St.meld. nr. 46 (2009-2009)

Norsk sjøpattedyrpolitikk

Til innhaldsliste

4 Forvaltning av kystsel

4.1 Forvaltning

Vi reknar havert og steinkobbe som kystsel, og dei lever året rundt i koloniar spreidde langs norskekysten. Historisk har kystsel vore ein ettertrakta ressurs. Under og etter andre verdskrigen var jaktpresset særleg hardt og det var hovudsakleg ungar som vart tekne. Kjøt, spekk og skinn vart utnytta. Som følgje av denne jakta gjekk bestandane kraftig tilbake på 1950-tallet. Etter lokalt press vart haverten freda i 1953 i Sør-Trøndelag, steinkobbe vart freda i Tjøtta kommune i Nordland frå 1962 og begge artane vart freda ved Orskjæra og Ravnane i Møre og Romsdal frå 1966.

Fiskeridirektoratets havforskingsinstitutt gjennomførde ei landsomfattande registrering av kystsel på 1960-talet. Instituttet slo alarm fordi bestandane var reduserte og steinkobben var i ferd med å bli utrydda i heile Sør-Noreg. Frå 1973 vart all sel totalfreda i Sør-Noreg frå Østfold til Sogn og Fjordane. Samtidig vart det innført sesongfreding i tida 1. mai til 30. november frå Møre og Romsdal til Finnmark. Det vart ikkje sett krav til deltaking i jakta eller til rapportering av fangst for perioden mellom 1. desember og 30. april i desse fylka.

Frå og med 1997 vart det innført krav om registrering av jegerar og plikt til innrapportering av fangst. Samtidig vart det innført ei ordning med årlege kvotar og jakttider. Fiskeridirektøren fastset kvotane og hentar inn råd frå fiskerinæringa og andre næringsaktørar gjennom Sjøpattedyrrådet. Fordelinga av kvotane er delegert til Fiskeridirektoratets regionkontor. Frå og med 2010 blir denne oppgåva overført til fylkeskommunen. Kvotar og rapportert fangst er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Fastsette kvotar og rapportert fangst av steinkobbe og havert sidan årlege kvotar og rapporteringsplikt vart innført i 1997. I tillegg druknar om lag 400 steinkobbar og 200 havertar årleg som bifangst i fiskereiskapar.

  SteinkobbeHavert
ÅrKvoteFangstKvoteFangst
19972306026036
19982428331934
1999370308373130
2000438359625176
2001508466625105
2002508412355110
20039494571186353
20049495491186302
20059896141216379
20067506601536329
20078609051186456
2008860900*1040458*
20098601040

* Førebels tal

Frå og med 2003 vart det etablert ei ordning med utbetaling av kompensasjon for innsending av kjevar frå felling av kystsel. Formålet var å bidra til å sikre at kvotane vart tekne og samstundes få samla inn biologisk materiale som grunnlag for sel-forsking. Tabell 4.2 viser utviklinga i innsende kjevar og utbetalingar.

Tabell 4.2 Utbetalt kompensasjon havert og steinkobbe 2003 – 2008

 200320042005200620072008
Havert (tal på kjevar innsendt)274248296350412439
Steinkobbe (tal på kjevar innsendt)37130150440660722
Utbetalt kompensasjon havert + steinkobbe (i 1000 kr)156189223465618596

Det blir utbetalt kompensasjon på 500 kr (f.o.m. 2006 auka til 700 kr) til felling av havert langs heile kysten. Steinkobbe blir kompensert f.o.m. Møre og Romsdal t.o.m. Finnmark med 500 kr. Kompensasjonen er meint å dekkje utgiftene til fangst, slakting, emballering og innsending av selkjevar til havforskinga. Årsaka til at talet på innsende kjevar ikkje samsvarar med fangstala i tabell 4.1 kan i hovudsak forklarast med at jegerane også må rapportere tal på fangst av dei selane dei ikkje fekk tak i under fangsten (forsvunne i havet).

Frå 2005 vart det innført føresegner som gav personar som ikkje er norske statsborgarar høve til å delta i jakt på kystsel. Føresetnaden for å få eit slikt løyve er at den som søkjer kan dokumentere å ha gjennomført skyttarprøve, og at vedkomande har følgje av ein norsk statsborgar med løyve til å drive seljakt. I 2005 vart det rapportert om i underkant av 40 søknader frå utanlandske jegerar, medan tala i åra etter har vore 2 søknader i 2006, 13 i 2007 og 14 i 2008. Deltakinga frå utanlandske jegerar er såleis ein svært liten del av det samla talet på løyve som kvart år blir tildelte for å delta i jakt på kystsel.

4.2 Bestandsovervakning og bestandsutvikling

Frå 1996 er det etablert standardisert metodikk for overvakning av kystsel (sjå boks 4.1). Teljingane rullerer slik at ein dekkjer heile norskekysten i løpet av femårsperiodar. Fordi metodikken er standardisert og kan repeterast, gir det grunnlag for tidsseriar som viser trendar i bestandsutviklinga. Tidlegare teljingar kan ikkje samanliknast med teljingane etter 1996. Men registreringane på 1960-talet resulterte i eit overslag på om lag 4000 steinkobbar og mellom 2500 og 3000 havertar. Etter fredinga i 1973 voks bestandane, og etter press frå fiskerinæringa gjennomførte Fiskeridirektoratet eit fellingsprogram i perioden 1980 – 87. Til saman vart over 1200 steinkobbar og 900 havertar avliva. Ei ny landsomfattande teljing viste bestandar på 3600 steinkobbar og 3100 havertar på slutten av 1980-talet.

Boks 4.1 Metodar for teljing av kystsel

Det blir nytta fly, og alle kjende opphaldsplassar for kystsel blir fotograferte og bilda blir analyserte i ettertid. Haverten føder kvitungar og ungane ligg på land i 2 – 3 veker til den kvite, langhåra pelsen har skifta til mørk, korthåra pels. Det er kvitungane som blir talde. Teljingane blir difor gjennomførde i forplantningssesongen frå oktober til desember. For å få eit estimat av bestanden av eitt år gamle og eldre dyr må ein multiplisere med ein faktor frå 3,8 til 4,6.

Steinkobben føder ungar i juni og ved fødselen har ungane allereie fått ein korthåra, mørk pels. Dei er i stand til å gå i vatnet få timar etter fødselen og er difor vanskelege å telje. Steinkobbane har hårfelling i august og då ligg dei meir på land enn i resten av året. Teljingane av steinkobbe blir difor gjennomførde i hårfellingstida. Det er likevel alltid nokre individ som til eikvar tid er i vatnet. Åtferdsstudiar i hårfellingstida gjer det mogleg å korrigere for dette, og 7500 hårfellande steinkobbar (som vart registrert i 1999) tilsvarar ein totalbestand på om lag 10 000 individ.

Bruk av korreksjonsfaktorar inneber likevel ekstra usikkerheit. I forvaltningssamanheng er det ikkje nødvendig å kjenne totalbestanden. Tidsseriar som viser trendar i ungeproduksjon (for havert) og talet på hårfellande dyr (for steinkobbe) er godt eigna for å gjennomføre høvelege tiltak.

Dei første landsdekkjande teljingane av både havert og steinkobbe med standardisert, moderne metode vart gjennomført av Havforskingsinstituttet i 1996 – 1999 og resulterte i eit overslag på 4400 havertar og 7500 steinkobbar.

I 2003 – 2006 vart det gjennomført ei ny landsdekkjande teljing av steinkobbe med same metode som resulterte i eit overslag på om lag 6700 dyr. Dette er ein tilbakegang på 800 dyr samanlikna med 1996 – 1999.

Nye teljingar av havert vart gjennomført hausten 2008. Førebels resultat tyder på ein årleg vekst på om lag 3,3 % dei siste 10 åra.

4.3 Forholdet til fiskeria

Kystsel vekkjer sterke negative reaksjonar mange stader i Noreg. Lokalt kan kystselen opplevast som eit problem og ei plage med konsekvensar for livskvalitet og yrkesutøving. Dette er omsyn som må balanserast mot pliktene våre knytt til langsiktig, berekraftig og heilskapleg forvaltning av det marine livet. Sentralt i denne balansegangen står formidlinga av kunnskap, både om korleis kystselen blir opplevd langs kysten og om dei metodane som blir nytta og den kunnskapen forvaltninga har om selbestandane. Det blir med jamne mellomrom hevda at det er meir sel langs kysten enn det forskarane kan påvise med sine metodar. Det er viktig å sikre at forskinga har tillit og at forvaltningstiltak dermed blir oppfatta som kunnskapsbaserte.

Det er fleire grunnar til at kunnskapsgrunnlaget om kystselbestandane våre bør styrkjast.

Skaden som kystselen gjer for fiskeria kan grupperast i tre kategoriar: 1) skade på reiskapar og fanga fisk, 2) selen sitt konsum av kommersielle fiskeslag og 3) spreiing av parasittar (kveis) til fisk. Fiskereiskapar påverkar også selbestandane. Eit overvakingsprogram etablert av Havforskingsinstituttet viser at det kvart år druknar om lag 400 steinkobbar og 200 havertar i fiskereiskapar.

Selen tek fisk som er fanga i garn eller ruser. I tillegg til tapt eller skada fangst er selen også årsak til skadar på reiskapen med påfølgjande tap av fangst og kostnader til reparasjon. Omfanget av slike skadar er ikkje dokumentert. Dersom ein skal få til målretta tiltak som reduserer skadane trengst det kunnskap om kva skadar det gjeld, omfanget av skadane og eventuell spesialisering hos enkeltindivid. Det føreset samarbeid mellom fiskerinæringa og forskinga, og i forvaltninga vil det bli gjort endå meir for å få dette til.

Havforskingsinstituttet har nyleg gjort utrekningar om det samla matkonsumet til steinkobben og haverten langs norskekysten. Utrekningane er baserte på diettdata innsamla frå fleire område langs kysten, og bioenergetisk modellering av selen sitt matbehov. Resultata viser at steinkobbe (justert til ein bestand på 10 000 dyr) totalt et rundt 13 000 tonn fisk årleg og havert rundt 14 000 tonn. Konsumet av kysttorsk er rekna til 300 tonn for steinkobbe og 4000 tonn for havert.

Eit betydeleg problem knytt til kystsel, særleg havert, er rolla dei har som vertsdyr for ein parasittisk rundorm som har larvestadium i fisk. I fisk blir slike rundormar kalla kveis. Kveis er ei fellesnemning for fleire artar av parasittiske rundormar i fisk. Nokre artar blir spreidde frå blant anna fugl, kval og frå andre fiskar. Det er likevel den arten som spreier seg frå selen som har størst kommersiell innverknad fordi han sit i muskulaturen til fisken (filetane) og reduserer verdien av fisken ved at fisken blir mindre eigna til fersk omsetning eller som frosenfisk. For at denne kveisarten skal spreie seg må selen ete botnfisk, og problema med kveis auka betydeleg i 1970-åra etter samanbrotet i bestanden av norsk vårgytande sild samtidig som kystselbestandane voks etter fredinga i 1973.

4.4 Utarbeiding av forvaltningsplanar

Havforskingsinstituttet vil i 2009 utarbeide forslag til forvaltningsplanar for kystselartane. Utkast til forvaltningsplanar vart lagt fram for Sjøpattedyrrådet 22. oktober 2008. Rådet sa seg einig i utkasta og tok til etterretning at hovudkonklusjonane i forvaltningsplanane får ei politisk behandling ved framlegginga av denne meldinga. Hovudelementa i forvaltningsplanane, dvs. mål, strategiar og tiltak, er attgjevne nedanfor.

4.4.1 Forvaltningsmål

St.meld. nr. 27 (2003 – 2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk og Stortinget si behandling av denne meldinga gir føringar, men ingen kvantitative skildringar av mål eller tiltak. Følgjande politiske føringar er relevante for etablering av forvaltningsmål og -strategiar:

  • Målet til regjeringa er å oppretthalde utbreiinga av kystselen og sikre livskraftige bestandar innanfor dei naturlege utbreiingsområda deira.

  • Bestandstilveksten av kystsel skal regulerast for å avbøte skadar for fiskerinæringa mv., samtidig med at vi bevarer livskraftige bestandar av steinkobbe og havert basert på vitskapleg rådgiving.

Kystselen har ein eigenverdi som eit viktig og naturleg element i kystfaunaen vår. Noreg har forplikta seg til å verne mangfaldet i norsk natur, blant anna gjennom konvensjonen om biologisk mangfald. I praktisk forvaltning må regjeringa likevel vege ønsket om bevaring av livskraftige selbestandar til gagn for friluftsliv, naturoppleving og jakt opp mot ønsket om å redusere skadeomfang på lovleg næringsverksemd (primært fiskeri og havbruk) i kystsona. Denne avveginga inneber avgjerder som på den eine sida kan få konsekvensar for næringsverksemda. Det må vurderast kor store økonomiske belastningar for kystnæringane som er politisk akseptable. På den andre sida inneber avveginga også ein politisk aksept for den risiko forvaltningstiltaka kan medføre for den langsiktige bevaringa av selbestandane. Det er samla sett ønskjeleg å minimalisere problema med kystselen samtidig som vi held oppe ein livskraftig selbestand.

4.4.2 Forvaltningsstrategiar og tiltak

Det må fastsetjast mål for kor store bestandar av sel som sikrar regjeringa sitt mål om å bevare livskraftige bestandar på lang sikt i dei naturlege utbreiingsområda samtidig som skadeomfanget for fiskerinæringa er avgrensa. Jakt er eit eigna tiltak for å styre bestandane mot dette bestandsnivået. Dei bestandsregulerande tiltaka må vere slik at dei har størst verknad i område der det er dokumentert at kystselen har vesentleg skadeverknader for fiskerinæringa.

Det er ein føresetnad at måla for bestandsstorleiken (målnivået) ligg fast over lengre tid, slik at resultatet av jakta verkar inn på bestandsutviklinga. Likevel må målnivået kunne justerast etter ny kunnskap om skade for fiskerinæringa, nye teljingar og nye miljøtruslar. Tabellen nedanfor viser strategiar for fastsetjing av tenlege forvaltningstiltak tilpassa bestandar på målnivået og på/mellom dei ulike referansenivåa. Som ein del av forvaltningsplanen skal det etablerast ein enkel forvaltningsprosedyre med ein algoritme for utrekning av kvotar basert på oppdaterte data om bestandsutvikling i høve til målnivået og uttak frå bestanden. Det vil seie at ein får ei gradvis opptrapping eller reduksjon av beskatningsnivået etter som bestandane er større enn (og eventuelt aukar) eller mindre enn (og eventuelt minkar) målnivået.

Tabell 4.3 Strategiar for å forvalte bestandane av kystsel i høve til politisk fastsette målnivå for bestanden. Aktuelle tiltak er jaktkvotar som blir fastsette etter storleiken på bestanden kombinert med aktiv bruk av habitatvern for å beskytte små og minkande bestandar av kystsel, særleg steinkobbe.

BestandsstorleikTiltak
Større en målnivåetSamla uttak større enn likevektsfangst, inntil 1.5 gonger likevektsfangst
Lik målnivåetSamla uttak lik likevektsfangst
Mellom målnivået og 70 % av målnivåetSamla uttak lik 70 % av likevekstfangst
Mellom 70 % og 50 % av målnivåetSamla uttak lik 50 % av likevektsfangst
Mindre enn 50 % av målnivåetNullkvote
Mindre enn 50 % av målnivået og minkandeNullkvote i kombinasjon med avgrensa ferdsel og anna uro i fødeområda

4.5 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Regjeringa har sett i verk tiltak for å nå måla som det vart gjort greie for i St. meld. nr. 27 (2003 – 2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk, og dei måla som kom fram under stortingsbehandlinga av meldinga. Regjeringa sine konklusjonar om status for framdrifta og tilrådingar om ytterlegare tiltak er følgjande:

  • Arbeidet med forvaltningsplanar med langsiktige forvaltningsmål og strategiar som utløyser tilpassa tiltak er i sluttfasen og vil bli fredigstilt etter at Stortinget har behandla denne meldinga.

  • Det er opna for at utlendingar kan delta i jakt etter kystsel dersom jakta skjer under kyndig rettleiing.

  • Etter framlegginga av St. meld. 27 (2003 – 2004) og fram til 2006 er bestanden av steinkobbe redusert med om lag 700 dyr. Grunnen er ein kombinasjon av jakt og utilsikta bifangst i fiskereiskapar. Bestandsreduksjonen på inntil 40 % er registrert i enkeltområde. Truleg har nedgangen halde fram med auka fart etter 2006. Såleis kan ein seie at dei politiske måla med forvaltninga som kom fram under diskusjonen i Stortinget av Stortingsmelding nr. 27 er oppfylte. Regjeringa tilrår ei tilpassing av kvotane slik at bestanden stabiliserer seg på det nivået han hadde i 2006. Dette nivået (som tilsvarar at om lag 7000 talde dyr i hårfellingssesongen) blir innarbeidd som langsiktig målnivå i forvaltningsplanane.

  • Tiltaka for å avgrense veksten av havert har ikkje vore tilstrekkelege og bestanden har auka vidare med 3,3 % per år. Regjeringa foreslår høgre uttak slik at bestanden blir redusert og stabilisert på eit nivå som tilsvarar at 1200 ungar blir registrerte årleg. Støttemidlane vil bli tilpassa for å oppnå den ønska bestandsreguleringa.

  • Bestandsteljingar med standard metode og overvaking av reproduksjonen til kystselen blir styrka, slik at begge selartane kan forvaltast som «datarike» etter terminologien til Det internasjonale råd for havforsking, ICES (sjå boks 4.1).

  • Overvaking av bifangst av kystsel i norske fiskeri skal vidareførast.

  • Genetisk samansetning av steinkobbeførekomstane må kartleggjast slik at bestanden kan inndelast i tenlege forvaltningseiningar, og berekning av livskraftige bestandar for begge artane må baserast på dei beste tilgjengelege bestandsdata.

  • Fiskeri- og havbruksnæringa blir oppmoda om å samarbeide med forskarane om å konkretisere skadar kystselen påfører fiskeri- og havbruksnæringa og om metodar for å måle omfang og utbreiing av desse skadane.

  • Når arbeidet med forvaltningsplanar er sluttført skal det etablerast mekanismar

  • for internasjonal evaluering av det vitskaplege grunnlaget for forvaltningsråda.

  • et er utgreiing i gang om ICES eller ­NAMMCO er moglege fora for slik evaluering.

Boks 4.2 Overføring av oppgåver til fylkeskommunane

I Stortingsmelding nr. 12 (2006 – 2007) Regionale fortrinn – regional framtid foreslo regjeringa bl.a. å overføre forvaltninga av kystsel til det nye folkevalde nivået.

I det følgjande gjer vi greie for kva oppgåver knytte til kystselen som skal overførast til fylkeskommunane og kva oppgåver som framleis skal liggje i den statlege fiskeriforvaltninga (dvs. hos Fiskeri- og kystdepartementet og/eller Fiskeridirektoratet).

Forvaltning av kystsel skjer etter forskrift av 6. mai 1996 om forvaltning av sel på norskekysten, med heimel i lov 6. juni 2008 nr 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova).

Med Fiskeridepartementet sitt delegasjonsvedtak av 1. november 2000 fekk Fiskeridirektoratet kompetanse til å fastsetje totalkvotar for jakt på kystsel og til å endre føresegner i forskrifta om kvotane, jf. §§ 4 – 12, jf. også delegasjonsvedtak av 11. januar 2005 til å fastsetje og gjere endringar i forskrift om forvaltning av sel på norskekysten. Delegasjonsvedtaket inneber ikkje at Fiskeridirektoratet kan gjere endringar i forskrifta knytt til oppgåvefordelinga mellom fylkeskommunane og Fiskeridirektoratet.

Delegasjonsvedtaket av 1. november 2000 gir Fiskeridirektoratet også fullmakt til å fastsetje totalkvotane for jakt på kystsel, jf § 5. Kvotane blir fastsette ved årlege forskrifter etter forskrift av 6. mai 1996 om forvaltning av sel på norskekysten.

Kompetansen til å gi løyve til felling av kystsel er delegert til Fiskeridirektoratets regionkontor i ovannemnde forskrift § 5 første ledd. Etter denne føresegna kan Fiskeridirektoratet eller den direktoratet gir mynde etter søknad gi løyve til seljakt innanfor dei fastsette områdekvotane.

Fiskeridirektoratet fastset årlege instruksar til regionkontora om prosedyrane for behandling av søknader og tildeling av løyve.

På bakgrunn av ovannemnde instruks er regionkontora sine prosedyrar for behandling av søknader om løyve til å delta i jakt på kystsel følgjande:

  • Elektronisk søknadsskjema skal fyllast ut og sendast per post saman med dokumentasjon på avlagt skyteprøve for storviltjegerar.

  • Saksbehandling – undersøkje om vilkåra for å få tildelt løyve er oppfylt.

  • Skrive ut løyve til å drive jakt i eit nærare oppgitt område innanfor ein områdekvote.

  • Registrering av talet på felte dyr.

  • Stoppe jakta når totalkvoten er teken.

  • Eventuell førebuande klagebehandling til Fiskeridirektoratet.

Endringar

I St.meld. nr. 12 (2006 – 2007) foreslår regjeringa å overføre ansvaret for fordeling av kvotane på aktør/jaktlagnivå og ansvaret for å skrive ut løyve/lisensar til dei nye folkevalde regionane. Den enkelte region vil ut frå ei samla vurdering fordele kvotane på aktør/jaktlagsnivå ut frå det som gir ei mest mogleg effektiv hausting og størst verdiskaping.

Forslaget inneber at fiskeristyresmaktene set rammene for storleiken på og fordelinga av kvotane på steinkobbe og havert, og rammekriterium for teknisk forvaltning. Totalkvoten skal framleis fastsetjast sentralt av Fiskeridirektoratet og deretter fordelast til fylkeskommunane. Søknad om fellingsløyve skal sendast fylkeskommunane, som må klarere at søkjer oppfyller vilkår som er sette ved jakt av kystsel, før dei eventuelt gjer vedtak om fellingsløyve/lisens. Fylkeskommunane overtek også oppgåva med å registrere talet på felte dyr og stoppe jakta når regionkvoten er teken. Fiskeristyresmaktene vil framleis vere klageinstans.

Det ligg til grunn at fiskeristyresmaktene sitt forvaltningsansvar for kystsel står ved lag når det gjeld fastsetjing av totalkvote og fordeling til regionane, og at Fiskeridirektoratet sin kompetanse etter delegasjonsvedtak av 1. november 2000 og 11. januar 2005, blir vidareført. Kompetansen til å gi løyve til felling av kystsel, som i dag er delegert til Fiskeridirektoratets regionkontor etter forskrift av 6. mai 1996 om forvaltning av sel på norskekysten § 5 blir oppheva. Vedtak om desentralisering av forvaltningskompetanse for sel på norskkysten gjer det også nødvendig med endringar i forskrift av 6. mai 1996 om forvaltning av sel langs norskekysten §§ 5, 8, 10 og 12.

Til forsida