St.prp. nr. 10 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments-og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordninga endrar rådsforordning (EF) nr. 577/98 til å verte ei kontinuerleg undersøking med kvartalsvise og årlege resultat. Forordninga inneber at Noreg må tilpasse arbeidskraftundersøkinga si (AKU) til rådsforordning (EF) nr. 577/98. Tilpassinga inneber dels endringar i eksisterande spørjesekvensar og definisjonar, og dels ein utvida datafangst. Sjølv om Noreg allereie har ei kontinuerleg arbeidskraftundersøking, er det berre i det andre kvartalet kvart år at heile variabellista vert samla inn. Endringa inneber at det også i dei andre kvartala i året vert samla inn data for ei rekkje nye variablar som er definerte som kjernevariablar. Vidare manglar det data for hushaldsmedlemmer som ikkje formelt er i den same kjernefamilien. Endeleg vil det årleg vere tilleggsspørsmål som roterer mellom ulike tema.

Utvidinga av arbeidskraftundersøkinga vil gje fleire føremoner for Noreg også. Ved å inkludere dei nye variablane kjem Noreg med i fleire analysar som vert gjorde internasjonalt, mellom anna av OECD. Gjennom tilpassingar av definisjonar vert også norske tal meir samanliknbare med tal frå EU-statar. Statistikktilbodet frå arbeidskraftundersøkinga vert dessutan større for brukarar i Noreg.

Viktige utvidingar er til dømes måling av overtidsbruk, fråvær, opplæring/etterutdanning, omsorgsplikter, funksjonshemma og arbeidsmarknaden, eldre og arbeidsmarknaden, arbeidstidsordningar og høvet til å nytte hushald som analyseeining. Vidare medfører forordninga endring av aldersdefinisjonane og justerte definisjonar av sysselsetjing, arbeidsløyse og undersysselsetjing.

Fleire av utvidingane gjeld variablar som inngår i lista over strukturindikatorar som er knytte til Lisboa-prosessen, og variablar som vert nytta som grunnlag i aksjonsplanen for korttidsindikatorar. Lisboa-prosessen er basert på vedtaket i Det europeiske rådet i Lisboa i mars 2000 om ein tiårsstrategi for sysselsetjing, økonomiske reformar og sosial samhøyrsle innan Europa. Målsetjinga med Lisboa-prosessen er å gjere EU til den mest konkurransedyktige og dynamiske kunnskapsøkonomien i verda. Eit hjelpemiddel i denne prosessen er samanlikning av landa gjennom referansetesting basert på eit sett av strukturindikatorar for ulike samfunnsområde. EØS/EFTA-statane følgjer denne prosessen mellom anna gjennom arbeidskraftundersøkinga.

Forordninga føreset at omlegginga startar i 2003, men den største delen av omlegginga vil finne stad i 2004. Frå og med januar 2005 går ein ut frå at utvidinga av arbeidskraftundersøkinga skal vere fullførd for alle EU-landa.