St.meld. nr. 46 (2009-2009)

Norsk sjøpattedyrpolitikk

Til innhaldsliste

5 Forskings- og rådgivingsbehov

5.1 Forskingsbehov

5.1.1 Bestandsforsking

Regjeringa legg til grunn at dei viltlevande marine ressursane skal forvaltast på ein heilskapleg, ansvarleg og langsiktig måte. I tråd med den nye havressurslova og forvaltningsprinsippet nedfelt i § 7 første ledd i lova pliktar styresmaktene jamt å vurdere kva slags forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane.

Det er viktig at bestanden av vågekval blir overvaka i samsvar med protokollen utarbeidd som ein del av IWCs forvaltningsprosedyre (RMP), og at bestandane av grønlandssel, klappmyss, havert og steinkobbe skal overvakast slik at dei kan klassifiserast som data-rike etter terminologien som ICES nyttar (sjå boks 3.1). Spesifikke overvakingsbehov er omtala i kapitla om kvalfangsnæringa, selfangstnæringa og kystsel.

Etter Sjøpattedyrprogrammet (1989 – 1994) har Noreg fått aukande internasjonal aksept for forskinga vår på sjøpattedyr. Det er viktig at bestandsovervakinga i Noreg oppfyller dei krav som internasjonale, rådgivande organ (ICES, NAMMCOs vitskapskomité og IWCs vitskapskomité) set til overvaking som skal nyttast i forvaltningsrådgivinga. Kvaliteten og omfanget av forskinga på bestandar av sjøpattedyr skal vidareførast.

5.1.2 Fleirbestands- og økosystemforsking

I førebuingane til økosystembasert forvaltning av sjøpattedyr er det ein føresetnad å styrkje forskinga om interaksjonar mellom miljøet og sjøpattedyr og mellom sjøpattedyr og fiskeressursar. I den samanhengen viser vi til forvaltningsplanane for Barentshavet og Norskehavet der endringar i samfunna av pelagiske kvalartar er identifisert som indikatorar på endringar i økosystema.

Økosystembasert forvaltning føreset auka innsats på innhenting av empiriske data frå godt planlagde feltundersøkingar. Det er særs viktig å styrkje arbeidet med å kombinere feltdata og økologisk teori til ein ny generasjon fleirbestands- og økosystemmodellar. I økosystemsamanheng vil endringar i bestandar med store biomassar gi størst utslag, difor må desse prioriterast. I einskilde høve kan og artar med små bestandar høgt oppe i næringskjedene være viktige for samanhengen. Barentshavet, der det føregår viktige fiskeri, er eit økosystem med få artar, men artar med stor biomasse. Lodda, som er svært viktig for energistraumen i næringskjedene, varierer ekstremt i mengde frå år til år. I Barentshavet er det store mengder av vågekval og grønlandssel og dei må prioriterast i fleirbestandsmodelleringa. Kvaldata og simultane ressurs- og miljødata frå tokta til Havforskingsinstituttet er viktige bidrag til dette arbeidet. Satellittsporing av grønlandssel i Barentshavet har vist seg å gi viktig kunnskap om selane sine næringssøk, og slik sporing må gjennomførast over fleire år med varierande mengde lodde. Internasjonalt samarbeid er vesentleg for datatilgang frå heile Barentshavet. Det same gjeld for Norskehavet og Nordsjøen.

Eit nært samarbeid mellom sterke forskingsmiljø ved universiteta og instituttsektoren vil styrkje arbeidet med å utvikle gode og brukelege fleirbestandsmodellar i ressursrådgivinga. Fiskeri- og kystdepartementet vil stimulere til slik samhandling gjennom sine løyvingar til fleirbestands- og økosystemforsking.

5.1.3 Dyrevelferd og dyrehelse

Både i fangst og jakt skal sjøpattedyr avlivast på ein måte som sikrar eit minimum av lidingar og stress før sjølve avlivinga. Noreg har vore leiande i å utvikle granatharpunen som kan avlive vågekvalen med det same. Denne moderne granatharpunen blir no nytta av USA i fangst av grønlandskval og av Grønland i deira fangst. For avlivning av sel er det utarbeidd eit detaljert regelverk for våpen og blodtappingsprosedyrar. Dette regelverket er minst like godt som det som gjeld for jakt på landpattedyr.

Trass i gode og internasjonalt aksepterte rutinar for avlivning av sjøpattedyr, oppstår det til tider kampanjar mot norske fangstnæringar basert på feilinformasjon om avlivning. Det er viktig at Noreg opprettheld ein vitskapleg kompetanse og ei forsking som stadig kan perfeksjonere avlivingsmetodane, for å utvikle så skånsam avliving som mogleg.

Epidemiar i 1988 og 2002, forårsaka av kvelpesjukevirus (PDV), førde til massedød blant steinkobbane i Skagerrak. Teljingar av klappmyss tyder på at ungeproduksjonen i Vestisen kan ha blitt nærmare halvert sidan 1997 trass i ein svært avgrensa fangst i denne perioden. Vi kan likevel ikkje utelukke at dette kjem av at klappmyssen har skifta yngleområde på grunn av endringar i istilhøva. Men epidemiske sjukdommar tilsvarande det som er observert hos steinkobbe kan vere ei mogleg årsak til at det no blir fødd færre klappmyss i Vestisen. Ei anna årsak kan vere Brucella-bakteriar som er påvist hos sel i Nord-Atlanteren. Denne bakteriegruppa har vist seg å utløyse abort hos landpattedyr.

Både på grunn av beredskap knytt til avlivingsteknikkar og av omsyn til forsking om dyrehelse er det viktig at Noreg har sterk veterinærmedisinsk kompetanse som spesialiserer seg på sjøpattedyr og dei spesielle tilhøva for denne dyregruppa.

5.1.4 Forsking på helseverknader av sjøpattedyrprodukt

Feitt er ein heilt nødvendig del i menneskeføde. Omega-feittsyrene er avgjerande for utviklinga vår frå befruktning til alderdom og død. Men det er ikkje likegyldig kva for omega-feittsyrer vi får gjennom kosthaldet vårt. I det vestlege kosthaldet brukar vi stadig meir raffinerte kornprodukt med mindre fiber samtidig som vi brukar mindre mat frå havet. Dette resulterer i ei forskyving mot meir av dei landbaserte omega 3- (ALA) og omega 6-feittsyrene og mindre marine omega 3-feittsyrer (DHA og EPA). Denne forskyving ser ut til å medverke til vanlege livsstilsjukdommar som hjarte- karproblem, blodpropp, høgt blodtrykk, diabetes og ei rekkje betennelsestilstandar som til dømes leddgikt.

Marint planteplankton produserer komponentane til det feittet som inngår i marine næringskjeder. Marint feitt inneheld dei viktige omega 3-feittsyrene DHA og EPA. DHA er nødvendig i store mengder for å utvikle og vedlikehalde hjernen og netthinna i auget, og dermed sikre læringsevna vår, minnet og synet vårt frå vi er unge til vi blir gamle. EPA ser ut til å vere viktig for den mentale helsa vår.

Nedanfor omtalar vi meir spesifikke eigenskapar ved sel- og kvalolje (sjøpattedyrolje) som er rik på marine omega 3-feittsyrer. Denne omtalen byggjer i stor grad på rapporten frå eit ekspertpanel samankalla av NAMMCO i oktober 2007.

Sjøpattedyrolje, revmatisme og betennelsestilstandar

Forsøk viser at relativt kortvarig (10 dagar) inntak av sjøpattedyrolje (10ml x 3 dagleg) reduserer leddsmerter hos pasientar med tarmbetennelsessjukdommar (både Crohn’s sjukdom og ulserøs kolitt) og hos pasientar med psoriasis. Verknaden sjølv av kortvarig inntak varer over nokså lang tid (meir enn seks månader). Det er nødvendig med større studiar som omfattar fleire pasientar for å dokumentere lækjande verknad på tarmsymptoma, men førebelse resultat er lovande.

Det finst nokre tilfeldige studiar utan kontrollgrupper som er interessante med tanke på sel- og kvalolje og pasientgrupper med andre reumatiske lidingar. Men det må understrekast at det er nødvendig med kontrollerte studiar av verknader av sjøpattedyrolje på leddsmerter og betennelsestilstandar hos pasientgrupper med andre reumatiske sjukdommar før vi kan dra konklusjonar.

Sjøpattedyrolje og hjarte-karlidingar

Regelmessig inntak av sel- og kvalolje er effektivt for å redusere reaktiviteten til blodcellene og dermed minske risikoen for blodpropp. Blodpropp kan i verste fall føre til hjarteinfarkt eller hjerneslag (men det finst indikasjonar på at veldig store inntak kan føre til auka risiko for blant anna hjernebløding). Denne eigenskapen ved sel- og kvaloljar er truleg årsaka til låge førekomstar av hjarteinfarkt hos eskimoane på Grønland.

Effekt av sjøpattedyrolje på andre lidingar

Det ser ut som om sel- og kvalolje, i motsetning til soyaolje, reduserer symptom hos pasientar som har hyperfølsemd for enkelt matprodukt. Kontrollerte studiar har også demonstrert at sjøpattedyrolje reduserer menstruasjonssmerter.

Sel- og kvalolje kan truleg med fordel erstatte ei svært vanleg brukt gruppe smertestillande medikament som med ei fellesnemning blir kalla NSAID (Non-Steroidal Anti-Inflammatory Drugs), særleg hos pasientar som får alvorlege biverknader som magesår eller hjarteproblem ved bruk av NSAID-medikament. Den aktive verknadsmekanismen i sel- og kvalolje er truleg den same som i NSAID, nemleg COX-2 hindrande eigenskapar.

Uløyste spørsmål knytt til sjøpattedyrolje

Omega 3-feittsyrene frå sel og kval har ein annan geometrisk struktur enn tilsvarande omega 3-feittsyrer frå fisk. Det er likevel framleis uklart om selolje og kvalolje har betre, eller andre, eigenskapar enn fiskeolje frå til dømes torskelever (tran). Dette kjem av at dei to typane av olje ikkje er testa mot kvarandre i same type kontrollerte eksperiment.

Mange av dei fordelaktige eigenskapane av sjøpattedyrolje må ha å gjere med den høge konsentrasjonen av omega 3-feittsyrer i desse oljane. Men somme av dei fordelaktige eigenskapane kan vere relaterte til antioksidantar og andre sambindingar som kan bli fjerna eller øydelagde ved raffineringsmetodane som blir nytta. Det bør avklarast kva for eigenskapar som blir fjerna ved raffinering slik at dei kan tilbakeførast i det endelege produktet, som til dømes å tilsetje antioksidantar ved å blande sjøpattedyrolje med olivenolje.

5.2 Rådgivingsbehov

5.2.1 Nasjonal rådgiving

Fiskeri- og kystdepartementet har hatt to sentrale, faglege rådgivarar knytt til sjøpattedyr: ein rådgivar for forvaltning av sjøpattedyr og ein for dyrevelferd og avlivingsspørsmål. Departementet har også hatt til disposisjon eit sjøpattedyrråd leia av Fiskeridirektoratet og med representantar for fangstnæringane som medlemmer. Funksjonstida til sjøpattedyrrådet har gått ut og vi står framfor eit generasjonsskifte i den faglege rådgivingsfunksjonen. Det vitskaplege grunnlaget for god ressurs- og miljøforvaltning blir stadig meir komplisert, og særleg set førebuingane til ei økosystembasert forvaltning nye krav til rådgivinga.

Regjeringa ønskjer å vidareføre den fagleg gode rådgivinga og samtidig organisere rådgivinga breiare for å dekkje nye behov. Regjeringa foreslår ei fleksibel ordning som sikrar breiare representasjon til rådgivingsfunksjonen. Det kan vere tenleg å erstatte sjøpattedyrrådet med ein serie høyringsmøte for å drøfte fangstreguleringa, deltaking og støtteordningar med representantar for fangstnæringane og andre interessentar som saka vedkjem. Forskarar kan innkallast etter behov. Ein tek sikte på eitt møte årleg, til dømes rett etter årsskiftet. Dagsorden for møtet vil bli sendt til dei relevante organisasjonane i forkant av møtet og høyringsmøtet vil bli annonsert på ein eigna måte.

For å møte styresmaktene sitt framtidige kunnskapsbehov skal eit ekspertpanel kallast saman årleg for å gi Fiskeri- og kystdepartementet råd om innretninga på forskinga og forskingsfinansiering. Dette panelet skal leiast av ein forskar med seniorkompetanse og bestå av forskarar, inklusive ekspertar på sjøpattedyr, populasjonsdynamikk, økosystemforsking, fiskeribiologi, veterinærekspertise og mattryggleik. Det er viktig for regjeringa at breidda i kunnskaps-Noreg er representert i eit slikt panel. Havforskingsinstituttet skal ha eit hovudansvar her og eit ansvar for å samordne og organisere panelet sine aktivitetar. Det er føremålstenleg at ordninga med ekspertrådgivarar blir førd vidare med tanke på generelle forvaltningsspørsmål knytt til sjøpattedyr og sjøpattedyrøkologi og når det gjeld avlivning og dyrevelferd. På lengre sikt er det ønskjeleg at den generelle sjøpattedyrrådgivinga blir knytt til ei permanent stilling ved Havforskingsinstituttet.

5.2.2 Internasjonal rådgiving

Det internasjonale råd for havforsking, ICES, er eit regionalt, vitskapleg og rådgivande organ for fiskeri- og havmiljøspørsmål i Nord-Atlanteren med 20 medlemsland. Mykje av arbeidet i ICES føregår i tematiske arbeidsgrupper som lagar faktagrunnlaget for forvaltingsrådgivinga. Forvaltingsrådgivinga blir kvalitetssikra i fagkomitear med brei deltaking av forskarar med seniorkompetanse. ICES blir no nytta til å gi råd om forvaltning av grønlandssel og klappmyss. Det kan i tillegg vere aktuelt å nytte NAMMCO eller ICES til kvalitetssikring av overvakinga av kystsel og til å gi råd om kystselforvalting.

ICES har lang tradisjon for å gi kvoteråd for enkeltbestandar, men organisasjonen har også orientert seg i retning av økosystembasert rådgiving. Det er viktig å få breidt internasjonalt gehør for at sjøpattedyra sin rolle i økosystemet må innarbeidast i slik rådgiving. Dette er ein svært komplisert, men ein viktig prosess som Noreg vil bidra til.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, er ein global forvaltningsorganisasjon med 85 medlemsland. IWC har sin eigen vitskapskomité med om lag 200 forskarar som møtest i to veker før det årlege kommisjonsmøtet. Vitskapskomiteen rapporterer til Kommisjonen og dei fleste av vitskapskomiteen sine tilrådingar er basert på konsensus. I nokre spørsmål er likevel vitskapskomiteen sterkt splitta. Dette gjeld særleg synet på den omfattande japanske forskingsfangsten. Men ein prosedyre for korleis komiteen i framtida skal evaluere forslag til og resultata frå forskingsfangsten, vart vedteken med konsensus i 2008.

Trass i at tilrådingane frå vitskapskomiteen er basert på stor grad av einigheit blant medlemmane, er Kommisjonen handlingslamma som forvaltningsorganisasjon på grunn av djup usemje om fangstspørsmålet. Årsmøtet i 2009 vil truleg bli avgjerande for IWC sin framtidige funksjon som forvaltningsorganisasjon.

Noreg foreslo i 2005 å justere den prosedyren (RMP) som blir nytta for å kalkulere fangstkvotar i IWC. Forslaget føreset ei rekkje simuleringar som allereie er gjennomførte, men resultata er framleis ikkje ferdigbehandla i IWC. Saka kjem opp på møtet i juni 2009.

For å søkje breiast mogleg internasjonal aksept for norsk sjøpattedyrforsking og -forvaltning er det viktig at Noreg held fram med å spele ei aktiv rolle innanfor både ICES og IWC.

5.3 Regjeringa sine konklusjonar og tilrådingar

Fangst av sel og kval er tradisjonsrike næringar langs norskekysten. Ein fornuftig fangst av sjøpattedyr vil også ha gunstig verknad for utnyttinga av andre marine ressursar. Samtidig er sjøpattedyra ikonar med stor symbolverdi for natur- og dyrevern. Det er derfor særleg viktig at Noreg har ei balansert forvaltning av desse artene, og at forvaltninga er tufta på solid vitskapleg grunnlag, faglege råd og breiast mogleg internasjonal aksept.

Regjeringa vil styrkje forskinga, utvide den faglege rådgivinga og auke det internasjonale samarbeidet. Konkret foreslår regjeringa følgjande:

Forsking

  • Alle bestandar som vi driv fangst eller jakt på skal overvakast, og det skal liggje føre oppdaterte vurderingar av bestandane som viser at dei er livskraftige og toler fangst før kvotane blir fastsette. Det er viktig at den norske bestandsovervakinga framleis oppfyller dei krav som internasjonale, rådgivande organ (ICES, NAMMCOs vitskapskomité og IWCs vitskapskomité) set til overvaking som skal nyttast i forvaltningsrådgivinga.

  • Norsk sjøpattedyrforsking har eit svært godt ord på seg internasjonalt. Kvaliteten på og omfanget av forskinga på sjøpattedyr skal vidareførast.

  • For å møte forvaltninga sitt framtidige kunnskapsbehov skal eit ekspertpanel, under leiing av Havforskingsinstituttet, kallast saman årleg for å gi Fiskeri- og kystdepartementet råd om innretninga på forskinga og forskingsfinansieringa. Feltstudiar for innhenting av empiriske data for betre å forstå sjøpattedyra sin rolle i økosystemet, skal styrkast. Økosystemtokt og satellittsporing blir viktige datakjelder i dette arbeidet. Internasjonalt samarbeid er vesentleg for datatilgang frå heile Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

  • Feltdata og økologisk teori skal utnyttast til ein ny generasjon fleirbestands- og økosystemmodellar. Innsatsen for å utvikle gode og praktiske fleirbestandsmodellar til bruk i ressursrådgivinga skal styrkast ved eit nært samarbeid mellom sterke grunnforskingsmiljø i universitetssektoren og den bruksretta forskinga som blir gjort, mellom anna ved Havforskingsinstituttet.

  • Forsking og veterinærmedisinsk kompetanse på dyrevelferd og dyrehelse skal oppretthaldast. Det er viktig at Noreg har beredskap knytt til dei spesielle tilhøva rundt sjøpattedyr.

  • Forskinga om helsegevinstar ved bruk av sjøpattedyroljar skal vidareførast. Det skal stimulerast til gode pasientforsøk med kontrollgrupper.

Internasjonalt samarbeid

  • Noreg skal halde fram med å spele ein aktiv rolle innanfor ICES og IWC for å få breiast mogleg internasjonal aksept for norsk sjøpattedyrforsking og –forvaltning.

  • Hittil har forvaltninga av kystsel vore basert på nasjonal rådgiving. Når arbeidet med forvaltningsplanar er sluttført skal det etablerast mekanismar for internasjonal evaluering av det vitskaplege grunnlaget for forvaltningsråda. Det er utgreiing i gang om ICES eller NAMMCO er moglege fora for slik evaluering.

  • Arbeidet med revisjon av IWC sin forvaltningsprosedyre skal vidareførast med sikte på ei snarleg avgjerd.

Til forsida