraftig forvaltning kan omsettas i EU så framt dette ikkje skjer med sikte på økonomisk vinning. Utkastet til forordning er no behandla i Europaparlamentet (5. mai) og skal no behandlas av Ministerrådet. Tidsplanen for prosessen tyder på at det kan komme eit vedtak i andre halvdel av 2009.

Det er prinsipielt nytt at det i internasjonal handel blir sett bestemte krav til behandling og avlivning av dyr. Dette har såleis verknad langt utover handelsaspektet i seg sjølv. Forordninga påverkar direkte eller indirekte høvet vårt til sjølv å avgjere på kva måte vi vil forvalte og hauste dei levande marine ressursane i havet.

3.7.3 Konsekvensar av EUs forordning for handelen med selprodukt

Den norske skinnindustrien sitt behov for selskinn blir ikkje dekka av den norske selfangsten. Industrien er heilt avhengig av skinn frå andre kjelder, i hovudsak Canada og Russland. Mesteparten av skinnprodukta blir omsette i Russland og ein mindre del i Austen. EU betyr først og fremst noko som transittområde for den internasjonale handelen med selskinn. I tillegg er tilgangen til motemesser i EU-området viktig for å vise fram skinnprodukta. EU blir også vurdert som ein potensielt viktig marknad for helseprodukt av selolje.

Så lenge det endelege regelverket ikkje ligg føre er det vanskeleg å kome med ei detaljert vurdering av konsekvensane for norsk selnæring. Vi må gå ut frå at EU-marknaden vil bli lukka for kommersiell omsetting av eksisterande og framtidige selprodukt som for eksempel selolje. Om forbodet trer i kraft vil dei internasjonale rammevilkåra for norsk selfangstnæring bli vesentleg endra, noko som vil kunne påverke gjennomføringa av norsk sjøpattedyrpolitikk.

Skinnindustrien ser ingen realistiske alternativ til EU som transittområde. Sidan transitt er regulert i utkastet til forordning føreset dette at sendingane tilfredsstiller krava til unntak. Dersom ein eller fleire av dei viktigaste handelspartnarane ikkje får unntak vil det ha alvorlege konsekvensar for norsk bearbeidingsindustri.

Noreg har i denne saka samarbeidd nært med Canada, mellom anna i WTO, der vi i fellesskap har teke opp dei ulike forboda som brot på EU sine plikter etter WTO-avtalen.

Regjeringa legg stor vekt på å dei prinsipielle sidene av denne saka og vil følgje opp eit eventuelt forbod i høve til WTO.

3.8 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Regjeringa har sett i verk tiltak for å nå måla som det vart gjort greie for i St.meld. nr. 27 (2003 – 2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk, og dei måla som kom fram under stortingsbehandlinga av meldinga. Regjeringa sine konklusjonar om status for framdrifta og tilrådingar om ytterlegare tiltak er følgjande:

Bestandsovervaking og -forvaltning

  • Det er gjennomført teljing av bestandane i Vestisen i 2006 og 2007. Resultata er innarbeidde i råd om kvotefastsetjing.

  • Utkast til forvaltningsplanar med langsiktige mål for bestandsutviklinga er utarbeidd og lagt fram for evaluering av ICES.

  • Grønlandsselen i Vestisen er truleg på sitt maksimale nivå og bestandstilveksten er stoppa opp. Bestanden er liten samanlikna med bestanden i Austisen. Tiltak for å regulere mengda av grønlandssel som beiter på fiskefelta i Barentshavet vil ha størst verknad dersom dei er retta inn mot den talrike bestanden i Austisen.

  • Fangstane av klappmyss har vore små dei seinare åra og den siste halveringa av ungeproduksjonen kjem truleg ikkje av fangsten. Årsaka til den negative utviklinga kan skuldast reduksjon i areal av eigna drivis eller sjukdomstilstandar i bestanden. Forsking på årsakene til nedgangen i bestanden bør intensiverast, blant anna for å sikre bevaring av bestanden.

  • For klappmyss, der bestanden truleg berre er om lag 5 – 6 prosent av opphavleg storleik, skal fredinga vidareførast til bestanden viser gjenvekst. Målet er å kunne ha ein bestand som gir eit stabilt fangstutbytte.

  • Ved ein mogleg framtidig selinvasjon, slik som den vi hadde av grønlandssel langs kysten av Finnmark i 1987, vil regjeringa setje av midlar for å avgrense skadar og innverknad på næringsverksemd langs kysten.

  • Overvakning av storleiken på bestandane og reproduksjonsevna skal vidareførast slik at bestandane av grønlandssel og klappmyss i Vestisen kan klassifiserast som data-rike etter terminologien nytta av ICES.

  • Arbeidet med innsamling av data for bruk i økosystembasert forvaltning skal vidareførast og styrkast. Det er særleg viktig å leggje vekt på den romlege utbreiinga av grønlandsselen i høve til kommersielle fiskeslag i Barentshavet.

  • Det er eit mål å halde oppe selfangsten i Vestisen.

  • Stønaden til selfangsten skal rettast mot prosjekt som gir størst mogleg avkastning i form av lønnsemd og økosystembasert verknad.

Økonomiske rammevilkår

  • Den økonomiske stønaden frå staten har teke sikte på å leggje til rette for ei lønnsam næring ved støtte til produktutvikling, vidareforedling og investeringar i fangsteffektiviserande tiltak.

  • Fartøystønaden har vore utforma slik at han så langt råd er har vore verdibasert.

  • Resultata frå den norske selfangsten dei siste fem åra viser at næringa framleis er ulønnsam og avhengig av offentleg stønad.

  • Det har vore ytt støtte til samarbeidsprosjekt med russiske selskap med sikte på auka selfangst i Austisen. Prosjektet hadde lenge ei positiv utvikling, men endringane i rammevilkåra på russisk side frå og med 2009 har ført til at det framover er avgrensa høve til selfangst i Austisen.

  • Stønaden til å oppretthalde norsk fangst i Vestisen skal vidareførast. Stønaden skal sikte mot å leggje til rette for ei lønnsam næring og skal vere verdibasert.

  • Stønaden til selfangst i Austisen skal vidareførast i form av støtte til samarbeidsprosjekt med russiske selskap for auka uttak av sel i Austisen dersom dette igjen blir aktuelt. Formålet med stønaden er å medverke til ei sjølvberande selfangstnæring i Kvitsjøen.

  • Eventuell stønad til samarbeidsprosjekt må difor sjåast i lys av utviklinga i rammevilkåra på russisk side.

Handel med selprodukt

  • Regjeringa vil motarbeide EUs foreslegne forordning. Det er vedteke at Noreg skal be om tvisteløysingskonsultasjonar i WTO så snart som forordninga er formelt vedteke i Ministerrådet i EU.

Til forsida