St.meld. nr. 46 (2009-2009)

Norsk sjøpattedyrpolitikk

Til innhaldsliste

6 Økonomiske, administrative og distriktsmessige konsekvensar

6.1 Økonomiske konsekvensar

Det blir varsla at bestandsteljingar med standard metode og overvaking av reproduksjonen til kystselen skal styrkast. Vidare blir det varsla at det skal opprettast eit vitskapleg råd for regjeringa med siktemål å styrkje den samla rådgivinga på sjøpattedyrområdet. Begge desse tiltaka blir dekka innanfor gjeldande budsjettrammer. Det blir lagt til grunn at dei tiltaka og den politikken som elles er behandla i denne meldinga ikkje vil utløyse nye økonomiske byrder av noko omfang.

6.2 Administrative konsekvensar

I denne meldinga blir det ikkje fremma tiltak som kan ventast å føre til administrative konsekvensar av noko omfang.

6.3 Distriktsmessige konsekvensar

Regjeringa vil styrkje og vidareutvikle fangstnæringane for å bidra til å sikre lønnsam næringsverksemd og ei berekraftig forvaltning av dei marine ressursane våre. Dette har mykje å seie for distrikta. Å ta vare på fangskulturen langs norskekysten er også eit viktig element i denne politikken. Lukkast det å få til ei betre lønnsemd i fangstnæringane vil det ha ringverknader i dei kystsamfunna der fangstnæringane er etablerte.

Til forsida